Historisk arkiv

Konsekvensar av globaliseringa for kunst- og kulturlivet i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Konsekvensar av globaliseringa for kunst- og kulturlivet i Noreg

Opning av Norsk kulturråds årskonferanse 2002,
Trondheim, 21. november 2002

Les pressemeldingen

For to dagar sidan, tysdag i denne veka, hadde eg gleda av å dela ut Bokhandlarprisen 2002 til Åsne Seierstad, kjend reportar i NRK. Boka har tittelen "Bokhandleren i Kabul" og fortel om korleis livet i ein familie i Afghanistan ter seg i dag etter at Taliban-regimet vart fjerna.

Boka er utforma som ein roman og byggjer på Seierstad sine eigne opplevingar etter at ho hadde budd i familien i fire månader, delt det daglege livet med mann og born - og to koner, gått kledd i burka, høyrd diskusjonane i familien om daglege problem og framtidsvoner, og, ikkje minst, fått oppleva på nært hald korleis synet på kvinna viser seg i praksis. Det er ein roman som gir det beste innsyn i ein framand kultur, i ein annan religion, i haldningar og handlingar som ikkje er våre.

Eg fortel dette, fordi bakgrunnen for romanen, og det som gjorde det mogeleg for Åsne Seierstad å skrive han, nettopp har sitt utspring i den globaliseringa på dei mest ulike område, som vi i dag er vitne til. Heile verda hadde gjennom lang tid hatt sitt fokus retta mot Afghanistan. Landet var så nær oss som det aldri tidlegare hadde vore. Ho drog ut, fekk førstehands kunnskap om det ho ville skriva om, og skreiv ut frå eigne røynsler om det som i utgangspunktet var framandt og ukjent. Slik bringer ho dette heim til ein norsk lesarkrins og gir oss del i eit større heile. Igjen får vi Afghanistan tett inn på livet. La dette vera bakgrunnsteppet for det eg vidare skal seia.

Temaet for kulturrådskonferansen i år – Konsekvensar av globaliseringa for kunst- og kulturlivet i Noreg – er omfattande og samansett. Dei endringsprosessane som globaliseringa inneber er komplekse og peikar i fleire retningar. Kor omfattande er endringane og korleis kjem dei til uttrykk i ulike samanhengar? Kva er dei mest grunnleggjande utfordringane vi står framfor, og kva for kulturpolitiske tiltak kan best koma dei nye utfordringane vi i dag står framfor, i møte?

Det finst sjølvsagt ingen eintydige svar. I forskingsmiljøa, kulturlivet og det offentlege ordskiftet elles vil det gjera seg gjeldande eit mangfald av tolkingar og analysar. Jamvel om ordet globalisering er vorte eit slags moteord i det offentlege ordskiftet, er granskinga av kva globaliseringsprosessane inneber på ingen måte uttømt. Trongen for kunnskap og nye erkjenningar er stor, og vi er avhengige av at ulike røyster kjem fram i det offentlege rommet og medverkar til å føra refleksjonane og debatten vidare på ein konstruktiv måte.

Ei grundig forståing av drivkreftene i og konsekvensane av globaliseringa er ein føresetnad for å utvikla ein offensiv politikk. Regjeringa er difor i ferd med å utarbeida ei Stortingsmelding om globalisering som tar sikte på å sjå dei ulike politikkområda i samanheng. Kulturområdet er her eit viktig område som òg blir behandla i meldinga, som vil bli lagd fram av Utanriksdepartementet.

Har vi i dag ein kulturpolitikk som er rusta til å møta dei nye utfordringane og utnytta det nye handlingsrommet som globaliseringa opnar for? Dette er eitt av spørsmåla som Kultur- og kyrkjedepartementet legg til grunn for arbeidet med ei ny kulturmelding. Siktemålet er å forma ut nokre hovudliner for kulturpolitikken det komande tiåret, der det vert tatt fullgodt omsyn til dei endringane som har skjedd i samfunnet og på kunst- og kulturområdet dei siste tiåra.

Norsk kulturpolitikk har tradisjonelt vore nært knytt til nasjonsbygginga og strevet etter å utvikla ein nasjonal identitet ankra fast i ein einskapleg felles nasjonalkultur. Ein berande idé var at den særeigne og eineståande nasjonalkulturen skulle odlast fram i kontrast til alle andre kulturar. Til grunn for denne ideen ligg det ei tradisjonell forståing av kultur som eit tilnærma isolert og statisk system. Denne kulturforståinga har medverka til at påverknad frå andre kulturar ofte er vorte sett på som eit trugsmål mot den einskaplege felleskulturen. "Dei andre" vart anten stengde ute eller vart tvinga til å læra seg kodane og reglane våre for å bli som "oss".

Det kulturelle mønsteret er i endring og etablerte kulturforståingar vert utfordra. I røynda har det aldri vore tilfelle at kulturar har vore isolerte, og i dag er det heilt uråd å tenkja på verda som samansett av tydeleg skilde kulturar knytte til kvar sine territorium.

Den framtidige kulturpolitikken må ta inn over seg og leggja til grunn at kultur er noko som vert skapt og omskapt uavlateleg i brytinga mellom ulike livsformer, og ikkje noko som er gitt på førehand. Kulturar veks fram og vert endra i møtet mellom ulike handlingsmønster, førestellingar og livsformer. Slike møter er eit vilkår for danninga og utviklinga av levande kulturar. Difor er det eit kulturpolitisk hovudmål å fremja det kulturelle mangfaldet og leggja til rette for at ulike kulturar skal kunna møtast på like premissar.

Både nasjonalt og internasjonalt er det mange som uroar seg for at globaliseringa trugar mangfaldet av både kulturuttrykk og identitetsdanningar. Den globaliserte kultur- og medieindustrien er veksande og vert stadig meir kommersialisert. Samstundes får ei lita gruppe kapitalsterke aktørar aukande marknadsmakt på grunn av sterke eigarkonsentrasjonar.

Aukande kommersialisering og maktkonsentrasjonar representerer ei stor utfordring for dei kulturpolitiske måla om å halda oppe kvalitet, mangfald og geografisk spreiing. I denne situasjonen er det viktigare enn nokon gong med offentlege stønadsordningar for produksjon og formidling av dei kunst- og kulturuttrykk som ikkje kan klara seg på marknaden sine premissar.

Dei globale marknadskreftene har dessutan gjort det viktigare enn før å samarbeida internasjonalt for å fremja kulturelt mangfald. Nasjonane må og samarbeida for å tryggja det kulturpolitiske handlingsrommet i det einskilde landet. Ikkje minst i samband med drøftingane i verdshandelsorganisasjonen WTO vert dette viktig. Noreg deltar difor i fleire organisasjonar og nettverk som har kulturelt mangfald øvst på dagsordenen. Tidlegare i haust var eg til stades på eit møte i Internasjonalt nettverk for kulturpolitikk – eit uformelt nettverk av kulturministrar frå ulike delar av verda. Møtet fann stad i Sør-Afrika, og vi var særleg opptatt av den utsette situasjonen for utviklingslanda.

I land der ein angloamerikansk mediekultur tar over store delar av marknaden, er det lett å oppleva påverknaden som berre forflatande og einsrettande. Men dersom ein berre ser på globalisering som ei form for amerikansk imperialisme, vert ein lett blind for dei nye handlingsromma den kulturelle globaliseringa opnar.

I dag er dei fleste einige om at globalisering både kan verka einsrettande og produsera skilnader som styrkjer mangfaldet. I eit kulturpolitisk perspektiv vil dette doble synet måtta innebera at ein heile tida må balansera mellom å setja inn motstrategiar der mangfaldet vert truga og å henta inn fordelane ved globaliseringa og.

Elektroniske medier har endra vilkåra for produksjon, distribusjon og formidling. Sjølv om konkurransen er aukande og det har dukka opp nye utfordringar - blant anna knytt til digital distribusjon og piratproduksjon - er den potensielle marknaden for norske kunstuttrykk veksande. Til dømes kan smale og eksperimenterande kunstuttrykk som ofte vil ha eit lite publikumspotensial i Noreg, kunna ha ein heilt anna marknadsvurdering i internasjonale miljø ute i verda.

Det er ei målsetjing å i høgare grad ta i bruk informasjonsteknologi i kulturformidlinga og den globale markedsføringa av norsk kultur. Vi har gode døme på at vi i Noreg har nytta dette potensialet, j.f. Arts pages og Phonofile. Eit av dei viktigaste nettverka for digital informasjon om norske kunst- og kulturtilbud er Kulturnett Noreg, som gir ei fagleg ramme for dei mange institusjonane som presenterer kultur- og informasjonstilbod gjennom elektroniske nettverk.

Ny informasjonsteknologi har òg endra vilkåra for bibliotektenesta. Dei nye utfordringane som folkebiblioteka står overfor er i høg grad knytte til utviklinga av IKT-bruken mellom anna i samanheng med desentralisert utdanning, fjernlånstenester, innhenting og bearbeiding av informasjon og tilgang til databasar.

Kultur- og kyrkedepartementet la 1. oktober i år fram eit høyringsnotat med forslag til endringar i folkebiblioteklova. Oppslaga i pressa dei siste vekene viser at det er naudsynt å gi eit meir nyansert bilete av kva endringsforslaga inneber.

Etter det nye lovforslaget som no er på høyring, vil det framleis vera lovpålagt for kommunane å yta bibliotektenester til innbyggjarane sine. Det vil ikkje vera opp til kommunane sjølve å avgjera om dei framleis skal ha eit bibliotekstilbod. Å kutta ut løyvinga til bibliotekføremål vil vera i strid med folkebiblioteklova både slik ho no er utforma og etter det føreliggjande lovutkastet. Det vil seia at jamvel med ein stram kommuneøkonomi opnar ikkje lovforslaget opp for å gjera biblioteket til ein salderingspost.

Korleis er eigentleg bibliotektilbodet rundt om i kommunane? Mange bibliotek vert drivne på sparebluss med mangelfulle tilbod og lite gunstige opningstider. Dagens biblioteklov har ikkje klart å hindra dette. Eg har sjølv mange gode minne frå folkebiblioteket. Difor er eg opptatt av at biblioteka skal vera stader der vi kan oppdaga og gjenoppdaga litteratur, og eg ynskjer at biblioteka framleis både skal vera samlingsstad og yta gode folkebibliotektenester.

For å få til eit tidsmessig bibliotektilbod rundt om i landet, er det naudsynt å sjå på strukturen i det norske biblioteklandskapet. Kommunane har alt i dag høve til å samarbeida, men vi vil oppmoda til utvida samarbeid både med andre kommunar, fylkeskommunar og med arkiv- eller museumsinstitusjonar. På den måten kan ein få til meir slagkraftige fagmiljø og betre tenester for innbyggjarane. Lokalet, samlingane og det teknologiske utstyret må kunne dekkja mange behov. Dei tilsette må ha god fagleg kompetanse og opningstidene må vera så romslege at folk kan koma dit når dei ynskjer det. I det endelege lovframlegget, der vi kjenner høyringsinstansane sitt syn, vil eg understreka dette.

I dag set informasjonsformidling andre krav enn den tradisjonelle folkeopplysninga gjorde. Med den informasjonsflaumen som Internett har opna for vert oppgåvene til biblioteka utvida til å ordna, kvalitetssjekka og gjera innhaldet tilgjengeleg.

Rikskringkastinga vert stilt overfor liknande oppgåver i forhold til den informasjonsflaumen som mellom anna satellittfjernsyn medverkar til, og som vil verta forsterka når digitaliseringa opnar for opptil fleire hundre nye kanalar. Samstundes har digitaliseringa av medieteknologien medverka til ei utvikling i retning av større konvergens. Media smeltar saman i eit felles digitalt språk, og sektorgrensene mellom kringkasting, teletenester og informasjonsteknologi vert viska ut. Auka kommersialisering utfordrar rikskringkastinga si rolle som ein demokratisk informasjonsarena.

Allmennkringkastingskrava er eit av dei viktigaste verkemidla for å sikra ytringsfridom og kulturelt mangfald. Departementet arbeider med å avgrensa og definera allmennkringkastingsomgrepet, og med å utgreia behovet for tilsyn med allmennkringkastinga.

Ei særs viktig oppgåve i kulturpolitikken er å halda oppe og utvikla norsk språk og kultur. Dermed vert det viktig å fremja ein omfattande og kvalitativt konkurrerande norsk og norskspråkleg produksjon av kulturindustrielle uttrykk som film, TV og populærmusikk. Og det kompetansemessige grunnlaget for slik produksjon er betre enn nokon gong.

Globaliseringa har ført til auka interesse for å fremja norsk språk og kultur. I dette arbeidet må vi vakta oss for å verta nasjonalistiske og ekskluderande.

Ei nasjonal grunngjeving for kulturlivet vårt – anten ho er ankra fast i ideen om å skapa ein felles norsk kultur i Noreg eller i ynsket om å profilera det norske overfor utlandet – kan lett framstå som ekskluderande både i høve til den multikulturelle situasjonen vi står oppe i og i høve til nyskapande, grensesprengjande kunstuttrykk.

Den framtidige satsinga på kultur må difor ikkje einsidig handla om å fremja "det norske" i tradisjonell meining eller det som har vore rådande oppfatning av kva "norsk kultur" er, men snarare om å utvikla kulturen i Noreg med utgangspunkt i korleis han faktisk er i dag.

Dei siste tiåra er det gjort mykje for å gi den samiske kulturarven ein rettferdig plass i den samla formidlinga av dei historiske utviklingslinene i Noreg. Dei nasjonale minoritetane har vore lite påakta, men ei revitalisering av historia deira er òg i gang.

Den situasjonen som er skapt gjennom nyare innvandring har vore endå mindre påakta. Norsk museumsutvikling skal likevel krediterast for å ha gjort ein viktig innsats med sikte på å auka medvitet og kunnskapen i musea om dette oppgåvefeltet.

Og no er det råd å spora tendensar til at mange museum legg meir vinn på å formidla sambandslinene og samanhengane mellom norsk kultur og andre kulturar, og mindre vekt på å identifisera det særeigne norske i kontrakt til alle andre kulturar. Døme på slik endra framstilling er dei aktuelle utstillingane ved Norsk Folkemuseum og Internasjonalt kultursenter og museum i Oslo tufta på forskingsprosjektet ved Universitetet i Oslo om innvandring til Noreg gjennom tidene.

Språket er ikkje berre eit kommunikasjonsmiddel, men òg ein viktig del av den kulturelle identiteten vår. Som følgje av aukande internasjonalt samkvem og teknologisk utvikling er norsk språk under aukande press, slik dei fleste andre små og mellomstore språka er det. Vi vert stadig meir eksponerte for engelsk gjennom media og arbeidslivet, utdannings- og forskingssektoren, underhaldningssektoren og ikkje minst gjennom reklame og Internett.

Om det er ein bransje som er kjend for stor bruk av engelsk, vanskeleg terminologi og kryptiske forkortingar, må det vera databransjen. Mange har ofte vore frustrerte over IT-bransjen sitt kaudervelske språk, og har ynskt meir norsk og betre norsk i data-samanheng. Det er difor svært gledeleg at bransjen sjølv går i bresjen for å betra norsk dataspråk både i dataprogram, brukarinformasjon, salsmøte, konferansar, avisartiklar, bøker og presentasjonar.

Vi har fått ei ny pris – Rosings språkpris. Prisen er etablert gjennom eit samarbeid mellom Rosingakademiet, Den Norske Dataforening og Norsk språkråd. Intensjonen med prisen er at han skal stimulera til at norsk blir nytta i alle samanhengar innan data.

Men heller ikkje i språkpolitikken er det noko mål å søkja vern mot alle impulsar som kjem utanfrå. Alle bruksspråk er uavlateleg i endring. Det er naturleg at ulike språk påverkar kvarandre og låner frå kvarandre. Strategien er difor ikkje å stengja ute alle former for framand påverknad; det ville korkje vera ynskjeleg eller mogeleg.

I staden må det leggjast stor vekt på å styrkja språket innanfrå, slik at det heile tida er hardført nok til å møta nye utfordringar i eit omskifteleg samfunn. På den måten kan vi leggja til rette for at norsk språk kan utvikla seg naturleg i takt med dei krava tida stiller.

Noreg er eit heterogent språksamfunn. Det handlar difor ikkje berre om å fremja det norske språket i meininga nynorsk og bokmål. Vi har i tillegg eit ansvar for å fremja dei ulike minoritetsspråka i landet, og tryggja at språklege minoritetar har høve til å halda i hevd morsmålet sitt.

Noreg har plikta seg til å setja i verk særskilde tiltak for å verna og styrkja samisk, kvænsk, romanes og romani. Dette er eit utfordrande arbeid retta mot språk som diverre har stadig færre brukarar, og som dermed har særskild trong for vern.

Samstundes er det språklege mangfaldet i Noreg aukande som følgje av innvandringa. I dag finst det fleire titals ulike minoritetsspråk med stadig fleire brukarar. I somme av Oslo-skulane har meir enn 90 % av elevane eit anna morsmål enn norsk.

Eit grunnleggjande prinsipp er at ulike minoritetar har rett til å halda i hevd morsmålet sitt, av di det er ein del av den kulturelle identiteten deira, og av di det fleirspråklege er ein ressurs i seg sjølv. Dette prinsippet som ligg til grunn for dei fleirspråklege samlingane av bøker og andre medium ved Deichmanske bibliotek i Oslo. Tenesta femner om utlån av bøker og andre informasjonsberarar på framande språk direkte til einskildbrukarar eller som fjernlån til andre bibliotek over heile landet. Brukarar frå alle dei 37 språkområda som er representerte i samlingane tar på denne måten med seg språket og litteraturen – og dermed ein viktig del av kulturen sin – til mange lokalsamfunn i Noreg.

Parallelt med den nye interessa for nasjonale kulturar har globaliseringa medverka til eit fastare blikk på det lokale. Dermed blir og vilkåra for lokal og regional kulturverksemd endra. I samvirke mellom internasjonale og lokale krefter har det til dømes vakse fram eit stort tal festivalar i løpet av nokre få tiår. Dei er tufta på lokal arrangørkompetanse kombinert med internasjonal programmering, som ofte kan vera av høg kvalitet.

Framvoksteren av festivalane er eit døme som syner at det er naudsynt å tenkja nytt om den lokale og regionale kulturpolitikken. Dei sentrale institusjonane har framleis eit ansvar for å formidla kunst- og kulturuttrykk i heile landet, men like viktig er det å utnytta den desentraliserte kompetansen for formidling som har vakse fram og å stimulera kreative og kvalifiserte lokale krefter.

Eit aktivt lokalt kulturliv, der frivillige organisasjonar spelar ei grunnleggjande rolle, er ikkje minst viktig for born og unge. Dette er kan henda den gruppa som er sterkast utsett for det kommersielle presset frå den globale medieindustrien.

Likevel må vi ikkje gløyma den konstruktive meininga den globaliserte mediekulturen og populærkulturelle uttrykk kan ha for born og unge. Til dømes kan ungdom med særs ulik bakgrunn finna ein alternativ "tredje møtestad" gjennom fenomen som breakdance, hip hop, skateboard, techno og til og med grafitti (som eg føreset går føre seg i lovlege former).

Det er eit overordna siktemål at born og unge så tidleg som råd er skal få tilgang til eit mangfald av kunst- og kulturtilbod. På denne måten kan kimen leggjast for at kvar og ein skal kunna utvikla seg innanfor eitt eller mange kunst- og kulturområde. Slike tankar ligg mellom anna til grunn for den kulturelle skulesekken. Eg vil oppfordra alle som vert trekte inn i arbeidet med å utvikla dette prosjektet om å sørga for at innhaldet i den kulturelle skulesekken reflekterer eit kulturelt mangfald.

På kunstfeltet har globaliseringa og auka internasjonalisering medverka til å endra vilkåra for kunstnarleg produksjon og formidling. Ekspertisen på samtidskunst er veksande, og ein ung generasjon internasjonalt orienterte kunstnarar pregar samtidskunsten gjennom grensesprengjande uttrykksformer.

Det meste av denne typen kunstuttrykk vert laga og formidla i etter måten lause organisatoriske rammer utanfor dei store institusjonane. Fleksibel prosjektorganisering er vanleg, og nettverksetableringar – nasjonalt og internasjonalt – inngår som ein viktig del av både produksjon og formidling. Det må utviklast kulturpolitiske verkemiddel som er tilpassa denne internasjonaliseringa.

Import av kunst er vel så viktig som eksport dersom vi skal delta på den internasjonale kunstarenaen og halda oppe og stimulera til nyskaping og kvalitet på eit internasjonalt nivå. Det frie kunstfeltet må styrkjast, både når det gjeld produksjon og formidling, sidan det er her kompetansen knytt til samtidsuttrykk og samhandling gjennom internasjonale nettverk er sterkest.

Til dømes opnar samtidsmusikkfestivalen Magma - ei vidareføring av Nordiske Musikkdagar – i Berlin førstkomande laurdag. Og denne og neste veke står Teaterhuset Avant Garden i Trondheim, BIT Teatergarasjen i Bergen og Black Box Teater i Oslo ansvarlege for det norske bidraget til ei stor nordisk scenekunstmønstring i Brussel.

Det er ikkje berre den nasjonalt rotfesta kunstinstitusjonen som vert utfordra i ei global og mediekulturell tid. I eit fleirkulturelt samfunn vert òg den dominerande vestlege forståinga av kunst, kvalitet og profesjonalitet utfordra.

Det er eit problem at store delar av det norske kunst- og kulturfeltet ekskluderer eit stadig aukande tal potensielle utøvarar og publikum med minoritetsbakgrunn. Trass i at kunstfeltet til vanleg prinsipielt omfamnar minoritetsuttrykk er det liten tvil om at premissane for samhandlinga i høg grad vert sette av storsamfunnet. Ambisiøse mål om full inkorporasjon, tufta på gjensidig kulturutveksling, krev kritisk sjølvrefleksjon, og dessutan langsiktige strategiar og satsingar.

Sidan 1980-talet har det vakse fram fleire mindre uavhengige institusjonar med sterkt fotfeste i ulike minoritetsmiljø som har oppnådd gode resultat med små ressursar. Center for Afrikansk Kulturformidling, Nordic Black Theatre og musikarorganisasjonen Samspill er gode døme på dette. Det vil framleis vera ei viktig oppgåve å sørga for at desse får gode vekstkår. Desse institusjonane gjer ein viktig innsats på område der dei meir etablerte institusjonane kanskje ikkje har kome like langt.

Mosaikk, programmet for kunst og det fleirkulturelle samfunnet i regi av Norsk kulturråd, har mellom anna medverka til å synleggjera kunstnarar med minoritetsbakgrunn og gjort det mogeleg å realisera ei rad prosjekt. Men Mosaikk har samstundes avdekt trongen for ein heilskapleg kulturpolitikk for kulturelt mangfald.

Departementet arrangerte tidligere i haust, i samarbeid med Norsk kulturråd, Drammen og Oslo kommune ein nasjonal konferanse om kulturelt mangfald. Det er nedsatt ein arbeidsgruppe som på bakgrunn av konferansen skal koma med eit forslag til eit heilskapleg politisk opplegg for å fremja kulturelt mangfald. Dette forslaget vil verta drøfta og innarbeidd i den komande kulturmeldinga.

Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvaret for å utvikla ein overordna kulturpolitikk som tar opp i seg dei endringane som har funne stad i samfunnet og på kunst- og kulturområdet dei siste tiåra. Men dersom vi skal møta dei utfordringane vi står overfor, er det heilt naudsynt at institusjonane og aktørane i heile kunst- og kulturfeltet rundt om i landet er villige til å endra innarbeidde tenkjemåtar. Dette krev auka kunnskapar og eit kritisk ordskifte. Eg vil takka Kulturrådet for at de – mellom anna gjennom denne konferansen – medverkar til å føra dette heilt naudsynte ordskiftet vidare.