Historisk arkiv

Noreg underteiknar konvensjon om vern og forvaltning av fiskeressursane i det søraustlege Atlanterhavet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 028/01
Dato: 09.02.2001

Noreg underteiknar konvensjon om vern og forvaltning av fiskeressursane i det søraustlege Atlanterhavet

Regjeringa har i dag vedteke å underteikne ein konvensjon om vern og forvalting av fiskeressursane i det søraustlege Atlanterhavet. Konvensjonen har langsiktig vern og berekraftig bruk av marine ressursar i området som overordna målsetjing. Konvensjonen etablerer ein organisasjon som skal stå for forvaltinga av fiskeressursane, Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, (South East Atlantic Fisheries Organisation, SEAFO).

SEAFO er den første regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonen som blir etablert etter at FN-avtala av 1995 om fiske på det opne havet blei underteikna.

Dei norske kommersielle interessene i det søraustlege Atlanterhavet er relativt små. Men kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfullt og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan ha for området i framtida. Bistandsengasjementet i regionen vil kunne styrkjast gjennom deltaking i SEAFO.

Underteikning av konvensjonen skal skje i Windhoek, Namibia, 16. februar 2001, og ein tek sikte på at Noreg underteiknar ved dette høvet. Konvensjonen vil tre i kraft 60 dagar etter at han er ratifisert av 3 statar, og minst ein av desse må vere kyststat.