Historisk arkiv

Norge ettergjev gjeld til Tanzania

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Norge ettergjev all gjeld som forfell fram til Tanzania når slutten av gjeldsordningsperioden sin.

Pressemelding

Nr.: 50/01
Dato: 16.03.2001

Norge ettergjev gjeld til Tanzania

Norge ettergjev all gjeld som forfell fram til Tanzania når slutten av gjeldsordningsperioden sin.

- Omfattande gjeldslettetiltak er ein føresetnad for utvikling og fattigdomsreduksjon, sier utviklingsminister Anne Kristin Sydnes.

Regjeringa har i dag fatta eit vedtak for å setje i verk avgjerda om 100 % gjeldslette for Tanzania. Vedtaket er i tråd med den norske gjeldsplanen, og skjer i samband med gjeldsletteinitiativet HIPC (Heavily Indebted Poor Countries). Gjeldsletta blir ikkje belasta bistandsbudsjettet.

Ein endeleg avtale om sletting av dei fordringane Norge har att, vil venteleg bli inngått mot slutten av året. Dette avheng av når saka vert handsama i internasjonale fora.

Ho oppfordrar samstundes andre kreditorland til å yte 100 % gjeldslette til dei landa som er fattigast, og mest tyngde av gjeld. - Vi kjem til å halde fram med arbeidet for internasjonal gjeldslette med same styrke til alle dei fattigaste landa har fått ei fornuftig gjeldsordning, seier Sydnes.