Historisk arkiv

Regjeringa vil vere med i kampen mot diskriminering i Europa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Sosialdepartementet

Regjeringa vil at Noreg skal slutte seg til EUs arbeid mot diskriminering på grunnlag av etnisk opphav, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning. Noreg har arbeidd i fleire år for å få EUs handlingsprogram mot diskriminering med i EØS-avtalen. I statsråd i dag vart det lagt fram ein stortingsproposisjon om dette (07.11.03).

Pressemelding

Nr.: 46
Dato: 07.11.03

Regjeringa vil vere med i kampen mot diskriminering i Europa

Regjeringa vil at Noreg skal slutte seg til EUs arbeid mot diskriminering på grunnlag av etnisk opphav, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning. Noreg har arbeidd i fleire år for å få EUs handlingsprogram mot diskriminering med i EØS-avtalen. I statsråd i dag vart det lagt fram ein stortingsproposisjon om dette.

Innlemming av EUs handlingsprogram mot diskriminering i EØS-avtalen inneber at norske organisasjonar, institusjonar og myndigheitsorgan no kan søkje om pengestøtte frå EU til prosjekt som skal kjempe mot diskriminering på grunnlag av etnisk opphav 1I EUs dokument blir omgrepa ”racial or ethnic origin”brukte. I tråd med språkbruken i Handlingsplan mot rasisme og diskriminering (2002-2006), oversett ein dette til ”etnisk opphav”., religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning.

EUs handlingsprogram for åra 2001 - 2006 er ei stor satsing, med kostnadsramme på over 800 millionar kroner. Frå norsk side skal Sosialdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet yte pengar til programmet.

Med atterhald om Stortingets godkjenning, legg Regjeringa opp til at Noreg skal delta i programmet frå 1.1.2004.

-Handlingsprogrammet i EU er ei viktig satsing for eit inkluderande samfunn. No kan vi utveksle røynsler og lære av kvarandre, seier sosialminister Ingjerd Schou.

-Eg er glad Noregs deltaking no blir realisert. Det er heilt i tråd med norsk satsing på tiltak mot rasisme og diskriminering, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Søknadsfristen for tilskot til forprosjekt for å styrkje arbeidet mot diskriminering gjennom rettsvesenet og med juridiske virkemiddel, er sett til 28. november 2003. Same søknadsfristen gjeld for tilskot til arbeidet for å dokumentere og overvake diskriminering, og til samarbeid mellom myndigheitene og organisasjonane for å kjempe mot diskriminering. Søknadane skal sendast direkte til Europakommisjonen, som også avgjer søknadane. Nærare opplysningar finn du på internettadressa: http://europa.eu.int/comm/employment_social/fundamental_rights/index_en.htm