Historisk arkiv

Nye reglar for trudoms- og livssynssamfunn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet legg i dag fram ein Odelstingsproposisjon for å sikre korrekt rapportering av talet på medlemmer i trudoms- og livssynssamfunn. (17.10.03)

Pressemelding

Nr.: 111/03
Dato: 17.10.2003
Kontaktperson. Ekspedisjonssjef Henning Gorholt, tlf. 22 24 78 10

Nye reglar for trudoms- og livssynssamfunn

Kultur- og kyrkjedepartementet legg i dag fram ein Odelstingsproposisjon for å sikre korrekt rapportering av talet på medlemmer i trudoms- og livssynssamfunn.

Tilskot til trudoms- og livssynssamfunn skal sikre økonomisk lik behandling mellom Den norske kyrkja og andre trudoms- og livssynssamfunn. Det blir gitt tilskot pr. medlem. Tilskotet skal vere så stort at det etter måten svarar om lag til det som staten har budsjettert til Den norske kyrkja, og skal utreknast etter kor mange som høyrer til samfunnet.

For å handtere tilskotsordninga på forsvarleg vis meiner departementet at det er nødvendig å krevje at trudoms- og livssynssamfunn må sende inn fødselsnummer for alle medlemmer som dei søkjer tilskot for. Føremålet er m.a. å kontrollere at ein person berre er medlem av eitt trudoms- eller livssynssamfunn.

Religiøs oppfatning er ei sensitiv personopplysning, og behandling av personopplysningar vil skje i samsvar med dei krava som er fastsette av Datatilsynet. Alle oversikter overfødselsnummer for medlemmene skal slettast fysisk når den årlege kontrollen er gjennomført.

Omlegginga vil ta til i 2004, og utbetaling av tilskot på grunnlag av fødselsnummer vil tidlegast skje i 2005.