Historisk arkiv

Om gratisprinsippet i grunnskolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet

Regjeringa har i dag lagt fram for Stortinget eit forslag om ny lovregel i opplæringslova om gratisprinsippet i grunnskolen. Etter forslaget vil ikkje kommunane kunne krevje betaling frå elevane eller deira føresette for undervisningsmateriell og aktivitetar som er nødvendige for å gjennomføre grunnskoleopplæringa i samsvar med opplæringslov og forskrift.(14.06.02)

Pressemelding

Nr.: 082-02
Dato: 14.juni

Ny lovregel om gratisprinsippet i grunnskolen

Regjeringa har i dag lagt fram for Stortinget eit forslag om ny lovregel i opplæringslova om gratisprinsippet i grunnskolen. Etter forslaget vil ikkje kommunane kunne krevje betaling frå elevane eller deira føresette for undervisningsmateriell og aktivitetar som er nødvendige for å gjennomføre grunnskoleopplæringa i samsvar med opplæringslov og forskrift.

Ot.prp. nr. 94 (2001-2002) er ei presisering av gjeldande rett, slik at det i større grad enn tidlegare blir tydeleggjort at den offentlege grunnskoleopplæringa skal vere gratis.

- Grunnskolen skal være tilgjengelig for alle, uansett økonomisk evne. Forslaget som fremlegges er en viktig presisering og veiledning i hvordan dette gratisprinsippet skal praktiseres, sier statsråd Kristin Clemet.

Forslaget er ei oppfølgjing av eit stortingetsvedtak frå hausten 2001.Stortinget bad da Regjeringa leggje fram forslag om endring av opplæringslova slik at gratisprinsippet i grunnskolen blir reelt.

Det avgrensa høvet kommunane etter gjeldande rett har hatt til å ta betaling for utgifter til reise, kost og losji knytt til eit reelt frivillig leirskoleopphald, fell dermed bort. Desse utgiftene vil bli kompenserte ved at det i statsbudsjettet for 2002 er lagt inn 25. mill. kroner i dei frie inntektene til kommunane. Tiltaket har ein heilårseffekt på 60 mill. kroner.

Lovforslaget er ikkje til hinder for at skolane tek imot gåver og frivillige bidrag. Men prinsippet om gratis offentleg grunnskoleopplæring inneber at elevane ikkje kan påleggjast noka form for motyting i form av eigenbetaling, marknadsføring eller anna for å få opplæringa. Det er kommunen/skolen som har ansvaret for å sørgje for at den som gir gåver til skolane, ikkje stiller krav om motytingar som vil vere i strid med gratisprinsippet .

Les Ot.prp. nr. 94 Om gratisprinsippet i grunnskolen