Historisk arkiv

Revidert avtale mellom dei nordiske landa om samordning av pensjonsrettar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 82/01
Dato: 18.05.2001

Revidert avtale mellom dei nordiske landa om samordning av pensjonsrettar etter statlege pensjonsordningar

Regjering har vedteke at Noreg skal slutte seg til ei avtale mellom dei nordiske landa om å revidere avtala av 18. desember 1973 om samordning av pensjonsrettar etter statlege pensjonsordningar. Bakgrunnen for revisjonen er mellom anna endringar i regelverket for tenestepensjonsordningar i dei einskilde landa, og tilhøvet til regelverket i EU.

Avtala gjeld pensjonsrettar ved tilsetjing som omfattar statlege pensjonsordningar i eit av dei nordiske landa. Når nokon har hatt ei statleg tilsetjing, og får slik tilsetjing i eit av dei andre nordiske landa, reknast den pensjonsordninga som omfattar den eine tilsetjing også å omfatte den andre. Avtala er grunna i mobilitet blant dei tilsette i statsadministrasjonane i dei nordiske landa.

Avtala skal etter planen underteiknast i Stockholm 1. juni 2001. Avtala tek til å gjelde den første dag i den tredje månad etter at alle landa har slutta seg til.