Historisk arkiv

Sunnivastipend 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland, ved utdelinga av Sunnivastipend 6.september 2005.

Sunnivastipend 2005


Kultur-og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland, ved utdelinga av Sunnivastipend 6.september 2005.

Kjære forsamling!

Det fleire grunnar til å vera begeistra for årets olav- og sunnivastipendiatar. Det er eit spenn og eit mangfald blant årets stipendiatar – både geografisk og tematisk. Prosjekta som får støtte, er alle prega av å vera medvitne om den kyrkjelege samanhengen dei høyrer til i. Dei rettar seg inn mot utfordringar i sin kontekst – på kvar sin måte.

Olavsstipendet og Sunnivastipendet er oppretta for å stimulera til auka kunnskap om kyrkja si rolle i samfunnet. Dei kan med andre ord bidra til at kyrkja vert betre rusta til å løysa oppgåvene sine. Det tematiske mangfaldet vi kan sjå hos årets kandidatar, speglar nettopp eit mangfald av utfordringar. Det er også gledeleg å sjå korleis prosjekta har ein gjenklang av Kyrkjemøtet sine satsingsområde.

Brit Lundby Hilde frå Bjørgvin bispedømme, Tellef Raustøl frå Oslo bispedømme og Nina Lind frå Borg bispedømme blir tildelt Sunnivastipend på 25.000 kroner kvar. Nina Lind kunne dessverre ikkje vera til stades i dag, så vi får vera glade på hennar vegner.

Brit Lundby Hilde skal utarbeida materiale for pilegrimar og retreatgjester som ønskjer å gå i St. Sunniva sine fotspor på Selja. Pilegrimsrørsla har hatt framgang i Noreg i seinare år, og det er verdifullt at tradisjonane rundt Sunniva blir kjente og får høve til å utvikla seg. Eg ønskjer Brit Lundby Hilde lukke til med å gjera desse ressursane tilgjengelege. Måtte det bli til signing for det kyrkjelege livet! Gratulerer med Sunnivastipend!

Tellef Raustøl får støtte til å arbeida med utvikling av samarbeidet mellom kyrkja og bydelane i Oslo. Samarbeid mellom offentlege og kyrkjelege organ er utfordrande og viktig. Utvikling av samarbeidsformer høyrer med til Kyrkjemøtet sine satsingar, og Raustøl sitt arbeid med praksisfellesskap er noko som både det offentlege og kyrkja vil nyta godt av. Raustøl har som mål å skriva ei bok om emnet: Fra møter til praksisfellesskap. Bydel og kirke i samarbeid. Tellef Raustøl, lukke til i arbeidet! Og gratulerer med Sunnivastipend!

Nina Lind, som ikkje kunne vera til stades i dag, har også eit prosjekt som er knytt til Kyrkjerådet si satsing på å utvikla samarbeidsformer. I Lind sitt prosjekt er det snakk om organisering av det frivillige arbeidet. Ho er leiar av Årnes sokneråd, og ho skal finna måtar å ta vare på og gjera best mogleg nytte av dei frivillige medarbeidarane i kyrkjelyden.

Mangfaldet i arbeida imponerer meg, og samtidig er det ikkje vanskeleg å sjå korleis dei alle tar tak i utfordringar på sitt felt – oppgåver som er viktige for Den norske kyrkja. Til slutt vil eg takka for engasjementet og alvoret de går inn i desse oppgåvene med. Lukke til i det vidare arbeidet!