Historisk arkiv

Urfolksdimensjonen integrert i nordområdepolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Urfolka i nord har verdifull kunnskap og erfaring som skal brukast aktivt i norsk nordområdepolitikk. Regjeringa sin politikk skal tryggje urfolkas livsgrunnlag, historie, kultur og næringar i nordområda.

Pressemelding

Nr.: 147
Dato: 01.12.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Petter Drefvelin, 22 24 70 60

Urfolksdimensjonen integrert i nordområdepolitikken

Urfolka i nord har verdifull kunnskap og erfaring som skal brukast aktivt i norsk nordområdepolitikk. Regjeringa sin politikk skal tryggje urfolkas livsgrunnlag, historie, kultur og næringar i nordområda.

Dette kjem fram av regjeringa sin nordområdestrategi, som blei presentert av statsministeren og fleire av regjeringa sine medlemer i Tromsø i dag. Der blir det understreka at urfolka i nord skal ha ein sterk posisjon og rolle i utviklinga av eigen situasjon. Urfolk skal derfor involverast i nordområdespørsmål, blant anna gjennom jamleg kontakt og dialog med Sametinget.

Den auka internasjonaliseringa og aktiviteten i nordområda gir urfolka nye moglegheiter, men aukar også presset på kulturen og livsgrunnlaget til urfolka. Det er derfor viktig at rettane deira blir etterlevde i forvaltninga av ressursar og miljø i nordområda. I ei heilskapleg ressursforvaltning i nord inngår vern av naturgrunnlaget for urfolka sine næringar og kultur, av reindriftsareal og av miljøet langs kysten med tradisjonelt sjøfiske og laksefiske.

Viktige urfolksspørsmål som regjeringa lyfter fram i strategien er blant anna utvikling av noverande og nye næringar som grunnlag for busetjinga og den samiske kulturen, og behovet for å utvikle felles standard i forhold til urfolk når det gjeld den generelle økonomiske verksemda i nordområda. Det er viktig at urfolk sjølv har anledning til å byggje opp kapasitet og kompetanse til å øve reell innverknad på utviklinga, og regjeringa vil hjelpe til oppbygging av slik kapasitet ved dei samiske institusjonane innan urfolksrelatert forsking.

Tilpassingsstrategiar i forhold til klimaendringar vil bli viktig i nord, og regjeringa vil samarbeide med urfolksrepresentantar slik at urfolka sine kunnskapar og observasjonar får ein sentral plass i oppfølginga av klimarapporten til Arktisk råd. Situasjonen til urfolka vil vere ein naturleg og viktig del av samarbeidet med Russland.