Historisk arkiv

Tredje generasjon mobilnett (3G) - fire selskap er interessert i løyve

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Fire selskap har innan fristen 22. august 2005 meldt interesse for å konkurrere om det fjerde frekvensløyvet for etablering og drift av eit nytt nett for tredje generasjon offentleg mobilkommunikasjon (3G) i Noreg. (24.08.06)

Pressemelding

Nr.: 70/06
Dato: 24.08.06

Tredje generasjon mobilnett (3G) - fire selskap er interessert i løyve

Fire selskap har innan fristen 22. august 2005 meldt interesse for å konkurrere om det fjerde frekvensløyvet for etablering og drift av eit nytt nett for tredje generasjon offentleg mobilkommunikasjon (3G) i Noreg.

Selskapa som ønskjer å konkurrere om det ledige løyvet er:

Hello Norway AS (tidlegare Novotel AS), Teletopia Mobile Communications AS (eit selskap i MTU Gruppen AS) og Automobil Invest AS (eigd 100 prosent av Network Norway AS). I tillegg har eitt selskap til meldt interesse for løyvet, men namnet på den fjerde interessenten er inntil vidare ikkje offentleg, etter krav frå selskapet.

- Eg er glad for at fleire har vist interesse for å etablere og drive eit nytt 3G-nett. Fleire tilbydarar vil kunne gje oss betre og billigare tenester og betre dekning i større delar av landet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I 2000 blei fire løyve for etablering og drift av tredje generasjon mobilnett lyst ut for fyrste gong. Telenor og NetCom vart tildelt løyve i 2000, medan Hi3G Access Norway AS vart tildelt løyve etter ei ny utlysing i 2003. Det fjerde 3G-løyvet har vore ledig sidan 2002.

Novotel AS søkte på det fjerde 3G-løyvet i november 2005. For å gje alle interesserte partar høve til å konkurrere om dei ledige frekvensane, kunngjorde Samferdselsdepartementet 5. juli i år det nye løyvet.

Det fjerde 3G-løyvet vil bli tildelt etter ein auksjon. Dei nærare reglene for auksjonen vil bli kunngjort seinare. Samferdselsdepartementet tek sikte på at auksjonen vert halden i september/oktober i år.

Til redaksjonen
For meir informasjon, sjå:

Kunngjering av frekvensløyve for bruk av 3G i Noreg (03.07.2006)

Pressemelding 05.07.06: Nytt løyve for tredje generasjons mobilnett