Regjeringa vedtar nye føresegner som skal regulere utanlandsk vitskapleg havforskning i norske farvatn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 30.03.2001 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Dei nye føresegnene vil integrere Noreg i eit system for internasjonal informasjonsutveksling – og betre kunnskapen om einskilde tokt og om vilkåra som er sett for desse.
Pressemelding
Nr.: 59/01
Dato: 30.03.2001
Regjeringa vedtar nye føresegner som skal regulere utanlandsk vitskapleg havforskning i norske farvatn
Regjeringa har i dag vedteke føresegner som skal regulere utanlandsk vitskapleg havforsking i dei indre farvatna i Noreg, på sjøterritoriet, i den økonomisk sona og på kontinentalsokkelen.
Havrettskonvensjonen til FN er av 10. desember 1982, og den tok til å gjelde for Noreg 24. juli 1996. Konvensjonen har reglar om slik forsking i del XIII og gjev kyststatane rett til å regulere denne. Då Noreg arbeidde med ratifikasjonen av Havrettskonvensjonen, blei det klart at det var ønskjeleg med eit einskapleg regelverk for vitskapeleg havforsking slik som konvensjonen la opp til. Dette kom fram mellom anna i St.prp. nr 37 (1995-96) om samtykke til ratifikasjon av Havrettskonvensjonen. Føresegna som nå er utarbeidd gjeld utanlandske farty som driv vitskapeleg undersøkingar i det indre farvatnet i Noreg, på sjøterritorium, i den økonomiske sona og på kontinentalsokkelen.
Føresegna vil integrere Noreg i eit system for internasjonal informasjonsutveksling. Den internasjonale informasjonsutvekslinga vil også betre kunnskapen om einskilde tokt og om vilkåra som er sett for desse. Fiskeridirektoratet skal etter føresegna vere ansvarleg for samordning av utanlandsk vitskapeleg havforsking i norske farvatn.
Målet med føresegna er å fremme utvikling og gjennomføring av vitskapleg havforsking i samsvar med Havrettskonvensjonen. Dette vil gje auka kunnskap om det marine miljøet og dei prosessane som skjer der. Føresegna vil òg sikre at forskinga skjer i samsvar med gjeldande reglar som gjeld for aktivitetar i det indre farvatnet i Noreg, på sjøterritoriet, i den økonomiske sona og på kontinentalsokkelen.
Kystvakta skal føre kontroll og inspeksjon med aktivitetane til dei utanlandske forskingsfartya.
Føresegna tek til å gjelde frå og med 1. juli 2001.