Meld. St. 32 (2023–2024)

Datatilsynets og Personvernnemndas årsrapportar for 2023

Til innhaldsliste

2 Merknader frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet til Personvernnemndas årsrapport

Personvernnemnda er klageorgan for vedtak fatta av Datatilsynet, og er eit uavhengig forvaltningsorgan, administrativt underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Til liks med Datatilsynet, kan ikkje nemnda instruerast om behandlinga av einskildsaker eller den faglege verksemda elles.1 Personvernnemnda består av sju medlemmer med faste varamedlemmer, alle oppnemnde for fire år om gongen. Den sitjande nemnda er oppnemnd for perioden 2021 til 2024. Nemnda blir leidd av sorenskrivar Mari Bø Haugstad. Nemnda er administrativt underlagd Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og departementet gjennomfører eitt årleg administrativt møte med nemndas leiar.

Personvernnemnda behandlar klager frå både privatpersonar, bedrifter og offentlege verksemder. Nemnda peiker i årsrapporten på at sakene dekkjer alle samfunnsområde, noko som er eit teikn på at personvern stadig får aukande aktualitet. Nemnda legg derfor vekt på å skrive fagleg gode vedtak, slik at desse kan gi rettleiing for seinare liknande saker. Departementet deler vurderinga til nemnda av viktigheita av at vedtaka er skrivne slik at dei eignar seg til framtidig rettleiing – for både publikum, behandlingsansvarlege og Datatilsynet.

Personvernnemnda hadde i 2023 ein opphavleg budsjettramme på 2,64 mill. kroner. I tillegg blei det overført 102 000 kroner frå 2022-budsjettet og nemnda fekk pris- og lønskompensasjon på 16 000 kroner. Dette gav ei endeleg løyving i 2023 på 2,75 mill. kroner. Nemnda har i rapporteringsåret brukt 2,52 mill. kroner, noko som gav eit mindreforbruk på 235 079 kroner. Det låge forbruket kjem hovudsakleg av at nemnda hadde sett av nokre midlar til interne seminar og deltaking på kurs og konferansar som ikkje blei prioritert av omsyn til mellom anna saksproduksjon. Som i tidlegare år er løyvinga nytta til honorar og reisegodtgjersle til medlemmene i nemnda, løn til sekretariatet og deltaking på kurs.

Personvernnemndas sekretariat består av ein medarbeidar i 100 prosent stilling. Sekretariatet er administrativt knytt til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Departementet har likevel inga fagleg instruksjonsmyndigheit over sekretariatet.

Nemnda fekk 31 nye saker frå Datatilsynet i 2023. Samanlikna med 2022 har saksmengda auka med 41 %. Denne auka er på om lag same nivå som året før. Nemnda har møte omtrent ein gang kvar månad. Dei fleste sakene blir avslutta med eit endeleg vedtak etter behandling i eitt møte i nemnda. Store og krevjande saker kan likevel gå over fleire møte, til dømes Grindr-saka, som nemnda behandla over seks møte. Saksbehandlingstida i nemnda har auka frå fire månader i 2022 til fem og ein halv månad i 2023. Dette skuldast fleire saker, men òg meir komplekse saker som nemnda bruker lengre tid på å behandle. Departementet si vurdering er at saksbehandlingstida, trass auka, er på eit akseptabelt nivå. Alle vedtak fatta av Personvernnemnda blir publiserte i anonymisert form både på nemndas eigen heimeside, personvernnemnda.no, og på Lovdata.

Nemnda gjer i årsrapporten greie for behandling av fleire store saker i 2023. Mellom anna behandla dei klage over Datatilsynet sitt vedtak om lovbrotsgebyr mot Østre Toten kommune (manglande informasjonstryggleik) og saka om Grindr sin behandling av personopplysningar utan gyldig samtykke. Grindr tok seinare ut søksmål mot nemnda sitt vedtak. Saka blei behandla i Oslo tingrett i mars 2024. Dommen kom i juni 2024 og tingretten konkluderte med at Grindr ikkje hadde gyldig samtykke. Nemnda fekk medhald på alle punkter i saka. Nemnda har òg behandla fleire klager over Datatilsynet sine vedtak om å avslutte saker utan nærare undersøking eller utan å ta stilling til om regelverket er brote.

I si vurdering av framtidsutsikter, peiker nemnda på at personvernforordninga har styrkt rettane til dei registrerte og skjerpa pliktene til dei behandlingsansvarlege. Dette har medført auka bevisstheit om personvernregelverket. I lys av at saksmengda har auka med heile 41 % frå 2022, meiner Personvernnemnda det er sannsynleg at saksmengda vil fortsetje å auke. Nemnda vurderer at sakene òg vil bli meir komplekse med den auka digitaliseringa i samfunnet. Departementet deler denne vurderinga.

Nemnda peikar også på at dei høge gebyra som personvernforordninga legg opp til kan medføre at fleire behandlingsansvarlege veljar å få saka si prøvd av domstolane. Slike rettsprosessar er krevjande, og legg beslag på ressursar i både nemnda og sekretariatet i tillegg til at det krev god juridisk kompetanse. Regjeringsadvokaten er prosessfullmektig for Personvernnemnda i saker der nemndas vedtak blir prøvd rettsleg.

Ein naturleg konsekvens av auka saksmengd i Datatilsynet, er at også saksmengda i Personvernnemnda auker. Departementet vil derfor også ha merksemd retta mot ressurssituasjonen i Personvernnemnda framover.

Departementet er tilfreds med måten Personvernnemnda har gjennomført oppgåvene sine på i 2023, og meiner nemnda har brukt den tildelte løyvinga tilfredsstillande.

Fotnotar

1.

Personopplysningslova § 22.