Forhandlingsdelegasjon til utvidinga av EØS oppnemnd
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 13.12.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Ambassadør Bjørn T. Grydeland ved EU-delegasjonen vart i statsråd fredag oppnemnd til leiar for ein delegasjon som skal forhandle om utvidinga av EØS. Nestleiar i forhandlingsdelegasjonen er ekspedisjonssjef Sven E. Svedman, Utanriksdepartementet.
Pressemelding
Nr.: 216/02
Dato: 13.12.2002
Utviding av EØS – oppnemning av ein forhandlingsdelegasjon
I statsråd i dag vart det utpeikt ein delegasjon som skal forhandle om utvidinga av EØS. Ambassadør Bjørn T. Grydeland ved EU-delegasjonen er oppnemnd til forhandlingsleiar. Nestleiar i forhandlingsdelegasjonen er ekspedisjonssjef Sven E. Svedman, Utanriksdepartementet.
Det vart samstundes oppretta ei interdepartemental koordineringsgruppe under leiing av assisterande utanriksråd Per Ludvig Magnus for å sikre samordninga av forhandlingsprosessen.
Utvidinga av EU inneber ei samtidig utviding av EØS. Forhandlingane skal starte tidleg i januar. Dei er venta å vere sluttførde seinast i første halvdel av april 2003, slik at EØS-og EU-utvidinga kan tre i kraft samstundes.
To hovudspørsmål vil stå sentralt i forhandlingane:
- EFTA/EØS-landa skal gjennom ein finansieringsmekanisme medverke til å redusere sosial og økonomisk ulikskap i eit utvida EU,
- kompensasjon for tapt marknadstilgang for fisk når dei frihandelsavtalene som EFTA-landa har med kandidatlanda, fell bort som følgje av at dei vert EU-medlemmer.
Statsministerens kontor og dei departementa som har særleg med forhandlingane å gjere, er representerte i forhandlingsdelegasjonen og i koordineringsgruppa.