Historisk arkiv

Regulering av sildefisket i sør i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 103/2005
Dato: 19.12.2005
Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Johán H Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av sildefisket i sør i 2006

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2006.

Bestanden er i god forfatning men har hatt sviktande rekruttering dei seinare åra. Totalkvoten blei difor, i tråd med forvaltningsplanen, sett ned med 15 %. Norske fartøy kan fiske 140.798 tonn i 2006.

- Dette gjev likevel fiskarane stabile rammer for fisket i 2006, og er ein av hovudgrunnane til at vi satsar så sterkt på å etablere forvaltningsplanar. Desse skal i tillegg til å sikre stabilitet gje eit høgt langtidsutbytte. Etter ei avsetning på 1.000 tonn til bifangst kan industritrålarane no fiske resten av sin gruppekvote i eit direktefiske frå 1. januar 2006. Dette er med på å tryggje økonomien i denne flåtegruppa, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.

Den norske kvoten er fordelt med 11.264 tonn til kystfartøygruppa, 9.856 tonn til trålarane, og 119.678 tonn til ringnotgruppa. Av ringnotgruppa sin kvote skal 7.181 tonn tilfalle fartøy i SUK-gruppa.

Fisket for fartøy i gruppe I i kystgruppa blir regulert med fartøykvotar. Fartøykvotane er differensierte, og varierer frå 11 tonn for dei minste og opp til 176 tonn for dei største fartøya. Fartøy i gruppe II kan fiske inntil 5 tonn innanfor ei avsetting på 200 tonn, medan fartøy som fiskar med garn kan fiske inntil 10 tonn innanfor den same avsettinga.

Kystgruppa inkludert SUK-gruppa blir regulert med turkvotar på 150 tonn.

Bortsett frå 1.000 tonn avsett til bifangst er det frå 1. januar 2006 opna for at trålarane kan fiske sin gruppekvote i eit direkte fiske etter sild. Direktefisket blir regulert med fartøykvotar basert på bruttotonnasjen til fartøyet den 31. desember 2001. Trålfisket må som tidlegare gå føre seg i Nordsjøen.

For ringnotflåten vert det eksisterande reguleringsopplegget vidareført.