Ot.prp. nr. 67 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

3 Andre endringar som følgje av endringane i klasseorganiseringsreglane m.m.

3.1 Generelt

Dersom klasseorganiseringsreglane i kapittel 8 i lova blir endra, vil det også vere nødvendig å justere dei reglane elles i lova som byggjer på klasseomgrepet. I tillegg vil endringane av klasseorganiseringsreglane, og tydeleggjeringa av det ansvaret skoleeigarane har for å skaffe til vegar dei ressursane som er nødvendige for å oppfylle fastsette krav i ein ny § 13-10, også få betydning for private skolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12. Det blir dessutan nødvendig å klargjere at ein ny § 13-10 også vil gjelde vaksenopplæring etter kapittel 4A i lova.

3.2 Målformer

3.2.1 Gjeldande rett

Opplæringslova § 2-5 regulerer bruken av målformer i skolen. I første ledd i paragrafen blir det slått fast at det er den enkelte kommunen som vedtek kva målform som skal vere hovudmålet i den enkelte skolen. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Det er også fastsett at frå og med 8. klassetrinn vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmål dei vil bruke. I fjerde ledd ligg det likevel føre ei særordning som tek vare på noko av omsynet til mindretalet av elevane, og denne særordninga er knytt til klasseomgrepet. Her blir det fastsett:

«Når minst ti elevar på eitt av klassetrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til eigen klasse dersom det ikkje blir mindre enn ti elevar igjen i den klassen eller i kvar av dei klassane elevane går ut frå. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i den klassen som er oppretta etter deling. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal ved kva skole tilbodet skal givast.»

3.2.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet foreslo departementet ingen vesentlege endringar i sjølve retten etter § 2-5 fjerde ledd til opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke. Føresegna vart likevel foreslått modifisert, for å ta omsyn til at klasseomgrepet blir oppheva og til den større lokale handlefridommen. I staden for å knyte retten til eigen klasse vart det foreslått at retten blir knytt til ei eiga elevgruppe. I forslaget vart det også lagt til grunn at føresegna ikkje skal vere til hinder for at elevar med ulike hovudmål får opplæring saman, når dette ikkje bryt med formålet med føresegna:

«I mange av de arbeidsformene som nå benyttes i skolen, vil elever kunne arbeide sammen i team og høre de samme foredragene uten at forskjeller i hovedmål har noen betydning. Dagens regler åpner også for felles undervisning i visse tilfeller. Det vises her til forarbeidene til den gjeldende § 2-5, 4. ledd der det framgår at dette blant annet kan være aktuelt i praktisk-estetiske fag.»

På denne bakgrunn vart det forslått at opplæringslova § 2-5 får eit nytt fjerde ledd, som i samsvar med det ovannemnde erstattar dagens fjerde ledd.

3.2.3 Høringsinstansane

Svært få av høringsinstansene har uttalt seg om forslaget på dette området.

Noregs Mållaguttaler:

«Dersom det skal gjerast endringar i opplæringslova som gjeld organiseringa av klassane, er det svært viktig at retten til å velja anna opplæringsmål enn det som er vedteke, held fram, jfr. dagens § 2-5, fjerde leddet. Noregs Mållag er nøgd med at UFD ynskjer føra vidare denne ordninga ved ei eventuell lovendring, men understrekar at det absolutte kravet om at nynorsk- og bokmålsklasser/-grupper skal ha særskilt undervisning i alle skriftlege fag.»

Utdanningsforbundet er einig i forslaget.

Tre kommunar seier at også retten til særskild språkopplæring bør oppfyllast innanfor ramma av det eventuelt nye generelle kravet om forsvarleg gruppestorleik.

3.2.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet ser ikkje behov for å gjere endringar i forslaget og held fast ved dette.

3.3 Spesialundervisning: ansvaret for halvårsrapport

3.3.1 Gjeldande rett

Opplæringslova § 5-5 andre ledd fastset at for ein elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast skriftlege halvårsrapportar, med oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Føresegna fastset at det er klassestyraren som har ansvaret for å utarbeide desse halvårsrapportane, og at rektor har ansvaret for å sende rapportane til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.

3.3.2 Høringsforslaget frå departementet

Som følgje av forslaget om bortfall av klassestyrar vart det i høringsbrevet foreslått at ansvaret for halvårsrapporteringa blir lagt til skolen. For å skape harmoni i føresegna elles vart det dessutan foreslått at skolen også erstattar rektor som ansvarssubjekt når det gjeld oversendinga av halvårsrapportane til dei ulike partane.

På denne bakgrunn vart det foreslått at opplæringslova § 5-5 får eit nytt andre ledd, som i samsvar med det ovannemnde erstattar dagens andre ledd.

3.3.3 Høringsinstansane

Høringsinstansane har ikkje kommentert dette forslaget.

3.3.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet ser ikkje behov for å gjere endringar i forslaget og held fast ved dette.

3.4 Elevråd i grunnskolen

3.4.1 Gjeldande rett

Opplæringslova § 11-2 første ledd fastset at ved kvar grunnskole skal det for klassetrinna 5-7 og for klassetrinna 8-10 vere eit elevråd med ein representant for kvar klasse.

3.4.2 Høringsforslaget frå departementet

Som følgje av forslaget om å erstatte klasseorganiseringsreglane blir det ikkje aktuelt å bruke klasseomgrepet som utvalseining for elevrådsrepresentantane. I høringsbrevet vart det foreslått at det i lova berre skal stå at det skal vere eit elevråd med representantar for elevane, og at det er kommunen som fastset talet på elevrepresentantar.

På denne bakgrunn vart det foreslått at opplæringslova § 11-2 får eit nytt første ledd som i samsvar med det ovannemnde erstattar dagens første ledd.

3.4.3 Høringsinstansane

Få av høringsinstansane har uttalt seg om forslaget på dette området.

Elevorganisasjonen meiner forslaget vil svekkje elevdemokratiet, og at budsjettomsyn vil kunne få for stor betydning dersom det blir overlate til kommunen å fastsetje talet på elevrepresentantar i elevrådet. Elevorganisasjonen går derfor inn for at det skal lovfestast at det skal vere ein tillitsvald per 20. elev, og dessutan at alle elevgrupper skal sikrast representasjon. Organisasjonen går vidare inn for at ordninga skal vere lik i både grunnskole og vidaregåande skole.

Utdanningsforbundet er også kritisk til forslaget, og meiner dette området burde greiast meir ut. Også LO og Skolenes Landsforbund er kritiske.

3.4.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet ser ikkje behov for å gjere endringar i forslaget og held fast ved dette. Formålet med elevrådet er m.a. å gi elevane ein representativ arena for å delta i diskusjonen om og utviklinga av undervisninga og skolemiljøet, og for å gi øving i demokrati og utvikling av eigne meiningar. Desse måla er forpliktande beskrivne i læreplanen i ein eigen læreplandel, og vil måtte bli følgde opp av skolen på ein meiningsfull måte sjølv om talet på elevrådsrepresentantar ikkje er gitt i lova.

Departementet gjer for ordens skyld likevel merksam på at det er teke sikte på å endre forskriftene slik at krava til elevdemokrati i læreplanen ikkje på nokon avgjerande måte blir påverka av ei endring i klasseorganiseringsreglane.

Kvalitetsutvalet vil vurdere aktuelle sider ved elevdemokratiet.

3.5 Klasseråd i grunnskolen

3.5.1 Gjeldande rett

Opplæringslova § 11-3 fastset at for kvar klasse i grunnskolen skal det vere eit klasseråd der alle elevane er medlemmer.

3.5.2 Høringsforslaget frå departementet

Som følgje av lovforslaget om at det ikkje skal stillast krav om klasseorganisering, blir det ikkje lenger meiningsfylt å stille krav om klasseråd. På denne bakgrunn vart det i høringsbrevet foreslått at § 11-3 blir oppheva. Forslaget byggjer også på den føresetnad at omsynet til elevdemokratiet er teke vare på i læreplanverket.

3.5.3 Høringsinstansane

Få av høringsinstansane har uttalt seg om forslaget på dette området.

Utdanningsforbundet er negativt, og viser til at klasserådet, med sikra representasjon frå kvar klasse i elevrådet, har vore ein styrke for informasjonsflyten og dialogen i elevdemokratiet og for kontakten mellom elevrådsrepresentantane og dei elevane dei representerer. Utdanningsforbundet meiner såleis at høvet til å vareta måla i læreplanen om utvikling av samfunnsmedvit, demokratiske holdningar og elevdemokrati vil bli svekt. Utdanningsforbundet vil derfor ha greidd ytterlegare ut konsekvensane av forslaget.

Også Skolenes Landsforbund og LO er kritiske, og dette ser også ut til å gjelde Elevorganisasjonen.

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) er også oppteke av elevmedverknad i skolen, og meiner at dersom klasseorganiseringsreglane blir endra, må det noverande klasserådet erstattast av eit nytt, tilsvarande organ i elevgruppa («elevgrupperåd»).

3.5.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet ser ikkje behov for å gjere endringar i forslaget og held fast ved dette. Formålet med klasseråd har vore å gi elevane ein arena for å delta i diskusjonen om og utviklinga av undervisninga og skolemiljøet, og for å gi øving i demokrati og utvikling av eigne meiningar. Desse måla er forpliktande beskrivne i læreplanen, og vil måtte bli følgde opp av skolen på ein meiningsfull måte innanfor ramma av dei elevgruppene skolen etablerer.

Departementet viser elles til det som er sagt ovanfor når det gjeld elevrådet: at departementet tek sikte på å endre forskriftene slik at krava til elevdemokrati i læreplanen ikkje på nokon avgjerande måte blir påverka av ei endring i klasseorganiseringsreglane. Også spørsmål i denne samanheng vil bli vurderte av Kvalitetsutvalet.

3.6 Private grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12

3.6.1 Gjeldande rett

Denne paragrafen gjeld for private grunnskolar som ikkje får statstilskott, og det er fastsett at også slike skolar må ha godkjenning av departementet. Paragrafen inneheld også ei opplisting av dei av føresegnene i lova som gjeld for slike skolar. Det følgjer av tredje ledd i paragrafen at klasseorganiseringsreglane etter § 8-2, 8-3 og 8-4 i lova gjeld også ved slike private skolar. Sjølv om det ikkje er uttalt eksplisitt, må det også leggjast til grunn at den private skoleeigaren er ansvarleg for å skaffe til vegar dei ressursane som er nødvendige for å oppfylle dei krava i regelverket som gjeld for slike skolar.

3.6.2 Høringsforslaget frå departementet

Som følgje av forslaget om ei alternativ regulering som kan erstatte dagens klasseorganiseringsreglar, er det naturleg at den nye ordninga blir gjord gjeldande også for dei omtalte private skolane. Det er dessutan naturleg at det blir tydeleggjort i lova at den klargjerande nye § 13-10, om det ansvar skoleeigaren har for å skaffe til vegar dei ressursane som er nødvendige for å oppfylle regelverket, gjeld på dette området også.

På denne bakgrunn vart det i høringsbrevet foreslått at opplæringslova § 2-12 blir endra i samsvar med det ovannemnde, slik at tilvisinga til §§ 8-3 og 8-4 blir oppheva, men at tilvisinga til § 8-2 framleis blir ståande. Tilvisinga vil da gjelde den nye føresegna i § 8-2, som erstattar dagens klasseorganiseringsreglar. I tillegg vart det foreslått at det i same leddet også blir vist til den nye § 13-10.

3.6.3 Høringsinstansane

Høringsinstansane har ikkje kommentert dette forslaget.

3.6.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet ser ikkje behov for å gjere endringar i forslaget og held fast ved dette.

3.7 Vaksenopplæring etter opplæringslova kapittel 4A

3.7.1 Gjeldande rett

Sjølv om det ikkje står eksplisitt, må det leggjast til grunn at skoleeigaren også på dette området har ansvaret for å skaffe til vegar dei ressursane som er nødvendige for å oppfylle regelverket.

3.7.2 Høringsforslaget frå departementet

Sidan det ansvar skoleeigaren har for å skaffe til vegar dei nødvendige ressursane, blir tydeleggjort i ein ny § 13-10, er det naturleg at det blir tydeleggjort også når det gjeld vaksenopplæringa.

På denne bakgrunn vart det i høringsbrevet foreslått å føye til opplæringslova § 4A-4 første ledd at § 13-10 også gjeld for opplæring etter kapittel 4A.

3.7.3 Høringsinstansane

Høringsinstansane har ikkje kommentert dette forslaget.

3.7.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet ser ikkje behov for å gjere endringar i forslaget og held fast ved dette.

Til forsida