Noreg inngår luftfartsavtale med Kasakhstan
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgiver: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 24.11.2000 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Regjeringa har i statsråd fredag 24.11 vedteke at Noreg skal inngå luftfartsavtale med Kasakhstan. Avtala handlar om rettane til å drive lufttrafikk mellom dei to landa. For norske verksemder utpeika til å drive slik trafikk gjev avtala rett til å trafikkere flyruter frå alle internasjonale sivile flyplassar i Noreg til reisemål i Kasakhstan. (24.11.00)
Pressemelding
Nr.: 175
Dato: 24.11.00
Noreg inngår luftfartsavtale med Kasakhstan
Regjeringa har i statsråd fredag 24.11 vedteke at Noreg skal inngå luftfartsavtale med Kasakhstan. Avtala handlar om rettane til å drive lufttrafikk mellom dei to landa. For norske verksemder utpeika til å drive slik trafikk gjev avtala rett til å trafikkere flyruter frå alle internasjonale sivile flyplassar i Noreg til reisemål i Kasakhstan.
Likelydande avtalar vil bli inngått kvar for seg mellom Kasakhstan og Danmark og Sverige.
Samtidig med underteikninga vil Noreg utpeike SAS Norge ASA til å drive trafikk mellom Noreg og Kasakhstan.