Historisk arkiv

Noreg inngår luftfartsavtale med Sør-Afrika

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke at Noreg skal inngå luftfartsavtale med Sør-Afrika.

Pressemelding

Nr.: 141/01
Dato: 31.08.2001

Noreg inngår luftfartsavtale med Sør-Afrika

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke at Noreg skal inngå luftfartsavtale med Sør-Afrika. Avtalen handlar om rettane til å drive lufttrafikk mellom dei to landa. For norske verksemder utpeika til å drive slik trafikk gjev avtalen rett til å trafikkere flyruter frå alle internasjonale sivile flyplassar i Noreg til reisemål i Sør-Afrika.

Likelydande avtaler vil bli inngått kvar for seg mellom Sør-Afrika og Danmark og Sverige.

Samstundes med underteikninga vil Noreg utpeike SAS Norge ASA til å drive trafikk mellom Noreg og Sør-Afrika.