2 Bakgrunnen for lovframlegga og høyringa
2.1 Skjerping av krava til sentrale aktørar i inkassoforetak m.m.
Finance Credit-saka og enkelte andre saker har aktualisert spørsmålet om det bør stillast krav om at dei sentrale aktørane i inkassoforetak må vere eigna for å eige eller drive inkassoverksemd. Krav om å vere eigna har dei seinare åra blitt stilt til m.a. leiarar og eigarar med monalege eigardelar i eigedomsmeklingsforetak og investeringsforetak.
Med dette som bakgrunn vart det 10. juli 2003 sendt eit høyringsbrev frå Justisdepartementet med eit høyringsnotat utarbeidd av Kredittilsynet. Høyringsnotatet inneheldt framlegg om å innføre eit krav om å vere eigna for dei sentrale aktørane i inkassoforetaka. Det vart også foreslått å gi Kredittilsynet ein generell heimel til å setje vilkår for løyve til å drive med framandinkasso. Høyringsbrevet vart sendt til følgjande 42 instansar:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Finansdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Bankklagenemnda
Bedriftsforbundet
Datatilsynet
Debitorforeningen
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Den norske Revisorforening
Finansforbundet
Finansieringsselskapenes Forening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Gjeldsoffer-Alliansen
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Inka Management
Juridisk rådgivning for kvinner
Juss-Buss
Juss Hjelpa i Nord-Norge
KrediNor
Kredittforetakenes Forening
Kredittilsynet
KredittPartner AS
Landsorganisasjonen i Norge
Lindorff AS
Nordenfjeldske Creditreform AS
Noregs Bank
Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening
Norges Kreditorforbund
Norske Inkassobyråers Forening
Norske Kredittopplysningsbyråers Forening
Næringslivets Hovedorganisasjon
Oppgåveregisteret i Brønnøysund
Politidirektoratet
Regional støtte for behandling av gjeldsordningssaker
Sparebankforeningen i Norge
Statens innkrevjingssentral
Stortingets ombodsmann for forvaltninga
ØKOKRIM
Høyringsfristen gjekk ut 1. november 2003. Dei høyringsinstansane som bad om det, fekk utsett frist. Følgjande 21 høringsinstansar har svart:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Finansdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Bedriftsforbundet
Datatilsynet
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Juss-Buss
Kredittilsynet
Landsorganisasjonen i Norge
Noregs Bank
Norske Inkassobyråers Forening
Næringslivets Hovedorganisasjon
Oppgåveregisteret i Brønnøysund
Politidirektoratet
Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultet
Av desse har følgjande seks instansar ingen merknader: Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Finansdepartementet, Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo, Noregs Bank, Den norske Revisorforening og Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon.
15 instansar uttalte seg om realiteten i forslaga. Eit fleirtal av høyringsinstansane støttar forslaga, men med noko ulike grunngivingar. Det vil bli gjort nærmare greie for synspunkta til høyringsinstansane nedanfor i tilknyting til dei enkelte forslaga.
Enkelte høyringsinstansar har tatt opp spørsmål som ikkje var omtala i høyringsnotatet. Justisdepartementet nemner særskilt at Politidirektoratet har tatt til orde for at strafferamma i inkassolova § 32 blir auka til bøter og fengsel inntil seks månader. Politiet har erfart at nokre kriminelle miljø kjøper tvilsame fordringar for sjølv å drive desse inn ved hjelp av trugslar, utpressing og vald. Sidan inkassolova har ei strafferamme på bøter og fengsel i tre månader, gir ikkje brot på paragrafen politiet rett til av eige tiltak å pågripe personar som driv denne typen verksemd i strid med inkassolova. Ei nærmare drøfting av dette spørsmålet fell utanfor rammene for dette lovarbeidet.
2.2 Endring i kravet til fast forretningsstad i Noreg av omsyn til EØS-retten
Etter gjeldande rett er det berre inkassoforetak som driv frå fast forretningsstad i Noreg, som kan få inkassoløyve, jf. inkassolova § 5 første og tredje ledd. EFTAs overvakingsorgan (ESA) reiste i 2003 spørsmål om kravet til fast forretningsstad i Noreg er i samsvar med EØS-avtalen, jf. prinsippet om fri rørsle av tenester i EØS-avtalen artikkel 36 nr. 1. Justisdepartementet gjorde derfor ei nærmare vurdering av tilhøvet mellom inkassolova § 5 og EØS-avtalen artikkel 36 nr. 1. Departementet konkluderte med at det kan vere grunn til å endre paragrafen. På denne bakgrunn vart det 2. april 2004 sendt ut høyringsbrev med forslag til lovendringar. Forslaget gjekk ut på å endre inkassolova § 5 om vilkår for inkassoløyve, slik at inkassoforetak som driv frå fast forretningsstad i ein annan EØS-stat, kan få norsk inkassoløyve. Høyringsbrevet vart sendt til følgjande 41 instansar:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Finansdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Utanriksdepartementet
Bankklagenemnda
Bedriftsforbundet
Datatilsynet
Debitorforeningen
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Den norske Revisorforening
Finansforbundet
Finansieringsselskapenes Forening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Gjeldsoffer-Alliansen
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Juridisk rådgivning for kvinner
Juss-Buss
Juss Hjelpa i Nord-Norge
KrediNor
Kredittforetakenes Forening
Kredittilsynet
KredittPartner AS
Landsorganisasjonen i Norge
Lindorff AS
Nordenfjeldske Creditreform AS
Noregs Bank
Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening
Norges Kreditorforbund
Norske Inkassobyråers Forening
Norske Kredittopplysningsbyråers Forening
Næringslivets Hovedorganisasjon
Regional støtte for behandling av gjeldsordningssaker
Regjeringsadvokaten
Sparebankforeningen i Norge
Statens innkrevjingssentral
Stortingets ombodsmann for forvaltninga
ØKOKRIM
Høyringsfristen gjekk ut 1. juni 2004. Dei høyringsinstansane som bad om det, fekk utsett frist. Følgjande 18 instansar har svart på høyringsbrevet:
Barne- og familiedepartementet
Finansdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Utanriksdepartementet
Bedriftsforbundet
Brækhus Dege Advokatfirma ANS
Datatilsynet
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Kredittilsynet
Landsorganisasjonen i Norge
Næringslivets Hovedorganisasjon
Regjeringsadvokaten
Statens innkrevjingssentral
Følgjande instansar har gitt uttrykk for at dei ikkje har nokon merknader: Nærings- og handelsdepartementet, Utanriksdepartementet, Regjeringsadvokaten, Statens innkrevjingssentral, Bedriftsforbundet, Den Norske Advokatforeningog Den norske Revisorforening.
Av høyringsinstansane er det berre Finansdepartementet som går imot forslaget om å endre inkassolova § 5 første ledd bokstav b. Brækhus Dege Advokatfirma ANS har for sin del peikt på at det kan vere behov for ytterlegare endringar i inkassolova for å oppnå samsvar med EØS-retten. Det blir gjort nærmare greie for høyringsfråsegnene i punkt 7.3 nedanfor.