Historisk arkiv

Noreg inngår luftfartsavtale med Australia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 182
Dato: 08.12.2000

Noreg inngår luftfartsavtale med Australia

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke at Noreg skal inngå luftfartsavtale med Australia. Avtalen handlar om rettane til å drive lufttrafikk mellom dei to landa. For norske verksemder utpeika til å drive slik trafikk gjev avtala rett til å trafikkere flyruter frå alle internasjonale sivile flyplassar i Noreg til reisemål i Australia.

Likelydande avtaler vil bli inngått kvar for seg mellom Australia og Danmark og Sverige.

Samtidig med underteikninga vil Noreg utpeike SAS Norge ASA til å drive trafikk mellom Noreg og Australia.