Historisk arkiv

- Nasjonal regulering best for å sikra sosialpolitiske omsyn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Møte mellom Sveriges visestatsminister og Noregs kultur- og kyrkjeminister vedr. utviklinga på spelemarknaden. (01.06.05)

Pressemelding

Nr.: 95/05
Dato: 01.06.2005
Kontaktperson: Informasjonssjef Signe Bjørvik, tlf 22 24 78 09

- Nasjonal regulering best for å sikra sosialpolitiske omsyn

Svensk-norsk pengespelministermøte:

Sveriges visestatsminister Bosse Ringholm møtte i dag kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland i Oslo for å diskutera utviklinga på spelemarknaden. – Eg er glad for støtta eg fekk frå den svenske visestatsministeren når det gjeld Noreg sin kamp for einerettsmodellen, seier statsråd Svarstad Haugland.

Etter møtet gav ministrane følgjande kommentar:

Vi er samde om at ei nasjonal regulering er den beste måten å sikra sosialpolitiske omsyn på.

Målet for spelepolitikken i både Sverige og Noreg er ein sunn og sikker spelemarknad der sosialpolitiske omsyn og førespurnad etter spel er organisert i kontrollerte former.

Utanlandske speleselskap rettar speletilbod og marknadsføring mot våre land utan å vera omfatta av nasjonale avgjerder og tilsyn frå nasjonale styresmakter. Derfor forsvinn så vel sosialpolitiske omsyn som inntekter til idrett, ungdomsverksemd og andre allmennyttige formål.

Vi konstaterer at det råder stor semje blant dei europeiske landa om at reguleringa av spel bør skje på nasjonalt nivå, og vil arbeida aktivt inn mot EU for at dette skal bli mogleg.