Meld. St. 13 (2021–2022)

Årsmelding 2021 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

5 Sentrale hendingar i 2021

Det blei utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år. Inntektskontrollen på dei seks som tok imot pensjon etter 75-årsregelen blei utført i byrjinga av 2021. Kontrollen gjaldt for inntektsåret 2019.

Hausten 2021 vart det gjennomført etteroppgjer for uførepensjonistar som ut frå skatteoppgjeret for 2020 hadde fått utbetalt for mykje eller for lite uførepensjon.

Stortinget fatta i 2021 vedtak som ga ei særskild regulering i 2021 for mellom anna alderspensjon frå folketrygda og alderspensjon frå pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer.