Prop. 131 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Bodø kommune (Bypakke Bodø) og endra takst- og rabattopplegg for rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua)

Til innhaldsliste

7 Effekten av ei omorganisering av bompengesektoren og endring av takst- og innkrevjingsopplegg

Som omtalt i Prop. 97 S (2013–2014), legg regjeringa opp til ei omorganisering av bompengesektoren frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. Det overordna målet for dei nye selskapa er å sørgje for effektiv bompengefinansiering av transportinfrastruktur gjennom effektiv innkrevjing og gode finansieringsvilkår. For å spare bilistane for å dekke store løpande finansieringskostnader, vil regjeringa òg innføre ei rentekompensasjonsordning for bompengelån.

Bompengeopplegget i denne proposisjonen er basert på føresetnad om 6,5 pst. rente. Dette er i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka. Samferdselsdepartementet legg samtidig opp til at det kan gjerast endringar i takst- og innkrevjingsopplegget for Bypakke Bodø når den varsla omorganiseringa av bompengesektoren med rentekompensasjonsordning fører til reduserte finansieringskostnader for prosjektet. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget om dette når den tid kjem.

Fram til ny ordning er på plass skal det for nye bompengeprosjekt som vil inngå i dei nye bompengeselskapa, som ei overgangsordning, kunne reknast takstar baserte på 10 års statsobligasjonsrente. Samferdselsdepartementet viser til nærare omtale av innrettinga av overgangsordninga i Prop. 119 S (2013–2014).

Overgangsordninga vil mellom anna gjelde for prosjekt som er handsama lokalt og som ikkje er lagt fram for Stortinget. Ordninga vil såleis også få verknader for Bypakke Bodø.

Som det framgår i Prop. 119 S (2013–2014), kan det, etter at prosjektet er handsama i Stortinget og dersom lokale styresmakter ønskjer det, setjast berekningsteknisk rente tilsvarande den renta som er forventa i låneperioden, med mogleg tillegg for uvisse/rentesikring. Det er ein føresetnad at effekten av evt. lågare berekningsteknisk rente skal takast ut i form av lågare takstar.

I samband med KS2 for Bypakke Bodø tilrådde ekstern kvalitetssikrar at det blir vurdert ei noko anna innretting på bompengeopplegget enn det som ligg til grunn i denne proposisjonen, mellom anna med einvegs innkrevjing. Samferdselsdepartementet legg i første omgang til grunn eit bompengeopplegg som omtalt i kap. 5 og 6 med tovegsinnkrevjing i 7 innkrevjingspunkt og ei samordning mot prosjektet rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua) ved at timesregel og passeringstak òg gjeld her. Men i lys av dei nemnde tilrådingane frå ekstern kvalitetssikrar og i tråd med overgangsordninga for rentekompensasjonsordninga, legg Samferdselsdepartementet opp til at det kan gjerast endringar i takst- og innkrevjingsopplegget. Overgangsordninga inneber at lokale garantistyresmakter får tilbod om at takstane kan baserast på ein lågare rente enn 6,5 pst. på bakgrunn av nemnde føresetnader. Samferdselsdepartementet ber om fullmakt til å gjere slike endringar.

På vanleg måte vil det bli kravd at dei fylkeskommunale og kommunale garantiane blir godkjende av høvesvis Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Fylkesmannen.

Tabell 7.1 viser kalkulerte bompengetakstar, finansieringskostnader og innkrevjingskostnader ved ulike rentesatsar ved tovegs- og einvegs bompengeinnkrevjing. Bompengebidraget til investeringar, inkl. etablering av bomstasjonar, er føresett uendra. Alternativ rente på 2,8 pst. er sett ut frå gjeldande 10-års statsobligasjonsrente.

Tabell 7.1 Takstnivå ved ulike føresetnader

2014-kr

Tovegs innkrevjing

Einvegs innkrevjing

Lånerente

6,5 pst.

2,8 pst.

6,5 pst.

2,8 pst.

Takst – lette køyretøy

15,00 kr

12,70 kr

29,40 kr

24,80 kr

Finansieringskostnader

760 mill. kr

300 mill. kr

760 mill. kr

300 mill. kr

Innkrevjingskostnader

315 mill. kr

315 mill. kr

255 mill. kr

255 mill. kr

På grunn av timesregelen vil ein evt. overgang frå tovegs- til einvegsinnkrevjing føre til auka inntekter for rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua). Dette opnar for at taksten for lette køyretøy kan reduserast frå 21 kr til 18 kr. Dersom effekten i staden blir nytta til å redusere innkrevjingsperioden, er det rekna med at dette vil føre til at denne kan reduserast tilbake til 5 år.