Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 800–883, 2530, 2531 Inntektskapittel: 3841–3883, 5706

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon og forsking

Hovudinnhald og prioriteringar

Under programkategori 11.00 Administrasjon og forsking ligg i hovudsak lønns- og driftsutgifter til departementet og løyving til Noregs forskingsråd. Oppgåver og prioriteringar i Barne- og familiedepartementet (BFD) følgjer av politikken og måla innanfor områda familie, oppvekst- og levekår for barn og unge, barnevern, forbrukarpolitikk og tru og livssyn. Dei ulike fagområda er nærare omtalte under programkategoriane lenger bak i proposisjonen. BFD føreslår å endre tittelen på programkategori 11.00 frå Administrasjon til Administrasjon og forsking for å ta høgd for at ein del av løyvinga på programområdet går til Noregs forskingsråd.

Resultatrapport, strategiar og tiltak

Departementet hadde 148 tilsette per 31. desember 2023.

Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Administrasjonen skal leggje til rette for ein kunnskapsbasert og samordna politikk for sektoren. Departementet skal òg vere ein tydeleg etatsstyrar og ta hand om forvaltingsoppgåvene på ein god måte.

BFD koordinerer arbeidet med kjernegruppe for utsette barn og unge (KUBU) – i tillegg deltek Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Føremålet er å samordne politikkutvikling og tenester til utsette barn og unge betre. KUBU vart oppretta i 2021 og har blitt evaluert av Direktorat for forvalting og økonomistyring. Dei konkluderer med at kjernegruppa er godt etablert og har potensial som ein permanent struktur for samordning om utsette barn og unge. Det er etablert ein tilsvarande struktur på direktoratsnivå der 13 underliggjande etatar inngår, og som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet leier.

Målet for arbeidet med digitalisering er å få til god tenesteutvikling på sektorområda til BFD. Departementet følgjer opp korleis verksemdene i sektor etterlever digitaliseringspolitikken, gjennom årleg rapportering til departementet. Departementet er særskilt oppteke av omsynet til barn og unge i digitaliseringsarbeidet.

Av digitaliseringsprosjekt og andre større arbeid kan nemnast arbeidet med Digital gravferdsmelding, der ein fyrste versjon var sett i gang før sommaren 2024, og DigiUng-programmet som har gått over til varig forvalting.

BFD har det overordna ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap innanfor heile politikkområdet til departementet. Trussel- og risikobiletet må bli forstått på ein annan måte i dag enn for nokre år sidan. Analysar av risiko og sårbarheit for BFDs ansvarsområde vart reviderte i 2024. For å følgje opp dei overordna måla og prioriterte områda vil departementet og verksemdene i 2024 halde fram med arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, krise- og beredskapsplanar, øvingar og evalueringar. Funn frå risiko- og sårbarheitsanalysane vil bli følgde opp vidare også i 2025.

Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor. Departementet fører vidare målet om å redusere husleigeutgifter som staten har i den private leigemarknaden. Dette er innarbeidd i budsjettforslaget. Det er òg lagt opp til andre justeringar for å finansiere gjennomføringa av høgt prioriterte tiltak.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

800

Barne- og familiedepartementet

216 350

231 121

237 646

2,8

Sum kategori 11.00

216 350

231 121

237 646

2,8

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

164 756

167 418

172 520

21

Spesielle driftsutgifter

8 588

10 882

12 626

50

Noregs forskingsråd

43 006

52 821

70

Noregs forskingsråd, kan overførast

52 500

Sum kap. 800

216 350

231 121

237 646

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter for departementet.

BFD føreslår å redusere løyvinga med 720 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1510, post 01, under Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet. Endringa gjeld overføring av ressursar til Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa (DSS).

BFD foreslår vidare å auke løyvinga med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet. Endringa gjeld midlar til NBN-løysing og mellombels e-postløysing.

Departementet føreslår ei løyving på 172,5 mill. kroner i 2025.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til utgreiingsprosjekt i departementet og til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

BFD føreslår å redusere løyvinga med 135 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1515, post 01, under Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet. Endringa er grunngitt med overgang frå fakturering til løyvingsfinansiering for SoMe-tenester.

Opplysningsvesenets fond OVF vart omdanna til Allstad AS 1. september 2024. Nærings- og fiskeridepartementet skal ta over forvaltinga av det nye selskapet. BFD føreslår å overføre 0,3 mill. kroner til Nærings- og fiskeridepartementets kap. 900, post 01, til å delfinansiere forvaltinga.

BFD føreslår vidare å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner til utgreiingsarbeid på områda til departementet.

Departementet føreslår ei løyving på 12,6 mill. kroner i 2025.

Post 50 Noregs forskingsråd

Posten har vore nytta til å dekkje tildelinga til Noregs forskingsråd. I samband med overgangen til bruttobudsjettering for Forskingsrådet føreslår BFD å avvikle posten og flytte midlane til ein ny post. Sjå omtale under post 70.

Posten har òg vore nytta til tildeling av 2 mill. kroner til Universitetet i Oslo for å gjennomføre den norske delen av EU Kids Online-undersøkinga. BFD føreslår å flytte desse midlane til kap. 846, post 22.

Departementet føreslår derfor ikkje ei løyving på denne posten i 2025.

Post 70 Noregs forskingsråd, kan overførast (ny)

I samband med overgangen til bruttobudsjettering av Forskingsrådet er det lagt opp til at alle løyvingar til Forskingsrådet, utanom verksemdskostnader, skal løyvast over 70-postar. Løyvinga til Forskingsrådet blir derfor flytta frå post 50 til post 70.

Noregs forskingsråd er eit forvaltingsorgan som er underlagt Kunnskapsdepartementet. BFD viser til tidlegare omtale i Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjonar om arbeidet med ny budsjettmodell for Noregs forskingsråd. Stortinget har slutta seg til at Forskingsrådet frå og med 2025 skal bruttobudsjetterast med tilsegnsfullmakter, jf. Innst. 12 S (2023–2024).

BFD vil i den nye budsjettmodellen i dei årlege budsjetta frå og med 2025-budsjettet fremje forslag om to beløp, eitt for løyving og eitt for tilsegnsfullmakt. Beløpet for løyvingsforslaget er sett med utgangspunkt i anslåtte kontante utbetalingar i det aktuelle budsjettåret. Løyvinga vil bestå av anslåtte utbetalingar av tidlegare gitte tilsegner og utbetaling av nye tilsegner gitt i budsjettåret. Beløpet for tilsegnsfullmakt angir samla beløp for tidlegare inngåtte forpliktingar og nye tilsegner som kjem til utbetaling etter budsjettåret.

For ein meir detaljert omtale av bakgrunnen for og hovudtrekka ved den nye budsjettmodellen, sjå kap. 10 i Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2024–2025).

Ny løyving på post 70 dekkjer tildelinga til Noregs forskingsråd. Midlane skal medverke til eit godt og heilskapleg kunnskapsgrunnlag om utsette barn og unge og til tiltak som er med på å førebyggje utanforskap og marginalisering. Løyvinga skal mellom anna bidra til praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene, som blir dekt av Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL). Midlane skal òg nyttast til å finansiere delar av innsatsen under Velferd, arbeid og migrasjon II (VAM II). Midlane skal særleg rettast inn mot forsking på effekten av førebyggjande arbeid, tiltak og tenester for barn, unge og familiar.

Midlane på posten skal òg gå til forskings- og innovasjonssatsinga om utsette barn og unge som vart etablert i 2023. Satsinga er eit samarbeid mellom fleire departement. BFD bidreg med 16 mill. kroner årleg til forskings- og innovasjonssatsinga, men Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet bidreg òg med midlar i satsinga. Sjå nærare omtale av programmet under programkategori 11.10 Familie og oppvekst og omtalen av Forsking og utvikling i del III. Sjå også nærare omtale i budsjettproposisjonane til Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Løyvingsforslaget og tilsegnsfullmakta på posten for 2025 inneber ei vidareføring av aktivitetsnivået. I tråd med ny finansieringsmodell av Noregs forskingsråd føreslår BFD vidare at posten får stikkordet «kan overførast».

Departementet føreslår ei løyving på 52,5 mill. kroner i 2025. Sjå òg forslag til tilsegnsfullmakt på 157,2 mill. kroner knytt til løyvinga.

Programkategori 11.10 Familie og oppvekst

Hovudinnhald og prioriteringar

Familien er grunnleggjande i livet til barnet. Eit trygt og godt familieliv er viktig for god livskvalitet, helse og utvikling. Foreldreansvaret inneber at foreldra har plikt til å gi barnet omsorg, omtanke og forsvarleg oppseding. Familie- og oppvekstpolitikken inneheld ulike verkemiddel som samla sett skal støtte opp om foreldra og levekåra til barnefamiliane og oppvekstvilkåra til barn og ungdom. Ein godt utforma familie- og oppvekstpolitikk inkluderer alle barnefamiliar, gir auka velferd og tryggleik for den einskilde og gjer det mogleg for barn og unge å delta i fellesskap. Familie- og oppvekstpolitikken kan gi vinstar for heile samfunnet no og på sikt.

Det norske velferdssamfunnet og levekåra til barnefamiliane føreset ein velfungerande samfunnsøkonomi der foreldra deltek i arbeidsmarknaden, og der det over tid er rom for å finansiere velferdsstaten og tenester og overføringar til barnefamiliane. Overføringsordningane til barnefamiliane skal medverke til trygge økonomiske rammer og leggje til rette for at familiar får kvardagen til å gå opp. Det skal vere mogleg for foreldre å kombinere arbeid og familieliv.

Fleire familiar opplever at levekostnadene har auka dei siste åra, og høgare priser kan skape økonomiske utfordringar dersom inntekta ikkje veks. Å styrkje universelle velferdsgode, som auka barnetrygd og billigare barnehage, har vore viktige prioriteringar for regjeringa og bidreg til å betre økonomien for barnefamiliane.

Familiepolitikken skal bidra til at alle barn har høve til å utvikle seg, uavhengig av bakgrunnen sin. Å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar og organisasjonar er viktig for levekåra deira og for å førebyggje utanforskap og einsemd.

Regjeringa vil i 2025 føre vidare ein politikk som støttar opp om familiane, reduserer skilnadene i samfunnet, varetek barn sine rettar og gir barn og unge høve til å delta i fritidsaktivitetar, uavhengig av økonomien i familien. Arbeidet med å førebyggje vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar skal halde fram. Det er vidare eit mål at barn og unge får ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst.

Mål

BFD har for 2025 desse måla på området familie og oppvekst:

Mål

  • Barn får medverke, og barn sine rettar blir betre varetekne.

  • Gode oppvekstvilkår som motverkar risiko for utanforskap blant barn og unge.

  • Foreldre får tidleg hjelp til å gi god omsorg og løyse konfliktar.

Barn har særlege rettar. I saker som gjeld barn, skal omsynet til barna greiast ut, slik at også deira rettstryggleik er sikra. At barn blir involverte, er ein verdi i seg sjølv, og dei vil i tillegg få erfaring med å delta i samfunnet. Departementet vil halde fram som pådrivar opp mot andre departement og relevante aktørar for å styrkje barn sine rettar.

Sjølv om dei fleste barn og unge i Noreg har gode oppvekstvilkår, lever ein del barn og unge med utfordringar som verkar inn på livet deira. Nokre barn og unge har auka risiko fordi dei er særskilt sårbare, til dømes på grunn av situasjonen i familien. Dårlege oppvekstvilkår har konsekvensar for barna her og no og kan auke risikoen for å hamne utanfor på sikt. Utanforskap er vanskeleg for den einskilde, men gir òg høge kostnader for samfunnet, til dømes gjennom lågare arbeidsdeltaking. Ei av kjerneoppgåvene for Barne- og familiedepartementet er å arbeide for treffsikre og effektive tiltak som motverkar vanskelege oppvekstvilkår og utanforskap blant barn og unge. Dette krev innsats på tvers av sektorar og god samhandling i dei einskilde sakene. BFD har eit særskilt ansvar for samarbeidet mellom departementa på dette feltet og leier den tverrdepartementale kjernegruppa om utsette barn og unge.

Familien er avgjerande for helsa til barnet, livskvaliteten og utviklinga det har. Foreldre kan oppleve utfordringar og ha behov for støtte eller tiltak frå det offentlege for å kunne ta i vare foreldreansvaret sitt. Det skal derfor leggjast godt til rette for at foreldre kan handtere utfordringar og løyse konfliktar, slik at foreldra kan vere gode omsorgspersonar. Å styrkje foreldre i foreldrerolla kan betre barn sine oppvekstvilkår. Familiar skal få støtte og hjelp før utfordringane veks til alvorlege problem som rammar barnet. Foreldre og barn kan ha ulike behov, og det er viktig at tenestene kan gi eit tidleg, tilpassa og samordna tilbod.

Måla er nærare omtalte under overskriftene «Barnet sine rettar og ordningar for medverknad», «Oppvekstvilkåra for barn og unge»og«Foreldrestøtte og førebygging av familiekonfliktar».

Prioriteringar på familie- og oppvekstområdet i 2025

Barnehage, skule, SFO, fritidsaktivitetar og nabolaget er viktige arenaer i oppveksten til barn og unge og bidreg til at barn og unge skal få like høve til å delta i samfunnet, uavhengig av familiebakgrunn. Regjeringa vil i 2025 leggje fram ei melding til Stortinget om politikk for å redusere sosiale skilnader blant barn og unge for å hindre at dårlege levekår går i arv. Meldinga skal følgje opp ekspertgruppa om barn i fattige familiar (Rege-gruppa) og ekspertgruppa om verknaden av barnehage, skule og SFO for sosial utjamning og sosial mobilitet (Løken-gruppa).

I 2023 sette regjeringa ned eit utval som skal granske internasjonale adopsjonar til Noreg. Eit mål med arbeidet er å få svar på om det har vore ulovlege eller uetiske tilhøve ved utanlandsadopsjonar til Noreg. Utvalet skal greie ut om systemet for adopsjonar har vore forsvarleg, og vil levere sin rapport innan utgangen av 2025. Regjeringa fekk på plass fleire nye etteradopsjonstiltak i 2023, som er vidareutvikla i 2024 og vil halde fram i 2025. Tiltaka skal sørgje for at adopterte og familiane deira skal få tilbod om råd og rettleiing i etterkant av adopsjonen. For å gi god oppfølging på tvers av tenester er det viktig at kommunar får samordna og koordinert rettleiing. Det trengst ein gjennomgang av eksisterande rettleiingsmateriell til kommunar om oppfølging av barn som er adopterte, og familien deira. Derfor er det gitt eit felles oppdrag frå Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet til underliggjande direktorat om dette i 2024.

Regjeringa vil i 2025 leggje fram forslag til endringar i barnelova og i familievernkontorlova. Endringane i barnelova skal styrkje barn sine rettar og betre leggje til rette for likestilt foreldreskap og felles omsorg frå begge foreldre etter samlivsbrot. Ny familievernkontorlov skal mellom anna tydeleggjere kva føremål familievernet har, og kva for oppgåver og målgruppe tenesta har. Tydeleggjering av føremål, målgruppe og oppgåver vil kunne bidra til eit likeverdig tenestetilbod i heile landet og styrkje familievernet som ei førebyggjande teneste for familiar.

Mykje av kvardagen til barn og unge skjer digitalt. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding til Stortinget om trygg digital oppvekst i 2024. Regjeringa foreslår i 2025 å sette av 7 mill. kroner for å bidra til at barn og unge skal få ein tryggare digital kvardag. Midlane vil mellom anna bli nytta til informasjon om og arbeid med aldersgrense for sosiale medium og tilsyn med forbrukarvernet til barn i digitale medium. Barn og unge i dag er mykje meir digitale enn tidlegare. Det kan ha positive sider, men det er også mange farar ved barn sin digitale kvardag.

Det er eit mål at barn og unge får ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst. Meldinga skal byggje opp under dette målet og bidra til ein meir heilskapleg politikk, som sørgjer for å verne barn mot skadeleg bruk, vareta barn sine rettar på internett og at innsatsen til styresmaktene er samordna. Teknologien gir mange moglegheiter og styrkjer mellom anna høvet til å skaffe informasjon og ytre seg, samstundes som han utfordrar barn sine rettar og levekår. Desse omsyna må balanserast. Dei store plattformene kan ha utfordrande forretningsmodellar, til dømes med tanke på personvern, marknadsføring, algoritmestyrt innhald og reklame og design som skaper avhengigheit. Korleis styresmaktene kan regulere og samarbeide med selskapa for å gjere tenestene tilpassa barn, er ein del av arbeidet med trygg digital oppvekst. Vidare er foreldre og føresette dei viktigaste personane til å beskytte barna og til å ta i vare barn sine interesser og behov. For å gjere det må dei vere medvitne om ansvaret sitt som forelder eller omsorgsperson og ta informerte val for eller på vegner av barna sine, tilpassa modenskapen og alderen til barnet. Mange foreldre synest det er krevjande å følgje med på nettbruken til barna sine. Å komme tidleg inn med informasjon for å støtte og styrkje foreldre vil òg betre barna sine oppvekstvilkår. Det er viktig å ta vare på barn sitt person- og forbrukarvern, høve til deltaking og samhøyrsle og retten til vern mot overgrep, mobbing og skadeleg bruk og innhald. Arbeidet med å følgje opp meldinga vil bli prioritert i 2025.

Vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar er eit stort samfunns- og folkehelseproblem. Forutan smerta, frykta og dei fysiske skadane barna kan oppleve i konkrete valdssituasjonar, kan valdsutsette barn få vedvarande helseplager. Å bli utsett for vald som barn kan ha like store konsekvensar for fysisk helse som for psykisk helse. Valden skaper utryggleik, kan gi helseutfordringar og tap av velferd og avgrensar livsutfaldinga og moglegheita for ei aktiv samfunnsdeltaking. Vald må avdekkjast tidleg slik at utsette får naudsynt hjelp og vern. Regjeringa vil i 2025 følgje opp tiltak i opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar (2024–2028). Regjeringa har også sendt forslag til endringar i krisesenterlova på høyring.

Krisesenterlova legg til kommunane å sørgje for eit krisesentertilbod for kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Regjeringa føreslår å etablere ei tilskotsordning for å stimulere kommunar til å gradere opp, fornye eller utvide krisesentera sine. I 2025 skal organiseringa av og måten å innrette ordninga på greiast ut. Tilskot vil etter planen kunne utbetalast frå andre halvdelen av 2025. Den statlege tilskotsordninga avløyser ikkje det økonomiske ansvaret kommunane har for krisesentertilbodet.

Barn som blir utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep, treng gode offentlege tenester. Fleire barn får likevel ikkje den hjelpa dei treng. Regjeringa er i gang med å etablere ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn for saker som gjeld drap, vald, overgrep eller grov omsorgssvikt mot barn, og tek sikte på å fremje ein lovproposisjon våren 2025 med forslag til regulering av ordninga.

Regjeringa føreslår ei auke på 20 mill. kroner til kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande arbeid i Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim og Drammen. Målet med tiltaket er å gi støtte til foreldre, med ungdom som har byrjande risikofylt åtferd, slik at dei kan ivareta sitt foreldreansvar og gi god omsorg. Forslaget er ein del av totalt 405 mill. kroner til førebygging av barne- og ungdomskriminalitet, målretta mot område og miljø med kriminalitetsutfordringar.

Regjeringa lanserte eit samfunnsoppdrag for å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv i Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032.I 2023 og 2024 har arbeidet vore i ein innleiande fase, der samfunnsoppdraget er utvikla, og der mål, delmål og organisering er spesifiserte. Regjeringa tek sikte på å gå vidare med samfunnsoppdraget i 2025. Dette inneber mellom anna å starta opp eit samarbeid med mellom anna kommunesektoren, frivilligheita og arbeidslivspartane om ein målretta innsats for å redusere delen unge utanfor. Sjå ytterlegare omtale av langtidsplanen i del III Forsking og utvikling.

Resultatrapport og strategiar

I denne delen blir det gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2023 og fyrste halvåret i 2024, og for planlagde tiltak i 2025.

Familieordningane

Familiar med barn har plikter og kostnader som andre samfunnsgrupper ikkje har, samstundes som heile samfunnet er tent med at barn kjem til, og at dei har ein god oppvekst.

Dei ulike overføringsordningane til barnefamiliane er utbetalingar til forsørgjarar som tener fleire føremål. Offentlege ordningar kompenserer familiane for delar av utgiftene dei har til barna, noko barnetrygda er eit døme på. Ordningane sikrar òg foreldre inntekt i særskilde situasjonar, slik til dømes foreldrepengar gjer etter fødsel ved at foreldre ikkje taper inntekt medan dei er heime med heilt små barn. Familieordningane har til felles at dei bidreg til å tryggje dei økonomiske rammene rundt familien og skal hjelpe til med å gi barn og foreldre tilstrekkeleg gode økonomiske levekår.

Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir) forvaltar størstedelen av budsjettet til BFD gjennom ytingane barnetrygd, bidragsforskott, eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, foreldrepengar og kontantstøtte. I tillegg forvaltar Nav ordninga med offentleg fastsetjing og endring av barnebidrag. Nav gjer i det store korrekte vedtak innanfor gjeldande krav og dei gitte måla om sakshandsamingstider. Departementet vil i 2025 følgje med på forvaltinga av dei ulike ordningane og medverke til god forvalting av desse.

Nedanfor gjer departementet greie for barnetrygd, kontantstøtte og regelverket for barnebidrag. Foreldrepengeordninga, eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon og forskotteringsordninga er nærare omtalte under programkategori 28.50.

Barnetrygd

Barnetrygd er ei månadleg utbetaling til foreldre med barn under 18 år. Barnetrygda skal kompensere familiane for nokre av utgiftene dei har til barna, og er midlar som familien kan disponere sjølv. Ordninga er universell og eit gode for alle barnefamiliar. Midlane er samstundes særleg viktige for mottakarar med ein svak privatøkonomi og kan hjelpe fleire familiar og barn ut av fattigdom. Barnetrygda er skattefri og bidreg til ei omfordeling mellom innbyggjarar med og utan barn.

Barnetrygda er auka atskilleg under denne regjeringsperioden. Skilnaden i barnetrygd for barn under og over seks år er utjamna, slik at barnetrygda per barn igjen er éin og same sats, uavhengig av alderen til barnet. I 2023 auka ein barnetrygda for dei eldste med 200 kroner per månad, og i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart ytinga for dei eldste barna auka med ytterlegare 256 kroner per månad, gjeldande frå september 2024.

Det er òg innført ein særskild auke i barnetrygda til einslege forsørgjarar. Frå 2023 auka den årlege utbetalinga av utvida barnetrygd med 5 000 kroner. Same året vart særfrådraget til einslege forsørgjarar i skattesystemet avvikla og den utvida barnetrygda auka tilsvarande verdien av eit maksimalt frådrag. Å leggje om støtta til einslege frå særfrådrag til utvida barnetrygd er ei forenkling, og dette innebar ei betring for einslege utan inntekt.

Statistisk sentralbyrå har i samband med dei oppdaterte tala for delen barn som bur i familiar med vedvarande låg inntekt, peikt på auken i barnetrygda dei siste åra som ei mogleg forklaring på kvifor talet for dei yngste barna i låginntektsfamiliar har gått ned sidan 2020.1

På området til Arbeids- og inkluderingsdepartementet er det ved lov 17. juni 2022 nr. 42 om Endringer i sosialtjenesteloven og arbeidsmiljøloven (statsforvalterens tilsynsvirksomhet, økonomisk stønad, forskriftshjemmel, m.m.) gjort ei endring i sosialtenestelova som slår fast at barnetrygda skal bli halden utanfor ved berekninga av økonomisk sosialhjelp. Sidan 2022 er barnetrygda for barn over 6 år auka med 456 kroner i månaden. Sosialhjelpsmottakarar med barn i denne alderen får dermed ein slik auke i barnetrygda utan at det skal påverke størrelsen på sosialhjelpa.

Noreg har over tid teke imot ein stor del fordrivne frå Ukraina samanlikna med nabolanda våre. Høge innkomsttal har gitt eit press på mottakssystemet og kapasiteten kommunane har til å levere gode tenester til innbyggjarane, både til fordrivne og andre. Regjeringa bestemte derfor at det skulle sjåast på tiltak som kan jamne ut innkomsten til Noreg til eit nivå meir på linje med nabolanda våre. Som eitt av fleire tiltak er det ved lov 25. juni 2024 nr. 53 om Endringer i barnetrygdloven og midlertidige endringer i lovverket som følge av ankomst av fordrevne fra Ukraina (videreføring m.m.) endra i barnetrygdlova frå 1. juli 2024, jf. Prop. 72 L (2023–2024) og Innst. 430 L (2023–2024).

Etter endringane er føresegna i barnetrygdlova om etterbetaling av barnetrygd i opptil tre år oppheva og erstatta av ein ny regel om etterbetaling i opptil tre månader, med eit unntak om etterbetaling i opptil tre år i einskilde tilfelle, etter mønster av folketrygdlova. Vidare er det innført ei ny føresegn som presiserer når personar med mellombels kollektivt vern tidlegast kan sjåast på som busette i Noreg. I praksis vil endringane seie at personar med mellombels kollektiv beskyttelse ikkje lenger får etterbetalt barnetrygd for det fyrste året dei er i Noreg. Endringane i barnetrygdlova gjeld generelt, og det er gitt overgangsreglar.

Regjeringa føreslår å føre vidare satsane i barnetrygda med uendra nivå i 2025. Oversikt over talet på mottakarar er gitt under kap. 845, post 70.

Kontantstøtte

Regjeringa vil vidareføre retten til kontantstøtte for dei yngste barna. Kontantstøtte er ei økonomisk yting som er tilgjengeleg for familiar med barn i alderen 13 til 19 månader. Ytinga er ei økonomisk støtte som gir barnefamiliar større fleksibilitet, og gjer det enklare for dei som sjølv vil yte omsorga for dei minste eittåringane. Utbetalinga krev at barnet ikkje nyttar fulltids barnehageplass som det blir ytt offentleg driftstilskot til.

Frå 1. august 2024 vart kontantstøttelova endra slik at familiar kan få kontantstøtte for barn til og med 19 månader. Før det kunne familiar få støtte fram til 23 månader. Ein kontantstøtteperiode frå og med 13 til og med 19 månader sikrar at alle familiar anten har krav på barnehageplass eller kontantstøtte.

Endringa i kontantstøttelova frå 1. august 2024 innebar konsekvensar som ikkje har vore tilsikta. Regjeringa kjem tilbake til Stortinget med ein lovproposisjon som følgjer opp dette.

Regjeringa føreslår å føre vidare satsane for kontantstøtte med uendra nivå i 2025. Dette er omtalt under kap. 844, post 70.

Barnebidrag

Alle barn har rett til å bli forsørgde av foreldra sine. Forsørgingsplikta og plikta til å dekkje utgiftene til utdanning gjeld uavhengig av om foreldra bur saman med barnet eller ikkje. Den av foreldra som ikkje bur saman med barnet, oppfyller forsørgingsplikta si ved å betale faste månadlege barnebidrag til barnet. Fram til barnet er 18 år, vil den forelderen barnet bur saman med, forvalte barnebidraget på vegner av barnet.

Foreldra kan sjølve avtale kor stort barnebidraget skal vere, eller dei kan be det offentlege ved Nav om å fastsetje barnebidraget. Det er eit mål at flest mogleg foreldre skal inngå privat avtale om barnebidrag. Det har over fleire år vore ein auke i talet på delte familiar som inngår slike private avtalar. Private avtalar kan vere betre tilpassa dei individuelle behova til den einskilde familien.

Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser ein klar nedgang i delte familiar som nyttar det offentlege tilbodet frå Nav om fastsetjing av barnebidrag frå 2011 til 2022. Om lag 28 prosent hadde i 2022 bidragssak gjennom Nav, medan talet var 43 prosent i 2011. Direktoratet er av den oppfatning at nedgangen heng saman med at stadig fleire vel delt bustad for barna ved samlivsbrot.

I absolutte tal viser statistikken frå Nav om offentlege fastsette barnebidrag at det per 31. mars 2024 totalt var 46 627 bidragspliktige og 51 243 bidragsmottakarar som nytta seg av tenestene til Nav til formidling av barnebidrag. Det vart i same tidsrommet utbetalt barnebidrag og/eller forskott på bidrag frå det offentlege for 70 174 barn. Det er 1 117 færre barn enn i mars 2023 og 37 746 færre barn enn i mars 2015.

Tabell 4.1 Barn som får barnebidrag/og eller bidragsforskott gjennom det offentlege, etter alder og storleiken på det gjennomsnittlege bidraget (kroner) prosent.

Talet på barn

Gjennomsnittleg bidrag per månad (kroner)

Barn 0–5 år

6 072

2 204

Barn 6–10 år

15 992

2 395

Barn 11–14 år

21 351

2 604

Barn 15–17 år

19 344

2 997

Barn 18+

1 731

5 016

Utanlandske barn utan norsk fødselsnummer

529

3 284

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå utgangen av fra mars 2024. Tala omfattar ikkje barn med ukjend far.

Barnelovutvalet har i NOU 2020: 14 Ny barnelov mellom anna vurdert kva utforminga av bidragssystemet har å seie for likestilt foreldreskap, og korleis foreldre skal sikrast like rettar som omsorgspersonar. Utvalet har nokre forslag til endringar i bidragsreglane.

Stortinget har ved handsaminga av Dokument 8:40 S (2020–2021) om samværssabotasje, i oppmodingsvedtak nr. 715 (2020–2021), sjå omtale i del I, bede regjeringa greie ut om det er naudsynt å justere i barnebidragsreglane for å sikre at økonomi ikkje blir ein drivande faktor for samværshindring. Departementet følgjer opp utgreiinga frå barnelovutvalet og oppmodingsvedtaket.

Familieordningane og EØS-avtalen

EØS-avtalen er den mest omfattande internasjonale avtalen som Noreg er ein del av, og inneber ei rekkje rettar og plikter. Avtalen skal mellom anna sikre fri rørsle av arbeidstakarar i ein felles europeisk arbeidsmarknad og koordinerer i tillegg trygderettar som foreldrepengar, barnetrygd og kontantstøtte.

Det nasjonale regelverket vårt og praksisen vår på trygdeområdet skal vere tilpassa og i tråd med EØS-retten. Regjeringa ønskjer å finne gode løysingar for dette. Det er òg ønskjeleg å ta omsyn til ein rimeleg bruk av norske velferdsordningar og til berekrafta i det norske velferdssystemet.

Det er dei siste par åra gjennomført fleire endringar i praktiseringa av EØS-regelverket i forvaltinga Arbeids- og velferdsetaten gjer av familieordningane. I 2023 vart praksisen endra slik

  • at ein forelder som bur saman med barnet i eit anna EØS-land, får ein sjølvstendig rett til barnetrygd, utvida barnetrygd og kontantstøtte dersom han eller ho oppfyller vilkåra for ytinga, og føresett at barnet «i hovudsak [blir] forsørg[d]» av ein forelder som har Noreg som lovvalsland

  • at foreldre som aldri har budd saman, også er omfatta av føresegnene til trygdeforordninga om familieytingar

  • at småbarnstillegget i barnetrygda blir rekna som ei familieyting etter trygdeforordninga

Det er òg gjennomført endringar i foreldrepengeordninga for å sikre at norsk rett er i samsvar med krava i direktiv (EU) 2019/1158 om balanse mellom arbeidsliv og familieliv for foreldre og omsorgspersonar, jf. Prop. 85 LS (2023–2024) Endringer i folketrygdloven (styrking av fedres rett til foreldrepenger) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 74/2024 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv (EU) 2019/1158 om balanse mellom arbeidsliv og familieliv for foreldre og omsorgspersoner og om oppheving av rådsdirektiv 2010/18/EU og Innst. 356 S (2023–2024). Sjå omtale under programkategori 28.50 for meir om desse endringane i foreldrepengeordninga.

Barnet sine rettar og ordningar for medverknad

Barn har særskilde rettar etter Grunnlova og barnekonvensjonen. Barn er avhengige av at andre tek vare på dei og sikrar interessene deira utan eigennytte. Barndommen legg grunnlaget for vaksenlivet og har følgjer for nye generasjonar. Ved handlingar og i avgjerder som gjeld barn, skal kva som er det beste for barnet, vurderast særskilt og vere eit grunnleggjande omsyn. Det offentlege pliktar såleis å vurdere om tiltak gjeld barn eller kan få konsekvensar for barn. Den som har ansvar for tiltaket, må såleis syte for å vurdere barn sine rettar som ein del av sakshandsaminga.

Meininga til barna kan bidra til å kaste lys over konsekvensar av tiltak for barn og klargjere kva som er det beste for barna det gjeld. At barn blir involverte, er ein verdi i seg sjølv, i tillegg til at dei vil få erfaring med deltaking i samfunnet og kan få auka tilliten sin til samfunnet. Departementet vil halde fram med arbeidet med å vareta barn sine rettar, mellom anna i samarbeidet med andre departement og direktorat.

Departementet har fastsett dette målet for barn sine rettar:

  • Barn får medverke, og barn sine rettar blir betre varetekne.

Departementet har det koordinerande ansvaret for barnekonvensjonen. Noreg leverte sin 7. rapport til FNs barnekomité i juni 2024, og skal etter planen høyrast av komitéen i 2025 om korleis vi oppfyller konvensjonen. Dei ulike departementa er involverte i det førebuande arbeidet.

Betre informasjon til barn og unge om når og korleis det er høve til å klage, kan medverke til å betre barn sine rettar generelt. Departementet har koordinert eit tverrdepartementalt samarbeid for å kartleggje kva for høve barn har til å klage nasjonalt. Nasjonale høve til å klage for barn er nærare omtalte i oppmodingsvedtak 562 av 28. mars 2023.

Departementet har frå 2024 teke over ansvaret for Haag-konvensjon 1980 om barnebortføring. Departementet har frå før ansvar for fleire Haag-konvensjonar om internasjonal privatrett som skal sikre eit godt internasjonalt samarbeid for å ta i vare og verne barn, irekna konvensjon 1996 om jurisdiksjon, lovval, anerkjenning, fullbyrding og samarbeid om foreldremynde og tiltak for vern av barn, konvensjon 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar og konvensjon 2007 om internasjonal innkrevjing av underhaldsbidrag til barn og andre former for underhald til familiar. Departementet har òg lovgivingsansvaret for desse konvensjonane.

Ordningar for at barn og unge får medverke

At barn og unge får medverke i saker som angår dei, er ein viktig føresetnad for god politikkutforming og tenesteutvikling for barn og unge. Å leggje til rette for medverknad bidreg òg til at barn og unge tek samfunnsansvar. Retten til medverknad er teken inn i Grunnlova, og barnekonvensjonen pålegg staten å sikre at barn får uttale seg om alle tilhøve som gjeld barnet.

Bufdir har eit særskilt ansvar for å auke medvitet om barnekonvensjonen og korleis han kan nyttast for å styrkje deltakinga til barn og unge i ulike sektorar og på ulike forvaltingsnivå. Dei følgjer òg opp arbeidet med å gjere barnekonvensjonen kjend ute i tenestene i kommunane.

Regjeringa ønskjer meir søkjelys på at det skal vere mogleg for barn og unge å delta og påverke samfunnet og samfunnsutviklinga. Bufdir arrangerer i samarbeid med KS og Frivillighet Norge regionale nettverkssamlingar og møteplassar for ungdomsråd, kommunar og frivillige organisasjonar. Ungdomskonferansen,som blir arrangert av Bufdir, er ein nasjonal nettverkskonferanse for medlemmer frå ungdomsråda og dei som jobbar med og for ungdom i kommunane. Konferansen blir arrangert kvart andre år og vart sist arrangert i 2023. På konferansen vart prisen Årets ungdomskommune delt ut til ein kommune som arbeider for auka deltaking og medverknad blant barn og unge. I 2023 gjekk prisen til Kvam herad, som no planlegg Ungdomskonferansen 2025 i samråd med Bufdir og ungdommar.

Den femårige satsinga på Ung medverknad for betre oppvekstvilkår (tidlegare omtalt som Oppvekstsamarbeidet) har som hensikt å styrkje ung medverknad i arbeidet til kommunane med å fremje gode oppvekstvilkår. Som del av dette har Rambøll, på oppdrag frå Bufdir, utarbeidd ein rapport som presenterer funn frå ei kartlegging av ungdomsmedverknad på systemnivå. Kartlegginga omfattar både kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Målet er å auke kunnskapen om korleis kommunar, fylkeskommunar og statlege aktørar arbeider med å innhente meiningar frå ungdom. I 2024 vil det bli sett i gang eit større forskingsprosjekt som skal gå over to år, for å sjå på verknader av ungdomsmedverknad i plan- og avgjerdsprosessar i utvalde kommunar.

Regjeringa greier ut om det er mogleg å styrkje medverknaden til barn og unge på systemnivå. Dette krev samarbeid, innsats og god forankring på tvers av etatar. Departementet vil føre vidare arbeidet i 2025.

Regjeringa vil at ung.no skal vere den primære kanalen staten har for digital informasjon, dialog og digitale tenester til barn og unge på tvers av sektorar og tenestenivå, gjennom realisering av DigiUng-samarbeidet. For meir omtale og informasjon om tenestene, sjå avsnittet «Trygg digital oppvekst».

Oppvekstvilkåra til barn og unge

Dei fleste barna i Noreg veks opp i trygge familiar med gode oppvekstvilkår. Alle barn og unge er avhengige av at andre tek i vare interessene og behova deira. Foreldre er dei viktigaste personane til å ta vare på interessene og behova til barna. God omsorg, oppfølging i barnehage og skule og å delta i fritidsaktivitetar er døme på investeringar i barn som har ein verdi når det skjer, men som kanskje har den største vinsten langt fram i tid.

Barn som blir utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep, har eit særskilt behov for god oppfølging og gode offentlege tenester. Det same gjeld andre barn som opplever ulike utfordringar når dei veks opp. Dette kan vere barn som veks opp i fattige familiar, eller som har foreldre med andre levekårsutfordringar. Dårlege oppvekstvilkår er utfordrande for dei barna det gjeld, og gir auka risiko for å falle utanfor arbeids- og samfunnslivet som vaksne. Dette fører òg til store kostnader for samfunnet, mellom anna gjennom tapte arbeidsinntekter og tapte leveår.

Å gi barn og unge gode oppvekstvilkår krev innsats og samarbeid på tvers av sektorar og tenester. Eit godt kunnskapsgrunnlag er naudsynt for å kunne utvikle treffsikre tiltak.

Departementet har derfor fastsett dette målet for arbeidet retta mot utsette barn og unge:

  • Gode oppvekstvilkår som motverkar risiko for utanforskap blant barn og unge

Betre samarbeid for utsette barn og unge

Familiar med barn har behov for og skal få samansette tenester. Nokre familiar har større behov enn andre. Fleire barn og føresette opplever at tenester ikkje snakkar saman, og at tenestene ikkje tilbyr det som dei opplever at dei treng.

Fleire offentlege utgreiingar, tilsyn og forsking syner at dei ulike velferdstenestene i mange saker ikkje samarbeider godt nok. Dei viser til at dette handlar om manglande struktur og systematikk, manglande oppfølging og svak koordinering av samarbeidet mellom tenestene. Utfordringane blir særleg tydelege i grenseflatene mellom tenestene – når ingen opplever at dei har eit tydeleg ansvar. Betre samordning skal førebyggje at barn og unge fell mellom to stolar og ikkje får dei tenestene dei har behov for.

Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar for samarbeid på tvers av sektorane og samordning av tenestene i kommunane, slik at utsette barn og unge og familiane deira får eit samordna tenestetilbod.

Kjernegrupper er ei ny organisering og arbeidsform for departementa, med mål om å skape system for betre samarbeid mellom departementa på særlege utfordrande samfunnsområde. BFD koordinerer arbeidet med kjernegruppe for utsette barn og unge (KUBU) – i tillegg deltek Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Distrikts- og forvaltingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Føremålet er å samordne politikkutviklinga og tenestene til utsette barn og unge betre. KUBU vart oppretta i 2021 og har blitt evaluert av Direktorat for forvalting og økonomistyring. Dei konkluderer med at kjernegruppa er godt etablert og har potensial som ein permanent struktur for samordning om utsette barn og unge.

Det er etablert ein tilsvarande struktur på direktoratsnivå der 13 underliggjande etatar inngår. Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som leier denne. I 2024 har etatssamarbeidet mellom anna fått i oppdrag å utvikle rettleiing om det førebyggjande arbeidet som kommunane skal gjere innan oppvekstområde, og i oppdrag å utvikle nasjonale fagleg råd for førebygging og oppfølging av bekymringsfullt skulefråvær.

KUBU blir vidareført for 2025. KUBU har peikt ut to hovudprioriterte fagområde det skal jobbast særskilt med: psykisk helse og barne- og ungdomskriminalitet.

Regjeringa er bekymra for auken i kriminelle handlingar som blir utførte av barn og unge. Ein ser mellom anna at ei stadig yngre gruppe med barn utfører gjenteken og alvorleg kriminalitet.

Regjeringa føreslår ei auke på 20 mill. kroner til kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande arbeid i utvalde levekårsutsette kommunar, Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim og Drammen. Kommunane bør prioritere å samarbeide med frivillige organisasjonar. Foreldre til barn og unge i risiko for kriminalitet vil ha behov for støtte i foreldrerolla. Foreldreansvaret inneber at foreldra har plikt til å gi barnet omsorg, omtanke og forsvarleg oppseding. Auken skal støtte foreldre slik at dei kan ivareta sitt foreldreansvar. Tiltaket er ein del av satsinga til regjeringa på 405 mill. kroner mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet.

Kunnskapsgrunnlaget for utsette barn og unge – BarnUnge21

For at tiltak retta mot utsette barn og unge skal vere effektive og treffsikre, er ein avhengig av eit godt kunnskapsgrunnlag, og at kunnskapen blir teken i bruk i utdanningar, tenester og politikk. I 2021 fekk BFD overlevert BarnUnge21-strategien. Målet med strategien er å skape ein målretta, heilskapleg og koordinert nasjonal innsats for forsking, utvikling og innovasjon for utsette barn og unge. Strategien fann at kunnskapsgrunnlaget om utsette barn og unge er for svakt. Dette skriv seg mellom anna frå at forskinga skjer i små og fragmenterte forskingsmiljø, at forskinga er underfinansiert, skjer sektorvis og er kortsiktig. Strategien peiker på at det trengst ei solid kunnskapsutvikling om utsette barn og unge, og gir sju tilrådingar til korleis ein bør gå vidare på området.

BFD vil arbeide for eit sterkare kunnskapsgrunnlag om utsette barn og unge, risikofaktorar for å hamne i gruppa og kva tiltak som kan ha førebyggjande effekt. Det er vidare naudsynt at kunnskapen systematisk blir teken i bruk i tenester, utdanningar og i politikkutvikling. BFD leier oppfølginga av BarnUnge21-strategien, og det er gjennomført eit prosjekt om kunnskapsgrunnlaget for utsette barn og unge. Sjå omtale av forskings- og innovasjonssatsinga til regjeringa om utsette barn og unge i del III Forsking og utvikling.

Vidare har regjeringa lansert eit målretta samfunnsoppdrag om å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv i Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032. Samfunnsoppdrag skal vere eit verktøy og ei arbeidsform som skal betre samanhengen mellom forsking, utvikling og endringar i regelverk og politikk for å løyse konkrete utfordringar. Arbeidet skal vere tidsavgrensa. Ambisjonane for samfunnsoppdraget om barn og unge er å redusere delen unge som står utanfor sentrale arenaer i samfunnet. Samfunnsoppdraget er ein viktig del av arbeidet til regjeringa for å møte utfordringane med ungt utanforskap. Åra 2023 og 2024 har ein nytta til å utvikle samfunnsoppdraget, og det er spesifisert mål, delmål og organisering. Regjeringa tek sikte på å setje i gang samfunnsoppdraget i 2025. Sjå ytterlegare omtale i del III.

Avvikling av Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Målet med tilskotsordninga er å setje kommunane i betre stand til å oppdage og følgje opp utsette barn gjennom å utvikle og implementere kommunale samhandlingsmodellar. Ordninga vart etablert i 2015, og kommunane har hatt høve til å søkje om eingongstilskot til høvesvis å utvikle og å implementere samhandlingsmodellar. Det vart i 2023 tildelt i underkant av 19 mill. kroner til 30 kommunar gjennom ordninga. Den totale løyvinga til tilskotsordninga i 2023 vart redusert frå året før gitt den lågare søknadstilgangen til ordninga fordi mange kommunar allereie har fått tilskot frå ordninga.

I 2024 starta derfor ei gradvis nedtrapping av ordninga. Det inneber at løyvinga i 2024 blir nytta overfor kommunane som skal implementere ein allereie utvikla modell. Bakgrunnen for nedtrappinga er at tilskotsordninga har verka over fleire år, og søknadstilgangen og behovet for ordninga er derfor mindre. Departementet legg såleis opp til at løyvinga blir redusert ytterlegare i 2025, og til at ordninga blir avvikla frå og med 2026, sjå omtale under kap. 846, post 62.

Barn som veks opp i fattige familiar

Dei siste åra har det vore ein høg prisvekst på viktige varer som mat, straum og drivstoff. Det har òg vore ein auke i utlånsrentene og leigeprisane. Sjølv om mange barnefamiliar har fått redusert kjøpekraft, er velferdsnivået i Noreg høgt. For barnefamiliar med låge inntekter kan den høge prisveksten likevel vere utfordrande. Naudsynte varer utgjer ein større del av budsjettet til hushald med låge inntekter. Situasjonen rammar derfor særleg desse familiane.

Ein indikator for kor mange barn som veks opp i familiar med risiko for fattigdom, er delen barn som lever i hushald med ei inntekt under 60 prosent av medianinntekta over ein periode på tre år. SSB definerer denne gruppa som barn i familiar med vedvarande låg inntekt. Det har sidan starten av 2000-talet vore ein auke i delen barn som bur i familiar med vedvarande låg inntekt, sjølv om det var ein nedgang i tala frå 2020 til 2022. Auken i barnetrygda for dei minste og auka butid blant innvandrarar er to moglege årsaker til nedgangen i tala. I 2022 vaks 10,6 prosent av barn i Noreg opp i ein familie med vedvarande låg inntekt, mot 7,7 prosent i 2010. Foreldre med svak tilknyting til arbeidsmarknaden og innvandrarbefolkninga er overrepresenterte i låginntektsgruppa. Som følgje av krigen i Ukraina har Noreg dei siste åra teke imot mange barnefamiliar og andre fordrivne. Barnefamiliar med kort butid i Noreg er særskilt utsette for fattigdom, og for denne gruppa er det naudsynt med treffsikre tiltak som bidreg til at foreldra kjem raskt ut i arbeid.

Det er fleire tilhøve som syner at låginntektsmålet ikkje aleine bør leggjast til grunn for politikktiltak. Målet fangar til dømes ikkje opp dei positive verknadene rimelegare barnehage og gratis deltidsplass i SFO har for barnefamiliar sin økonomi. Statistisk sentralbyrå (SSB) har i 2023, på oppdrag frå Bufdir, komme med tilrådingar til indikatorar som kan supplere det noverande låginntektsmålet som mål på fattigdom. Departementet vil, i samarbeid med Bufdir og andre relevante departement, vurdere forslaga frå SSB og vidare oppfølging.

Tillit mellom menneske og til offentlege institusjonar er viktig for å kunne oppretthalde eit berekraftig velferdssamfunn. Dersom den økonomiske ulikskapen blir for stor, kan tilliten bli utfordra. I Noreg ser familieinntekt ut til spele ei mindre rolle for moglegheitene som barn har til å delta i utdanning og arbeid når dei veks opp, samanlikna med andre land. Samstundes er det analysar som tyder på at den sosiale mobiliteten blant dei lågaste inntektsgruppene har gått noko tilbake over tid. Det vil seie at risikoen for at barn og unge som veks opp i familiar i dei lågaste inntektsgruppene, blir verande i den same gruppa når dei blir vaksne, har auka. I tillegg til å utfordre tilliten i samfunnet, kan fråværet av like moglegheiter til å delta i utdanning og arbeidsliv føre til at ein går glipp av talent.

Ein oppvekst i fattigdom er ein av fleire faktorar som gir auka risiko for dårlege oppvekstvilkår og utanforskap. Låg kjøpekraft og få økonomiske ressursar kan redusere høvet foreldra har til å dekkje utgifter som er naudsynte og viktige for utviklinga til barn. Dette gjeld til dømes utgifter til barnehage, SFO og fritidsaktivitetar. Ein pressa økonomisk situasjon kan òg påverke barna negativt gjennom auka stress i familien.2 Dette er tilhøve som vidare gir auka risiko for å falle utanfor arbeids- og samfunnsliv som vaksen. Det er stor mangel på arbeidskraftsressursar til å løyse viktige oppgåver i samfunnet og grenser for kor mange som kan stå utanfor arbeidslivet. Dei samfunnsøkonomiske kostnadene av at barn veks opp i fattigdom, er med andre ord store.

Regjeringa arbeider for å betre oppvekstvilkåra til barn som veks opp i fattige familiar, og motverke at fattigdom går i arv. Dette krev kunnskap om kva for tiltak som er effektive, og at desse blir prioriterte. Arbeid er den viktigaste kjelda til inntekt og velferd og sikrar at ein får ta del i inntektsutviklinga i samfunnet. Tiltak som legg til rette for at fleire kjem i arbeid, er òg viktige for integreringa. Foreldre som står utanfor arbeidsmarknaden over lang tid, har ofte samansette utfordringar, og mange har behov for heilskapleg og tilpassa hjelp. Foreldra kan til dømes ha behov for helsehjelp, kompetansetiltak, språkopplæring eller foreldrestøtte. I mange tilfelle vil inntektssikring gjennom kontantytingar derfor vere utilstrekkeleg, og politikkutviklinga må ta omsyn til dette.

Samstundes er det naudsynt å sikre at dei foreldra som av ulike årsaker ikkje kan arbeide, også kan gi barna sine ein trygg og god oppvekst med høve til å delta i samfunnet. Dette kan gjerast anten ved å auke inntekta til familiane som står utanfor arbeidsmarknaden, eller ved å redusere utgifter som barnefamiliar har.

Det trengst betre kunnskap om effektar av tiltak med mål om å redusere og førebyggje at barn veks opp i fattigdom. Det er ønskjeleg at fleire forskingsmiljø og disiplinar forskar på dette over tid. I perioden 2023–2026 gjennomfører SSB, i samarbeid med Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) og Folkehelseinstituttet (FHI), eit fleirårig forskingsprosjekt om barn i fattige familiar. Bufdir er oppdragsgivar for prosjektet, som har bakgrunn i eit oppdrag frå departementet.

Innsatsen til regjeringa for barn i fattige familiar

God omsorg, deltaking i barnehage, skule og fritidsaktivitetar er viktige for barna her og no og kan gi store samfunnsøkonomiske vinstar på sikt. Det er foreldra sitt ansvar å sørgje for trygge rammer i kvardagen til barna sine. Det offentlege bidreg til at behova og dei særskilde rettane barna har, blir varetekne. Arbeidet regjeringa gjer for barn i fattige familiar, omfattar i dag innsats på tvers av mange ulike departement, sektorar og forvaltingsnivå.

I 2022 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar som vurderte korleis innsatsen bør prioriterast for å styrkje oppvekstvilkåra til barna på kort sikt og førebyggje framtidig fattigdom. Ekspertgruppa vurderte korleis delen og talet på barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt, kan reduserast på ein treffsikker måte. Ekspertgruppa leverte utgreiinga si i oktober 2023. Basert på endra berekningar frå SSB kom det ei tilleggsvurdering frå ekspertgruppa 27. juni 2024. Regjeringa nyttar vurderingane frå ekspertgruppa om barn i fattige familiar i den vidare innsatsen for å motverke og førebyggje fattigdom blant barnefamiliar. Like muligheter i oppveksten. Samarbeidsstrategien for barn og ungdom i lavinntektsfamilier er vidareført i 2024.

Nedanfor er ein kort omtale av dei viktigaste tiltaka til regjeringa for barn som veks opp i fattige familiar.

Stortingsmelding om sosial mobilitet og sosial utjamning

I 2025 vil regjeringa leggje fram ei melding til Stortinget om politikken til regjeringa for å redusere sosiale skilnader blant barn og unge og bidra til sosial mobilitet. Føremålet med meldinga er å forsterke politikken for å redusere sosiale skilnader og motverke at dårlege levekår går i arv. Dette krev betre samanheng i politikkutviklinga og at tiltak som har effekt, blir prioriterte. Meldinga skal følgje opp rapporten En barndom for livet frå ekspertgruppa om barn i fattige familiar (Rege-gruppa) og rapporten Et jevnere utdanningsløp frå ekspertgruppe om verknaden av barnehage, skule og SFO for sosial utjamning og sosial mobilitet (Løken-gruppa). Arbeidet heng òg tett saman med samfunnsoppdraget om å inkludere barn og unge i utdanning-, arbeids- og samfunnsliv.

Meldinga skal vere overordna og setje rammar og retning for politikk som fremjar sosial mobilitet og sosial utjamning. Meldinga vil ta for seg tenestetilbodet til barn, unge og familiane deira og dei økonomiske ordningane for barnefamiliane. Meldinga vil sjå på overgangar i oppveksten, mellom anna overgangen frå barnehage til skule og overgangen til vaksenlivet. Ho vil leggje vekt på tidleg innsats, barna sine 1 000 fyrste dagar og tverrsektorielt samarbeid for å løyse komplekse utfordringar.

Økonomisk støtte til barnefamiliane

Overføringar til barnefamiliane er ordningar som kan ha stor verknad for barn som veks opp i fattige familiar. Overføringane gjeld ordningar som barnetrygd, eingongsstønad, kontantstøtte og bidragsforskott. Det er foreldra som er mottakarar av stønadene. Desse ordningane betrar det økonomiske handlingsrommet i familiane og kan nyttast til barna eller til andre behov familiane har. For nærare omtale av desse ordningane, sjå «Økonomien til barnefamiliar og familieytingane»og programkategori 28.50.

Under ansvarsområdet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet er det òg gjennomført fleire endringar for barnefamiliar dei siste åra.

Som følgje av ei endring i sosialtenestelova i 2022 skal barnetrygda haldast utanfor ved berekning av økonomisk sosialhjelp. Føremålet med endringa er å betre økonomien til barnefamiliar.

Dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp vart auka med 10 prosent frå 1. juli 2023. Dette omfatta òg satsane for livsopphald til barn. Som følgje av situasjonen med auka levekostnader vart det i desember 2022 utarbeidd ei rettleiing om økonomisk sosialhjelp. I rettleiinga blir det mellom anna mint om at Nav-kontora skal vere spesielt merksame på tilhøve som har betydning for oppvekstvilkåra til barn og unge.

For å betre inntekta til utsette barnefamiliar avvikla ein frå 1. juli 2022 føresegna om at summen av uføretrygd og barnetillegg ikkje kan utgjere meir enn 95 prosent av tidlegare inntekt. Frå 2024 fører ikkje lenger barn sine eigne inntekter eller barnepensjon til bortfall av barnetillegg for mottakarar av arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad. Barnetillegga for arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsstønad og dagpengar er auka og utgjer 36 kroner per barn per dag frå 1. januar 2024. Minstesatsane for arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad vart auka frå 1. juli 2024.

Deltaking i sosiale aktivitetar

Det er viktig for barn og unge å delta og å vere inkluderte. Dei aller fleste barn deltek i dag i organiserte fritidsaktivitetar, og slik deltaking er langt viktigare no enn tidlegare fordi fritida er blitt meir organisert. Deltaking i aktivitetar på fritida kan bidra til å motverke einsemd og utanforskap, noko som gir positive erfaringar som barna kan ta med seg seinare i livet. Samstundes veit vi at barn i familiar med låg inntekt deltek sjeldnare i fritidsaktivitetar enn andre barn. Dette er mellom anna grunna kostnadene ved å delta.

Dei viktigaste statlege tiltaka for å gi fleire barn og unge i fattige familiar høve til å delta på fritidsaktivitetar er tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge og Fritidserklæringa. For nærare omtale av desse innsatsane, sjå «Deltaking for alle barn og unge».

I tillegg har Kultur- og likestillingsdepartementet fleire tilskotsordningar som betrar dei økonomiske rammene for frivillige organisasjonar. Dei viktigaste er kompensasjon for meirverdiavgift, straumstøtte, Tilskot til lokale lag og foreiningar og Frifond-ordningane. Departementet har òg målretta ordningar som Inkludering i idrettslag, Inkludering i kulturliv og Fritidstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. I 2024 vart det gitt 1,9 mrd. kroner i spelemidlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet til idrettsanlegg over heile landet. Det vart òg tildelt 130 mill. kroner ekstra frå spelemidlane til arbeidet idretten gjer med å inkludere barn og unge. I 2024 lanserte regjeringa handlingsplanen Alle inkludert! for like moglegheiter til delta i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar. Planen er utarbeidd i eit breitt samarbeid med barn og unge sjølve, lag og foreiningar og offentleg sektor.

Regjeringa føreslår 40 mill. kroner til å styrkje fleire tilskotsordningar til frivillige organisasjonar som bidreg til å inkludere barn og unge i 2025, i tillegg til å føre vidare 10 mill. kroner til å følgje opp tiltak i planen. Regjeringa følgjer også opp strategien for kulturfrivilligheita Rom for deltaking, som kom i 2023. Det er eit mål at kulturfrivilligheita skal inkludere fleire barn og unge, og at økonomiske barrierar ikkje skal stå i vegen for deltaking.

Barnehage, skule og SFO

Barnehage og skule er viktige tenester for barn, som i tillegg til å ha andre mål er viktige arenaer for inkludering. God utdanning gir sjølvstende og høve til å forsørgje seg sjølv og er eit verktøy for sosial mobilitet og utjamning.

Regjeringa ønskjer å halde foreldrebetalinga for barnehage låg og ha gode moderasjonsordningar. Frå 1. august 2024 er maksimalprisen i barnehage redusert til 2 000 kroner per månad. For dei som bur i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6, er maksimalprisen redusert til 1 500 kroner. I Statsbudsjettet 2025 føreslår regjeringa å løyve 191 mill. kroner for å føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå.

Regjeringa vil føre vidare ordninga med gratis barnehage frå tredje barn i familien som går i barnehage samstundes med søsken, og gratis barnehage for alle barn i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms.

Regjeringa vil føre vidare moderasjonsordninga med redusert foreldrebetaling, som inneber at ingen skal betale meir enn 6 prosent av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som øvre grense. Regjeringa fører også vidare ordninga med 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke for barn i alderen 2–5 år i familiar med låg inntekt.

I 2025 føreslår regjeringa å føre vidare 209 mill. kroner for å auke pedagogtettleiken og grunnbemanninga i barnehagar i levekårsutsette område. Regjeringa føreslår òg føre vidare 15,5 mill. kroner til å auke bemanninga på skular i levekårsutsette område.

Regjeringa vil at alle barn skal ha høve til å delta i SFO. Frå hausten 2024 er ordninga med 12 timer gratis SFO per veke for elevar på 1. og 2. trinn utvida til også å gjelde elevar på 3. trinn. I tillegg skal kommunen etter søknad gi reduksjon i SFO-betalinga på 1.–4. trinn for elevar frå familiar der betalinga utgjer meir enn 6 prosent av inntekta.

Regjeringa ønskjer at alle skal fullføre vidaregåande opplæring og bli kvalifiserte til læreplass, arbeid og vidare utdanning. Ny opplæringslov som gjeld frå hausten 2024, omfattar ein utvida rett til vidaregåande opplæring fram til ein har fullført og bestått med studie- eller yrkeskompetanse. For elevar som fell frå, skal dei fylkeskommunale oppfølgingstenestene finne tiltak for opplæring og/eller arbeid. Den øvre aldersgrensa for målgruppa her blir utvida frå 21 år til 25 år.

Bortebuarstipendet er auka for å hindre at geografi og privatøkonomi skal vere til hinder for å få den opplæringa ein ønskjer seg. Utstyrsstipendet er auka for betre samsvar med utgifter den einskilde har til naudsynt utstyr i opplæringa. Regjeringa fører vidare tilskotet for at fleire skal få læreplass.

Butilhøve og områdesatsingar

Ein trygg og god bustad er eit grunnleggjande behov og er viktig for oppvekstvilkåra til barn og unge. Utfordringar som hyppig flytting og det å bu trongt påverkar både familiane det gjeld, og kan skape utfordringar i nærmiljøa.

Barnefamiliar er ei prioritert målgruppe i fleire bustadsosiale verkemiddel, mellom anna startlånsordninga. Regjeringa føreslår å føre vidare låneramma til Husbanken på 29 mrd. kroner i 2025, der startlån har høgaste prioritet. I 2023 gjekk 61 prosent av alle startlån til barnefamiliar, totalt 16,1 mrd. kroner.

Bustøtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barnefamiliar og andre husstandar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. I 2023 vart bustøtteordninga styrkt for barnefamiliar, parallelt med at barnetillegga til einskilde andre ytingar vart auka. I gjennomsnitt førte dette til at om lag 1 000 fleire barnefamiliar fekk bustøtte kvar månad. Bustøttemottakarane fekk ekstra utbetalingar som hjelp til å dekkje høge straumrekningar i fleire periodar i 2022, 2023 og 2024. Frå og med desember 2021 til og med mars 2024 har det òg vore mellombelse endringar i bustøtteregelverket for å gi fleire husstandar tilgang til bustøtta og ekstrautbetalingane. I samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart bustøtta styrkt gjennom ei rekkje tiltak. Det vart mellom anna vedteke at inntekta til heimebuande 18- og 19-åringar ikkje skal telje med når bustøtta til ein husstand blir berekna. Dette gjeld frå og med oktober 2024, og regjeringa føreslår å føre tiltaket vidare i 2025. Dette vil gi heimebuande 18- og 19-åringar høvet til å opparbeide seg arbeidserfaring utan at det går ut over bustøtteutbetalinga for husstanden.

I nokre byar og område med konsentrasjon av levekårsutfordringar har staten og kommunane avtalebaserte samarbeid om felles ekstra innsats, kalla områdesatsingar. Staten vil i løpet av 2024 ha inngått avtalebaserte samarbeid med 14 kommunar om felles ekstra innsats i slike område. Barn og unge i fattige familiar er ei prioritert målgruppe i slike områdesatsingar. Områdesatsingar skal mellom anna bidra til å løfte fysiske og sosiale kvalitetar ved nærområda og er eit verkemiddel for å gjere ein ekstra innsats for tenesteutvikling og betre nærmiljø i levekårsutsette område. Kunnskapsdeling gjennom nettverksarbeid, og styrkt rettleiing for å auke plankompetansen, er viktige verkemiddel.

I 2024 vart løyvingane til områdesatsingar auka med 40 mill. kroner. Til saman vart det løyvd 259 mill. kroner over budsjetta til departementa. Regjeringa føreslår å føre vidare desse løyvingane i 2025.

Sosial ulikskap i helse

Dei økonomiske, kulturelle og sosiale ressursane til foreldra har mykje å seie for helsa og oppveksten til barna og høvet dei har for å utvikle eit godt liv vidare i vaksenlivet. Regjeringa la fram ei stortingsmelding om folkehelse våren 2023, jf. Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga. Å jamne ut sosiale helseskilnader er eit hovudmål i folkehelsepolitikken. Tiltak skal innrettast slik at tiltaka verkar best for dei som treng det mest, men samstundes vere bra for alle. Regjeringa held fram med satsinga på Folkehelseprogrammet i kommunane, der barn og unge er ei prioritert målgruppe.

Helsedirektoratet i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Folkehelseinstituttet utarbeider oppvekstprofilar for kommunane som gir oversikt over ulike tilhøve som kan seie noko om situasjonen til barn og unge, og som kan brukast for å fremje levekåra deira, mellom anna i plan- og utviklingsarbeid i kommunane.

Barnehagar og skular er gode arenaer for å nå alle og fremje psykisk helse, livsmeistring og fysisk aktivitet. I Hurdalsplattforma er ambisjonen mellom anna å styrkje helsestasjonane og skulehelsetenesta.

Regjeringa la i 2023 fram Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse. Målet med planen er at fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og at dei som har behov for psykisk helsehjelp, skal få god og lett tilgjengeleg hjelp. Planen omfattar heile befolkninga og har særleg barn og unge i fokus.

I oppfølginga av planen skal det utviklast ein kompetansepakke og læringsmateriell til bruk i skulen, slik at barn og unge kan lære meir om psykisk helse og kva som styrkjer denne. I 2024 vart det mellom anna løyvd midlar til å styrkje lågterskeltilbod for psykisk helse og rus i kommunane og å styrkje helsestasjons- og skulehelsetenesta. Regjeringa føreslår 400 mill. kroner til tiltak innan psykisk helse og rus i 2025. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

Regjeringa føreslår 5 mill. kroner til eit digitalt tilbod om foreldrestøtte. Det er behov for å leggje til rette for betre og kvalitetssikra foreldrestøtte til kommande og nye foreldre gjennom digitale tilbod tilpassa ulike situasjonar og fasar i livet til familiar. Digitale tilbod har potensial til å nå breitt ut til heile målgruppa etter behov.

Arbeid, inkludering og velferd

Arbeids- og velferdspolitikken er viktig i innsatsen mot fattigdom. Arbeids- og velferdspolitikken skal leggje til rette for at flest mogleg kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid. Deltaking på arbeidsmarknaden bidreg til å styrkje oppvekstvilkåra til barna og levekåra i familien. Innsatsen for å få fleire i arbeid er derfor viktig for å motverke at låg inntekt og levekårsutfordringar går i arv. For å styrkje barneperspektivet i arbeids- og velferdsforvaltinga (Nav) er det sett i gang fleire tiltak, mellom anna opplæring og utvikling av kompetansemateriell. Det er utarbeidd ei rettleiing for Nav-tilsette om når og korleis arbeids- og velferdsforvaltinga skal vurdere det beste for barnet.

Om lag seks av ti barn i hushald med vedvarande låg inntekt har innvandrarbakgrunn. God integrering er viktig for at foreldre kan delta i arbeid og komme ut av fattigdom. Kvalifisering til den norske arbeidsmarknaden, norskopplæring og motarbeiding av diskriminerande barrierar legg til rette for at fleire foreldre med innvandrarbakgrunn får varig tilknyting til arbeidslivet. Regjeringa satsar vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å komme ut i arbeid. Integreringslova legg til rette for at fleire nykomne flyktningar kan ta vidaregåande opplæring innanfor rammene av introduksjonsprogrammet. Lova set òg tydelege krav til norskkunnskap. Det er gjort ei rekkje tiltak for å styrkje kvalifiseringstilbodet for fordrivne frå Ukraina. Det er innført minstekrav for omfanget av arbeidsretta innhald i introduksjonsprogrammet, og i mars 2024 vart det etablert eit nasjonalt tilbod om digital norskopplæring. Mellom anna vil det bli enklare å kombinere jobb med norskopplæring.

Det er viktig med god oppfølging av unge for å hindre at dei blir ståande varig utanfor utdanning og arbeid. Regjeringa innførte ein ny ungdomsgaranti i 2023. Målgruppa er ledige og personar med nedsett arbeidsevne under 30 år som ikkje kjem i arbeid på eiga hand. Desse skal raskt få tilbod om tett og god arbeidsretta oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten, så lenge det er naudsynt.

Regjeringa føreslår 600 mill. kroner til tiltak for å få fleire i arbeid i 2025. Dette inneber mellom anna 68 mill. kroner til Jobbsjansen og 17 mill. kroner til lågterskeltilbod for unge med samansette utfordringar. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Deltaking for alle barn og unge

Ein viktig del av oppveksten til barn og unge er deltaking i fritidsaktivitetar. Samstundes veit vi at nokre barn og unge deltek mindre i slike aktivitetar enn andre, og at deltakinga har samanheng med den økonomiske og sosiale bakgrunnen til foreldra.3 Det kan òg vere andre årsaker til at barn og unge ikkje deltek, til dømes funksjonsnedsetjing eller kulturelle faktorar. Gjennom å delta opplever barn og unge samkjensle og meistring, som er viktig for ein god oppvekst. Retten barn har til kvile, fritid og leik og til å ta del i kunst og kulturliv, er forankra i barnekonvensjonen artikkel 31. Konvensjonen uttrykkjer barn sine heilt eigne rettar og er ein del av norsk lov. Deltaking i fritidsaktivitetar er ein reiskap i arbeidet med å førebyggje utanforskap. Regjeringa arbeider for å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitetar.

Fritidserklæringa

Regjeringa har i 2023 og 2024 halde fram med arbeidet sitt med Fritidserklæringa, som er ein intensjonsavtale mellom frivilligheita, regjeringa og KS. Erklæringa byggjer på artikkel 31 i FNs barnekonvensjon. Fritidserklæringa slår fast at alle barn skal ha rett til å delta jamleg i fritidsaktivitetar saman med andre, og legg med dette rammene for arbeidet til regjeringa for å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar.

Tilskot til å inkludere barn og unge

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge har høve til meistring og deltaking i samfunnet. På denne måten skal ordninga dempe konsekvensar ved fattigdom, men òg bidra til å førebyggje framtidig utanforskap.

Ordninga inneheld 12 ulike aktivitetstypar retta mot utsette barn og unge og omfattar mellom anna tilskot til kultur-, ferie- og fritidsaktivitetar, lokale fritidskassar, opne møteplassar (fritidsklubbar og ungdomshus m.m.), aktivitetsguidar, sommar- og deltidsjobbar for ungdom og losar/ungdomslosar som skal hjelpe unge med å fullføre utdanningsløp. Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje om tilskot til dei fleste aktivitetstypane.

I 2023 vart ordninga styrkt med 96. mill. kroner til om lag 664 mill. kroner. 20 mill. kroner av auken skulle prioriterast til søknader om utstyrssentralar. Med bakgrunn i dei auka levekostnadene vart det i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2023 løyvd 15 mill. kroner ekstra til lokale fritidskassar gjennom ei mellombels tilskotsordning. I nysalderinga om 2023-budsjettet vart det på grunn av prisauken mellombels løyvd 9 mill. kroner til hjelpetiltak for vanskelegstilte grupper. Tal frå 2022 viser at dei fleste tilskotsmottakarane er nøgde med ordninga, og dei aller fleste vurderer at ordninga treffer behova til målgruppa.

I budsjettet for 2024 vart ordninga styrkt med 50 mill. kroner til om lag 758 mill. kroner. Auken skulle prioriterast til lokale fritidskassar. Av tildelinga i 2024 gjekk om lag 380 mill. kroner til fleirårige prosjekt som vart innvilga gjennom tilskotsordninga i 2022 og 2023. Om lag 380 mill. kroner var tilgjengelege for nye søknader.

I 2024 vart det gitt tilskot til 822 nye søknader i 253 kommunar. 468 av desse søknadene bidreg til å nå målet med Fritidserklæringa. Av dei nye søknadene som inneheldt søknad om tilskot til lokale fritidskassar, fekk 76 av 79 tilskot frå Bufdir. Den største delen av midlane frå tilskotsordninga vart tildelt frivillige organisasjonar, og kultur-, ferie- og fritidsaktivitetar var den aktivitetstypen som samla vart tildelt mest midlar i kommunane.

I 2024 gjennomførte Rambøll ei mindre evaluering av aktivitetstypen Lokal fritidskasse.Evalueringa, som er basert på vurderingar frå tilskotsmottakarane, tyder på at ordninga i stor grad bidreg til å inkludere fleire barn og unge i fritidsaktivitetar. I 2025 skal heile tilskotsordninga evaluerast. Evalueringa skal sjå på både måloppnåinga og forvaltinga av ordninga.

I 2025 føreslår regjeringa å føre vidare løyvinga til Tilskot til å inkludere barn og unge på same nominelle nivå. Dette inneber at løyvinga i 2025 vil utgjere om lag 758 mill. kroner.

Oppfølging av rapport om rammevilkåra til fritidsklubbane

Fritidsklubbtilbodet i kommunane er ein viktig del av fritida til barn og unge. I fritidsklubbane er delen som deltek, størst blant familiar med låg sosioøkonomisk status4. I dag kan aktørar søkje tilskot til fritidsklubbar gjennom tilskotsordninga til å inkludere barn og unge. På oppdrag frå Barne- og familiedepartementet lanserte NTNU Samfunnsforskning i 2023 ein rapport om rammevilkåra til fritidsklubbane. Rapporten tilrår fleire tiltak for å betre rammevilkåra til fritidsklubbfeltet. Regjeringa vurderer no oppfølging av tilrådingane i rapporten.

Støtte til barne- og ungdomsorganisasjonane

Det blir løyvd midlar til barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom den nasjonale og internasjonale grunnstøtta. Dette er midlar som går til nasjonalleddet i barne- og ungdomsorganisasjonane og andre organisasjonar med eit barne- og ungdomsarbeid. Ordninga gir ein føreseieleg situasjon for drifta til organisasjonane og sørgjer for eit breitt spekter av tilbod der barn og unge kan delta. Forskrifta som regulerer ordninga, vart revidert i 2022 og sørgjer for ei forenkling for brukarar og forvaltarar av ordninga. Tilskotsåret 2024 var fyrste året denne reviderte forskrifta gjaldt. Ei mellombels forskrift for tilskot gjaldt for tilskotsåra 2022 og 2023, og vart fastsett på grunn av dei ulike smitteverntiltaka under pandemien, som gjorde det vanskeleg å drive aktivitet i organisasjonane. For at overgangen til ny forskrift skal bli meir føreseieleg for organisasjonane, er det etablert ei overgangsordning for tilskotsåra 2024 og 2025.

I underkant av 190 mill. kroner vart utbetalte som tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane og til paraplyorganisasjonane på feltet i 2023. Midlane går til nasjonal og internasjonal grunnstøtte til barne- og ungdomsorganisasjonane og til nasjonal og internasjonal driftsstøtte til Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. 96 organisasjonar fekk nasjonal grunnstøtte, og 29 organisasjonar fekk internasjonal grunnstøtte.

I budsjettet for 2024 er det sett av i overkant av 207 mill. kroner til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane og til paraplyane på feltet. BFD føreslår å auke driftstilskotet til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede med om lag 0,5 mill. kroner i 2025.

Trygg digital oppvekst

Store delar av kvardagen til barn og unge er digital. Barn skal kunne nytte dei moglegheitene digitale arenaer gir for å ytre seg, få informasjon, delta aktivt gjennom sosial omgang, læring, underhaldning og kreative aktivitetar. Norske barn er blant dei største brukarane av internett i Europa og samstundes dei som trivst best på nett. 91 prosent av barn mellom 9 til 12 år bruker sosiale medium, og dei fleste får ein brukarkonto før dei fyller 13.5 Dei aller fleste får lov til å bruke sosiale medium av foreldra sine. Det er likevel mange som risikerer å bli utsette for negative opplevingar som mobbing, skadeleg innhald, digital vald og overgrep, falske nyheiter, hatefulle ytringar og brot på person- og forbrukarvern. Dei negative og potensielt skadelege aspekta ved den digitale kvardagen til barn og unge krev tiltak for å verne og hjelpe, men òg for å styrkje digital dømmekraft, kritisk medieforståing og deltaking. Det er eit mål at barn og unge får ein deltakande, aktiv og trygg digital oppvekst. Det er naudsynt at foreldre og andre vaksne som jobbar med barn, forstår barn sine behov i ein digital kvardag så dei kan syte for ein så trygg bruk av digitale kanalar som mogleg. Sjå omtale under foreldrestøttande arbeid for omtale av tiltak for å styrkje foreldra sin kompetanse om dette. Det vil bli utarbeidd informasjon til vaksne som jobbar med barn, for at dei skal ha kunnskap om barn og unge sin internettbruk.

Barn sine rettar blir utfordra av den teknologiske utviklinga. Mellom anna har barn eit særskilt forbrukarvern. Digitaliseringa utfordrar dette vernet. Sjå nærare omtale av forbrukarvernet til barn i programkategori 11.30. I 2021 offentleggjorde FN sin barnekomité ein generell kommentar, nr. 25, som omhandlar barn sine rettar i det digitale samfunnet. Kommentaren går mellom anna ut på at alle sektorar må sørgje for at barn sine rettar i det digitale miljøet blir respekterte, beskytta og varetekne. For å styrkje forskinga på feltet gir departementet tilskot til EU Kids Online.

BFD leier arbeidet med ei melding til Stortinget om digital oppvekst, og tek sikte på å leggje fram meldinga hausten 2024. I innspelsfasen til meldinga har det vore nytta fleire ulike medverknadsprosessar. Døme er bruk av ungdomspanel, kontaktkonferanse med barne- og ungdomsorganisasjonane, besøk i ei rekkje ungdomsråd, eigne undersøkingar for ungdom og foreldre og fleire innspelsmøte med ei rekkje aktørar på feltet.

Regjeringa føreslår i 2025 7 mill. kroner for å bidra til at barn og unge skal få ein tryggare digital oppvekst. Midlane vil gå til informasjonsarbeid og arbeid med aldersgrense for sosiale medium. Desse midlane vil mellom anna gå til Datatilsynet for at dei kan styrkje arbeidet på feltet. Dei vil òg nyttast til stiftinga Barnevakten for å utarbeide og gjere tilgjengeleg informasjon om sosiale medium til barn, ungdom, foreldre og vaksne som arbeider med barn. I satsinga inngår òg midlar til Forbrukertilsynet for styrking av tilsynet med marknadsføring overfor barn i digitale medium.

Regjeringa avgjorde i 2022 at ung.no skal vere den primære kanalen staten har for digital informasjon, dialog og digitale tenester til barn og unge på tvers av sektorar og tenestenivå. Realisering skjer gjennom DigiUng-samarbeidet. Ung.no skal vere ein brukarvennleg inngangsport til informasjon av høg kvalitet og hjelpetenester drivne av det offentlege på tvers av sektorar. Ung.no skal tilby informasjon, hjelp og rettleiing som utviklar handlingskompetanse og mogleggjer å ta gode val og meistre eige liv. Nettstaden ung.no er driven av Bufdir, som samarbeider med mange andre offentlege tenester og etatar, til dømes Helsedirektoratet.

Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet utviklar i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet DigiUng og ung.no vidare. I 2024 har arbeidet med å etablere ein felles drifts-, finansierings- og forvaltingsmodell for arbeidet resultert i at det er oppretta varig struktur for samarbeidet i Bufdir. Arbeidet har gått ut på å etablere eit strategisk DigiUng-råd, forvaltingsprosessar og eit tverrsektorielt samarbeidsforum for deltakande verksemder. Det tverrsektorielle samarbeidet har allereie skapt vinstar i form av at fleire verksemder når ut med informasjon til målgruppa, og nye tenester er blitt tilgjengelege via ung.no.

Arbeidet med prosjektet «Digital ungdomsportal» heldfram. Målet med prosjektet er å vidareutvikle ung.no til éin felles tverrsektoriell inngang til offentlege digitale informasjons-, rettleiings- og hjelpetenester for ungdom. Prosjektet vil i 2025 vidareutvikle tenesta ung.no til å framleis vere ei relevant, kvalitetssikra og oppdatert teneste for målgruppa. Digital ungdomsportal vil mellom anna arbeide med integrasjonar og risikofaktorar knytte til bruk av teknologi, til dømes video og kunstig intelligens. Alle verksemder i DigiUng-samarbeidet skal få tilgang til å lage kvalitetssikra innhald på ung.no innanfor eigne fagområde.

Foreldrestøttande arbeid og førebygging av familiekonfliktar

Eit trygt familieliv er viktig for helsa, livskvaliteten og utviklinga til barn. Foreldra har ansvar for å vareta dette. Foreldra kan i periodar ha større eller mindre utfordringar av ulik art. Når foreldra har utfordringar, som høgt konfliktnivå, kan dette ha alvorlege, negative konsekvensar for barnet. Det er derfor til det beste for barnet at foreldre som treng det, får hjelp med utfordringar og konfliktar og dessutan støtte i foreldrerolla, slik at dei kan oppfylle foreldreansvaret sitt og vere gode omsorgspersonar for barna sine. Det kjem fram, mellom anna av barnekonvensjonen, at barn har rett til vern mot vald, at barn og foreldre har rett til støtte, og at staten skal «yte egnet bistand til foreldre og verger når de utfører sine plikter som barneoppdrager».

Tiltak som støttar foreldra, har som føremål å betre oppvekstvilkåra til barn. Slike tiltak kan ha stor verknad for helsa, livskvaliteten og utviklinga til barn og foreldre. Foreldrestøtte er viktige verkemiddel for å styrkje det førebyggjande arbeidet kommunane gjer, og den tidlege innsatsen deira som del av barnevernsreforma.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Foreldre får tidleg hjelp til å gi god omsorg og løyse konfliktar.

Foreldrestøttande arbeid, inkludert samlivstiltak, kan bidra til å førebyggje at utfordringar i familielivet veks til alvorlege problem som rammar barnet. Det er eit mål at alle kommunar skal tilby kunnskapsbaserte samlivs- og foreldrestøttande tiltak, at tilbodet skal vere likeverdig, og at samarbeidet mellom ulike tenester skal styrkjast.

Blant tiltaka er tilskotsordninga til foreldrestøttande arbeid i kommunane. I 2023 var løyvinga til tilskotsordninga på 38,5 mill. kroner. Det vart tildelt tilskot til 70 nye tiltak, i tillegg til vidareføringa av 58 fleirårige tiltak frå tidlegare. Tilskotsordninga vart styrkt med 10 mill. kroner i Statsbudsjettet 2024. Som ein del av tiltakspakka mot vald i nære relasjonar vart ordninga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2024 mellombels styrkt med ytterlegare 4 mill. kroner.

Tilskotsordninga er på 55,2 mill. kroner i 2024. Det er indikasjonar på at kommunane som har fått tilskot, samla sett har auka bruken av kunnskapsbaserte foreldrestøttande tilbod dei siste åra. Ordninga skal støtte opp om barnevernsreforma, irekna å styrkje førebygging og tidleg innsats, og nå ut til alle samfunnsgrupper. Sjå også omtala av 20 mill. kroner til kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttende tiltak under overskrifta Betre samarbeid for utsete barn og unge. Det finst òg ein nettressurs for foreldrestøttande tiltak, retta mot tilsette fagpersonar i kommunane og andre som har foreldre som målgruppe.

Foreldrehverdag.no er ein inngangsport til digital informasjon for foreldre, drifta av Bufdir. Nettsida gir foreldre lett tilgang til informasjon, av høg kvalitet, til hjelp og støtte i foreldrerolla. I 2023 hadde nettsida om lag 900 000 besøk. Nettsida vil bli vidareutvikla slik at ho viser vidare til annan offentleg informasjon for foreldre til adoptivbarn og foreldre med barn som kan ha særskilde behov. Bufdir er i 2024 bede om å utarbeide informasjon til foreldrehverdag.no, som skal gi foreldre større medvit og tryggleik i møte med barn sin digitale kvardag. Nettsida vil bli ein viktig kanal for å styrkje kompetansen hos foreldre om barn sin bruk av internett og sosiale medium. Dette er eit av måla i den nasjonale strategien for trygg digital oppvekst – Rett på nett.

Det er framleis mogleg å søkje om støtte til kurset Godt samliv,eit kurs for fyrstegongsforeldre, i tilskotsordninga for foreldrestøttande tiltak. Kommunane kan få rettleiing frå familievernet til å tilby kurset til innbyggjarane sine. Kurset er òg tilgjengeleg digitalt på foreldrehverdag.no. Høgskulen på Vestlandet har våren 2024 levert ein rapport med evaluering av kurset til Bufdir. Departementet vurderer rapporten i samråd med direktoratet.

Familievernet

Familieverntenesta har familierelasjonar som si spesialverksemd, og skal gi hjelp til familiar som opplever vanskar, konflikt eller kriser i familien. Familievernet har ansvar for lovfesta mekling ved samlivsbrot for foreldre med felles barn under 16 år og vidare ansvar for eit breitt klinisk tilbod til familiar. Familievernet hjelper familiane med å handtere utfordringar og å finne løysingar på relasjonelle vanskar. Hjelp til foreldre under samlivet og ved samlivsbrot kan dempe og førebyggje konfliktar mellom foreldra. Om relasjonen mellom foreldre blir betra, vil dette òg betre oppvekstvilkåra til barna. Tilbodet frå familievernet skal vere likeverdig over heile landet.

Over 50 000 familiar fekk tilbod om mekling eller terapi i familievernet i 2023. Familievernet rapporterer om at konfliktnivået mellom foreldre er høgare enn tidlegare, og om høgare kompleksitet i mange saker. Dette gjeld både ved lovfesta mekling ved samlivsbrot og i kliniske saker. Det blir òg meldt om kapasitetsutfordringar. Utgifter til saker med samvær med offentleg oppnemnd tilsyn er aukande. Tilsynsoppgåva blir i stort omfang sett ut til private aktørar.

Det manglar god statistikk over kven som bruker dei ulike tenestene i familievernet. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å sjå på moglegheiter for betre statistikk og styringsinformasjon.

Departementet tek sikte på å leggje fram ny lov om familieverntenesta våren 2025. Departementet vil også sjå arbeidet med ny lov om familieverntenesta i samanheng med oppfølginga av NOU 2020: 14 Ny barnelov og NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid.

Mekling og tilbod til familiar med eit høgt konfliktnivå

Det er eit mål at foreldre som ikkje bur saman, eller som går frå kvarandre, tek vare på barnet på ein god måte som sikrar helsa, livskvaliteten og utviklinga. Det er eit siktemål at likestilt foreldreskap blir ført vidare etter samlivsbrot, og at foreldre samarbeider og sørgjer for ei heilskapleg omsorgsutøving. Det offentlege legg til rette for dette gjennom lovfesta mekling og dei andre tilboda til familieverntenesta. Familiar med høg grad av konflikt skal få tilpassa hjelp. Talet på lovfesta mekling i samband med samlivsbrot har vore relativt stabilt dei siste fem åra, med om lag 21 000 nye meklingssaker årleg.

Talet på foreldre som har nytta det frivillige tilbodet om mekling (fleire timar enn den obligatoriske timen), var i 2023 på 40 prosent av meklingane. Det har vore ein liten nedgang frå tidlegare år. Bufdir melder om at kompleksiteten i sakene i familievernet aukar. Over 5 000 foreldrepar har nytta seg av tilbodet om prosessmekling, som er eit eige meklingsforløp tilpassa foreldre med høgt konfliktnivå.

Når det oppstår samværshindring eller redusert samvær, kan det vere naudsynt at familievernet samarbeider med andre instansar som barnevern, domstol og Nav. Aktørane som skal hjelpe til, må ha god kompetanse og høve til å greie ut situasjonen til familien og leggje til rette for eit koordinert tilbod. Kven barnet skal bu fast saman med, og omfanget av samvær påverkar økonomien i familien, til dømes gjennom offentlege stønader og barnebidrag. Økonomiske omsyn og insentiv kan forsterke konfliktar om samvær og motverke likestilt foreldreskap og løysingar til det beste for barnet. Departementet vil i arbeidet med ny barnelov sjå på moglege tiltak for å førebyggje samværshindring. Sjå omtale under oppmodingsvedtak nr. 714 av 9. mars 2021.

I 2023 var delen barn som vart høyrde i mekling, nær 20 prosent av alle barn over sju år som hadde foreldre som var til mekling i familievernet. For at fleire av barna det gjeld, skal delta i mekling, har det dei siste åra vore stor merksemd rundt å styrkje kompetansen til familievernet i å snakke med barn. Bufdir har på oppdrag frå departementet utarbeidd ein eigen invitasjon til barn om at dei har høve til å medverke i familievernet. Bufdir vil i 2024 og 2025 halde fram med det langsiktige arbeidet med å gi god informasjon til foreldre og barn om samlivsbrot og særleg om tilbodet til barn. I arbeidet med ny barnelov vil departementet òg sjå nærare på reglane om barnet sin rett til å bli høyrt.

Departementet fekk i 2023 ei utgreiing frå Universitetet i Oslo om samordning mellom barnelova og barnevernslova når det gjeld saker der barn og foreldre er involverte i både ei foreldretvistsak og ei sak om omsorgsovertaking. Det kan òg vere saker der eit barn er under barnevernet si omsorg og dødsfall fører til at ingen har foreldreansvaret for barnet. Det er berre i avgrensa grad reglar om samordning i slike saker, og desse spørsmåla har heller ikkje vore greidde ut fullstendig tidlegare. Utgreiinga vart send på høyring i september 2024, og departementet vil følgje opp saka etter høyringa.

Ekteskapslova

Stortinget vedtok i juni 2021 nye reglar om anerkjenning av ekteskap inngått etter utanlandsk rett der minst ein av partane var mindreårig då dei gifta seg. Hovudregelen etter dei nye reglane er at ekteskap som er inngått med ein mindreårig, ikkje skal bli anerkjende i Noreg. Endringane er ikkje gjeldande enno fordi ein må vente til forskrift om sakshandsaming er på plass. Departementet har hatt forskrifta på høyring og følgjer opp saka, der ein òg tar omsyn til endringar som gjeld ekteskap mellom nære slektningar.

Regjeringa har lagt fram ein lovproposisjon om forbod mot ekteskap mellom nære slektningar i vårsesjonen 2024, sjå Prop. 99 L (2023–2024) Endringer i ekteskapsloven (forbud mot ekteskap mellom nære slektninger). Stortinget har vedteke lovendringa, som er ei oppfølging av oppmodingsvedtak 48 (2020–2021). Sjå nærare omtale i oppmodingsvedtak 48, 3. november 2020.

Adopsjon

Adopsjon er ein måte å stifte familie på som inneber at nye rettslege band mellom barn og foreldre blir etablerte, samstundes som banda til den opphavlege familien blir avslutta. Ved utanlandsadopsjon får barnet nytt statsborgarskap og heimland. Adopsjon er inngripande for dei det gjeld, og har livslange verknader. Dei overordna måla med adopsjonsprosessane er å sikre at adopsjonar er trygge og går føre seg på ein forsvarleg måte, og at adopterte og familiane deira får god oppfølging både før og etter adopsjonen.

Adopsjon er særskilt regulert internasjonalt gjennom barnekonvensjonen og Haagkonvensjonen 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar. Den europeiske menneskerettskonvensjonen gjeld generelt. Bufdir skal som forvaltar av lova sikre at praksis etter adopsjonslova er godt i samsvar med konvensjonsforpliktingar og menneskerettane, og samstundes sikre lik handsaming ved vurdering av løyve og i tillegg kontroll og tilsyn.

Regjeringa sette i 2023 ned eit offentleg utval som skal granske internasjonale adopsjonar til Noreg. Eit overordna føremål med arbeidet er å få svar på om det har vore ulovlege eller uetiske tilhøve i samband med adopsjonar frå utlandet til Noreg. Utvalet hadde sitt fyrste møte i desember 2023 og skal arbeide i to år frå oppstarten.

Adopsjonsfeltet er prioritert og styrkt i 2024. Mange ber Bufdir om bistand til søk etter biologisk opphav, og Bufdir skal gi tilpassa informasjon om bistand den einskilde kan få. Barn over 15 år kan i utgangspunktet be om innsyn i si eiga sak. Barn kan òg bli uroa av den offentlege merksemda med ekstern gransking og informasjon om moglege ulovlege tilhøve i adopsjonsprosessane. I arbeidet med etteradopsjonstiltak skal Bufdir vurdere korleis tilboda kan innrettast mot barn og unge. I 2023 vart 37 barn adopterte til Noreg. Til samanlikning kom 45 barn i 2022 og 62 barn i 2021.

Departementet fekk i januar 2024 ei tilråding frå Bufdir om å stanse alle utanlandsadopsjonar mellombels medan granskingsutvalet arbeider. Regjeringa har bestemt å ikkje innføre ein generell mellombels stans, men vil følgje opp forslaga til Bufdir om å innføre risikoreduserande tiltak på adopsjonsfeltet. Mellom anna skal Bufdir i 2025 ta over oppgåva med å godkjenne nye tildelingar til Noreg og kontrollere dokumentasjonen i desse sakene. Denne oppgåva har fram til no vore delegert til adopsjonsorganisasjonane. For å sørgje for at Bufdir kan ivareta oppgåva på ein forsvarleg og effektiv måte, føreslår regjeringa å styrkje direktoratet med 4,4 mill. kroner.

Etter oppdrag frå departementet har Bufdir gått gjennom alle formidlingsløyva til Noreg på ny og trekt tilbake eller avslått løyva for alle samarbeidsland utanom Colombia, i tillegg til at Sør-Korea og Bulgaria fekk avgrensa løyve for sluttføring av saker i prosess. Departementet har fått klage på fleire av vedtaka. Klagene blir handsama hausten 2024.

BFD har fått tilbakemelding frå adopsjonsorganisasjonane om at dei er i ein pressa situasjon som følgje av at dei fleste formidlingsløyva er trekte tilbake. Ein stor del av inntektsgrunnlaget deira er fallen bort. For å sikre ei minstedrift i organisasjonane i 2024, medan klagene over formidlingsløyva blir handsama i departementet, er det i år tildelt 1,8 mill. kroner i ekstra driftsstøtte. Vidare er det i 2025 sett av 3 mill. kroner i ekstra driftsstøtte slik at dei også då kan oppretthalde ei minstedrift. Dei ekstra midlane er eittårige og skal sikre at dei kan følgje opp adopsjonssøkarar og bidra i granskinga av utanlandsadopsjonar.

Bufdir har i 2023 stramma inn krava til dokumentasjon i adopsjonssaker, mellom anna knytt til barnet sin identitet og opphavet det har, og skjerpt kontrollen. Barnet sin rett til å bevare identiteten sin og vern mot å bli teke frå foreldra utan samtykke er viktig ved adopsjon både gjennom og utanom organisasjon og ved anerkjenning av utanlandske nasjonale adopsjonar.

Nye etteradopsjonstiltak er komne på plass i 2023 og 2024 og lagde til Bufetat region aust. Ei kompetanseteneste skal rettleie individuelt om tenestetilbodet etter adopsjon, fagstøtte om adopsjonsspesifikke problemstillingar til andre tenester, samtalestøtte til adopterte over 16 år og bistand til søk etter biologisk opphav. Frå våren 2024 tilbyr region aust kurs for adoptivforeldre, der målet er å gi foreldra god foreldrestøtte, rettleiing og høve til å danne nettverk. På sikt vil eit tilbod til adopterte barn og ungdommar også inngå.

I 2024 vart det løyvd 5,5 mill. kroner til etteradopsjonstiltak, som blir vidareført i 2025. Etteradopsjonstiltaka er utvikla for å møte særskilde utfordringar adopterte og familiane deira kan ha. Det er òg naudsynt å sjå på behova for tiltak innanfor andre sektorar. I 2024 vart det sendt eit felles oppdrag til Bufdir (koordinator), Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet for å få på plass god oppfølging av adopterte på tvers av tenester.

Departementet vil vurdere behovet for å gå gjennom og endre i reglane om ulike typar innanlandsadopsjon.

Vald og overgrep

Vald og overgrep mot barn og vaksne er alvorleg kriminalitet. Det er eit alvorleg samfunnsproblem og eit folkehelseproblem som har store konsekvensar for dei som blir ramma. I mange tilfelle blir vald og overgrep mot barn avdekte seint. Å leve med vald i familien er ein alvorleg trugsel mot helsa til barn og gir dårlege oppvekstvilkår. Retten barn har til vern mot vald, overgrep og omsorgssvikt, er ein grunnleggjande menneskerett og følgjer av ei rekkje lover og konvensjonar som gjeld i Noreg. Både Verdshelseorganisasjonen og Europarådets komité for barn sine rettar tilrår bruk av foreldrestøttande tiltak for å førebyggje vald.6

Statlege styresmakter har eit ansvar for å førebyggje vald og overgrep og hjelpe dei som blir utsette for dette. Arbeidet omfattar ansvaret til fleire departement. BFD har ansvar for å koordinere innsatsen mot vald og overgrep mot barn, men har òg ansvaret for fleire av hjelpetiltaka retta mot både vaksne og barn. Studiar viser at omfanget av vald og overgrep mot både barn og vaksne er høgt. Ei av fem kvinner rapporterer at dei har vore utsette for valdtekt ved makt eller tvang, sovevaldtekt eller begge. Om lag ein av ti rapporterer at dei har vore utsette for alvorleg fysisk vald frå ein forelder eller omsorgsperson i barndommen. Vald og overgrep er framleis eit stort likestillingsproblem som avgrensar kvinner og jenter sine liv og fridom. Kvinner er mykje meir utsette for alvorleg partnarvald og valdtekt samanlikna med menn.7

Det viktigaste er å hindre at vald mot barn og vald i nære relasjonar skjer. Effektiv førebygging kan redusere behovet for meir inngripande tiltak seinare. Og det kan spare einskildindivid og samfunnet for store kostnader – både menneskelege og økonomiske. Ein analyse frå Menon Economics har talfesta at kostnadene ved vald i nære relasjonar utgjorde 92,7 mrd. kroner i 2021.8

Regjeringa prioriterer arbeidet mot vald og overgrep høgt, mellom anna gjennom å følgje opp gjeldande handlingsplanar på feltet. Regjeringa la i 2023 fram Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) – Trygghet for alle. Opptrappingsplanen legg til rette for meir målretta førebygging, betre hjelp og vern av utsette og meir effektiv straffeforfølging og oppfølging av utøvarar. For å oppnå dette skal politikken vere meir heilskapleg og samordna. Opptrappingsplanen omhandlar vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Planen tek vidare for seg negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Planen omhandlar òg internettrelaterte overgrep mot barn og inneheld i tillegg eit eige kapittel om vald og overgrep i samiske samfunn. Planen inneheld rundt 120 tiltak. Arbeidet med oppfølginga held fram i 2025.

Forsking og undersøkingar om vald og overgrep framhevar kor viktig det er at barn i barnehagar og skular får kunnskap om kjensler, eigne grenser, rettar, krenkingar og vald. Det er òg viktig at dei vaksne som treffer barna kvar dag på desse arenaene, er trygge på å kunne ta den viktige samtalen med barna dei er bekymra for. Bufdir og RVTS reviderte og vidareutvikla dei digitale opplæringsressursane «Jeg vet» (www.jegvet.no) og Snakkmedbarn.no i 2023. I 2023 har arbeidet med å implementere ressursane og auke bruken av desse blitt prioritert, mellom anna gjennom kommunikasjonsaktivitetar om «Jeg vet» retta mot lærarar og meir brukarvennlege løysingar i Snakkemedbarn.no. Både bruken av «Jeg vet» og Snakkemedbarn.no har auka i 2023.

«Jeg vet» vart omsett til tre samiske språk i 2023, og delar av innhaldet i Snakkemedbarn.no er også tilgjengeleg på samisk. I 2023 har FAFO, på oppdrag frå Bufdir, starta opp ein RCT-studie av effektane av å bruke «Jeg vet» i skulen.

I 2024 vart det løyvd 10 mill. kroner til å starte etableringa av ei undersøkingsordning, som skal undersøkje tilfelle der det offentlege apparatet sviktar i handteringa av dei mest alvorlege sakene der barn har vore utsette for vald, overgrep eller grov omsorgssvikt. Regjeringa er i gang med å etablere ei slik undersøkingsordning i Statens helsetilsyn. Departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon våren 2025 med forslag til regulering av ordninga i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet.

Ordninga skal mellom anna bidra til å avdekkje svikt i tenesteapparatet og til at avdekte feil fører til læring og risikoreduserande tiltak.

Arbeidet med vald i familievernet

Familievernet kjem ofte i kontakt med familiar der ein eller fleire medlemmer utøver vald eller blir utsette for vald. Kunnskap om vald og overgrep må derfor vere ein del av grunnkompetansen til alle tilsette. Bufdir opplyser at av alle meklingssaker i familievernet vart det i 2023 avdekt vald i 13,5 prosent av sakene, noko som er ein oppgang frå 12,7 prosent i 2022. Det vart avdekt vald i 12 prosent av avslutta kliniske saker i 2023. Dette er omtrent same nivået som i 2022.

I 2023 har grunnopplæring om vald for familievernet blitt vidareført. Alle terapeutar i familievernet har no gjennomgått grunnopplæringa. Som ein del av arbeidet med å styrkje og vidareutvikle tenesta si, kompetanse og tilbod, er opplæring og vedlikehald av metodikken «Enkel og effektiv aggresjonskontroll» (EEA) vidareført i 2023, i samarbeid med Alternativ til Vold.

Arbeidet med å vidareutvikle arbeidet familievernet gjer mot vald, vil halde fram i 2025. Regjeringa vil styrkje arbeidet til familievernet med negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, jf. Prop. 36 S (2023–2024).

Krisesentertilbodet

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å ha eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller trugslar om vald i nære relasjonar. Statsforvaltarane fører tilsyn med korleis kommunane følgjer opp pliktene etter krisesenterlova. Krisesentera er eit hjelpetilbod med særleg kompetanse på vern og tryggleik og gir råd og rettleiing til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Det finst 43 krisesentertilbod, og det er kommunane som finansierer drifta av sentera.

Talet på brukarar av krisesentertilbodet, både butilbodet og dagtilbodet, har auka i 2023 samanlikna med 2022 og 2021. Statistikken seier ikkje noko om årsaka til at det er fleire som har brukt tilbodet. Det budde 1 959 kvinner og 233 menn på krisesentera i 2023, og 62 prosent av dei hadde innvandrarbakgrunn. 3 060 kvinner og 285 menn nytta dagtilbodet på sentera. 1 544 barn oppheldt seg på sentera i 2023. Dei var i snitt 7 år, og eit opphald varte i snitt i 28 døgn. 200 av barna hadde budd på krisesenter ein eller fleire gonger før. Ved 68 prosent av opphalda var det i framkant oppretta kontakt med minst ein annan instans, normalt barnevernet.

Departementet har sendt på høyring forslag til endringar i krisesenterlova. Forslaga byggjer mellom anna på innspel henta hos krisesentera, kommunar, statsforvaltarar, frivillige aktørar mv. Departementet føreslår endringar for å styrkje samarbeidet mellom tenester i reetableringsfasen og for å sørgje for likeverdige butilbod for brukarar som av ulike grunnar ikkje kan nytte dagens butilbod. Departementet føreslår vidare ei ny føresegn om dei særskilde rettane til den samiske befolkninga, med mål om å gi eit betre krisesentertilbod til samiske kvinner, menn og barn. Det er òg føreslått å slå fast at krisesentertilbodet skal vere gratis, og at det ikkje kan krevjast eigendel. Departementet føreslår til slutt å regulere tilgangen til å handsame personopplysingar og til å gjere oppslag mot Folkeregisteret.

Vidare ber departementet høyringsinstansane gi innspel om fleire tema, mellom anna om det er riktig å opne for felles krisesentertilbod til kvinner og menn, om kva for rolle krisesentera skal ha når det gjeld å vurdere om barn skal ha samvær med den andre forelderen medan det er på krisesenter, om ei eventuell refusjonsordning for utgifter til reise til og frå krisesentera og om det er behov for særskilde løysingar for kjæledyr og tenestedyr. Departementet tar sikte å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget våren 2025.

Regjeringa føreslår å etablere ei tilskotsordning for å stimulere kommunar til å gradere opp, fornye eller utvide krisesentera sine. Målet med tilskotsordninga er å oppgradere krisesenterbygg. I 2025 skal organiseringa av og måten å innrette ordninga på greiast ut. Tilskot vil etter planen kunne utbetalast frå andre halvdelen av 2025. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet skal forvalte ordninga.

Andre tilbod

Barne- og familiedepartementet gir òg tilskot til fleire hjelpetilbod eller behandlingstilbod til valdsutsette eller til dei som utøver vald.

Departementet gir tilskot til drift av sentera mot incest og seksuelle overgrep / NOK.-sentera. Dette er eit lågterskeltilbod der personar som er utsette for seksuelle overgrep, og pårørande kan få råd, støtte og rettleiing. Det er til saman 21 senter og eitt ressurssenter mot valdtekt. I 2023 var det 2 979 personar som brukte sentera, noko som er det høgaste talet sidan statistikken starta i 2009. Regjeringa vil vurdere tiltak for at sentera når betre ut til befolkninga generelt og til innvandrarbefolkninga spesielt.

Departementet gir tilskot til stiftelsen Alternativ til Vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor. Målet for tilskotet er å drifte eit behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og familiane deira. Ved inngangen til 2024 var det 15 ATV-tilbod i Noreg. Til saman 2 559 klientar fekk behandling i 2023, inkludert 316 barn som fekk behandling eller informasjonssamtalar. Brukarundersøkingar syner at brukarane er godt nøgde med tilbodet dei får.

Vidare gir departementet tilskot til Stine Sofie Senteret, eit nasjonalt kurs- og meistringssenter for valds- og overgrepsutsette barn og unge mellom 0 og 18 år, deira trygge omsorgspersonar og søsken. Senteret har kapasitet til å tilby om lag 500 barn eit kursopphald per år. I 2023 har 487 barn og 357 omsorgspersonar hatt eit opphald ved senteret. Dette utgjer 258 familiar. Stine Sofies Stiftelse rapporterer at dei får gode tilbakemeldingar frå kursdeltakarane og hjelpeapparatet rundt familiane. Tilskotet til Stine Sofie Senteret blir evaluert av Fafo i 2023–2024.

Departementet gir i tillegg tilskot til ei rekkje hjelpetelefonar for valdsutsette og deira pårørande. Sjå òg postomtalen for nærare omtale av desse.

Barne- og familiedepartementet gir òg tilskot til fleire kunnskaps- og kompetansesenter på feltet. Dette gjeld til dømes tilskot til Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK), Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-a).

Tilskot til tiltak mot vald og overgrep

Bufdir forvaltar tilskotsordninga Tilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er, eller har vore, utsette for vald eller seksuelle overgrep.

Mange har søkt om tilskot, og i 2023 vart det gitt tilskot på om lag 30,1 mill. kroner gjennom ordninga. Dei organisasjonane som fekk driftstilskot, var Nok. Norge (tidlegare Fellesskap mot seksuelle overgrep), Krisesentersekretariatet, Utsattmann og Landsforeningen mot seksuelle overgrep (LMSO). Løyvinga vart ført vidare i 2024.

Rapporteringane om tilskot til tiltak mot vald og overgrep syner at eitt eller fleire av måla for ordninga er nådd. Mellom anna har tilskotsordninga i 2023 støtta aktivitetar som gjeld tiltak mot innsette med valdsproblematikk, tiltak retta mot ulike minoritetsgrupper og andre kunnskaps- og kompetansetiltak om vald og seksuelle overgrep.

Frå 2020 har òg krisesenter kunna søkje om utviklingsmidlar for å styrkje tilbodet til særleg utsette grupper. Krisesenter for Molde og omland, Krisesenteret i Indre Østfold kommune og Karasjok kommune sitt krisesentertilbod til den samiske befolkninga fekk midlar til føremålet i 2023. Bergen kommunes krisesenter, Stiftelsen Sørlandet krisesenter og Indre Østfold kommune fekk òg innvilga fleirårige tilskot frå 2022, som vart førte vidare i 2023.

Fleire organisasjonar får namngitte driftstilskot over same kapittel og post, mellom anna nokre tiltak mot tvangsekteskap. I tillegg er det gitt tilskot til VO-linja, til Mental Helse sin hjelpetelefon Foreldresupport og andre ulike hjelpetelefonar. Tilskotsordninga på posten vart ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2024 mellombels auka med 5 mill. kroner for at fleire gode prosjekt skulle få tilskot gjennom ordninga.

Som ein del av tiltakspakka mot vald i nære relasjonar i Revidert nasjonalbudsjett 2024 vart fleire av dei namngitte driftstilskota styrkte, sjå omtale under postomtalen kap. 840, post 70. Regjeringa føreslår å føre vidare auken på 8 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2024 til 2025.

Løyvinga, både til tilskotsordninga og dei namngitte driftstilskota, blir ført vidare i 2025, med unntak av den mellombelse auken på 5 mill. kroner til tilskotsordninga i 2024, som vart gitt i handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2024.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

840

Tiltak mot vald og overgrep

315 432

338 976

360 543

6,4

841

Samliv og konfliktløysing

678 287

26 215

30 071

14,7

842

Familievern

675 607

697 965

724 072

3,7

843

Adopsjonsstønad

2 979

7 900

6 228

-21,2

844

Kontantstøtte

1 103 757

913 710

719 100

-21,3

845

Barnetrygd

21 364 182

25 731 000

26 900 000

4,5

846

Familie- og oppveksttiltak

1 066 537

1 162 169

1 126 342

-3,1

847

EUs ungdomsprogram

20 205

16 968

17 450

2,8

848

Barneombodet

24 104

24 344

25 040

2,9

Sum kategori 11.10

25 251 090

28 919 247

29 908 846

3,4

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

3841

Samliv og konfliktløysing

205 951

26 498

26 259

-0,9

3842

Familievern

1 138

865

898

3,8

3847

EUs ungdomsprogram

7 201

5 964

5 964

0,0

Sum kategori 11.10

214 290

33 327

33 121

-0,6

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

565 292

586 455

602 550

2,7

50–89

Overføringar til andre

24 685 798

28 332 792

29 306 296

3,4

Sum kategori 11.10

25 251 090

28 919 247

29 908 846

3,4

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

20 832

31 774

27 044

60

Tilskot til oppgradering av krisesenterbygg

6 500

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

116 588

123 250

128 057

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21 og post 61 og kap. 858, post 01

140 350

144 720

158 219

73

Tilskot til senter for valdsutsette barn

37 662

39 232

40 723

Sum kap. 840

315 432

338 976

360 543

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

Midlane på posten blir nytta til å finansiere prosjekt og tiltak i arbeidet mot vald og overgrep og til arbeidet med foreldrestøtte. Løyvinga blir mellom anna nytta til å finansiere tiltak i Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) Trygghet for alle, jf. Prop. 36 S (2023–2024). Posten dekkjer òg løyvinga til ei undersøkingsordning for saker som gjeld vald, overgrep og grov omsorgssvikt mot barn.

I budsjettet for 2024 er løyvinga til Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK) fordelt på tre budsjettkapittel. Departementet føreslår at midlane til NASAK for 2025 blir samla på kap. 842, post 01. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 840, post 21, med 2,9 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 842, post 01, sjå omtale under kap. 842, post 01.

Departementet føreslår vidare å redusere kap. 840, post 21, med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 846, post 22, for å samle forskingsmidlane til BFD på familie- og oppvekstområdet. Sjå omtale under kap. 846, post 22.

Departementet føreslår òg å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Departementet føreslår på denne bakgrunn ei løyving på 27 mill. kroner i 2025.

Post 60 Tilskot til oppgradering av krisesenterbygg

Regjeringa føreslår å etablere ei ny tilskotsordning for å stimulere kommunar til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine. Nærare organisering av og måten å innrette ordninga på skal greiast ut. Tilskot vil etter planen kunne utbetalast frå andre halvdelen av 2025. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) skal forvalte ordninga. Hovudelementa for ordninga er omtalte under.

Mål og kriterium for måloppnåing

Målgruppa for krisesentertilbodet er kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar, og som har behov for rådgjeving eller eit trygt og mellombels butilbod. Målet med tilskotsordninga er å stimulere kommunane til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine. Tilskotet skal finansiere kostnader ved renovering, tilpassing og utskifting av ueigna bygningar og krisesenterlokale. Den statlege tilskotsordninga avløyser ikkje det økonomiske ansvaret kommunane har for krisesentertilbodet.

Måloppnåinga til tilskotsordninga blir vurdert ut frå om fleire krisesenterbygg er betre eigna til føremålet.

Tildelingskriterium

Tilskotet kan berre tildelast til kommunar. Viss fleire kommunar samarbeider om eit krisesenter, skal kommunen der senteret er lokalisert, søkje om tilskot og stå som ansvarleg for søknaden.

Tilskotet dekkjer inntil 50 prosent av kostnadene til kommunen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap frå tilskotsmottakarane. Tilskot som ikkje er brukte ved utløpet av prosjektperioden, og midlar brukte i strid med føresetnadene for tildelinga skal betalast tilbake til tilskotsforvaltaren. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene.

Evaluering

Tilskotsordninga blir evaluert ut frå krava i økonomiregelverket. Departementet føreslår ei løyving på 6,5 mill. kroner i 2025 til tilskot. I tillegg er 3,5 mill. kroner lagde til kap. 858, post 01, for å greie ut, rettleie og forvalte ordninga.

Departementet føreslår ei løyving på 6,5 mill. kroner i 2025.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 21 incestsenter og 1 valdtektssenter. Målet med tilskotsordninga er å gi personar som er utsette for incest, seksuelle overgrep eller valdtekt, og pårørande til utsette barn og vaksne eit godt tilgjengeleg tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga. Departementet føreslår ei løyving på 128,1 mill. kroner i 2025.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21, post 61 og kap. 858, post 01

Løyvinga dekkjer tilskot til stiftelsen Alternativ til Vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor. Målet for tilskotet er å drifte eit behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og familiane deira. Som ein del av tiltakspakka mot vald i nære relasjonar vart ATV i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2024 styrkt med 3 mill. kroner. Departementet føreslår å auke løyvinga til ATV med 3 mill. kroner i 2025 for å føre vidare styrkinga i Revidert nasjonalbudsjett 2024.

Som ein del av tiltakspakka mot vald i nære relasjonar i Revidert nasjonalbudsjett 2024 vart òg Vald- og overgrepslinja9 styrkt med 0,5 mill. kroner, tilskot til Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) og Røde Kors-telefonen om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald vart styrkte med 1 mill. kroner kvar, medan telefon- og chattetenesta Foreldresupport10 vart styrkt med 1 mill. kroner, og Krisesentersekretariatet11 vart styrkt med 1,5 mill. kroner. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten tilsvarande i 2025 for å føre vidare styrkinga i Revidert nasjonalbudsjett 2024 til desse organisasjonane. I tillegg føreslår departementet at det blir gitt tilskot til Hjelpetelefon for seksuelt misbrukte i 2025.12

Løyvinga har vidare dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-a). Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til desse også i 2025.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Løyvinga blir òg nytta til tilskotsordninga Tilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å bidra til å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Krisesentera kan òg søkje om midlar til å vidareutvikle tilbodet til særleg utsette grupper. Midlane på posten dekkjer i tillegg utgifter til personalressursar i samband med handsaminga av tilskotsordninga, jf. stikkordet «kan nyttast under kap. 858, post 01». Ein del av tilskotsordninga går òg til kommunane, jf. stikkordet «kan nyttast under post 61».

Departementet føreslår ei løyving på 158,2 mill. kroner i 2025.

Post 73 Tilskot til senter for valdsutsette barn

Posten dekkjer driftstilskot til senter for valdsutsette barn. Løyvinga er nytta til å gi tilskot til Stine Sofies Stiftelse til drift av Stine Sofie Senteret, jf. Innst. 14 S (2017–2018).

Stine Sofie Senteret er eit nasjonalt kurs- og meistringssenter for valds- og overgrepsutsette barn og unge mellom 0 og 18 år, deira trygge omsorgspersonar og søsken. Senteret tilbyr eit gratis opphald på seks dagar og gjeld alle uansett kvar ein bur i landet.

Målet er at deltakarane i eit trygt miljø skal få oppleve glede og få ny kunnskap. Barna skal oppleve meistring, relasjonar mellom barn og omsorgspersonane deira skal styrkjast, og barn skal få oppleve positive møte med andre barn med like erfaringar. Målet er òg at omsorgspersonane skal bli ei meir aktiv støtte for barnet. Kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot blir gitt på bakgrunn av søknad. Posten har hatt stikkordet «kan overførast». Det er ikkje lenger behov for dette stikkordet. Det blir derfor føreslått fjerna.

Departementet føreslår ei løyving på 40,7 mill. kroner i 2025.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

15 303

13 516

17 144

22

Opplæring, forsking, utvikling m.m.

6 555

6 698

6 698

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

4 971

6 001

6 229

71

Bidragsforskot

651 458

Sum kap. 841

678 287

26 215

30 071

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekking av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter dei same satsane som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 17,1 mill. kroner i 2025.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling m.m.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving i meklarkorpset. Løyvinga kan vidare nyttast til å følgje opp meklingsordninga, medrekna å gjennomføre og styrkje kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonfliktsaker og kompetansen deira på å samtale med barn.

Midlane under posten kan òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen for å heve kompetansen ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova. Vidare kan midlane nyttast til kompetanseheving ved domstolane når det gjeld bruk av sakkunnig, samværshindring, samvær etter vald, samvær med tilsyn og tvangsfullbyrding. Føremålet er å betre praksis og samhandling med familievernet og andre tenester i slike saker etter føresegnene i barnelova, irekna å vareta kontakt med Barnesakkunnig kommisjon og sekretariatet i Statens sivilrettsforvaltning.

Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak knytte til samliv og konfliktløysing.

På grunn av reduserte behov føreslår departementet å redusere løyvinga med 0,3 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 6,7 mill. kroner i 2025.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Posten omfattar refusjon av utgifter til DNA-analysar som utanriksstasjonane, domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet har rekvirert ved fastsetjing av farskap. Departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap.

Departementet føreslår ei løyving på 6,2 mill. kroner i 2025.

Kap. 3841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Gebyrinntekter for fastsetjing av bidrag

27 262

26 498

26 259

70

Refusjon frå bidragspliktige

178 689

Sum kap. 3841

205 951

26 498

26 259

Post 01 Gebyrinntekter for fastsetjing bidrag

Partane i bidragssaker skal betale gebyr ved offentleg fastsetjing og endring av barnebidrag når inntekta deira overstig ei fastsett grense. Gebyret utgjer eit rettsgebyr for kvar av partane. Rettsgebyret blir regulert årleg. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 26,3 mill. kroner i 2025.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

405 042

405 764

423 279

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

23 884

26 809

25 316

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

246 681

265 392

275 477

Sum kap. 842

675 607

697 965

724 072

Bufetat har forvaltingsansvaret for familieverntenesta i dei fem regionane og skal vareta omsynet til eit likeverdig tenestetilbod over heile landet. Bufdir forvaltar den faglege og administrative leiinga og drifta av familievernet, som består av både statlege og ikkje-statlege familievernkontor. Familieverntenesta har familierelaterte problem som fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter ekteskapslova § 26 og barnelova § 51. Familievernkontora driv førebyggjande arbeid og utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervising retta mot hjelpeapparatet og publikum. Familievernkontora skal òg samarbeide med andre tenesteytarar i einskildsaker dersom samarbeid er naudsynt for å gi eit heilskapleg og samordna tilbod.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til tilsette og utgifter til varer og tenester knytte til dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltak og administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Løyvinga dekkjer òg nasjonale utviklingsoppgåver knytte til familievernet.

Vidare dekkjer løyvinga drifta av og utviklingsoppgåver knytte til Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK) for det kommunale og statlege barnevernet, familievernet og krisesenter. Nordlandsforskning har fått i oppdrag å følgjeevaluere NASAK. Rapport vil liggje føre i 2025.

I budsjettet for 2024 er løyvinga til NASAK fordelt på tre budsjettkapittel: kap. 840, post 21, kap. 842, post 01, og kap. 854, post 21. Departementet føreslår å samle midlane til NASAK for 2025 på kap. 842, post 01. BFD føreslår derfor å redusere kap. 840, post 21, med 2,9 mill. kroner og kap. 854, post 21, med 3 mill. kroner mot tilsvarande auke på denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 423,3 mill. kroner i 2025.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til forsking, evaluering, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Posten kan òg nyttast til andre tiltak for å utvikle tilbodet til familieverntenesta og samarbeid med andre tenester mv.

Departementet føreslår å redusere kap. 842, post 21, med 1,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 846, post 22, for å samle forskingsmidlane til BFD på familie- og oppvekstområdet. Sjå omtale under kap. 846, post 22.

På grunn av reduserte behov føreslår departementet å redusere løyvinga med 1 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 25,3 mill. kroner i 2025.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltak. Tilskot til kyrkjelege familievernkontor er ikkje statsstøtte, og driftsavtalane med desse familievernkontora fell utanfor anskaffingsreglementet, sidan dei ikkje er tenester i EØS-rettsleg forstand.

Posten blir òg nytta til å gi tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern. Tilskotet skal bidra til administrasjon, utvikling og leiing sentralt i Stiftelsen Kirkens Familievern. Sjå ein meir utfyllande omtale av tilskotet i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern blir tildelt etter søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 275,5 mill. kroner i 2025.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Diverse inntekter

1 138

865

898

Sum kap. 3842

1 138

865

898

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene er diverse kursinntekter med meir. Departementet føreslår ei løyving på 0,9 mill. kroner i 2025.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

2 979

7 900

6 228

Sum kap. 843

2 979

7 900

6 228

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Stønad til adopsjon av barn frå utlandet blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må vere registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir.

Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg då dei fekk omsorga for barnet, og då adopsjonen vart gjennomført eller registrert i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av tilhøve i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få stønad dersom barnet har komme til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet då dei fekk omsorga for barnet.

I budsjettet for 2015, jf. Innst. 14 S (2014–2015), vart adopsjonsstønaden for 2015 fastsett til det dåverande grunnbeløpet, tilsvarande 1 G. Dette nivået på adopsjonsstønaden er seinare vidareført i dei årlege budsjetta. Adopsjonsstønaden er sett tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda som gjeld frå 1. mai 2024. Den nye satsen for stønaden skal gjelde for adoptivbarn som kjem til Noreg frå og med 1. januar 2025, og gjeld for heile kalenderåret. Talet på adopsjonar som ligg til grunn for løyvinga, er usikkert.

Departementet føreslår ei løyving på 6,2 mill. kroner i 2025.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Tilskot, overslagsløyving

1 103 757

913 710

719 100

Sum kap. 844

1 103 757

913 710

719 100

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre.

Målet med ordninga er å bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorga for eigne barn medan dei er små. Ordninga gir familiane auka økonomisk handlingsrom til å velje alternative omsorgsformer til barnehage, og det blir meir likskap i overføringane kvar barnefamilie får frå staten, uavhengig av korleis tilsynet er ordna.

Kontantstøtte blir som hovudregel ytt for barn mellom 13 og 19 månader som er busette i Noreg, og som ikkje eller berre delvis gjer bruk av barnehageplass det blir ytt offentleg driftstilskot til. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

Arbeids- og velferdsetaten forvaltar kontantstøtta.

Forslaget byggjer òg på stønadssatsane og på prognosar for det venta talet på barn i kontantstøttealder, basert på den siste befolkningsframskrivinga til SSB og venta utvikling i bruken av kontantstøtteordninga ut frå statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Løyvinga er føreslått redusert med 0,9 mill. kroner som følgje av nominell vidareføring av makspris i barnehagar. Heilårseffekten av tiltaket er 1,9 mill. kroner, sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.

Departementet føreslår å føre vidare satsane for kontantstøtte med uendra nivå. Forslag til satsar for 2025 står i tabell 4.2.

Departementet føreslår ei løyving på 719,1 mill. kroner i 2025.

Tabell 4.2 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2025 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage (timar per veke)

Kontantstøtte i prosent av full sats

Kontantstøtte per barn per månad

Ikkje bruk av barnehageplass

100

7 500

Til og med 8 timar

80

6 000

Frå 9 til og med 16 timar

60

4 500

Frå 17 til og med 24 timar

40

3 000

Frå 25 til og med 32 timar

20

1 500

33 timar eller meir

0

0

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Tilskot, overslagsløyving

21 364 182

25 731 000

26 900 000

Sum kap. 845

21 364 182

25 731 000

26 900 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til å forsørgje barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd.

Måloppnåinga for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova, og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Barnetrygd blir som hovudregel ytt for barn under 18 år som er busette i Noreg. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

Arbeids- og velferdsetaten forvaltar barnetrygda.

Budsjettforslaget byggjer på nye prognosar for talet på barn med rett til barnetrygd, talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet) og talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn på null til tre år. Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.

Endringane i Prop. 72 L (2023–2024) og endringa i barnetrygdlova om etterbetaling av barnetrygd er rekna til å gi ei innsparing på 225 mill. kroner i heilårseffekt frå og med 2025.

Frå 1. september 2024 auka ordinær barnetrygd for barn 6 år og eldre med 256 kroner i månaden, jf. Innst. 447 S (2023–2024). Auken i satsen er rekna til å gi meirutgifter på om lag 2 400 mill. kroner i heilårsverknad frå og med 2025.

Departementet føreslår å føre vidare satsane i barnetrygda med uendra nivå. Forslaget til satsar for 2025 står i tabell 4.3.

Departementet føreslår ei løyving på 26 900 mill. kroner i 2025.

Tabell 4.3 Forslag til satsar for barnetrygd (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd til barn 0–18 år, frå 1. januar 2025

1 766

21 192

Utvida barnetrygd til einsleg mor eller far for barn 0–18 år, frå 1. januar 2025

2 516

30 192

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år, frå 1. januar 2025

696

8 352

Tabell 4.4 Talet på barn med barnetrygd i 2023. Prognosar for 2024 og 2025

Gjennomsnitt 2023

Gjennomsnitt 20241

Gjennomsnitt 2025

Barn med barnetrygd

1 107 358

1 146 313

1 106 790

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.5 Talet på stønadsmottakarar i 2023. Prognosar for 2024 og 2025

Gjennomsnitt 2023

Gjennomsnitt 20241

Gjennomsnitt 2025

Stønadsmottakarar med barnetrygd for

– eitt barn

294 459

297 553

298 477

– to barn

262 156

264 910

265 733

– tre barn

78 708

79 535

79 782

– fire barn

12 083

12 210

12 247

– fem eller fleire barn

3 143

3 197

3 208

Sum stønadsmottakarar

646 175

655 177

659 447

Stønadsmottakarar med utvida stønad

120 539

119 608

125 207

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

1 162

924

917

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Talet på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 62 og post 71

44 396

54 581

45 857

22

Forsking

8 493

61

Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

235 198

758 299

758 299

62

Utvikling i kommunane

103 537

58 740

79 547

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

183 660

201 318

209 420

71

Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21 og 62

489 717

77 216

12 364

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m.

10 029

12 015

12 362

Sum kap. 846

1 066 537

1 162 169

1 126 342

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 62 og post 71

Posten dekkjer utgifter til førebyggjande tiltak og forskings- og utviklingstiltak på familie- og oppvekstområdet. Posten blir òg nytta til evaluering og oppfølging av tilskotsordningane på familie- og oppvekstområdet. Vidare kan posten bli nytta til å finansiere offentlege utval og ekspertgrupper. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak på familie- og oppvekstområdet.

I budsjettet for 2024 er det sett av 17,4 mill. kroner på kap. 846, post 21, til ein digital ungdomsportal gjennom å utvikle nettstaden ung.no vidare, som ein del av DigiUng-samarbeidet. Delar av løyvinga går til faste stillingar i Bufdir, som departementet føreslår å flytte til kap. 858, post 01. BFD føreslår derfor å redusere kap. 846, post 21, med 5,6 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 858, post 01.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 2,5 mill. kroner til informasjonsarbeid om og arbeid med aldersgrense for sosiale medium. Samla føreslår regjeringa 7 mill. kroner for at barn og unge skal få ein tryggare digital oppvekst, jf. omtale under kap. 846, post 71, kap. 868, post 01 og kap. 1550, post 01 på DFD sitt budsjett. Sammen på vei – Nurse Family Partnership, tidlegare kalla Familie for første gang, er eit spesialisert tilbod for sårbare familiar, som rettar seg mot fyrstegongsfødande i ein vanskeleg livssituasjon.Tiltaket blir føreslått flytta til barnevernsområdet. Departementet føreslår på denne bakgrunn å redusere kap. 846, post 21 med 2,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 21 og kap. 855, post 21. Sjå nærare omtale under kap. 846, post 71.

For å skape meir fleksibilitet i bruken av forskingsmidlar føreslår departementet å opprette ein ny post til forsking innanfor familie- og oppvekstområdet kap. 846, post 22, og å flytte nokre igangverande forskingsprosjekt dit. Posten blir derfor føreslått redusert med 3 mill. kroner i 2025 mot ein tilsvarande auke på den nye posten. Sjå omtale under kap. 846, post 22.

For at Forskingsrådet skal bidra til gjennomføringa av samfunnsoppdraget om å inkludere barn og unge, føreslår departementet å rammeoverføre 0,5 mill. kroner til Kunnskapsdepartementet. Departementet føreslår derfor å redusere posten med 0,5 mill. kroner og å auke kap. 285, post 21, hos Kunnskapsdepartementet med tilsvarande beløp.

For å finansiere endringane i lovforslaget om forbod mot ekteskap mellom nære slektningar, jf. Prop. 99 L (2023–2024) og Innst. 427 L (2023–2024), føreslår departementet å rammeoverføre 1 mill. kroner til Finansdepartementet. Midlane skal gå til å drifte og utvikle programvare i skatteetaten. Departementet føreslår derfor å redusere posten med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1618, post 01.

Grunna reduserte behov, føreslår departementet å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Posten har hatt stikkordet «kan nyttast under post 61». Det er ikkje lenger behov for dette stikkordet. Det blir derfor føreslått fjerna.

Departementet føreslår ei løyving på 45,9 mill. kroner i 2025.

Post 22 Forsking (Ny)

For å skape meir fleksibilitet i bruken av forskingsmidlar føreslår departementet å opprette ein ny post til forsking innanfor familie- og oppvekstområdet kap. 846, post 22.

Løyvinga under denne posten skal nyttast til forsking innanfor familie, oppvekst- og levekår for barn og unge.

BFD føreslår å flytte nokre igangverande forskingsprosjekt frå kap. 840, post 21, kap. 842, post 21, og kap. 846, post 21, til denne posten. Posten blir derfor auka med 6,5 mill. kroner i 2025, mot ein tilsvarande reduksjon på postane ovanfor. Sjå omtale under kap. 840, post 21, kap. 842, post 21, og kap. 846, post 21.

BFD føreslår vidare å flytte 2 mill. kroner frå kap. 800, post 50. til kap. 846, post 22. Midlane skal nyttast til EU Kids Online-undersøkinga i regi av Universitetet i Oslo. Føremålet med undersøkinga er å auke kunnskapen om barn og foreldre sin bruk av internett og ny nettbasert teknologi.

Departementet føreslår ei løyving på 8,5 mill. kroner i 2025.

Post 61 Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

Løyvinga under denne posten blir nytta til tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge. Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal medverke til å utvikle opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Tilskotsordninga på posten har auka atskilleg over tid, frå 554,5 mill. kroner i 2022 til 758 mill. kroner i 2024. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga står i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

BFD løyver i dag midlar til to typar losprosjekt med mål om auka skulegjennomføring blant utsette barn og ungdom: los/ungdomslos gjennom tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge på denne posten, og skulelosprosjekt på kap. 854, post 61. Departementet vurderer det som lite tenleg å forvalte tilskotsmidlar til skulelosprosjekt separat frå tilskot til andre losprosjekt. Departementet føreslår å samle finansieringa av losprosjekt under Tilskot til å inkludere barn og unge.BFD føreslår derfor å redusere kap. 854, post 61, med 1,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 846, post 61.

Løyvinga på posten har i 2024 vore nytta til namngitte tilskot til Blå Kors-tiltaket Barnas Stasjon, Røde Kors-tiltaket Ferie for alle, ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT) og pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv. Det er òg gitt driftstilskot til organisasjonen MOT og stiftelsen BUA, som i dag tilbyr fleire tenester som utstyrssentralar kan nytte mot at dei betaler ei årsavgift til stiftelsen. Departementet føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til desse tiltaka i 2025. Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

I 2025 skal Tilskot til å inkludere barn og unge evaluerast. For å finansiere evalueringa føreslår departementet å redusere tilskotsordninga med 1 mill. kroner. Evalueringa blir finansiert på kap. 846, post 21.

Departementet føreslår i 2025 å føre vidare løyvinga på same nominelle nivå.

Departementet føreslår ei løyving på 758,3 mill. kroner i 2025.

Post 62 Utvikling i kommunane

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot til prosjekt og program på familie- og oppvekstområdet i kommunal sektor.

Løyvinga dekkjer to tilskotsordningar: Foreldrestøttande tiltak og Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn (som byggjer på det tidlegare modellkommuneforsøket).

Tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak har som mål å styrkje foreldre i foreldrerolla, bidra til at foreldra blir gode omsorgspersonar for barna sine, og førebyggje at barn blir utsette for vald, overgrep eller omsorgssvikt. Ein meir utfyllande omtale av ordninga finst i Prop. 1 S (2021–2022) og Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet.

Regjeringa føreslår ei auke på 20 mill. kroner til kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande arbeid i Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim og Drammen. Målet med tiltaket er å gi støtte til foreldre, med ungdom som har byrjande risikofylt åtferd, slik at dei kan ivareta sitt foreldreansvar og gi god omsorg. Kommunane bør prioritere å samarbeide med frivillige organisasjonar om tiltaka. Tilskot vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Tilskotsordninga Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn skal styrkje det utviklande og førebyggjande arbeidet kommunane gjer. Ordninga har som mål å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Ordninga har verka over fleire år. Dette inneber at mange kommunar no har fått prosjekttilskot frå ordninga for å utvikle samhandlingsmodellar, og at behovet for ordninga er lågare. Løyvinga til ordninga vart redusert i 2024. Departementet føreslår at løyvinga til ordninga i 2025 blir redusert med ytterlegare 1,7 mill. kroner. Ordninga er endra slik at løyvinga i 2024 og 2025 går til å implementere allereie utvikla modellar og ikkje til å utvikle nye modellar. Det vil seie at det ikkje vil bli gitt tilskot til nye kommunar i desse to åra, og at berre kommunar som allereie har fått tilskot til å utvikle ein modell over ordninga, kan søkje om tilskot til implementering.

Vidare er det sett av 0,25 mill. kroner til prisen Årets ungdomskommune i 2025 på posten.

Departementet føreslår ei samla løyving på 79,5 mill. kroner i 2025.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Løyvinga under posten blir nytta til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar gjennom nasjonal grunnstønad. Føremålet er å leggje til rette for at barn og ungdom skal kunne delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner vart revidert og forenkla i 2022 og gjeld frå og med tilskotsåret 2024.

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til drift av nasjonalt arbeid. Tilskota skal leggje til rette for at barn og ungdom kan delta i barne- og ungdomsorganisasjonar og fritidsklubbar.

Midlar til tilskotet Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) er mottakar av tilskotet. LNU får tilskotet med den føresetnaden at dei fordeler det vidare til ulike prosjekt. Tilskotet skal stimulere barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø til å setje søkjelys på mangfald, haldningar og deltaking. Målet med tilskotet er å gi barn og ungdom høve til å vise at mangfald er eit positivt element i samfunnet.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Løyvinga på posten har vore nytta til drift og vidareutvikling av portalen LNU har for utlån av lokale som skal gi barne- og ungdomsorganisasjonar enklare tilgang på lokale til aktiviteten sin. BFD føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til dette i 2025.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner til driftstilskot til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede.

Departementet føreslår ei løyving på 209,4 mill. kroner i 2025.

Post 71 Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21 og post 62

Posten blir nytta til å støtte utviklings- og opplysingsarbeid som kan auke kunnskapen om og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet og rettane til barn og ungdom.

Det er i 2024 gitt tilskot til Ungdom mot Vold, Oslo Røde Kors-tiltaket Kors På Halsen, Barnevakten og Blå Kors-tiltaket SnakkOmPsyken.

Det er òg gitt tilskot til driftsstøtte for adopsjonsorganisasjonane InorAdopt, Verdens Barn og Adopsjonsforum. I tillegg er det gitt driftsstøtte til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS).

Departementet føreslår at det òg blir gitt tilskot til desse organisasjonane i 2025.

Departementet føreslår å auke løvinga på posten i 2025 med 3 mill. kroner til ekstra driftsstøtte til InorAdopt, Verdens Barn og Adopsjonsforum. Auken er eittårig.

Vidare føreslår departementet å auke løvinga på posten med 0,5 mill. kroner til stiftelsen Barnevakten. Midla skal gå til å auke og tilgjengeleggjere informasjon om barn og sosiale medium til barn, unge, foreldre og vaksne som arbeider med barn.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Sammen på vei – Nurse Family Partnership, tidlegare kalla Familie for første gang, er eit spesialisert tilbod for sårbare familiar, som rettar seg mot fyrstegongsfødande i ein vanskeleg livssituasjon. Kommunane ser på programmet som eit viktig førebyggjande tiltak etter intensjonane i barnevernsreforma. I budsjettet for 2024 er løyvinga til Sammen på vei fordelt på postane 21 og 71 under kap. 846. Departementet vurderer tiltaket som eit førebyggjande tiltak i barnevernet og føreslår å flytte 71,3 mill. kroner frå kap. 846, post 71, til kap. 854, post 61. Sjå omtale under kap. 846, post 21, kap. 854, post 21, og kap. 854, post 61.

Departementet føreslår ei løyving på 12,4 mill. kroner i 2025.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m.

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane kan søkje om grunnstønad til internasjonalt arbeid. Målet for den internasjonale grunnstønadsordninga er å støtte og fremje internasjonalt ungdomsarbeid og internasjonalt samarbeid på ungdomsfeltet. For nærare omtale av tilskotsordninga, sjå Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

Vidare kan Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede søkje om tilskot til internasjonalt arbeid. Tilskota skal leggje til rette for at barn og ungdom kan delta i internasjonalt samarbeid, engasjement og idéutveksling.

Posten dekkjer òg det norske bidraget til Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF).

Ein tek òg sikte på å gi tilskot til Technical Assistance Program, i regi av Haag-konferansen for internasjonal privatrett (ICATAP), som eit bidrag til internasjonalt arbeid på adopsjonsfeltet.

Posten dekkjer òg kostnader til barne- og ungdomssamarbeid i Barentsrådet. Det norske Barentssekretariatet får tilskot for å fremje fleirnasjonalt ungdomssamarbeid i Barentsregionen.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Posten kan òg nyttast til at departementet deltek i mellomstatleg samarbeid om barne- og ungdomspolitikken.

Grunna reduserte behov, føreslår departementet å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Posten har hatt stikkordet «kan overførast». Det er ikkje lenger behov for dette stikkordet. Det blir derfor føreslått fjerna.

Departementet føreslår ei løyving på 12,4 mill. kroner i 2025.

Kap. 847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter, kan overførast

20 205

16 968

17 450

Sum kap. 847

20 205

16 968

17 450

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og andre driftsutgifter ved det nasjonale kontoret som forvaltar ungdomsdelen av EU-programmet for ungdom, utdanning og opplæring, Erasmus+. Løyvinga må sjåast i samanheng med kap. 3847, som omhandlar bidraget frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Det nasjonale kontoret har ansvaret for handsaminga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspolitiske tiltaka i Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 17,5 mill. kroner i 2025.

Kap. 3847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Tilskot frå Europakommisjonen

7 201

5 964

5 964

Sum kap. 3847

7 201

5 964

5 964

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innanfor ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+. Sjå nærare omtale på kap. 847, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 6 mill. kroner i 2025.

Kap. 848 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

24 104

24 344

25 040

Sum kap. 848

24 104

24 344

25 040

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for rettane til barn. Barneombodet har som oppgåve å fremje interessene til barna overfor det offentlege og det private og skal følgje med på utviklinga i oppvekstkåra til barn.

Barneombodet skal særleg følgje med på at lovgivinga som skal verne om interessene til barna, blir følgd, og at norsk rett samsvarer med pliktene Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettar. Barneombodet skal på eige initiativ, eller som høyringsinstans, sikre interessene til barna i samband med planlegging og utgreiing på alle område, føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til barna, og følgje med på om endringane er gode for barna.

Barneombodet skal òg fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Barneombodet skal vidare følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om rettane til barna og tiltaka dei har behov for.

Barneombodslova ligg til grunn for arbeidet. Barneombodet er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet og er fagleg uavhengig.

Resultatrapport

Barneombodet lanserte i 2023 rapporten Blod er ikke alltid tykkere enn vann. Rapporten byggjer på samtalar og innsikt frå barn i fosterheimsomsorga, barn som tidlegare har budd i fosterheim, fosterforeldre og tilsette i barnevernstenesta. Rapporten har tydelege tilrådingar for å styrkje fosterheimsomsorga og for å styrkje vernet av barn.

Barneombodet har arbeidd for at fleire barn skal oppleve meistring og inkludering i skulen. Barneombodet sette i 2023 ned ei ekspertgruppe om ufrivillig skulefråvær, med ungdom som hadde vore borte frå skulen i lengre tid. Målet var å få informasjon om kva som skal til for at elevane kjem tilbake til skulen. Ekspertgruppa la i 2024 fram ein rapport med sine erfaringar og tilrådingar til skulestyresmaktene.

Barneombodet gjennomførte eit innsynsarbeid hos statsforvaltarane om klagesaker på gjennomføring av spesialundervising. Resultatet frå arbeidet var sendt over til styresmaktene, som eit innspel til korleis spesialundervisinga bør kvalitetssikrast betre.

Barneombodet har hatt tett dialog med Arbeids- og velferdsdirektoratet rundt korleis direktoratet kan rettleie dei kommunale Nav-kontora, slik at dei kan innarbeide barneperspektivet i sakshandsaminga, der det er relevant.

Barneombodet har arbeidd for at styresmaktene skal endre den generelle rettleiinga til utgreiingsinstruksen, slik at ein sikrar betre konsekvensvurdering av barn sine rettar ved statlege tiltak. Det er grunnlovfesta at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle avgjerder som har følgjer for barn. Både offentlege styresmakter, fylke og kommunar har plikt til å vurdere dette, ikkje berre i einskildsaker, men også på systemnivå. For å bidra til at dei som arbeider med dette, skal få auka kunnskap og større mogelegheit til å vareta dette grunnleggjande omsynet, har Barneombodet utvikla eit e-læringsverktøy.

Barneombodet har fire arbeidsmetodar:

  • overvaking for å hente inn informasjon frå ulike område om tilstanden til barnerettane. Kontoret lagar på bakgrunn av dette rapportar og annan skriftleg dokumentasjon til bruk overfor politiske styresmakter og samfunnet elles.

  • påverknad for å gi informasjon om kva Barneombodet meiner i faglege spørsmål

  • opplæring for å bidra til at offentlege styresmakter har naudsynt kunnskap om barnekonvensjonen

  • rettleiing for å bidra til at privatpersonar, fortrinnsvis barn og unge, skal få informasjon om rettane sine

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Barneombodet.

Departementet føreslår ei løyving på 25 mill. kroner i 2025.

Programkategori 11.20 Barnevern

Hovudinnhald og prioriteringar

Barnevernet skal etter barnevernslova gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira. Barnet sin rett til vern og prinsippet om det beste for barnet er grunnleggjande omsyn i norsk rett og i arbeidet til barnevernet. Barnevernet skal òg gi foreldre hjelp og støtte til å yte god omsorg for barna sine. Barnevernet har plikt til å vareta og støtte opp om retten barn og foreldre har til familieliv med kvarandre. I samhandling med andre tenester, både kommunale og statlege, skal arbeidet i barnevernet bidra til trygge oppvekstvilkår for barn, unge og deira familiar.

Barnevernet er både ei kommunal og ei statleg teneste. Barnevernstenesta skal mellom anna gi råd og rettleiing, gjennomgå meldingar om bekymring, gjere undersøkingar og vedtak om frivillige tiltak, gjere akuttvedtak, førebu saker for handsaming i barneverns- og helsenemnda og følgje opp barn som bur utanfor heimen. Barnevernstenesta er ei viktig velferdsteneste i samhandling med mellom anna helse, skule og sosiale tenester i kommunen. Barneverns- og helsenemnda gjer vedtak om tvang etter barnevernslova, etter at barnevernstenesta har bringa saka inn til nemnda. Det statlege barnevernet, ved Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), har ei lovpålagd bistandsplikt. Dette inneber å yte bistand til kommunar dersom det blir behov for å gi barn eit omsorgstilbod utanfor heimen, og kommunen ikkje finn ein eigna fosterheim i slekta eller det nære nettverket til barnet. I tillegg har Bufetat ansvar for å etablere og drifte barnevernsinstitusjonar, og tilbyr spesialiserte hjelpetiltak som kommunane kan nytte for spesifikke målgrupper. Barne- og familieetaten i Oslo har eit tilsvarande ansvar i Oslo kommune som Bufetat har elles i landet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er fagdirektorat for kommunalt og statleg barnevern.

Barnevernet gir god hjelp til mange barn og familiar, og mange er nøgde med hjelpa dei får. Samstundes har barnevernet krevjande utfordringar, noko som er godt dokumentert i mellom anna utgreiinga til Barnevernsutvalet i NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtidGjennomgang av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet. Utvalet viser til at forsking og tilsyn finn manglande framdrift og mangel på faglege vurderingar og systematikk i undersøkingsarbeidet i det kommunale barnevernet. Slike utfordringar kan handle om tilsette som manglar kunnskap og ferdigheiter til å forstå og vurdere den heilskaplege livssituasjonen til utsette barn, unge og familiar, og til å handle på basis av denne. Mangel på hjelpetiltak kan òg vere ei utfordring for å gi god og forsvarleg hjelp til rett tid. Vidare omtaler utvalet at for mange barn opplever å måtte flytte mellom fleire barnevernstiltak, manglande involvering av barn og foreldre og dessutan manglande mangfaldskompetanse.

Det blir rekruttert for få fosterheimar, og rettleiinga og oppfølginga av fosterheimane er ikkje god nok. Oppfølginga av fosterheimar er ulikt organisert i kommunane, og kvaliteten fosterfamiliane opplever, varierer. Mange fosterforeldre er derfor usikre på kva dei kan vente seg av oppfølging.

Barnevernsinstitusjonsutvalet beskriv utfordringane i institusjonsbarnevernet i NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen – Barnevernsinstitusjoner som har barnas tillit. Utvalet finn at mange av barna som bur på barnevernsinstitusjonar flyttar for mykje, ikkje får naudsynt helsehjelp, manglar eit tilpassa skuletilbod, og har utfordringar med rus. Barna får ikkje eit heilskapleg, føreseieleg og tilpassa omsorgstilbod eller ei god nok hjelp til livsmeistring, utviklingsstøtte og vern. Utvalet peiker på at det er krevjande å få til eit godt og naudsynt samarbeid mellom ulike tenester og sektorar som barnevernssektoren, helsesektoren, utdanningssektoren og Nav. Vidare har Bufetat dei siste åra hatt store utfordringar med varetaking av bistandsplikta på institusjonsområdet. Bistandsplikta er eit viktig tryggingsnett for å forhindre at barn blir ståande utan omsorg.

Det har blitt sett i gang ei rekkje tiltak for å heve kvaliteten på sakshandsaminga og avgjerder i barnevernet, styrkje rettstryggleiken for barn og familiar og for å heve kvaliteten på tenestetilbodet. Ny barnevernslov tok til å gjelde 1. januar 2023. Lova er viktig for å gi eit likeverdig tilbod over heile landet og for rettstryggleiken og kvaliteten på arbeidet i det kommunale barnevernet. Lova inneheld til dømes tydelegare krav til forsvarleg sakshandsaming. Lova tydeleggjer ansvaret kommunedirektøren har for fagleg kvalitet og oppfølging. Saman med krav til årleg rapportering til kommunestyret så styrkjer dette plassen til barnevernet i kommunane. Det har komme nye digitale løysingar som skal gi dei tilsette betre fagleg støtte i arbeidet med barnevernssakene. Departementet har saman med Helse- og omsorgsdepartementet dei siste åra hatt ei helsesatsing med tiltak som skal bidra til at barn og unge i barnevernet får den helsehjelpa dei treng. Dei statlege institusjonane er styrkte med tanke på både bygningsmasse og bemanning for å gjere dei betre i stand til å ta vare på barna med dei største og mest samansette behova. Det er likevel naudsynt å arbeide for at barnevernet på ein betre måte enn i dag oppfyller samfunnsmandatet sitt.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei kvalitetsreform i barnevernet som ein lovproposisjon med meldingsdel våren 2025. Lovforslaga i reformen var på høyring våren 2024. Reforma skal styrkje rettstryggleiken til barn og foreldre, gi auka stabilitet i fosterheim, gi barn i institusjon eit tilbod som er i tråd med behova deira for omsorg og vern, og bidra til at barn og familiar opplever at barnevernet er tilgjengeleg og har tilstrekkeleg tid og bemanning. Reforma vart varsla av regjeringa i Hurdalsplattforma. Gjennom juridiske, økonomiske og pedagogiske verkemiddel skal reforma møte dei viktigaste utfordringane i kommunalt og statleg barnevern. Den tidlege og tverrfaglege innsatsen retta mot utsette barn og unge skal styrkjast. Barn og unge skal få medverke og ha moglegheiter til å klage på viktige avgjerder.

Eit særs viktig innsatsområde framover er institusjonstilbodet i barnevernet. Regjeringa la våren 2024 fram strategien Vårt felles ansvar – ny retning for barnevernets institusjonstilbud som stakar ut ein ny tverrdepartemental kurs for det langsiktige arbeidet med å gi god og samordna hjelp til barna som treng institusjonstilbod. Dei konkrete tiltaka og lovforslaga vil bli lagde fram i kvalitetsreforma. Strategien inneheld følgjande overordna mål for videre utvikling av institusjonstilbodet:

  • Fleire barn som ikkje kan bu heime, skal kunne få hjelp i kommunal regi.

  • Barn som treng det, skal få eit institusjonstilbod som gir dei ro og tilpassar seg deira behov og ressursar.

  • Barn som bur på institusjon, skal oppleve god omsorg, utviklingsstøtte og vern.

  • Barn som bur på institusjon, skal få god helsehjelp og eit skuletilbod som fremjar meistring og framtidsmoglegheiter.

  • Barn med rusmiddelproblem skal få trygg og heilskapleg hjelp.

  • Barn med store og samansette behov skal få samordna hjelp og oppleve trygge overgangar.

Regjeringa føreslår 57,7 mill. kroner til ein pilot om utprøving av ein ny måte å innrette institusjonstilbodet på i tråd med regjeringas strategi og forslaga i NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen. Forslaget frå utvalet inneber ei forenkling av dagens sju ulike målgrupper på barnevernsinstitusjon, til ei meir fleksibel innretning med tre institusjonstypar, støtta av helseteam og tverrfagleg kartlegging. I piloten vil det bli prøvd ut institusjonseiningar med integrerte avdelingar som kan vareta barna sine ulike behov, og dermed sikre meir stabilitet og større grad av fleksibilitet. Dette vil kunne gi barn større grad av ro og normalitet, og redusere behovet for at barn må flytte. Sjå òg omtale av institusjonspilot knytta til Regjeringas satsing på førebygging av barne- og ungdomskriminalitet.

Regjeringa vil samstundes halde fram arbeidet med å styrkje dei statlege institusjonane. Målet er å auke kapasiteten og gjere dei betre i stand til å vareta barna med dei største og mest samansette behova, og at Bufetat skal kunne vareta bistandsplikta. Dette har blitt gjort gjennom å etablere nye plassar og ved å styrkje og omstille eksisterande statlege institusjonar. For 2025 føreslår regjeringa å løyve 119 mill. kroner til å auke talet på statlege institusjonsplassar som kan vareta barn med dei største og mest samansette behova. Auka kapasitet som møter barna sine behov, betre utnytting av den noverande kapasiteten, og meir fleksible institusjonar, er hovudgrepa regjeringa tek for at Bufetat kan vareta bistandsplikta. Regjeringa føreslår òg å auke løyvinga til det statlege barnevernet med 433 mill. kroner i 2025, grunngitt endringar i behova til barna og auka utgifter til private barnevernsinstitusjonar.

Regjeringa vil òg styrkje fosterheimsomsorga. I juni 2024 la regjeringa fram ei eiga melding om fosterheimsomsorga til Stortinget. Det overordna målet for tiltaka i Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i er å gi barn og unge ein fosterheim når dei treng det. I tillegg er det eit overordna mål å gi dei ei trygg, stabil tilknyting og omsorgssituasjon ved å gjere omsorgsutøvinga enklare for fosterforeldre. Tiltaka skal bidra til auka rekruttering, betre oppfølging av fosterheimar og meir føreseielege rammer for fosterforeldre. Regjeringa føreslår 50 mill. kroner i 2025 til å betre arbeidet kommunane gjer med fosterheimar. Bufetat skal gi kommunane fag- og tiltaksstøtte for å bidra til betre oppfølging av fosterheim. Regjeringa vil òg leggje betre til rette for kommunale initiativ og samarbeid om oppfølginga av fosterheimar. Regjeringa har våren 2024 hatt på høyring forslag som vil gi fosterforeldre meir føreseielege rammer, mellom anna å innføre ei plikt for kommunane til å gi frikjøpte fosterforeldre godtgjering tiltenkt pensjonssparing. Lovforslaga vil bli lagde fram i kvalitetsreforma. Regjeringa føreslår å auke rammetilskotet til kommunane for å kompensere kommunane med halvårsverknad i 2025 for dei forventa meirutgiftene for kompensasjon til tenestepensjon. Dette for å støtte opp under implementeringa og for at kommunane skal rekke å reforhandle alle fosterheimsavtalane innan plikta trer inn i absolutt forstand. Ei lovendring vil ikkje kunne ta til å gjelde før 1. januar 2026, og det blir føresett at kommunane tilpassar seg lovendringa i løpet av 2025.

Styresmaktene har behov for betre kunnskap for å kunne setje i verk målretta tiltak for å auke kvaliteten på sakshandsaminga og tenestetilbodet i barnevernet. Dette gjeld mellom anna rapportering om alvorlege hendingar, utvikling av statistikk og analysar av barnevernet. Det er òg behov for å gjere datasystema i barnevernet betre, og dei skal vidareutviklast slik at dei gir god kvalitetsstøtte til dei tilsette og bidreg til effektiv samhandling på tvers av sektorar. Regjeringa føreslår 28 mill. kroner til dette.

Regjeringa er i gang med å etablere ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn ved dødsfall og svært alvorlege hendingar som rammar barn, som drap, vald, overgrep eller grov omsorgssvikt. Regjeringa tek òg sikte på å fremje ein lovproposisjon våren 2025 med forslag til naudsynt lovregulering av ordninga. Ordninga skal mellom anna bidra til å avdekkje svikt i tenesteapparatet og til at avdekte feil fører til læring og risikoreduserande tiltak. Etablering av denne undersøkingsordninga er ei oppfølging av tilråding i NOU 2017: 12 Svikt og Svik og var varsla tiltak i opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar.

Mål

BFD har desse måla på barnevernsområdet for 2025:

Mål

  • Barn og foreldre skal få hjelpetiltak tilpassa deira behov og som bidreg til positiv endring. Tilbodet skal vere likeverdig i heile landet.

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit tilbod som fremjar ro, tryggleik, tillit, positiv utvikling, og som tek vare på relasjonane til barnet.

  • Barnevernet skal arbeide kunnskapsbasert og tillitsskapande i møte med barn, familiar og andre tenester.

  • Rettstryggleiken til barn og foreldre skal varetakast i alle fasar av barnevernssaka.

Måla om hjelpetiltak og tiltak utanfor heimen er nærare omtalte under Tiltak i barnevernet, målet om arbeidet i barnevernet er omtalt under Kvalitetsutvikling i barnevernet, medan målet om rettstryggleik er omtalt under Rettstryggleik i barnevernet.

Resultatrapport og strategiar

Under denne overskrifta blir det gitt resultatrapportering om tiltak departementet har sett i verk i barnevernssektoren i 2023 og fyrste halvåret av 2024. Vidare blir det gitt ein omtale av kva særskilde strategiar og satsingsområde departementet har for barnevernssektoren for 2025.

Tiltak i barnevernet

Tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet

Tidleg innsats

Kommunane skal fremje gode oppvekstvilkår gjennom tiltak for å førebyggje omsorgssvikt. Dei har ei lang rekkje universelle tenester retta mot barn og familiar som til dømes barnehage, grunnskule, skulefritidsordning, helsestasjon, skulehelseteneste og ulike kultur- og fritidstilbod. I motsetning til barnevernstiltak er dette tilbod til alle barn eller grupper av barn. Eit godt utbygd oppveksttilbod kan i praksis gi familiar hjelp som bidreg til å førebyggje behov for barnevernstiltak eller andre spesialiserte hjelpetenester.

Det kan vere utfordrande å komme tidleg nok inn for å hjelpe familiar og å førebyggje behov for barnevernstiltak. Barnevernsreforma som tok til å gjelde i 2022, har som mål at fleire utsette barn og familiar skal få den hjelpa dei treng på eit tidleg tidspunkt, og at tenestetilbodet skal vere tilpassa lokale behov. Reforma har gitt kommunane auka fagleg og økonomisk ansvar, noko som skal bidra til å styrkje høvet og insentiva kommunane har til heilskapleg førebygging og tidleg innsats.

Barnevernsreforma blir evaluert av Menon Economics i samarbeid med NTNU Samfunnsforskning. Fyrste delrapport kom i desember 2022. Neste kjem i januar 2025, og endeleg leveranse er i 2027. Evalueringa viser så langt at fleire kommunar har satsa på det førebyggjande arbeidet, og at kommunane har brukt om lag 100 mill. 2023-kroner mindre på barnevernsområdet enn dei fekk i auka rammetilskot. Det ligg ikkje føre kunnskap om korleis midlane frå det auka rammetilskotet er prioriterte, det vil seie om mindreforbruket på barnevernsområdet til dømes har gått til førebyggjande arbeid og tidleg innsats i andre sektorar eller til andre føremål i kommunane. Menon tilrår at det blir utarbeidd nasjonale retningslinjer/rettleiing om tidleg innsats og førebyggjande arbeid i kommunane. Dei tilrår dessutan meir utfyllande og relevant statistikk om forbruket til kommunane på desse områda. Rapporten som kjem i januar 2025, vil innehalde meir kvalitative undersøkingar som forhåpentleg kan avdekkje meir av dei aktive vala kommunane gjer, og dei positive initiativa frå dei, og såleis om barnevernsreforma byrjar å få konkrete effektar.

Dei økonomiske konsekvensane av barnevernsreforma har òg blitt vurderte av ei arbeidsgruppe som vart nedsett av Barne- og familiedepartementet, med representantar frå KS og Bufdir. Gruppa finn at det har vore ein nedgang i utgiftene kommunane har til barnevern sidan 2022. Dei finn òg at andre sektorområde i kommunane i stort har blitt styrkte. For å få eit betre bilete av om det er eit trendskifte og eit utslag av reforma, eller om dette kjem av andre tilhøve, må ein studere individdata og sjå på tenestene i meir kvalitative studiar.

Barnevernsreforma har ei overgangsordning for å dempe effekten for kommunane av avvik frå faktiske utgifter etter overgang til kompensasjon over rammetilskotet. Ordninga inneber at halvparten av kompensasjonen blir fordelt særskilt etter faktisk tiltaksbruk basert på rekneskapsåret 2020. Denne overgangsordninga varer ut 2024. I tråd med det som tidlegare er varsla, vil heile kompensasjonen bli fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnevern frå og med 2025. Barnevernsreforma har i tillegg ei overgangsordning som inneber at kommunane betaler lågare eigendelar for plassar i spesialiserte fosterheimar og beredskapsheimar, som starta før reforma tok til å gjelde 1. januar 2022. Regjeringa legg opp til at kommunane frå 2026 skal betale same eigendel på alle plassar i spesialiserte fosterheimar og beredskapsheimar, òg plasseringar gjorde før 2022. Kommunane vil bli kompenserte for dette gjennom ein auke i kommuneramma for 2026. Etter dette vil barnevernsreforma vere fullfinansiert.

Gjennom styringsdialogen med statsforvaltarane på felles etatsstyringsmøte i 2024 har Bufdir saman med Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Utdanningsdirektoratet vektlagt omsynet til tverrsektorielt samarbeid om tidleg innsats. I tillegg er behovet for samordna og brukartilpassa tenester i alle instansar vektlagt. Sjå òg omtale under overskrifta «Betre samarbeid for utsette barn og unge» i programområde 11.10 Familie og oppvekst.

Eit tiltak som er i samsvar med intensjonane i barnevernsreforma, er det førebyggjande og spesialiserte tiltaket Sammen på vei – Nurse Family Partnership. Tiltaket rettar seg mot fyrstegongsgravide i ein vanskeleg livssituasjon. Programmet er under utprøving fram til 2028. Målet er å betre helsa og utviklinga til barnet, styrkje omsorgsevnene til foreldra og førebyggje omsorgsovertakingar, bidra til økonomisk sjølvstende og auka tillit til og kontakt med hjelpetenester. I 2024 er løyvinga til tiltaket på 71,4 mill. kroner. Departementet vurderer at tiltaket kan ha betyding i mange barnevernssaker. Tiltaket er derfor flytta til Programkategori 11.20 Barnevern frå Programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Programmet er implementert i fem geografiske utprøvingsområde og inkluderer 37 kommunar. Ved utgangen av 2023 hadde totalt 640 fyrstegongsgravide og familiane deira delteke i programmet. Bufdir skal fortløpande innhente og systematisere erfaringane tenestene har gjort seg med å praktisere programmet, for å sikre god nytte av erfaringane òg etter utprøvinga. I juni 2023 sette Bufdir i gang ein effektstudie av programmet i regi av OsloMet AFI som går fram til 2028.

Hjelpetiltak

Av og til kan det vere naudsynt at barnet og familien får hjelp frå barnevernet med frivillige hjelpetiltak i heimen. Kva slags type hjelpetiltak som skal setjast i verk, og omfanget av hjelpetiltaket, vil ha samanheng med kva barnet og familien treng i den einskilde saka. Nokre hjelpetiltak kan vere direkte knytte til barnet, medan andre vil rette seg mot foreldra. Barnevernet kan til dømes setje inn hjelpetiltak for å auke foreldrekompetansen eller for å avlaste foreldra. Ofte vil det vere naudsynt med ein kombinasjon av tiltak for å hjelpe barnet og familien på best mogleg måte. Barn kan òg bu utanfor heimen som eit frivillig hjelpetiltak.

Figur 4.1 viser ulike typar hjelpetiltak og korleis dei fordeler seg på dei ulike aldersgruppene.

Figur 4.1 Hjelpetiltak per 31. desember 2023 fordelte på alder (0–24 år)

Figur 4.1 Hjelpetiltak per 31. desember 2023 fordelte på alder (0–24 år)

Kjelde: SSB 2024

Arbeidet med hjelpetiltak har ulik kvalitet i kommunane, og hjelpetiltaka er ikkje alltid tilpassa behova til barn og foreldre. Det kan vere spesielt utfordrande å gi verksam hjelp til barn i familiar med samansette og omfattande problem. I mange tilfelle manglar det systematiske og grundige vurderingar av behova til barna og kva hjelp dei treng. Det kan i tillegg vere vanskeleg å etablere ein god relasjon med familien. Retten barn og familiar har til medverknad, blir ikkje alltid godt nok vareteken. Mange barn opplever at dei ikkje blir tilstrekkeleg lytta til, og at dei har lite innverknad på dei avgjerdene som blir tekne om livet deira. Det er krevjande for mange tenester å byggje opp tilstrekkeleg kompetanse og tiltak, og særleg gjeld dette for sakstypar som opptrer sjeldan eller er særleg samansette. Utfordringane utgjer ein risiko for at problema i familien utviklar seg i negativ retning, noko som etter kvart kan gjere det naudsynt med meir inngripande tiltak enn frivillige hjelpetiltak.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barn og foreldre skal få hjelpetiltak tilpassa deira behov og som bidreg til positiv endring. Tilbodet skal vere likeverdig i heile landet.

Under gjer departementet greie for oppnådde resultat i 2023 og fyrste halvdelen 2024 og planlagde tiltak i 2025 som skal bidra til måloppnåing.

Bufdir har sidan 2020 samarbeidd med kommunar, brukarorganisasjonar og relevante forskingsmiljø om å utvikle eit heilskapleg rammeverk for korleis dei kommunale barnevernstenestene skal kunne gi systematisk og god hjelp til barn og familiar. Ein del av dette rammeverket er Grunnmodell for hjelpetiltak i kommunalt barnevern. Modellen inneheld støtte til tenestene ved val, tilpassing, oppfølging og evaluering av hjelpetiltak, i tillegg til å systematisere arbeidet med medverknad. Den gir òg rettleiing og anbefalingar dei tilsette kan bruke når dei samarbeider med andre tenester om å gi familiar eit heilskapleg tenestetilbod.

Ni tenester har fått tilskot frå Bufdir for å delta i utprøvinga og utviklinga av modellen ut 2024. Utprøvinga har vist resultat som tyder på at modellen vil bli eit viktig bidrag for eit likeverdig og ressurseffektivt hjelpetiltakstilbod og eit bidrag til at familiar og barn vil få god hjelp der dei bur. Ved årsskiftet 2024–2025 har Bufdir ein heilskapleg grunnmodell for hjelpetiltaksarbeidet til barnevernstenesta i familiar med barn frå 0 år og fram til unge vaksne i ettervern fyller 25 år. I 2025 vil det bli opna for at fleire kommunar kan få tilskot til implementering av modellen. Sjå nærare omtale under kap. 854, post 61.

Statlege spesialiserte hjelpetiltak er eit supplement til det kommunale tilbodet, og inkluderer tiltak som krev store opptaksområde, og som det vil vere svært vanskeleg for dei aller fleste kommunane å gjennomføre i eigne tenester. Bufetat kan tilby spesialiserte hjelpetiltak i heimen når det blir vurdert at dette kan forhindre at eit barn blir plassert utanfor heimen. Hjelpetiltaka er retta mot barn og ungdom med samansette og utfordrande vanskar, ofte kombinert med rusbruk. Bufetat tilbyr dei spesialiserte hjelpetiltaka relasjonsfokusert familieterapi (RFT) og multisystemisk terapi (MST) til familiar med ungdom i alderen 11–18 år. Eit hovudmål er å redusere utfordringane til ungdommane ved å styrkje evna dei primære omsorgsgivarane har til å hjelpe ungdommen til å meistre problem i familien, blant jamaldrande, på skulen og i nærmiljøet.

For å få eit meir likeverdig tilbod av spesialiserte hjelpetiltak i heile landet vart det i statsbudsjettet 2023 løyvd 8,5 mill. kroner for å auke tilgangen til MST, eller liknande tiltak, i dei områda i Noreg der få eller ingen kommunar har tilgang på det. Løyvinga er mellom anna brukt til å opprette eit nytt MST-team i Mo i Rana, som har ført til at 18 kommunar i Nordland har fått betre tilgang til MST. I tillegg er tilbodet om RFT styrkt på Vestlandet. Samstundes rapporterer Bufetats regionar jamt om større pågang enn kapasitet i det samla tilbodet om spesialiserte hjelpetiltak.

Bufetat tilbyr òg støtte til kommunar som ønskjer å setje i verk familierettleiing med bruk av metoden Parent Management Training – Oregon (PMTO) i eigne tenester. Innsatsen vart styrkt frå 2023. I løpet av 2024 vil det bli utdanna 92 nye kommunale terapeutar over heile landet som kan yte familierettleiing til familiar med barn mellom 4 og 12 år med eller i fare for å utvikle åtferdsvanskar. Til saman har 168 kommunar no moglegheit for å tilby PMTO til barn og familiar. Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) og Bufetats regionar arbeider aktivt saman med Bufdir om vidare planar for korleis tilbodet kan bli utvida til alle kommunar som ønskjer å ta det i bruk i åra som kjem. NUBU er ansvarleg for opplæring av terapeutar og kvalitetssikring av tiltaka MST, RFT og PMTO. NUBU utviklar òg fleire foreldrestøttande tiltak og deltek i utviklingsarbeidet med grunnmodellen for hjelpetiltak. NUBU fekk eit auka tilskot på 7,5 mill. kroner frå 2024 for å halde i gang arbeidet med foreldrestøttande og førebyggjande tiltak, inkludert arbeidet med dei spesialiserte hjelpetiltaka.

Barne- og ungdomskriminalitet er eit høgt prioritert område for regjeringa. Sjølv om det har vore ein reduksjon i den registrerte kriminaliteten blant barn og unge (15–24 år) dei siste 20 åra, ser vi no ein auke for unge under 18 år. Det er særleg grunn til bekymring for ei lita gruppe ungdommar med store og samansette behov. Det trengst brei og koordinert førebyggjande innsats frå fleire sektorar, mellom anna kriminalomsorga og barnevernet. Føremålet er å førebyggje og hindre at barn og unge gjer seg skuldig i kriminalitet, og dessutan leggje til rette for at barn som har gjort seg skuldig i kriminelle handlingar, får ein veg ut av kriminaliteten. Desse barna fell ofte mellom fleire stolar fordi dei ikkje skal straffast som vaksne, men heller ikkje kan varetakast fullt ut av barnevernet.

Barnevernsinstitusjonsutvalet peikte på manglande samarbeid og tilbod for desse barna. Dette gjeld spesielt barn under 15 år som gjer seg skuldig i gjenteken og alvorleg kriminalitet. Regjeringa sette derfor hausten 2024 ned ei hurtigarbeidande ekspertgruppe som skal greie ut tiltak som kan setjast i verk overfor unge som gjer seg skuldig i gjenteken og alvorleg kriminalitet. Ekspertgruppa skal mellom anna greie ut Nasjonale Trygghetshus, eit bu- og rehabiliteringstilbod der barn som har gjort seg skuldig i alvorleg kriminalitet, kan få klare rammer og meir heilskapleg oppfølging av helse, barnevern, politi og andre rundt barnet. Fristen for arbeidet er 1. mars 2025. I påvente av ekspertutgreiinga er det føreslått ei auke på 20 mill. kroner til å prøve ut ein pilot i eksisterande barnevernsinstitusjonar som tek imot barn med alvorlege åtferdsvanskar, innanfor dagens regelverk, med til dømes eit større innslag av tverrfagleg kompetanse / tverrfaglege team knytt til barnet. Tiltaket er ein del av satsinga til regjeringa på 405 mill. kroner for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet.

Ansvaret for samfunnsvernet ligg i hovudsak til justissektoren. Helsesektoren kan ta avgjerd om tvungen helsehjelp som er heimla i omsynet til samfunnstryggleiken. Barnevernet bidreg med verkemidla i det kriminalitetsførebyggjande arbeidet, som mellom anna Multisystemisk terapi (MST) og Relasjonsfokusert familieterapi (RFT), og dessutan gjennom oppfølging av ungdom i fosterheimar og arbeid med ungdommar i institusjonane. MST og RFT er i stor grad eit tilbod til ungdomsforeldre som har opplevd at deira ungdom gjer seg skuldig i kriminelle handlingar eller står i fare for å bli innblanda i kriminalitet. Metodane går ut på å både forstå motiva til ungdommen for uheldig åtferd, korleis systema rundt dei unge bidreg til åtferda – og korleis dynamikken i systema kan snuast. Foreldra får gjennom behandlinga verktøy for å halde betre oppsyn med ungdommen, setje grenser og skape betre samspel. Regjeringa føreslår ei auke på 26 mill. kroner til oppbygging av MST-tilbodet for denne gruppa, som ein del av satsinga på førebygging av ungdomskriminalitet. Tiltaket er ein del av satsinga til regjeringa på 405 mill. kroner for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet.

Dei ansvarlege departementa jobbar tett saman om barna, og dei underliggjande direktorata er i gang med arbeid knytt til problematikken. Sjå nærare omtale om arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet under Programkategori 11.10 Familie og oppvekst og i innleiande del under hovudprioriteringar i Del I.

Tiltak utanfor heimen

Det er ikkje alltid hjelpetiltaka barnevernet set inn i heimen, er tilstrekkelege for å gi barn ein forsvarleg omsorgssituasjon. Når barn i slike tilfelle ikkje kan bu heime, kan dei for ein kortare eller lengre periode bu utanfor heimen. I dag er det fosterheim og barnevernsinstitusjon som er dei aktuelle tilboda. I tillegg kan kommunale butiltak / bustad med oppfølging vere aktuelt for unge under 18 år som bur utanfor heimen, som eit frivillig hjelpetiltak, eller for unge over 18 år som ettervernstiltak.

Bufetat har bistandsplikt og skal finne ein eigna fosterheim eller eigna institusjonsplass når barnevernstenesta i kommunen ber om dette. Kommunen har plikt til å undersøkje om det er mogleg med fosterheimsplassering i familien eller det nære nettverket til barnet før dei ber Bufetat om hjelp.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det til saman var om lag 12 400 barn og unge i alderen 0–24 år, som budde i ulike tiltak ved utgangen av 2023. For dei under 18 år er talet 9 255. Ved slutten av året budde 956 barn og unge i barnevernsinstitusjonar, medan om lag 9 100 budde i fosterheimar. Dei andre budde mellom anna i beredskapsheim og i bustad med oppfølging. Om lag 3 200 var unge over 18 år med ettervernstiltak.

Figur 4.2 viser fordelinga av barn (0–17 år) med tiltak utanfor heimen ved slutten av året, fordelt etter bustad.

Figur 4.2 Tiltak utanfor heimen per 31. desember 2023 (0–17 år) etter bustad. Prosentfordeling

Figur 4.2 Tiltak utanfor heimen per 31. desember 2023 (0–17 år) etter bustad. Prosentfordeling

Kjelde: SSB 2024

Mange av barna som flyttar i fosterheim eller på institusjon, har samansette utfordringar og eit stort behov for omsorg og utviklingsstøtte. Vonde livserfaringar kan ha fått konsekvensar for den psykiske og somatiske helsa deira og korleis dei meistrar livet sitt. Dette er òg barn og ungdommar som har eit sterkt ønske om å ha ein normal kvardag der dei får brukt ressursane sine, og der behova deira blir varetekne.

Ulike rapportar, mellom anna frå Barnevernsinstitusjonsvalet, viser at mange av barna som har flytta heimanfrå, har fått eit lite behovstilpassa og føreseieleg tilbod. Behova til barna er ikkje godt nok kjende før vedtak om flytting til fosterheim eller institusjon, og målsetjinga for opphaldet er uklar. Bufetat har hatt utfordringar med å vareta bistandsplikta for fosterheimar og institusjonsplassar, og særleg gjeld det akuttplassar og plassar tilpassa barn med store og samansette behov. Situasjonen fører til at fleire barn må vente lenge på tiltak, eller at barna ikkje får tiltak som er eigna for dei. Fleire av barna har mange flyttingar og/eller opplever at dei må flytte langt frå der dei bur, noko som kan gi brot i viktige relasjonar. Blant barn som budde på institusjon i 2023, hadde 22 prosent flytta meir enn fire gonger mellom tiltak i Bufetat. Barnevernsinstitusjonsutvalet peiker òg på manglande helsehjelp til barn på institusjon som mellom anna slit med etevegring, alvorleg sjølvskading eller tilbakevendande suicidalitet.

Manglande helsehjelp fører òg til at barn av foreldre med gode omsorgsevner blir flytta til institusjon, fordi omsorgs- og hjelpebehovet er meir omfattande og komplekst enn det ein ordinær heim kan klare å handtere. Plikta Bufetat har til å tilby eit institusjonstilbod, er eit viktig tryggingsnett for kommunane og kvart einskilde barn, men kan òg bidra til at andre sektorar og kommunale tenester ikkje strekkjer seg så langt som dei burde for å sikre at barna og familiane deira får den hjelpa og oppfølginga dei treng.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit tilbod som fremjar ro, tryggleik, tillit, positiv utvikling, og som tek vare på relasjonane til barnet.

Under gjer departementet greie for oppnådde resultat i 2023 og fyrste halvdelen 2024 og planlagde tiltak i 2025 som skal bidra til måloppnåing.

Kartlegging av helse

Både nasjonale og internasjonale studiar viser at det er større helseutfordringar blant barn og unge som får hjelpetiltak i heimen, og barn som bur i fosterheim eller institusjon, enn dei som ikkje har tiltak i barnevernet. Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet har derfor over tid samarbeidd om ei helsesatsing i barnevernet for saman å bidra til eit betre tilbod til barn og unge i barnevernet. Det er eit mål at retten til helsehjelp blir tatt i vare, og at dei kan få naudsynt hjelp. Tiltaket Nasjonalt forløp for barnevern – kartlegging og utredning av psykisk, somatisk og seksuell helse, tannhelse og rus skal bidra til at barn og unge tidleg i kontakten med barneverntenesta får kartlagt ulike sider av helsa si og kva dei treng av helsehjelp. Forløpet beskriv ansvar, oppgåver og samarbeid mellom ulike aktørar. Vidare beskriv forløpet korleis samarbeidet kan bli innretta for at tenestene best kan samarbeide om tidleg kartlegging og utgreiing av barn i barnevernet. Dei aktuelle aktørane er den kommunale barnevernstenesta, kommunale helse- og omsorgstenester, den fylkeskommunale tannhelsetenesta og spesialisthelsetenesta for barn og unge. Helsedirektoratet samarbeider med Bufdir om implementering av nasjonalt forløp i barnevernstenestene og helsetenestene rundt om i landet.

I ei spørjeundersøking gjennomført hausten 2023 til alle barnevernstenestene i landet, svarte 46 prosent av barnevernstenestene at dei har komme i gang med implementeringa av forløpet. Kommunar som har teke forløpet i bruk, har så langt gode erfaringar. Både tenester og familiar gir tilbakemelding om at barn og unge har fått tiltak og helsehjelp som blir opplevde som målretta og føremålstenlege. SINTEF har byrja ei følgjeevaluering av forløpet med forventa ferdigstilling årsskiftet 2027–2028.

Eit anna viktig tiltak er Tverrfagleg helsekartlegging. Denne kartlegginga skal bidra til å identifisere hjelpe- og helsebehov hos barn som ikkje kan bu hos foreldra sine. Målet er at barn som blir flytta ut av heimen, skal få god og rett hjelp, som òg bidreg til eit meir stabilt tiltak og reduserer risikoen for at barna må flytte fleire gonger. Kartlegginga føreset faglege bidrag frå helsepersonell og at spesialisthelsetenesta bidreg med naudsynte ressursar i kartleggingsteama.

Stortinget vedtok våren 2021 ei plikt for den kommunale barnevernstenesta til å be Bufetat om tverrfagleg helsekartlegging for barn som blir flytta ut av heimen. Bufetat skal i dei einskilde tilfella avgjere om dei skal tilby tverrfagleg helsekartlegging når barnevernstenesta ber om det. Plikta for kommunen til å be Bufetat om tverrfagleg helsekartlegging kan ikkje ta til å gjelde før det er tilstrekkeleg kapasitet i det statlege tilbodet. Målgruppa er på om lag 1 500 til 2 000 barn per år, og Bufetat har i samarbeid med dei regionale helseføretaka i 2024 kapasitet til å tilby kartlegging til om lag 400 barn per år.

Sidan hausten 2021, då arbeidet med å prøve ut tilbodet om tverrfagleg helsekartlegging starta, har tilbodet blitt utvida med fleire nye team kvart år fram til og med 2023. Det har vore ei utfordring å rekruttere kvalifisert helsepersonell til alle teama, hovudsakleg legespesialistar. Dette har gitt forseinkingar i etableringa av team. Dette kjem dels av ein stor auke i talet på tilvisingar til psykisk helsevern for barn og unge, og dels på grunn av ein knappleik på spesialistkompetanse. Barnevernsinstitusjonsutvalet (NOU 2023: 24) viser til at tverrfagleg helsekartlegging slik ho er organisert i dag, ikkje fungerer godt nok. Utvalet peikar på at kartlegging er eit sakkunnig oppdrag, slik at helsepersonellet som avdekkjer barnet sitt behov, ikkje kan gi behandling, og dei har heller ikkje tilvisingsrett. På den måten er den vidare medisinske oppfølginga avhengig av vurderingane barnevernet gjer.

I regjeringa sin strategi for ny retning for institusjonsområdet peiker regjeringa på behovet for endringar i måten å innrette tverrfagleg helsekartlegging på. Regjeringa planlegg for at ansvaret for denne skal bli overført frå Bufetat til helsesektoren. Dei økonomiske, administrative, juridiske og personellmessige konsekvensane av overføring skal greiast ut, og om føremålet skal endrast frå sakkunnig oppdrag til helsehjelp.

I 2019 vart det sett i drift eit forsøk med to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn som treng langvarig omsorg utanfor heimen og samstundes har eit stort behov for psykisk helsehjelp. Institusjonane har tilsette med kompetanse frå både barnevern og helse. Institusjonane har vore følgjeevaluert av NTNU Samfunnsforskning i perioden 2021–2024. Evalueringa viser at målgruppa for dei to institusjonane er svært spissa og at fleire barn som treng hjelp, dermed er utelukka. Samstundes finn evalueringa at tilgangen på helsepersonell har gitt barna med opphald i desse institusjonane betre tilgang til helsetilbod frå spesialisthelsetenesta i form av utgreiing og behandling, men evalueringa tilrår likevel endringar i driftsmodellen. Departementet og direktoratet vil i 2025 vurdere korleis erfaringane frå forsøket bør liggje til grunn for vedtak om vidare utvikling av institusjonstilbodet.

Fosterheimar

Det føretrekte alternativet for dei fleste barna som ikkje kan bu heime, er å bu i ein fosterheim. Hovudmålet er at barn skal ha ein trygg og stabil heim som gir høve til utvikling, tilhøyrsel, ro, føreseielege rammer og oppleving av god omsorg.

Det er framleis ei utfordring å rekruttere nok fosterheimar, og det er krevjande å rekruttere fosterheimar som speglar barnet sin kultur, religion og språk, slik lova tilrår. Det er vidare varierande kor godt kommunane lukkast med å finne fosterheimar i barnet sin familie eller nære nettverk, men det har vore ei positiv utvikling frå om lag 28 pst. av barn i fosterheim ved utgangen av 2019, til i overkant av 30 pst. ved utgangen av 2023. Bufetat opplever òg utfordringar med den generelle rekrutteringa, noko som gjer det krevjande å oppfylle bistandsplikta. Denne utfordringa gjer at barn blir buande i ein uavklart situasjon lenger enn det som er ønskjeleg. Ved utgangen av 2023 var det 225 barn som venta på fosterheim etter dato for ønskt oppstart i regionane til Bufetat, og 13 barn i Oslo kommune. 85 av desse barna hadde venta i meir enn seks månader.

To av tre av barna i fosterheim bur i fosterheim utanfor kommunen dei kjem ifrå, og nær halvparten bur i fosterheim utanfor fylket dei kjem ifrå. For nokre barn kan det vere rett tiltak å få ein fosterheim med avstand frå familien eller eit ugunstig miljø, og for nokre kan fosterheim innanfor familie eller nære nettverk i ein annan kommune vere positivt. Departementet meiner likevel at talet på barn som må flytte vekk frå nærmiljøet sitt i dag er for høgt. Det er eit mål at barnet kan bu i fosterheim i sin familie eller nære nettverk, og fortrinnsvis i nærmiljøet sitt.

Mange barn i fosterheim opplever brot og utilsikta flyttingar. Mangelfull kartlegging av barna før dei flyttar i fosterheim og mangelfull rettleiing og oppfølging av fosterheimane, er moglege årsaker til utilsikta flyttingar. For å styrkje oppfølgingsarbeidet til kommunane har Bufdir utarbeidd faglege anbefalingar til kommunane om arbeidet med å lage planar om oppfølging av barna, fosterfamiliane og barna sine foreldre. Direktoratet har òg laga ei rettleiing for vurderingar og kompenserande tiltak ved flyttingar i barnevernet, i tillegg til ei retningslinje om fastsetjing av samvær. Vidare har departementet hatt på høyring forslag om at fosterforeldre og barn kan klage på flytting.

Ny forskrift om fosterheimar gir utfyllande reglar om fosterforeldra og barnevernstenesta sitt ansvar for barn i fosterheimar. Forskrifta, som tok til å gjelde 1. januar 2024, gir mellom anna ei føresegn om at barn i fosterheimar skal ha ein kontaktperson i barnevernstenesta, at barnevernstenesta skal ta i bruk ei momentliste for vurderinga ved val av fosterheim, at barnevernstenesta skal lage ein plan for oppfølging av fosterfamilien, og presiserer ansvaret barnevernstenesta har for å gi informasjon til fosterfamilien. Ny mal for fosterheimsavtale er utarbeidd med innspel frå Bufdir, KS og Norsk fosterhjemsforening, og fastsett av Bufdir i september 2024 med verknad for nye oppdrag og ved reforhandling av eksisterande avtaler.

Vedtak om oppfølging og om godtgjering og utgiftsdekking skal vere vedlegg til avtalen. Fosterforeldre og barnevernstenesta sine rettar og plikter for oppdraget følgjer elles av barnevernslova og tilhøyrande forskrift om fosterheimar.

Bufdir har utvikla eit nytt opplæringsprogram for fosterheim – Solid. Opplæringa er delt i tre trinn: fasen før innflytting, førebuing til eit konkret fosterheimsoppdrag og fasen etter innflytting. Trinn 1 av opplæringa vart teke i bruk nasjonalt i 2023. Opplæringsprogrammet blir implementert med alle trinn i løpet av hausten 2024.

Spesialiserte fosterheimar blir i nokre tilfelle tilbodne som eit alternativ til institusjon. Regjeringa ønskjer å auke bruken av spesialiserte fosterheimar. Løyva til nye spesialiserte fosterheimar vart derfor auka i 2023 og vidareført 2024, og gir rom for om lag 40 nye spesialiserte fosterheimar.

Regjeringa la i juni 2024 fram Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i til Stortinget. Meldinga gjer greie for ei rekkje tiltak som skal bidra til å rekruttere og behalde fleire fosterheimar, og for at barn som treng det, skal få ein fosterheim i eller i nærleiken av oppvekstmiljøet sitt. Tiltaka skal mellom anna gi betre oppfølging og føreseielege rammar for fosterheimane, og meir ro og stabilitet for barna. Regjeringa føreslår å løyve til saman 50 mill. kroner til desse tiltaka i 2025. Løyvinga omfattar òg etablering av kompetansestøtteteam i Bufetats regionar. Kommunar som ønskjer det, skal få støtte frå teamet i arbeidet sitt med oppfølging av fosterheim. På oppmoding frå kommunen skal teamet gi bistand i saker der faren for brot blir vurdert å vere høg. Teamet skal gi råd om moglege tiltak innanfor kommunen sitt eige tiltaksapparat, vere ein drøftingspartnar for barnevernstenesta og bidra til å fremje samhandling mellom stat og kommune på ein meir effektiv måte. Regjeringa vil òg sørgje for at fosterheimar, i likskap med andre familiar, kan få tilbod om spesialiserte hjelpetiltak når det blir vurdert at det kan forhindre at fosterbarn må flytte ut av fosterheimen. Det er ein førande premiss for tiltaka at ansvarstilhøvet mellom stat og kommune på fosterheimsområdet ikkje skal endrast, og at det er frivillig for kommunane å nyttiggjere seg av tilbodet.

For å leggje til rette for samhandling mellom kommunar om mellom anna oppfølging av fosterheimar, vil regjeringa føre vidare og styrkje tilskotet til dei kommunale læringsnettverka. Deling av kunnskap og erfaring i desse nettverka har vore inngang til fleire interkommunale samarbeid. Læringsnettverka kan særleg vere nyttig for små kommunar med få tilsette i barneverntenesta og der avstandar kan gjere det krevjande å følgje opp fosterheimane. Det gjer at regjeringa legg opp til å innrette auken til å gjelde fleire prosjekt i dei nordlegaste fylka. Regjeringa vil òg styrkje nettverk for barnevernsleiarar.

Regjeringa meiner det bør satsast meir på å bruke familieråd som metode for å rekruttere fosterheimar i familie og nære nettverk. Tilbodet om familieråd i Bufetat vil bli ført vidare, men regjeringa vil òg stimulere til at fleire kommunar gjer bruk av familieråd og liknande metodar i eigen regi. Familieråd og liknande metodar kan òg vera nyttige for andre føremål, slik som når det er fare for brot i ein fosterheim, eller når det er usemje mellom fosterforeldre og barnevernstenesta. Regjeringa vil vurdere ulike typar støttetiltak for å stimulere til auka bruk av familieråd i kommunane.

Regjeringa vil våren 2025 i den varsla lovproposisjonen om kvalitetsreforma i barnevernet leggje fram lovforslag for mellom anna å gi fosterfamiliar betre og meir føreseielege rammer, og å betre rekrutteringa av fosterheimar. Regjeringa vil òg gjere dei økonomiske rammevilkåra for fosterforeldre meir føreseielege, ved å føreslå å lovfeste at kommunen må yte godtgjering og utgiftsdekking, i tillegg til godtgjering til pensjonssparing ved frikjøp. I 2025 vil regjeringa kompensere kommunane med 63,5 mill. kroner for å finansiere den forventa halvårsverknaden av ei slik lovendring. For å støtte opp under implementeringa og for at kommunane skal rekke å reforhandle alle fosterheimsavtalane innan plikta trer inn i absolutt forstand, meiner regjeringa at det er behov for å kompensere kommunane før ei lovendring tek til å gjelde.

Departementet har óg hatt fleire andre lovforslag som gjeld fosterheimar på høyring. Departementet føreslo mellom anna at barnevernstenesta jamleg skal vurdere behovet for frikjøp av fosterforeldre. Det blei og føreslått å styrkje fosterforeldra si avgjersmynde slik at fosterforeldre så langt som mogleg skal kunne ta avgjerder på vegner av barnet på lik linje med andre foreldre. I tillegg vart det føreslått tiltak for å auke stabiliteten for barn som skal bu lenge i fosterheim, fordi målet om gjenforeining av barn og foreldre er gitt opp.

Departementet vurderer no innspel frå høyringa og tek sikte på å leggje fram endelege lovforslag i proposisjonen om kvalitetsreforma våren 2025.

Regjeringa greier ut ei løysing for å gi digital tilgang til tenester for fosterforeldre, på vegner av barn i fosterheim. Opplysingar om kven som er fosterforeldre til eit barn, blir registrerte hos barnevernstenesta og formidla til andre aktørar manuelt og ved behov. Helsetenesta og andre offentlege styresmakter og tenester har ikkje digital tilgang på opplysingar om kven som skal involverast og kan representere barnet. Å ha tilgang til digitale plattformer på vegner av eit barn er i mange tilfelle ein føresetnad for å kunne følgje opp barnet på ein god måte, til dømes når det gjeld skule og helsesektoren. Samstundes har ikkje fosterforeldre tilgang til digitale tenester på vegner av barnet. Regjeringa vil at opplysingar om kven som er fosterforeldre, og for kva barn, blir tilgjengelege for aktuelle brukarar via Folkeregisteret, eit døme er helsetenesta. Slik kan fosterforeldre få tilgang til tenester som helsenorge.no og liknande plattformer.

Institusjonar

Barnevernsinstitusjonane skal gi omsorg, utviklingsstøtte og vern, med utgangspunkt i det einskilde barnet sine behov og ressursar. Målgruppa er barn og unge som opplever samansette og omfattande utfordringar i livet sitt, og som ikkje får dekt behova sine gjennom hjelpetiltak eller i ein fosterheim. Barn kan bu i barnevernsinstitusjon som eit frivillig hjelpetiltak, på grunnlag av ei omsorgsovertaking eller på grunnlag av alvorlege åtferdsvanskar (frivillig eller tvungent opphald). Barn kan òg bu på barnevernsinstitusjon i akutte tilfelle på grunn av manglande omsorg eller alvorlege åtferdsvanskar. Figur 4.3 viser talet på barn i barnevernsinstitusjonar, fordelt på lovheimel frå åra 2019 til 2023. Frå 31. desember 2019 til 31. desember 2021 var det ein nedgang på gjennomsnittleg 100 barn i barnevernsinstitusjonar. Denne utviklinga snudde i 2022 og inn i 2023. Ved slutten av 2023 var det samla 843 barn med opphald i barnevernsinstitusjonar. Det var i 2023 særleg ein auke i etterspurnaden etter akutt- og rusplassar og plassar for barn med dei største behova.

Figur 4.3 Barn og unge i institusjon per 31.12. fordelte på lovheimel (0–17 år) frå 2019 til 2023

Figur 4.3 Barn og unge i institusjon per 31.12. fordelte på lovheimel (0–17 år) frå 2019 til 2023

Kjelde: SSB 2024

Varetaking av bistandsplikta, dimensjonering og omstilling av dagens institusjonstilbod

Sidan slutten av 2022 har utviklinga i etterspurnaden, både i talet på barn og behova deira, gjort det utfordrande for Bufetat å oppfylle bistandsplikta. Dette er òg situasjonen i fyrste halvdelen av 2024. For låg kapasitet og manglande fleksibilitet i tilbodet fører til at kommunane ikkje alltid får det tilbodet dei spør etter og som barna treng. Det vart i 2023 utvikla eit system for rapportering over talet på tilfelle der Bufetats regionar vurderer at dei ikkje har gitt kommunane eit tilbod om institusjonsplass innan rimeleg tid. I 2023 var det totalt 141 slike tilfelle. Ved utgangen av fyrste halvåret 2024 vart det registrert 118 førespurnader frå kommunar der Bufetat har vurdert at etaten ikkje har levert forsvarleg tilbod til rett tid. Avvika varierer over tid og mellom regionar. Det er tett dialog mellom BFD og Bufdir om utviklinga og tiltak. Samstundes har kostnadane i institusjonsbarnevernet auka betydeleg i dei seinare åra. Behovet for å vareta bistandsplikta, samstundes som ressursane vert brukt på en effektiv måte, er den største kortsiktige utfordringa i institusjonsbarnevernet. På bakgrunn av dette vil BFD be Bufdir om å innrette innkjøpa sine på fagleg grunnlag for å nå overordna mål om å vareta bistandsplikta og betre kostnadskontroll. Vidare oppbygging av statlig kapasitet skal prioriterast. Den vidare utviklinga av institusjonstilbodet skal sjåast i lys av strategien til regjeringa for institusjonsområdet, sjå nedanfor. Regjeringa ønskjer eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar. Dei overordna måla inneber òg at det framleis vil vere behov for private kommersielle aktørar i statleg barnevern framover, og det skal leggjast til rette for at aktørane kan byggje langsiktig kapasitet. BFD vil derfor be Bufdir leggje til rette for stabilitet og ha et langsiktig perspektiv på kapasitet i den private marknaden, som eit ledd i målsetjinga om å vareta bistandsplikta og auke beredskapen i institusjonsbarnevernet og støtte opp om betre kostnadskontroll. Bufdir skal vurdera konkurransesituasjonen og aktuelle tiltak.

I hovudsak omfattar brota på bistandsplikta akutte saker. Samstundes blir kapasiteten i akuttilbodet utfordra av at mange barn ikkje får dei varige tiltaka tidsnok. Særleg gjeld dette plass i barnevernsinstitusjonar for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar eller rusmisbruk. Dette opptek dermed kapasitet i akuttilbodet. Det er derfor viktig å etablere nye plassar for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar framover. For å unngå brot på bistandsplikta blir det framover viktig å auke den fleksible kapasiteten, og å halde fram med å styrkje dei statlege institusjonane, slik at dei kan ta i vare fleire av barna med dei største behova. Stortinget har slutta seg til dette målet. Ei slik styrking vil særleg innebere ein høgare kapasitet og større fleksibilitet i tilbodet til barn med behov for behandlingsplassar. Arbeidet mot å nå dei faglege og politiske måla på området vil òg vere ein del av løysinga for å få færre brot på bistandsplikta.

Det vart løyvd 150 mill. kroner til arbeidet med omstilling i 2022, 10 mill. kroner i 2023, 60 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 og 70 mill. kroner i budsjettet for 2024. Styrkinga har gjort at dei statlege institusjonane i større grad tek vare på barna med dei største utfordringane. Dette er gjort ved å auke bemanninga, etablere støtteteam og oppgradere eksisterande institusjonsbygg, under dette tiltak for brannvern. Det er òg stilt høgare bemanningskrav i einskilde ideelle institusjonsavdelingar enn det opphavleg var lagt opp til, slik at dei ideelle institusjonane kan ta imot barn med større utfordringar. I 2024 blir det prøvd ut ei ordning med etableringsstøtte i samband med garanterte kjøp til ideelle leverandørar av institusjonsplassar. Det har òg vore tett dialog mellom Bufdir og dei private leverandørane om behovet for plassar. Dette arbeidet har gitt ein auke i talet på ideelle plassar frå 199 i 2021 til 252 per fyrste halvåret 2024. I tillegg har delen garanterte plassar frå ideelle auka atskilleg, frå om lag 71 prosent i 2021 til om lag 88 prosent sommaren 2024. Det er òg inngått nye avtalar med kommersielle leverandørar om særleg behandlingsplassar, der behovet er stort.

Figur 4.4 viser utviklinga i samansetjinga av leverandørar i institusjonsbarnevernet frå 2018 til 2023. Figuren viser at det har vore ein auke i den samla andelen opphaldsdøgn i statlege og ideelle institusjonar, samstundes som dei kommersielle framleis er ein vesentleg aktør. I 2023 var det ein nedgang i andelen statlege opphaldsdøgn. Det har vore ein reduksjon i statlege plassar, i hovudsak som følgje av omstilling av statlege institusjonar, frå andre målgrupper, til plassar som kan ta i mot barn med høgare behov.

Figur 4.4 Utvikling i delen opphaldsdøgn fordelt på statlege, ideelle og kommersielle barnevernsinstitusjonar frå 2018 til 2023.

Figur 4.4 Utvikling i delen opphaldsdøgn fordelt på statlege, ideelle og kommersielle barnevernsinstitusjonar frå 2018 til 2023.

Kjelde: Bufdir

Bufdir sette sommaren 2023 i verk ein plan med tiltak for å handtere situasjonen knytt til brot på bistandsplikta og auke kapasiteten. Sidan sommaren 2023 er det omstilt plassar til målgruppa «behandling høg» frå målgrupper med betre kapasitet, det er etablert nye plassar, og det er inngått avtalar med private om mange fleire plassar. Grunnkapasiteten i tilbodet, det vil seie summen av statlege plassar og plassar med leveransegarantiar, er auka.

Det er òg sett i gang andre, meir kvalitative tiltak for å ta i vare bistandsplikta. Det er gjort unntak frå kompetansekrav og målgruppedifferensiering der det er forsvarleg, for å gjere tilbodet meir fleksibelt og understøtte institusjonane si etablering og drift av plassar. Det har òg vore arbeidd med å gi tydeleg og tilstrekkeleg informasjon til kommunane om situasjonen, formidle forventingar til kommunane og å rettleie og støtte kommunane i einskilde saker der det er krevjande å ta i vare bistandsplikta.

Sidan den alvorlege situasjonen knytt til varetakinga av bistandsplikta held fram, har Bufdir sommaren 2024, på oppdrag frå departementet, utarbeidd ein plan for varetaking av bistandsplikta i 2024 og 2025. Direktoratet vart særleg bede om å vurdere mellombelse tiltak og tiltak for ei meir fleksibel drift. I planen er det ei rekkje tiltak, mellom anna knytte til dialogen mellom Bufetat og kommunane, men det anbefalte hovudgrepet er å auke kapasiteten i både det statlege og det private tilbodet av institusjonsplassar.

Arbeidet med å auke kapasiteten og at dei statlege institusjonane skal kunne ta vare på barna med dei største utfordringane, held fram i 2025. Regjeringa føreslår å løyve 119 mill. kroner til å etablere fleire statlege behandlingsplassar. Det er viktig for regjeringa at omstillinga sikrar at tilbodet til barna til kvar tid blir vareteke. Vidare oppbygging av statleg kapasitet vil vere ein prioritet framover. Den vidare utviklinga av institusjonstilbodet skal sjåast i lys av strategien til regjeringa for ei ny retning for institusjonstilbodet, sjå omtale under. Regjeringa ønskjer òg eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar. Det vil samstundes framleis vere behov for private kommersielle aktørar i statleg barnevern framover, og det skal leggjast til rette for at aktørane kan byggje langsiktig kapasitet, dette for å nå dei overordna måla om å vareta bistandsplikta, auke beredskapen og betre kostnadskontroll. Bufdir skal innrette sine kjøp av plassar for å nå desse måla.

Samstundes som det dei siste åra har vore utfordringar med å vareta bistandsplikta, har det over tid vore ein krevjande budsjettsituasjon i det statlege barnevernet. Det har vore krevjande å innrette eit statleg tilbod som både ivaretek barna sine behov for tiltak når dei oppstår og behovet for kostnadskontroll. I dei seinare åra har kostnader til kjøp av private plassar, både frå ideelle og kommersielle aktørar, auka mykje. Det har ført til behov for tilleggsløyvingar. Som følgje av utviklinga i talet på barn, behova deira og auka prisar vart løyvinga til statleg barnevern auka med om lag 570 mill. kroner i budsjettet for 2024 og ytterlegare med 150 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett. Dette er òg tilfelle for 2025. Regjeringa føreslår å auke løyvinga med 433 mill. kroner, mellom anna på grunn av fleire og dyrare einskilde kjøp og forventa auka utgifter til rammeavtalane for å kunne vareta bistandsplikta, sikre eit forsvarleg tilbod og redusere behovet for einskilde kjøp i framtida.

Det blir i 2024 gjennomført ein områdegjennomgang av det statlege institusjonsbarnevernet. Områdegjennomgangen er eit kunnskapsgrunnlag, mellom anna inn i arbeidet med kvalitetsreforma for å gi betre innretning, finansiering og organisering av det statlege tilbodet av institusjonstiltak. Det skal òg bli gitt eit tenestetilbod som varetar behova hos barn i barnevernet, og som er i tråd med faglege standardar og kvalitetskrav.

Ei ny retning for institusjonstilbodet

Det overordna målet til Barnevernsinstitusjonsutvalet var å vurdere kva oppgåver, rammer og omfang det framtidige institusjonsbarnevernet skal ha. Innspela departementet fekk til høyringa av NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen tidleg i 2024, viste brei semje om utfordringsbiletet og den heilskaplege retninga bak dei ulike tilrådingane. Det var klar støtte til eit mindre differensiert institusjonstilbod, der tilbodet i større grad tilpassar seg det kartlagde behovet og ressursane til det einskilde barnet. Oppfølginga av tilrådingar i NOU 2023: 24 skal, saman med resultat frå områdegjennomgangen, gi grunnlag for ei ny retning og vidareutvikling av det statlege tilbod om institusjonstiltak på lang sikt.

Regjeringa føreslår 57,7 mill. kroner til ein pilot om utprøving av ein ny måte å innrette institusjonstilbodet på, i tråd med NOU 2023: 24. Føremålet er institusjonar som er tilstrekkeleg fleksible til å gi eit tilpassa tilbod til alle barn som er i målgruppa for barnevernsinstitusjon. Dette skal bidra til auka stabilitet for barna, betre helsehjelp, betre kompetanse hos dei tilsette, redusert behov for einskilde kjøp og færre brot på bistandsplikta. Piloten inneber ei forenkling av målgruppedifferensieringa frå dagens sju målgrupper til tre institusjonstypar: 1) akutt og utgreiing, 2) omsorg og utviklingsstøtte og 3) omsorg og utviklingsstøtte +, støtta av helseteam og tverrfagleg kartlegging. Dei overordna måla for strategien er elles omtalte under overskrifta «Hovudinnhald og prioriteringar».

Regjeringa har òg føreslått 20 mill. kroner til ein institusjonspilot knytta til regjeringas satsing på førebygging av barne- og ungdomskriminalitet, sjå omtale under Hjelpetiltak.

Forslag om endringar i reglane om rettar og bruk av tvang i barnevernsinstitusjon

Barn og unge som bur i ein institusjon, har ein generell høgare risiko for dårlegare fysisk og psykisk helse samanlikna med barn som ikkje bur i ein barnevernsinstitusjon. Når barn bur på barnevernsinstitusjon, skal dei tilsette på institusjonen gi barnet omsorg og vern. På same måte som foreldra har institusjonen rett og plikt til å setje grenser for barnet når det er naudsynt for å gi barnet forsvarleg omsorg og vern. Barne- og familiedepartementet varsla i Prop. 133 L (2020–2021) ein gjennomgang av regelverket om rettar og tvang på barnevernsinstitusjon. Bufdir leverte i april 2023 eit kunnskapsgrunnlag som mellom anna inneheld erfaringar frå barn og unge og tilsette i barnevernsinstitusjonar. Det vart òg levert ei menneskerettsleg utgreiing om rettar og tvang på barnevernsinstitusjonar i juni 2023.

Departementet har hatt på høyring forslag til endringar i barnevernslova som skal bidra til at barn og unge som bur på institusjon, skal få forsvarleg omsorg og vern, samstundes som rettstryggleiken deira blir vareteken. Det er mellom anna føreslått å presisere at institusjonen har plikt til å verne barn som bur på institusjon, og barnet sin rett til forsvarleg omsorg og vern. Vidare føreslo departementet å tydeleggjere handlingsrommet dei tilsette på institusjon har til å setje grenser for barn som bur på institusjon. Høvet til å bruke fysisk makt i tilfelle det er strengt naudsynt for å verne barnet frå alvorleg skade på liv og helse, er òg tydeleggjort. For å bidra til betre digitalt vern for barn og unge som bur på institusjon, føreslo departementet å oppheve dagens forbod mot å føre kontroll med korrespondansen til barnet og samstundes lovfeste at institusjonen i særskilde tilfelle kan gjere vedtak om innsyn i kommunikasjonen til barnet. For å styrkje rettstryggleiken til barnet føreslo departementet at både institusjon og statsforvaltar skal vurdere det samla omfanget av avgrensingar og inngrep overfor barn som bur på institusjon. Vidare har departementet føreslått at omgrepet «tvang» blir teke ut av lova, og at ein i staden nyttar omgrepa «begrensninger», «inngrep» og «fysisk makt». Departementet arbeider no med oppfølging av høyringa, og tek sikte på å fremje forslag til lovendringar for Stortinget våren 2025 i proposisjonen om kvalitetsreforma i barnevernet.

Kvalitetsutvikling i barnevernet

Kvalitet i arbeidet i barnevernet

Barnevernet utøver offentleg mynde og set i verk undersøkingar og tiltak som kan vere svært inngripande. Rapportar og tilsyn har peikt på fleire utfordringar både i det kommunale og statlege barnevernet. Det dreier seg mellom anna om medverknaden til barn, bemanning og kompetanse, tilgang på gode tiltak og kvalitet i tiltaka. Barnevernstenesta har utfordringar med å vareta det ansvaret dei har på ein god og forsvarleg måte. Det kan til dømes handle om mangel på kartlegging og vurdering av behova til barna, eller manglande kompetanse i saker som er særleg komplekse og fagleg krevjande. Fleire kommunar har òg utfordringar med å halde på erfarne medarbeidarar, eller dei har sårbare og små fagmiljø. Undersøkinga Befolkningens holdninger i barnevernet (Sentio, 2020) viser at den generelle tilliten til barnevernet hos befolkninga er relativt god. Samstundes er tilliten i delar av befolkninga svak, særleg blant etniske minoritetar. Til dømes kan manglande merksemd på å byggje gode relasjonar tidleg i saka, bidra til vanskar i kommunikasjonen mellom barnevernstenesta og foreldre. Dette kan igjen bidra til misforståingar og utgjere ein risiko for at barnevernet tek feil avgjerder. Samla gir disse tilhøva utfordringar for rettstryggleiken, og det påverkar situasjonen for barn og foreldre og kor verksam hjelp dei får. Utfordringane tilseier at kvaliteten på arbeidet i barnevernet bør styrkjast.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barnevernet skal arbeide kunnskapsbasert og tillitsskapande i møte med barn, familiar og andre tenester.

Under gir departementet greie for oppnådde resultat i 2023 og fyrste halvdelen 2024 og for planlagde tiltak i 2025 som bidreg til måloppnåing.

Bemanning, leiing og utvikling av det kommunale barnevernet

Statistikken frå Statistisk sentralbyrå viser at talet på årsverk i barnevernstenestene i kommunane har auka dei siste åra, frå om lag 6 200 årsverk i 2019 til rundt 6 800 årsverk i 2023. Tilstrekkeleg bemanning, høg kompetanse og kontinuitet i fagmiljøet er avgjerande for at barn og unge i barnevernet skal få den hjelpa dei treng. Statistisk sentralbyrå har på oppdrag frå Bufdir etablert ein årleg statistikk som viser utviklinga i turnover i barnevernet. Denne viser at den årlege turnoveren, målt som talet som har slutta i tenesta delt på talet tilsette, har lege på i underkant av 20 prosent dei siste åra. Frå 2022 til 2023 var det 19 prosent som slutta i tenesta. Denne statistikken er viktig å følgje med på framover.

I ei undersøking blant tilsette gjennomført av Bufdir i 2022 blir det vist til at 56 prosent av tilsette seier at ei sentral årsak til gjennomstrøyminga er at nyutdanna er for dårleg førebudde på kva jobben inneber. I tillegg oppgir 60 prosent mangelfulle rutinar for debriefing og rettleiing som ein viktig grunn. I ei upublisert spørjeundersøking frå Bufdir i 2023 blant nyutdanna, uttalte berre om lag halvparten at dei opplever å få tilstrekkeleg rettleiing. Departementet har hatt på høyring forslag om ein egen heimel til å fastsette forskrifter om rettleiing. Departementet vil setje i gang ein pilot med rettleidd fyrsteår i utvalde kommunar. Føremålet med forsøket vil vere å gi kunnskap om føremålstenleg måte å innrette rettleiinga for nytilsette på, og å førebu utvikling av forskrifta.

God styring og leiing i kommunen og i barnevernstenesta er avgjerande for å kunne levere gode tenester til barn og familiar, og for at dei tilsette i tenesta skal kjenne seg varetekne. Ein måte å styrkje barnevernet på er gjennom tettare organisering med dei andre velferdstenestene i kommunen. I det siste landsomfattande tilsynet (2020–2021) om arbeidet som barnevernet gjer med undersøkingar, viser Helsetilsynet til at avvik frå lovkrav ofte kjem av mangelfull leiing og styring av tenestene. Fleire tidlegare tilsyn har peikt på den same utfordringa. I 2023 vart det derfor løyvd 12 mill. kroner til ei heilskapleg satsing på styring og leiing i kommunalt barnevern. Løyvinga er mellom anna nytta til å utvikle ein leiarmodul i Barnevernsfagleg kvalitetssystem. Denne vart lansert i sin fyrste versjon våren 2024, slik at systemleverandørane kan integrere innhaldet i dei nye fagsystema. Innhaldet i leiarmodulen blir vidare utvikla i 2025, i takt med innsikt og erfaringar frå praksisfeltet. Vidare er løyvinga nytta til ei ny vidareutdanning for barnevernsleiarar og utvikling av opplæringsprogram for nye leiarar i barnevernet. Bufdir er i tett dialog med leverandørane om mellom anna utvikling av innhald og profil på tiltaka dei lagar til. I 2025 vil vekta mellom anna liggje på å få innsikt og erfaringar frå dei fyrste gruppene som gjennomfører dei ulike utdanningane og opplæringsprogramma.

Som ein del av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet (2018–2024) vart det òg etablert ordningar med kommunale rettleiingsteam, som inneber at erfarne fagfolk med leiarerfaring frå kommune- og barnevernleiing rettleier leiarar i andre kommunar og barnevernstenester. Rettleiinga varer i to år. Erfaringane frå tiltaket så langt viser styrking av barnevernleiing og forankring av tenesta i kommuneleiinga, betring i arbeidsform og rutinar og dessutan betre ivaretaking av lovkrav. I 2023 vart tilbodet utvida med 5 nye kommunar, som kjem i tillegg til dei 15 kommunane som starta med rettleiing i 2022. Rettleiingsteam vil halde fram i 2025, og nye kommunar vil få tilbod om rettleiing. For å leggje til rette for samhandling mellom kommunar om mellom anna oppfølging av fosterheimar vil regjeringa styrkje nettverk for barnevernsleiarar.

Eit av måla for kvalitetsreforma er at barn og familiar opplever at barnevernet er tilgjengeleg og har tilstrekkeleg tid og bemanning. Det er fleire tilhøve som positivt kan påverke tilgjengelegheit, tid og bemanning. I det kommunale barnevernet vil mellom anna tiltak for betre oppfølging av nytilsette, slik at dei blir i jobben sin, vere eit grep i denne samanheng. Det same gjeld for styring og leiing i kommunen og i barnevernstenesta. God leiing og måten tenesta organiserer seg på, kan gi tilgjengelegheit og meir tid til barn og familiar. Departementet vurderer òg at gode digitale løysingar kan frigi tid for dei tilsette. Endringar i kompetansekrava kan gi auka fleksibilitet for kommunar og barnevernsinstitusjonar.

Betre styringsinformasjon og digitale løysingar

Styringsinformasjon

For å kunne setje i verk målretta tiltak for å møte utfordringane knytte til kvaliteten på sakshandsaminga og tenestetilbodet i barnevernet har styresmaktene behov for både betre, meir presis og tilgjengeleg styringsinformasjon. Dette gjeld mellom anna rapportering om alvorlege hendingar, utvikling av statistikk og analysar av barnevernet. Dette er òg noko Barnevernsutvalet tok opp i utgreiinga si. Utvalet peiker på behovet for å utvikle heilskaplege tilstandsvurderingar som adresserer alle aktørane si rolle i sektoren.

Statens helsetilsyn fekk i 2023 i oppdrag å samanfatte tilsyn av alvorlege hendingar og svikt i barnevernet for at tenestene skal lære av feil og rette opp i svikt. Bufdir har i ein rapport frå 2023 oppgitt at omfanget av alvorlege hendingar i tenestene deira er stort. Dette har konsekvensar både for barn og ungdom, men òg for dei tilsette. Ei alvorleg hending kan vere alvorleg vald, sjølvmordsforsøk, dødsfall, mistanke om seksuelle overgrep og eldpåsetjing. Førekomsten av alvorlege hendingar speglar av mange av ungdommane sine samansette vanskar og behov. Regjeringa skal opprette ei undersøkingsordning for saker som gjeld vald, overgrep og grov omsorgssvikt mot barn, som òg vil omfatte barn i barnevernet. Dette er tiltak som vil bidra til læring og førebygging av svikt og alvorlege hendingar.

Barne- og familiedepartementet har eit ansvar for å sørgje for utvikling av statistikk og analysar om barnevernet. Oppgåva er delegert til Bufdir som fagdirektorat for barnevernet. Eit godt kunnskapsgrunnlag og tilstrekkeleg informasjon er naudsynt for å ta gode avgjerder, både på systemnivå og i einskildsaker i barnevernet. Dei siste åra har det skjedd ei stor utvikling av barnevernsstatistikken, men det er likevel framleis behov for å betre innhentinga av statistikk- og styringsinformasjon. Det er særleg behov for meir informasjon om tilbodet til barn i barnevernsinstitusjonar. Bufdir har fått i oppdrag å kartleggje kva styringsinformasjon direktoratet til kvar tid bør ha tilgjengeleg. Direktoratet må mellom anna ha tilstrekkeleg informasjon til å fange opp uønskte utviklingstrekk og svikt både på system- og individnivå.

Departementet vil vurdere tiltak som kan bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag om sektoren. Eit viktig element i kvalitetsreforma er derfor å sørgje for meir heilskapleg informasjon om den faktiske tilstanden i barnevernet, og om korleis det går med barn som får ulike typar barnevernstiltak. I høyringsnotatet til kvalitetsreforma frå april 2024 føreslår departementet ei ny føresegn i barnevernslova om nasjonalt barnevernsregister og forskrift med nærare føresegner om registeret. Tilgang til god styringsinformasjon og statistikk er ein naudsynt føresetnad for å kunne vurdere kvalitet i tenestene og tilstanden i barnevernet. Utvikling av statistikk og analysar om barnevernet føreset handsaming av personopplysingar. Høyringsnotatet inneheld derfor ei tydeleg regulering av grunnlaget for utvikling av statistikk og analysar om barnevernet.

Bufdir vil i 2024 gjennomføre spørjeundersøkinga Barnevernsbarometeret for fyrste gong. Barometeret er eit sett med faste spørjeundersøkingar til tilsette og leiarar i barneverntenestene og barneverninstitusjonane. Nokre spørsmål handlar om samarbeidet mellom barnevernet og andre sektorar og vil til dømes kunne gi kunnskap om både omfanget av og innhaldet i bruken av politi i barnevernet. Resultat frå denne brukarundersøkinga er forventa hausten 2025 og hausten 2027.

Digitale løysingar

Barnevernsfagleg kvalitetssystem (BFK) vart utvikla som ein viktig del av det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern. BFK skal gi sakshandsamarar i barnevernet direkte tilgang til støtte i arbeidsprosessane, oppdaterte juridiske tekstar og generell rettleiing. Det ferdige produktet vart levert i 2022, og utrullinga til kommunane starta i 2023. Ved utgangen av 2023 hadde om lag 100 kommunar BFK tilgjengeleg i fagsystemet sitt og kunne bruke det i det daglege arbeidet. Det er eit mål at 100 nye kommunar skal ha teke i bruk systemet i løpet av 2024.

Fagsystemet for det statlege barnevernet har store manglar. Sakshandsamarar har ikkje tilgang til oppdatert informasjon om barna, systemet krev jamleg nedetid for å oppdaterast, og tilsette må bruke vesentleg tid på å manuelt registrere informasjon frå andre delar av sektoren. Det er behov for å modernisere dette fagsystemet. For 2025 føreslår regjeringa å auke løyvinga til det statlege barnevernet med 28 mill. kroner for å modernisere fagsystemet for det statlege barnevernet og det digitale samhandsamingssystemet mellom kommunar, Bufetat og private tenesteleverandørar. Ei modernisering av fagsystemet skal styrkje kvalitet og rettstryggleik i vurderingar, gi betre statistikk og styringsinformasjon i barnevernssektoren og dessutan redusere risiko for driftsavbrot og systemfeil.

Det vart i 2023 starta eit arbeid med å vidareutvikle dei digitale løysingane som er utvikla for kommunalt barnevern til bruk i det statlege barnevernet, som regjeringa planlegg å ferdigstille som ein del av styrkinga omtalt over. Målet er å betre kvaliteten på dialogen mellom kommunar og Bufetat, inkludert å etablere ei løysing for sikker digital datautveksling mellom kommunar og Bufetat i sakshandsaminga. Det blir òg arbeidd med å finne betre sett å overføre data frå private tenestelevandørar til Bufetat på. Det er løyvd om lag 5 mill. kroner årleg til dette føremålet i 2023 og 2024, og løyvinga vil bli vidareført i 2025.

I mai 2023 vart det avdekt ein teknisk feil som førte til at bekymringsmeldingar som vart sende gjennom Nasjonal portal for bekymringsmeldingar, i nokre tilfelle ikkje vart registrerte i fagsystemet Visma Familia. Dermed fekk ikkje den kommunale barnevernstenesta desse. Bufdir leverte ein rapport i oktober 2023 om årsakene, omfanget og konsekvensane av feilen. Feilen i systemet er retta.

Hendinga har gitt ei ny erkjenning av kompleksiteten i digitale verdikjeder, i tillegg til å ha vist kor naudsynt det er med større forståing for ansvaret og vurderinga til kommunane av risiko og sårbarheit. Både KS, Bufdir og Digdir understreka kor viktig det er at ein ser på heile arbeidsprosessen og informasjonsflyten når ein vurderer risiko, og ikkje berre på eitt system eller den delen av eit system som ligg i eigen organisasjon. Vidare vart det framheva at der ein ser at det er kritisk meldingsutveksling, må verksemda vurdere om det trengst kompenserande tiltak i tilfelle meldinga ikkje kjem fram til rett instans. I tillegg vart det vist til at det er naudsynt å ha god praksis og kultur rundt avviksmeldingar og rutinar for å følgje opp desse.

Tiltak for å betre kompetansen i og tilliten til barnevernet

Det er i barnevernslova stilt krav om at tilsette som skal jobbe med visse kjerneoppgåver i barnevernstenesta, skal ha relevant masterutdanning. Noverande tilsette kan fram til 2031 oppfylle krava gjennom ein kombinasjon av arbeidserfaring og vidareutdanning. Barne- og familiedepartementet har i høyringsnotat frå april 2024 om kvalitetsreforma føreslått nokre endringar i måten kompetansekravet er innretta på for tilsette som allereie jobbar i barnevernstenestene. Forslaga inneber å justere på kravet om at alle tilsette må ta ei vidareutdanning. Kravet til kompetanse kan i staden bli oppfylt gjennom fire års relevant arbeidserfaring, alternativt gjennom to års relevant arbeidserfaring kombinert med ei vidareutdanning. Føremålet er å behalde den erfaringskompetansen som er i tenestene i dag, og gjere det enklare for kommunane å oppfylle kompetansekravet fram mot 2031. Departementet bad òg om synspunkt frå høyringsinstansane om det er behov for å oppheve kravet til mastergrad som skal gjelde frå 2031.

Det vart frå 1. januar 2022 innført kompetansekrav for tilsette i barnevernsinstitusjonane. For nytilsette i institusjon vart det stilt krav om relevant bachelorgrad frå og med 2022, medan det for leiarar er krav om masterutdanning frå og med 2031. Ei ny vidareutdanning for institusjonsleiarar vart utvikla i 2023 og startar opp i 2024. Det var i 2023 utfordringar med å rekruttere tilstrekkeleg med kvalifisert personell til institusjonane. Departementet har i høyringsnotatet om kvalitetsreforma gitt ein nærare omtale av høve til å få unntak frå kompetansekrava og føreslått ytterlegare oppmjukingar. Forslaget inneber at kompetansekravet òg kan bli oppfylt gjennom tre års relevant arbeidserfaring og ved at studentar under relevant utdanning kan bli tilsette på vilkår av at dei fullfører utdanninga.

Departementet vil leggje fram endelege forslag til endringar i kompetansekrav for Stortinget i proposisjonen om kvalitetsreforma som regjeringa tek sikte på å leggje fram våren 2025.

Tiltaka frå Kompetansestrategi for det kommunale barnevernet (2018–2024) vil framover utgjere meir varige strukturar for kompetanseutvikling i barnevernet. Bufdir vil ha ansvar for å vidareutvikle og vedlikehalde kompetansetiltaka. Målet er å dekkje viktige kompetanse- og utviklingsbehov i både barnevernstenestene og barnevernsinstitusjonane.

Vidareutdanningane som er etablerte for tilsette i barnevernet, blir førte vidare i 2025. Ved opptak til studieåret 2024–2025 søkte over 1000 kvalifiserte søkjarar på 381 studieplassar. Dei resterande 64 studieplassane har opptak hausten 2024 og våren 2025. Dei fleste studentane er nøgde med utbyttet av utdanninga. Tilskotsordninga til Bufdir for vidareutdanningane prioriterer tilsette som ikkje har tilleggsutdanning eller master, og som dermed ikkje kjem kompetansekravet i møte innan 2031. Vidare blir søkjarar med tilråding frå arbeidsgivaren prioriterte. I 2023 hadde 86 prosent av dei som fekk opptak til vidareutdanningane, sett bort i frå barnevernsleiarutdanninga, eit anbefalingsbrev frå arbeidsgivaren. Bufdir har fått i oppgåve å vurdere endringar som skal gjere det enklare for tilsette å ta vidareutdanning på deltid som samla sett kan utgjere ein mastergrad. Arbeidet skjer i samarbeid med utdanningsinstitusjonane som tilbyr vidareutdanningar og barnevernsfaglege masterutdanningar.

Tenestestøtteprogrammet vart oppretta då kompetansestrategien for det kommunale barnevernet vart lansert. Det vart oppretta som eit praksisnært opplæringstiltak for å støtte opp under utviklingsarbeid i barnevernstenestene. Programmet arbeider strukturert med vidareutvikling av og refleksjon rundt eige undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid i tenestene. Ei evaluering av tiltaket viser at det bidreg til å skape ein forbetra praksis i tenestene, eit meir einskapleg barnevern nasjonalt og meir samarbeid på tvers av barneverntenester. Programmet blir vidareført i 2025.

Opplæringsprogrammet for tilsette i både kommunalt barnevern, fosterheimstenester og institusjonar om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn blir i løpet av 2025 erstatta av eit breiare opplæringsprogram i mangfald. Opplæringsprogrammet vil ha som hensikt å gi barnevernet auka kompetanse i møtet med den mangfaldige befolkninga.

Eigne dialogmøte mellom statsforvaltaren, leiinga i kommunen og barnevernet skal bidra til ei felles forståing for arbeidet og utfordringane i barnevernet, i tillegg til at eigarskapen til barnevernet blir forankra i kommuneleiinga. I 2023 vart kommunar prioriterte og valde ut på bakgrunn av risikoanalysane og analysane av sårbarheit statsforvaltaren har gjort. Statsforvaltaren har òg hatt i oppgåve å fange opp kommunar der det var lang tid sidan førre dialogmøte. Oslo Economics har evaluert kompetansesatsinga i det kommunale barnevernet. Denne evalueringa tyder på at dialogmøte er eit nyttig tiltak med låge kostnader, samanlikna med pårekna vinstar. I nokre embete vel statsforvaltaren å samle fleire tenester innanfor oppvekstområdet i dialogmøta. Dette kan styrkje samarbeidet om barn og unge i kommunane mellom sektorar.

Eit viktig verkemiddel for å styrkje fagmiljøa i barnevernet er etableringa av læringsnettverk mellom kommunar. Her samarbeider kommunane om å utvikle tenester og tilbod til barn og familiar. Følgjeevalueringa av kompetansestrategien viste til at læringsnettverka synest å vere eit godt tiltak for å drive utviklingsarbeid i tenestene. I 2023 deltok nesten alle barnevernstenestene i Noreg i eit læringsnettverk. Tiltaket er omtalt som nyttig av statsforvaltarane, mellom anna for å gjere tenestene betre i stand til å vareta nytt ansvar og nye oppgåver som følgjer av barnevernsreforma. Regjeringa vil leggje til rette for meir samhandling mellom kommunar om mellom anna oppfølging av fosterheimar. Særleg kan slikt samarbeid vere nyttig for små kommunar med få tilsette i barneverntenesta og der avstandar kan gjere det krevjande å følgje opp fosterheimane. Regjeringa vil derfor utvide ordninga, tiltenkt fleire prosjekt i dei nordlegaste fylka. Arbeidet med kvalitetsreforma i barnevernet vil òg innehalde tiltak for å styrkje fagmiljø i det kommunale barnevernet. I tillegg ønskjer regjeringa å innrette delar av utvidinga til å styrkje nettverk for barnevernsleiarar. Føremålet er både å stimulere til felles leiarutvikling og at barnevernsleiarar frå ulike kommunar samarbeider om strategisk innsats for å utvikle betre tilbod til barn, foreldre og fosterfamiliar.

Tillit er eit sentralt element i møte og samarbeidet mellom barnevernet, foreldre og barn. Mange foreldre manglar tillit til barnevernet allereie før dei sjølve kjem i kontakt med barnevernstenesta. Tilliten ser ut til å bli særleg utfordra i møte mellom barnevernet og foreldre med etnisk minoritetsbakgrunn. Manglande tillit kan danne grunnlag for kommunikasjonsproblem, manglande openheit og misforståingar. Dette utgjer ein risiko for at barnevernet tek feil avgjerder, at familien motset seg hjelp, at ein del kvir seg for å melde bekymring, og at omdømmet til tenesta blir svekt. Konsekvensen kan vere at barn og foreldre ikkje får den hjelpa dei treng. Tilliten kan bli særleg utfordra i saker om vald og/eller seksuelle overgrep, under dette valdsproblematikk knytt til ære. Eit lovutval som har sett på problemstillingar knytte til ære, viser at mangel på forståing og kunnskap om disse fenomena inneber ein risiko for at ei sak kjem skeivt ut allereie tidleg i undersøkinga, jf. NOU 2024: 13 Lov og frihet. Fleire av forslaga til utvalet vil bli vurderte i samband med ein ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald som blir lagd fram våren 2025.

God fagkompetanse, relasjonskompetanse og merksemd om korleis den einskilde barnevernstilsette kan byggje trygge og tillitsfulle relasjonar, er viktige. Kvalitetsreforma vil omtale tiltak som kan bidra til auka tillit til barnevernet.

Rettstryggleik i barnevernet

Utgangspunktet i barnevernslova er at barn og foreldre har rett til familieliv med kvarandre. Dei fleste barnevernstiltaka blir gitt som frivillige hjelpetiltak i heimen. Barnevernslova opnar samstundes for inngripande tvangstiltak. Dette stiller store krav til rettstryggleik og avgjerdsprosessar som varetek rettane til både barn og foreldre. Viktig for rettstryggleiken er medverknad frå barn, at sakshandsaminga byggjer på eit godt kunnskapsgrunnlag, at avgjerdene er godt grunngitt, og at dei kan kontrollerast. Det er nyleg gjennomført vesentlege endringar som styrkjer rettstryggleiken til barn og foreldre barnevernet. Ny barnevernslov tok til å gjelde 1. januar 2023 og gir føringar for kva som er forsvarleg sakshandsaming. Lova legg betre til rette for lik praksis i kommunane. Det er i tillegg etablert nye digitale løysingar som skal gi dei tilsette betre fagleg støtte i barnevernssaker (DigiBarnevern).

Fleire dommar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har dei seinare åra konstatert krenking av menneskerettane til barn og foreldre. Tilsynsrapportar og forsking har funn som tilseier at kvaliteten på arbeidet bør styrkjast. Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Rettstryggleiken til barn og foreldre skal varetakast i alle fasar av barnevernssaka.

Kvalitetsreforma – lovforslag

Barne- og familiedepartementet sende i april 2024 på høyring forslag til endringar i barnevernslova som ein del av kvalitetsreforma regjeringa har sett i gang i barnevernet. Reforma byggjer på endringsprosessar og utviklingsarbeid som allereie er i gang. I tillegg tar nyare utgreiingar, som mellom anna Barnevernsutvalget sin NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid og Barnevernsinstitusjonsutvalet sin NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen,tak i viktige utfordringar.

Forslaga til endringar i barnevernslova skal

  • styrkje rettstryggleiken til barn og foreldre i saker der barn har barnevernstiltak utanfor heimen

  • gi auka stabilitet i fosterheimar

  • gi barn i institusjonar et tilbod som varetar behova deira for omsorg og vern

  • medverke til at barn og familiar opplever at barnevernet er tilgjengeleg og har tilstrekkeleg tid og bemanning

Departementet tek sikte på å leggje fram lovforslag for Stortinget våren 2025.

Medverknad i barnevernet

Retten barnet har til medverknad, er styrkt i barnevernslova, og ei ny forskrift om barn sin rett til medverknad tok til å gjelde frå 1. januar 2024. Bufdir er gitt i oppdrag å leggje særleg vekt på å implementere dei nye reglane om medverknad. Sentraleininga for barneverns- og helsenemnda skal utarbeide retningslinjer for å bidra til ein einskapleg praksis for når nemndene kan gi yngre barn partsrettar.

Høyringsnotatet om kvalitetsreform i barnevernet inneheld fleire forslag for ytterlegare å styrkje barn sin medverknad og dei prosessuelle rettane deira. Det omfattar forslag som å senke aldersgrensa for barn sine partsrettar til 12 år, alternativt utnemne advokat for alle barn frå fylte 12 år i tvangssaker for nemnda og eventuelt domstolen. Høyringsnotatet inneheld òg forslag om å gi alle barn, uavhengig av alder, rett til å klage på vedtak som inneber at barnet må flytte. Det er òg føreslått å tydeleggjere i lova at statsforvaltaren skal handsame tilsynsklager frå barn og foreldre. Regjeringa arbeider med å følgje opp forslaga som har vore på høyring, og tek sikte på leggje fram lovforslag våren 2025 for å styrkje rettsstillinga og medverknaden til barn i barnevernssaker.

Det er framleis ei målsetjing at familieråd skal styrkjast i alle tenesteområde. Familieråd styrkjer innverknaden frå barna og bidreg til å gi informasjon, mobilisere ressursar og skape openheit om innsats og ansvarsfordeling. Familieråd i akuttsituasjonar kan førebyggje akuttplasseringar som ikkje er naudsynte, og bidreg til at desse situasjonane blir handterte meir skånsamt. Talet på familieråd aukar jamt nasjonalt, og det finst tilgjengelege familierådskoordinatorar i heile Noreg. Likevel er familierådsaktiviteten rundt om i kommunane varierande. Familieråd blir òg brukte medan barn bur på institusjon, i beredskapsheim eller fosterheim. Bufdir skal framover følgje med på bruken av familieråd i akutte situasjonar og på institusjon, og arbeide for å jamne ut stor variasjon i bruken av dette. Innsatsen skal aukast, og regjeringa føreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner. Det skal bli sett i verk tiltak som kan bidra til auka bruk av familieråd i rekrutteringssamanheng, retta mot fosterheimar i barnet sin familie og nære nettverk.

Vidare er det teke inn i retningslinjene for masterutdanningane i barnevern at kandidatane skal ha avansert kunnskap om relasjonskompetanse, kommunikasjon og medverknad. Grunnmodell for hjelpetiltak, som etter planen over tid skal ut til alle kommunar, har òg medverknad som eit sentralt element i modellen.

Departementet fører vidare løyvinga til Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barnevernet i 2024. Desse ordningane skal mellom anna føre til auka medverknad for barn og unge og familiane deira som er, eller kan komme, i kontakt med barnevernet. I 2023 vart det innvilga 25 søknader med totalt 18,4 mill. kroner gjennom tilskotsordninga til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barnevernet.

Saker for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD)

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har handsama meir enn 60 barnevernsklager mot Noreg fram til juni 2024. Domstolen har konstatert krenking av retten til familieliv etter Den europeiske menneskerettskonvensjonens (EMK) artikkel 8 i 24 saker. Resten av sakene er ikkje-krenking eller avviste som openbert grunnlause (42 saker).

Noreg har tatt dommane frå EMD på stort alvor. Høgsterett har avsagt fleire dommar om barnevern etter dommane frå EMD. Det har òg vore satt i verk ei rekkje tiltak dei siste åra for å auke kunnskapen i barnevernssektoren om føringane frå EMD og Høgsterett. Saman med mellom anna ny barnevernslov og ny retningslinje frå Bufdir om fastsetjing av samvær i barnevernssaker ser vi at barnevernssektoren har teke inn over seg signala om å arbeide for at praksis er i samsvar med menneskerettane. Både statistikk over samvær og nyare forsking tyder på at det er eit aukande medvit når det gjeld å vurdere samvær etter ei omsorgsovertaking og det å arbeide for at barn og foreldre blir førte saman att. Samværet og arbeidet med gjenforeining må likevel alltid ta utgangspunkt i omsynet til det beste for barnet og må bli vurdert konkret i det einskilde tilfelle.

EMD tok i januar 2024 sju nye barnevernsklager mot Noreg til handsaming. Desse vil bli handsama på lik linje som dei tidlegare sakene mot Noreg. Noreg leverer òg handlingsplanar til Ministerkomiteen i Europarådet om oppfølginga av dommane frå EMD. Sist gong var i juni 2023, og vi skal levere ein ny rapport i desember 2024.

Dommane frå EMD og dommar frå Høgsterett har vist det naudsynt å endre praksisen til barnevernet på nokre område. Dette gjeld mellom anna samvær mellom foreldre og barn etter ei omsorgsovertaking. Som ein del av dette presenterte Bufdir i februar 2023 ei kunnskapsbasert retningslinje om samvær etter ei omsorgsovertaking. Retningslinja presiserer at fastsetjing av samvær skal skje etter ei konkret vurdering ut frå behovet til det einskilde barnet. Retningslinja skal bidra til at barnevernstenesta gjer gode og grundige vurderingar av kva som er ei rett ordning av samværet. Føremålet med retningslinja er vidare å auke rettstryggleiken til foreldre og barn. Bufdir arbeider med ei ny retningslinje om kvaliteten på samvær. Rapporten Samvær i praksis (2023)ligg til grunn for arbeidet med samvær i direktoratet. Rapporten er ei forskingsbasert undersøking om samværsordningar i barnevernet og er utarbeidd av OsloMet på oppdrag frå Bufdir. Departementet vurderer regelmessig om det er behov for fleire tiltak som skal bidra til at praksis er innanfor dei menneskerettslege forpliktingane våre.

Sakkunnige i barnevernssaker

Det er behov for at dagens register over barnefaglege sakkunnige får ei lovmessig forankring. For å styrkje det formelle rammeverket ved bruk av sakkunnige i barnevernet har departementet hatt på høyring ein heimel for at departementet kan føre ei oversikt over sakkunnige, og ein forskriftsheimel om at departementet kan gi nærare føresegner om innhaldet i og forvaltinga av oversikta. Departementet tek sikte på å leggje fram lovforslag våren 2025. Tilsvarande heimel i barnelova har vore på høyring. Bufdir har i 2024, og vil i 2025, arbeide vidare med å få på plass ei ny innretting av utdanningsprogram for sakkunnige i barnevernssaker og foreldretvistsaker. Det blir sikta mot at det nye utdanningsprogrammet kan starte opp i 2026.

Barneverns- og helsenemnda

Den nye forskrifta om barn sin rett til medverknad som tok til å gjelde frå 1. januar 2024, inneheld føresegner om barnet sin rett til medverknad i barneverns- og helsenemnda. Dette stiller særlege krav til sakshandsaminga i nemndene, slik at prosessane blir så barnevennlege som mogleg. Barn si deltaking og medverknaden deira har vore prioriterte i 2023 og 2024. Særleg gjeld dette medverknad frå dei minste barna og tilrettelegging for barnevennlege prosessar.

Ei ny forskrift om samtaleprosess tok til å gjelde 1. mars 2023. Samtaleprosess har som mål å betre kommunikasjonen og forståinga til partane for å komme fram til kva som er til det beste for barnet. Føremålet med forskrifta er å styrkje rettstryggleiken og etablere ein einsarta praksis i nemndene. Det er lagt særleg vekt på at omsynet til kva som er best for barnet, blir vareteke gjennom heile prosessen. Forskrifta inneheld føresegner om deltakinga og medverknaden til barn og høve til mellombelse ordningar. Ei mellombels ordning er til dømes utprøving av hjelpetiltak eller ulike typar kontakt og samvær. Departementet gjennomfører ei evaluering av ordninga med samtaleprosess i 2024–2025. Departementet tek sikte på at evalueringa mellom anna vil gi kunnskap om korleis omsynet til det beste for barnet og rettstryggleiken blir vareteke.

Barnevernslova stiller krav om at nemnda skal handsame ei sak så hurtig som omsynet til ei forsvarleg sakshandsaming gjer mogleg. Departementet har i styringsdialogen bede om informasjon om kva for tilhøve som påverkar sakshandsamingstida, og kva verksemda kan gjere med dei ulike tilhøva.

Mellombelse reglar i barnevernslova

Stortinget slutta seg til forslaget i Prop. 72 L (2023–2024) Endringer i barnetrygdloven og midlertidige endringer i lovverket som følge av ankomst av fordrevne fra Ukraina (videreføring m.m.) om å forlengje dei mellombelse reglane i barnevernslova til 1. juli 2026, jf. Innst. 430 L (2023–2024) og Lovvedtak 95 (2023–2024). Dei mellombelse reglane omfattar tilbod i omsorgssenter for einslege mindreårige, unntak frå einskilde krav for å vedta fosterheim- eller institusjonsopphald i Noreg for barn som er i Ukraina, og heimel for departementet til å fastsetje mellombels forskrift med unntak frå einskilde fristkrav for meldingar og undersøkingar. Departementet har òg vedteke å forlengje mellombelse føresegner i forskrifter til barnevernslova til 1. juli 2026. Unntaka gir mellom anna større rom for å vurdere kor mange tilsynsbesøk og oppfølgingsbesøk som skal gjennomførast.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

853

Barneverns- og helsenemndene

270 706

256 524

264 464

3,1

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

393 395

406 244

546 751

34,6

855

Statleg forvalting av barnevernet

7 938 459

8 123 917

9 067 988

11,6

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

363 369

468 235

567 564

21,2

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

675 857

673 234

696 691

3,5

Sum kategori 11.20

9 641 786

9 928 154

11 143 458

12,2

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

3853

Barneverns- og helsenemndene

392

850

100,0

3855

Statleg forvalting av barnevernet

2 458 011

2 648 996

2 697 943

1,8

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

292 918

455 569

280 083

-38,5

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

9 166

568

590

3,9

Sum kategori 11.20

2 760 487

3 105 133

2 979 466

-4,0

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

9 364 660

9 648 839

10 747 944

11,4

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

4 680

2 164

30 261

1298,4

50–89

Overføringar til andre

272 446

277 151

365 253

31,8

Sum kategori 11.20

9 641 786

9 928 154

11 143 458

12,2

Kap. 853 Barneverns- og helsenemndene

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

270 706

256 524

264 464

Sum kap. 853

270 706

256 524

264 464

Ansvarsområdet til verksemda

Barneverns- og helsenemndene er uavhengige, upartiske domstolsliknande forvaltingsorgan som er heimla i barnevernslova. Over 90 prosent av sakene i nemndene er tvangssaker etter barnevernslova, inkludert pålegg om hjelpetiltak, omsorgsovertaking av barn og tvangsplassering av ungdommar med åtferdsvanskar. Etter helse- og omsorgstenestelova gjer nemndene tvangsvedtak for vaksne rusavhengige og for gravide rusavhengige. Nemndene avgjer òg klager på kommunale vedtak om bruk av tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming. Vidare avgjer nemndene spørsmål om tvangsundersøking og tvangsisolering av personar med smittsame sjukdommar etter smittevernlova.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer driftsutgifter i dei tolv nemndene og Sentraleininga for Barneverns- og helsenemnda og sakskostnader ved handsaming av saker. Løyvinga blir føreslått auka med 0,9 mill. kroner for å finansiere utgifter knytte til konferansar mv., sjå omtale under kap. 3853, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 264,5 mill. kroner i 2025.

Kap. 3853 Barneverns- og helsenemndene

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Diverse inntekter

392

850

Sum kap. 3853

392

850

Post 01 Diverse inntekter (Ny)

Barneverns- og helsenemnda vil i 2025 ha inntekter, mellom anna for å dekkje utgifter til konferansar og refusjon frå fylkeskommunar for arbeid utført i samband med eksamensavlegging. Det blir på denne bakgrunn føreslått ei inntektsløyving. Det blir òg føreslått ei meirinntektsfullmakt for å ta høgd for fleire oppgåver og oppdrag enn budsjettert.

Departementet føreslår ei løyving på 0,9 mill. kroner i 2025.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

21

Spesielle driftsutgifter

55 210

53 045

55 765

22

Barnesakkunnig kommisjon

12 768

15 855

13 855

23

Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

48 291

58 029

81 617

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

4 680

2 164

30 261

61

Utvikling i kommunane, kan nyttast under post 72

78 828

71 264

152 882

62

Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23

27 766

29 230

30 370

71

Utvikling og opplysingsarbeid m.m.

40 041

41 712

42 476

72

Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

125 811

134 945

139 525

Sum kap. 854

393 395

406 244

546 751

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til utviklingstiltak, i hovudsak tidsavgrensa prosjekt, på barnevernsområdet.

Løyvinga på posten blir òg nytta til refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard, drift av tvisteløysingsnemnda for barnevernet og arbeidet til statsforvaltaren med fosterheimsrekruttering. Løyvinga kan òg bli nytta til andre tiltak i barnevernet.

Departementet føreslår i 2025 å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner, mellom anna for å gjennomføre utgreiingar i oppfølginga av kvalitetsreforma mv.

Sammen på vei – Nurse Family Partnership, tidlegare kalla Familie for første gang, er eit spesialisert tilbod for sårbare familiar, som rettar seg mot fyrstegongsfødande i ein vanskeleg livssituasjon. Målet er mellom anna å betre helsa og utviklinga til barnet, styrkje omsorgsevnene til foreldra og førebyggje omsorgsovertakingar, bidra til økonomisk sjølvstende og auka tillit til og kontakt med hjelpetenester. Departementet vurderer at dette er eit tiltak som kan ha betyding i mange barnevernssaker. Tiltaket blir derfor flytta frå familie- og oppvekstområdet til barnevernsområdet. Departementet føreslår på denne bakgrunn å auke kap. 854, post 21, med 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 846, post 21. Sjå òg omtale under kap. 854, post 61, og kap. 855, post 21.

Departementet føreslår vidare at midlane til Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK) blir samla på kap. 842, post 01. BFD føreslår derfor å redusere kap. 854, post 21, med 3 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 842, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 55,8 mill. kroner i 2025.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal vurdere kvaliteten på rapportar frå sakkunnige i foreldretvistsaker og barnevernssaker, anten dei er bestilte av barnevernstenesta, Barneverns- og helsenemnda, domstolane eller dei private partane.

Grunna reduserte behov føreslår departementet at delar av løyvinga blir nytta til andre prioriterte tiltak på barnevernsområdet. BFD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på posten med 2,6 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 13,9 mill. kroner i 2025.

Post 23 Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

Posten dekkjer utgifter til kompetansehevingstiltak for barnevernet. Posten dekkjer mellom anna utgifter til dialogmøte statsforvaltaren har med kommunane for å styrkje forankringa av utfordringane i barnevernet både i administrativ og politisk leiing, og oppgåver med å koordinere kompetansetiltak. Løyvinga skal òg dekkje utgifter statsforvaltarane har ved å leggje til rette for samarbeid i kommunale læringsnettverk og forvalte midlar til utviklingsprosjekt i desse nettverka, jf. omtale under kap. 854, post 61. Vidare dekkjer løyvinga utgifter til vidareutdanningar, opplæringsprogram og kommunale rettleiingsteam.

I 2025 skal det setjast i gang eit forsøk med rettleidd fyrsteår i det kommunale barnevernet.

Løyvinga har tidlegare vore øyremerkt med 13,5 mill. kroner til kommunale rettleiingsteam og 10 mill. kroner til tiltak for å styrkje styring og leiing i kommunane. For å vareta god styring føreslår departementet å fjerna desse øyremerkingane. Dette inneber inga endring i prioriteringa av tiltaka.

Løyvinga på posten blir føreslått auka med 0,5 mill. kroner for å etablere nasjonal koordinerande rolle og støttefunksjon til læringsnettverka på fosterheimsområdet. På denne måten kan det leggjast til rette for deling av erfaringar og verktøy m.v. som allereie er utvikla i læringsnettverka mellom kommunar, og overføring på tvers av nettverk, kommunar og fylke.

Løyvinga på posten blir føreslått auka med 18 mill. kroner til oppbygging av MST-tilbodet i Bufetat. Auken skal òg gå til kvalitetssikring i Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) og i Nasjonal enhet for behandlingstiltak i Bufetat. Dette er ein del av satsinga mot ungdomskriminalitet, sjå òg omtale av tilbodet i Oslo under kap. 854, post 61.

I 2025 skal òg arbeidet med å utforme ei ny innretning på utdanning for sakkunnige i saker etter barnevernslova og barnelova førast vidare. Løyvinga blir derfor føreslått auka med 2,9 mill. kroner. Tiltaket blir òg finansiert under kap. 854, post 21.

Departementet føreslår ei løyving på 81,6 mill. kroner i 2025.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til digitaliseringsprosjekt i det statlege barnevernet. Løyvinga blir i hovudsak nytta til innkjøp av IKT-løysingar og -utstyr og til innleige av eksterne ressursar, men kan òg bli nytta til Bufdir sitt eige arbeid i prosjekta.

I 2025 skal det setjast i gang eit prosjekt for å modernisere fagsystemet for det statlege barnevernet. Dette inneber òg å utvikle løysingane frå DigiBarnevern til bruk i statleg barnevern, etablere eit sikkert digitalt system for samhandling mellom aktørane i barnevernet og utvikle system for betre tilgang på styringsinformasjon og analysedata. Departementet føreslår at løyvinga blir auka med 28 mill. kroner. For DigiBarnevern til bruk i statleg barnevern, sjå òg omtale under kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 30,3 mill. kroner i 2025.

Post 61 Utvikling i kommunane, kan nyttast under post 72

Posten dekkjer tilskot til utviklingsprosjekt og andre tiltak i regi av kommunar og statsforvaltarane. Midlane skal mellom anna nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barnevernet, og til utviklingsarbeid i kommunale læringsnettverk. Departementet fører òg vidare midlar til å spreie og implementere Grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet. Grunnmodellen for hjelpetiltak skal gi grunnlaget for ei heilskapleg tilnærming til hjelpetiltaksarbeidet. Bufdir gir tilskot til kommunane Narvik, Harstad, Haugesund og Utsira, Tinn, Notodden-Hjartdal, Midt-Telemark, Vest-Telemark, Lørenskog, Aurskog-Høland og Nordstrand bydel i Oslo for å implementere modellen. Det kan vere fleire kommunar som får tilskot i det vidare arbeidet med implementering.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot på 8 mill. kroner til oppbygging av MST-tilbodet i Oslo kommune, som ein del av satsinga mot ungdomskriminalitet. For tilbodet i andre delar av landet, sjå òg omtale under kap. 854, post 23.

Løyvinga til kommunale læringsnettverk blir føreslått auka med 3,5 mill. kroner. Denne styrkinga er meint å skape betre samarbeid mellom kommunar om kvalitetsutvikling i barnevernet. Dette gjeld særleg på fosterheimsfeltet, der fleire utviklingsprosjekt har ført til meir systematisk oppfølging av fosterheim.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Alarmtelefonen for barn og unge i 2025, som blir drifta av Kristiansand kommune. Målet for tilskotet er at alarmtelefonen skal vere ein døgnopen, gratis alarmtelefon for barn og unge som er utsette for ulike former for vald, overgrep eller omsorgssvikt.

Departementet føreslår òg at det blir gitt tilskot til organiseringa av den årlege landskonferansen mellom barnevernsvakter og politi i 2025. Målet for tilskotet er at konferansen skal fremje samarbeid mellom politi og barnevernsvakter.

Løyvinga dekkjer òg tilskot til Oslo kommune til tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet. Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Barne- og familiedepartementet løyver i dag midlar til to typar losprosjekt med mål om auka skulegjennomføring blant utsette barn og ungdom: los/ungdomslos gjennom tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge på kap. 846, post 61, og Skulelosprosjekt på kap. 854, post 61. Departementet vurderer det som lite føremålstenleg å forvalte tilskotsmidlar til skulelosprosjekt separat frå tilskot til andre losprosjekt. BFD føreslår derfor å redusere kap. 854, post 61, med 1,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 846, post 61.

Departementet føreslår òg å redusere løyvinga på posten med 0,9 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Sammen på vei – Nurse Family Partnership, tidlegare kalla Familie for første gang, er eit spesialisert tilbod for sårbare familiar, som rettar seg mot fyrstegongsfødande i ein vanskeleg livssituasjon. Kommunane ser på programmet som eit viktig førebyggjande tiltak etter intensjonane i barnevernsreforma. I budsjettet for 2024 er løyvinga til Sammen på vei løyvd under kap. 846, post 21 og post 71. Departementet vurderer tiltaket som viktig i mange barnevernssaker og føreslår på denne bakgrunn å redusere kap. 846, post 71, med 69,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 61. Sjå omtale under kap. 854, post 21, kap. 855, post 21, og kap. 846, post 71 under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Løyvinga dekkjer utgifter til vertskommunane/bydelane som får midlar, mellom anna til lønnskostnadene til sjukepleiarar som deltek i programmet. Dette er vertskommunane/bydelane som inngår i dei fem utprøvingsområda ved Sandnes, Kristiansand, Bergen, Trondheim og bydel Gamle Oslo. Det vil òg kunne vere fleire kommunar eller bydelar som får tilskot i 2025. Av midlane til programmet går òg ein del til Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør som har det faglege ansvaret for opplæring og kvalitetssikring av programmet. For å sikre korrekt føring av desse utgiftene i rekneskapen føreslår BFD derfor at posten får stikkordet «kan nyttast under post 72».

Departementet føreslår ei løyving på 152,9 mill. kroner i 2025.

Post 62 Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23

Løyvinga blir nytta til tilskotsordninga til barnevernsfagleg vidareutdanning. Bufdir er tilskotsforvaltar. Hovudelementa i ordninga er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Målet med tilskotsordninga er å bidra til å styrkje kunnskaps- og kompetansenivået hos tilsette i barnevernet. Det kan søkjast om tilskotsmidlar for å dekkje prioriterte vidareutdanningar innanfor barnevernsfag. Midlane skal nyttast til å dekkje kostnader til vikarutgifter, reise- og opphaldskostnader, litteraturkjøp o.l. Dei prioriterte vidareutdanningane for 2025 handlar om barnevernsfagleg rettleiing, minoritetskompetanse i barnevernet, juss i barnevernsfagleg arbeid, vurdering av det beste for barnet og relasjonskompetanse i barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 30,4 mill. kroner i 2025.

Post 71 Utvikling og opplysingsarbeid mv.

Løyvinga under denne posten blir i hovudsak nytta til tilskotsordningane Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. Hovudelementa i ordningane er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Tilskota er regulerte i forskrifter fastsette av BFD i 2022. Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet skal bidra til å utvikle barnevernsfeltet gjennom å stimulere brukar- og interesseorganisasjonar på feltet til å styrkje engasjementet sitt og å vise medansvar for utsette barn og unge og familiane deira. Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet skal bidra til å utvikle barnevernsfeltet gjennom førebygging av problemutvikling og ved at utsette barn og unge får betre hjelp til livsmeistring og utvikling i trygge omgivnader.

Departementet føreslår at det innanfor ordningane blir gitt tilskot på 5 mill. kroner til Landsforeningen for barnevernsbarn i 2025. Målet for tilskotet er at Landsforeningen for barnevernsbarn skal bidra til brukarmedverknad i barnevernet.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til barneeininga i Østersjørådet, Children at Risk (CAR) i 2025. Føremålet med tilskotet er å styrkje det regionale samarbeidet om barnerettane.

Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 42,5 mill. kroner i 2025.

Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot på 66,3 mill. kroner til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU). Målet for tilskotet er at NUBU skal medverke til at barn og unge med utfordrande åtferd, familiane deira og skular får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge, RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt-Noreg og driftstilskot til RBUP Aust og Sør. Kunnskapssentera skal utvikle, kvalitetssikre, forvalte og gjere tilgjengeleg vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeidet med barnevern og psykisk helse hos barn og unge.

Departementet føreslår i tillegg at det blir gitt tilskot til RKBU Vest, RKBU Nord, RKBU Midt-Noreg og RBUP Aust og Sør og Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Sør (RVTS Sør). Målet for tilskotet er at sentera skal drifta tenestestøtteprogrammet for barnevernstenesta, der deltakande kommunar kan få auka kompetanse om mellom anna undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid.

Departementet føreslår òg at det blir gitt tilskot til RKBU Midt-Noreg og RKBU Nord. Målet for dette tilskotet er å auke kompetansen i kommunalt og statleg barnevern gjennom tilbod om vidareutdanningar. Sentera tilbyr vidareutdanning innan høvesvis barneverns- og institusjonsleiing og barnevernsfagleg rettleiing.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til statlege universitets- og høgskuleinstitusjonar og VID vitenskapelige høgskole. Midlane skal nyttast som kompensasjon til barnevernstenester og barnevernsinstitusjonar som tek imot praksisstudentar når utdannings- og høgskuleinstitusjonar ber om det. Målet med tilskotet er å sørgje for at studentar innanfor relevante utdanningar får praksis i barnevernet.

Posten omfattar òg midlar som Norsk psykologforening blir tildelte til opplæring og rettleiing av sakkunnige gjennom å tilby utdanningsprogram for barnefaglege sakkunnige. Grunna ny innretning på utdanning for sakkunnige i saker etter barnevernslova og barnelova føreslår departementet å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner i 2025.

Delar av løyvinga dekkjer i tillegg mentorordninga Nattergalen. Målgruppa for ordninga er barn med minoritetsbakgrunn og studentar på sosialfaglege bachelorutdanningar. Ordninga skal bidra til at fleire av barna fullfører vidaregåande utdanning og tek høgare utdanning, samstundes som studentane utviklar kultursensitivitet gjennom å bli kjent med barna og familiane deira. Midlane går til åtte høgskular/universitet som tilbyr mentorordninga. Desse er OsloMet, Høgskulen i Innlandet, Høgskulen i Østfold, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Agder, NTNU Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Nord Universitet og Høgskulen på Vestlandet.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 139,5 mill. kroner i 2025.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

4 475 916

4 518 812

4 887 294

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

21 417

28 248

34 916

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

3 441 126

3 576 857

4 145 778

Sum kap. 855

7 938 459

8 123 917

9 067 988

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

Løyvinga på posten dekkjer lønn og sosiale kostnader til tilsette i Bufetat. Dette gjeld tilsette ved regionkontor, barnevernsinstitusjonar og fosterheimstenester med meir. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, til opplæring og til varer og tenester.

Utgiftene til det statlege barnevernet har auka mykje dei siste åra, og løyvingane på kap. 855, post 01 og 22, vart derfor auka i 2023 og vidare i 2024. Dette var grunngitt i auka prisar, større behov hos barna og behov for fleire einskilde kjøp frå private leverandørar av institusjonsplassar. Det er venta at utgiftene til det statlege barnevernet vil auke vidare i 2025. Det blir føreslått å auke løyvinga på post 22 med 433 mill. kroner. Dette er grunngitt i vedvarande behov for å gjere fleire einskilde kjøp, auka prisar på einskilde kjøp og forventa høgare utgifter til dei private rammeavtalane, for å kunne vareta bistandsplikta og sikre eit forsvarleg tilbod. Mangel på varige tiltak for barna med størst behov fører til at dei blir verande for lenge i akuttplasseringar. Etaten gjennomfører ei rekkje tiltak for å avgrense den samla kostnadsveksten i det statlege barnevernet samstundes som bistandsplikta blir vareteken. Sjå òg omtale under post 22.

Regjeringa føreslår å auke løyvinga med 119 mill. kroner på kap. 855, post 01, til å etablere fleire statlege behandlingsplassar for å styrkje grunnkapasiteten, slik at Bufetat skal kunne vareta bistandsplikta, og for at fleire av barna med dei største og mest samansette behova skal bli varetekne i dei statlege institusjonane.

Det er eit mål å ha institusjonar som er tilstrekkeleg fleksible til å gi eit tilpassa tilbod til alle barn som er i målgruppa for barnevernsinstitusjon. Derfor føreslår regjeringa å løyve 57,7 mill. kroner til ein pilot for å prøve ut endringar i innretning og differensiering av institusjonstilbodet, i tråd med forslag i NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen. Dette skal bidra til å gi kunnskap om korleis ein ny og meir fleksibel innretning av institusjonstilbodet kan gi auka stabilitet og betre hjelp til barna. Gjennom ein auke i talet på statlege plassar totalt vil piloten òg kunne bidra til redusert behov for einskilde kjøp og færre brot på bistandsplikta.

Løyvinga blir vidare føreslått auka med 20 mill. kroner til ein pilot av eit barnevernsinstitusjonstilbod for barn og unge med store og samansette behov, under dette gjentakande eller alvorleg kriminalitet. Tilbodet vil bli prøvd ut i eksisterande barnevernsinstitusjonar som tek imot barn med alvorlege åtferdsvanskar, innanfor dagens regelverk, med til dømes eit større innslag av tverrfagleg kompetanse / tverrfaglege team knytt til barnet.

I tråd med Meld. St. 29 (2023–2024) føreslår regjeringa å styrkje Bufetats fag- og tiltaksstøtte til kommunane i oppfølginga av fosterheim. Departementet føreslår å auke løyvinga med 43 mill. kroner slik at Bufetat kan hjelpe kommunane meir i oppfølginga på fosterheimsområdet. Føremålet med auken er å setje kommunane betre i stand til å oppfylle oppfølgingsansvaret sitt.

Kriminalomsorga har to landsdekkande ungdomseiningar med totalt ti plassar for innsette mellom 15 og 18 år. Det har vore ein markant auke i talet på innsetjingar av mindreårige i fengsel dei to siste åra. Auken inneber at det er ein risiko for at det i periodar kan vere fleire mindreårige innsette enn det er plass til i ungdomseiningane, sjølv etter kapasitetsutvidinga i 2024. Regjeringa føreslår 65 mill. kroner til å utvide kapasiteten med 11 mellombelse ungdomseiningsplassar. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Justis- og beredskapsdepartementet. For å dekkje Bufetats si del av kostnadane til den tverrfaglege bemanninga, føreslår regjeringa ein auke på 2,8 mill. kroner på kap. 855, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 4 887,3 mill. kroner i 2025.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking, utgreiing og utviklingstiltak, i hovudsak for å heve kvaliteten i arbeidet til det statlege og det kommunale barnevernet.

Løyvinga blir føreslått auka med 2,6 mill. kroner mot tilsvarande reduksjonar på kap. 846, post 21, kap. 846, post 71, og nettoføringsordninga for meirverdiavgift under kap. 1633, post 01. Flyttinga gjeld utgifter til evaluering av Sammen på vei – Nurse Family Partnership. Sjå omtale under kap. 846, post 71.

Løyvinga på posten blir føreslått auka med 3 mill. kroner til tiltak for fosterheim. Det skal setjast i verk tiltak som kan bidra til auka bruk av familieråd i rekrutteringssamanheng, retta mot fosterheim i familien til barnet og nære nettverk, jf. Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i.

Departementet føreslår ei løyving på 34,9 mill. kroner i 2025.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak. Omstilling og oppbygging av statlege tilbod og større beredskap er prioritert, men tek tid, og tilbodet til barna må til ein kvar tid bli varetatt. Regjeringa ønskjer eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar, men det vil òg vere behov for private kommersielle aktørar i statleg barnevern framover, og det skal leggjast til rette for at aktørane kan byggje langsiktig kapasitet – dette for å nå dei overordna måla om å vareta bistandsplikta, auke beredskapen og betre kostnadskontroll.

Departementet føreslår at løyvinga på posten blir auka med 433 mill. kroner. Auken er grunngitt i behov for å gjere fleire einskilde kjøp, auka prisar på einskilde kjøp og forventa høgare utgifter til rammeavtalar for å kunne vareta bistandsplikta, sikre eit forsvarleg tilbod og redusere behovet for einskilde kjøp i framtida. I private fosterheimar er det forventa ein nedgang i aktiviteten. Sjå nærare omtale under post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 4 145,8 mill. kroner i 2025.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Diverse inntekter

11 484

3 541

3 676

02

Barnetrygd

2 684

3 959

3 959

60

Kommunale eigendelar

2 443 843

2 641 496

2 690 308

Sum kap. 3855

2 458 011

2 648 996

2 697 943

Post 01 Diverse inntekter

Løyvinga på posten er i hovudsak knytt til tilfeldige inntekter, til dømes inntekter frå sal av driftsmiddel og kursinntekter.

Departementet føreslår ei løyving på 3,7 mill. kroner i 2025.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter som motsvarer refusjonane, blir rekneskapsførte på kap. 855.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2025.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim og ved tiltak i heimen.

Det er ikkje forventa ei stor endring i talet på barn med behov for tiltak frå det statlege barnevernet i 2025. Departementet føreslår likevel å redusere løyvinga med 111 mill. kroner. Nedgangen er i hovudsak knytt til fosterheim. Utfasing av dei tidlegare såkalla familieheimane har ført til færre tilgjengelege spesialiserte fosterheimar enn før. Mange av desse heimane har ikkje dei naudsynte kvalifikasjonane til å ta på seg nye oppdrag som spesialiserte fosterheimar. I tillegg er det forventa at fleire fosterheimar enn tidlegare lagt til grunn vil omfattast av overgangsordninga til barnevernsreforma for spesialiserte fosterheimar. Overgangsordninga inneber at kommunane betaler gamle, lågare eigendelar for tiltak i spesialiserte fosterheimar for plasseringar frå før 2022. Dette gir lågare inntekter enn Bufetat elles ville hatt.

I tråd med Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i føreslår regjeringa å styrkje Bufetats fag- og tiltaksstøtte til kommunane i oppfølginga av fosterheim. Kommunane skal betale noko eigendelar i samband med dette. Departementet foreslår å auke løyvinga med 9 mill. kroner. Sjå også omtale under kap. 855 post 01.

I budsjettet for 2022 og 2023 vart kommunane kompenserte for mesteparten av barnevernsreforma, men noko kompensasjon vart halden igjen. Dette knyter seg i sin heilskap til overgangsordninga for spesialiserte fosterheimar. Kommunane skal kompenserast for dette beløpet når resterande plasseringar omfatta av overgangsordninga blir avslutta. I 2025 er dette beløpet berekna til 8,5 mill. kroner, sjå omtale i Kommunal- og distriktsdepartementets sin Prop. 1 S for 2025. Regjeringa legg opp til at overgangsordninga for spesialiserte fosterheimar skal avsluttast frå og med 1. januar 2026. Det betyr at kommunane betaler full eigendel for alle plasseringar i spesialiserte fosterheimar frå og med 2026. Kommunane vil bli kompenserte for denne auken i 2026 gjennom ein auke i rammetilskotet til kommunane.

Eigendelane per månad per barn i institusjonstiltak og spesialiserte fosterheimar (omfattar òg beredskapsheimar) er føreslått til høvesvis 190 190 kroner og 95 095 kroner i 2025. Eigendelen per månad per barn for spesialiserte hjelpetiltak er føreslått til 16 845 kroner. Eigendelen per månad per barn i senter for foreldre og barn er føreslått til 79 335 kroner. For heimebaserte/polikliniske tilbod, som er mindre kostnadskrevjande enn tiltaka i sentera, er eigendelen til kommunane per månad føreslått til 13 620 kroner. Eigendelane vil stå i rundskrivet om satsar for kommunal eigenbetaling for barnevernstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 2 690,3 mill. kroner i 2025.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

363 369

468 235

175 395

22

Kjøp av plasser i private omsorgssentre, kan nyttast under post 01

392 169

Sum kap. 856

363 369

468 235

567 564

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har komme til landet utan foreldre eller andre med foreldreansvar og søkjer om vern etter utlendingslova, eit tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Posten dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgsplassar og arbeid med godkjenning av senter, opplæring og oppfølging, anskaffingar, administrasjon og busetjing av einslege mindreårige frå omsorgssentera. Som følgje av at talet på barn som blir plassert i høvesvis statlege og private omsorgssenter, varierer i løpet av budsjettåret, får kap. 856, post 01, stikkordet «kan nyttast under post 22», og at kap. 856, post 22, får stikkordet «kan nyttast under post 01»

Løyvinga er lagd til rette for å dekkje drift av 50 plassar.

Departementet føreslår ei løyving på 175,4 mill. kroner i 2025.

Post 22 Kjøp av plassar i private omsorgssenter, kan nyttast under post 01

BFD viser til at ein stor del av løyvinga på kap. 856, post 01, har gått til kjøp av private omsorgsplassar. For å sikre meir korrekt postbruk er det oppretta ein ny budsjettpost i samband med revidert nasjonalbudsjett 2024, kap. 856, post 22 «Kjøp av plassar i private omsorgssenter». Som følgje av at talet på barn som blir plassert i høvesvis statlege og private omsorgssenter, varierer i løpet av budsjettåret, får kap. 856, post 01, stikkordet «kan nyttast under post 22», og at kap. 856, post 22, får stikkordet «kan nyttast under post 01»

Løyvinga på posten skal gå til kjøp av private omsorgsplassar til einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Det er venta å vere eit behov for i gjennomsnitt 198 plassar i omsorgssentera i 2025, og departementet har talfesta at det er behov for 148 private plassar på denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 392,2 mill. kroner i 2025.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

291 747

452 869

277 278

60

Kommunale eigendelar

1 171

2 700

2 805

Sum kap. 3856

292 918

455 569

280 083

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter som er knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar, kan ifølgje statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinjene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. Det er venta at 50,3 prosent av barna i omsorgssenter i 2025 vil ha ei butid under eitt år.

Departementet føreslår at 277,3 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01 og post 22, blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167, post 21, på budsjettet til Utanriksdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 277,3 mill. kroner i 2025.

Post 60 Kommunale eigendelar

Det er i utgangspunktet einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år som får tilbod om å bu i omsorgssenter. I visse tilfelle er det òg mogleg å plassere andre barn i omsorgssenter, under dette barn som etter busetjing har liknande behov for tiltak. Løyvinga nyttast til å føre inntekter frå kommunale eigendelar for barn som blir plasserte i omsorgssenter som barnevernstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 2,8 mill. kroner i 2025.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

654 858

651 388

674 015

21

Spesielle driftsutgifter

20 999

21 846

22 676

Sum kap. 858

675 857

673 234

696 691

Ansvarsområdet til verksemda

Bufdir skal styrkje moglegheita det einskilde mennesket har til meistring og utvikling, gjennom å fremje ein trygg barndom, gode oppvekstvilkår, likestilling og ikkje-diskriminering.

Bufdir er etatsstyrar for Bufetat. Hovudoppgåva til etaten er å gi hjelp, støtte og tiltak til barn, unge og familiar som treng det. Kvaliteten på tenestene Bufetat tilbyr, skal vere rett og høg i heile landet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Bufdir. Dette inkluderer opplæring, leige og drift av lokale i tillegg til kjøp av varer og tenester.

Bufdir kan òg nytte midlane på posten til å finansiere og bestille forsking, kunnskapssamandrag og ulike IKT-prosjekt. Direktoratet skal formidle kunnskap frå forsking og statistikk og utarbeide faglege dokument og tilrådingar til støtte for utøving av praksis i ulike delar av arbeidet til barnevernet. I tillegg skal Bufdir levere fellesfunksjonar til Bufetats regionar.

Løyvinga blir vidare nytta til forvaltinga Bufdir gjer av digitaliseringstiltaket DigiBarnevern for kommunalt barnevern og dessutan vidareutvikling av DigiBarnevern-prosjektet til å omfatte dei statlege barneverntenestene.

Løyvinga blir vidare nytta til Bufdirs deltaking i kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Kompetanseteamet er eit nasjonalt, tverretatleg team som skal gi rettleiing til hjelpeapparat og privatpersonar og dessutan koordinere og tildele plassar i bu- og støttetilbodet. Kompetanseteamet skal gjere ei naudsynte kartlegging av den utsette og samarbeide med relevante aktørar. Kompetanseteamet skal forvalte refusjonsordninga i tillegg til å gjere den naudsynt koordineringa med relevante etatar i Noreg i saker når personan(e) er i utlandet og når personar returnerer frå utanlandsopphald.

Løyvinga blir føreslått redusert med 4,3 mill. kroner på grunn av endra finansiering av Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Løyvingane under Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet blir auka tilsvarande.

Regjeringa føreslår òg å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner i 2025 for å styrkje koordinatorfunksjonen til kompetanseteamet. Dette inkluderer mellom anna arbeidet med kompetanseheving, styrkje koordinering under, og i etterkant av, retur og rettleiing i utanlandssaker. Det inkluderer òg kartlegging, koordinering og oppfølging av det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald og forvaltning av refusjonsordninga for utgifter til heimreise til Noreg for personar som er utsett for negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Løyvinga skal òg gå til å styrkje refusjonsordninga.

I budsjettet for 2024 er det sett av 17,4 mill. kroner på kap. 846, post 21, til ein digital ungdomsportal gjennom å utvikle nettstaden ung.no vidare, som ein del av DigiUng-samarbeidet. Delar av løyvinga går til faste stillingar i Bufdir som departementet føreslår å flytte til kap. 858, post 01. BFD føreslår derfor å auke løyvinga på kap. 858, post 01, med 5,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 846, post 21.

Departementet føreslår vidare å redusere løyvinga med 7,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1605 Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ), post 01. Flyttinga blir gjennomført på grunn av endra finansiering av tenester knytte til lønn og rekneskap frå DFØ.

Departementet føreslår vidare å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner grunna arbeid med ei ny tilskotsordning for til krisesenter. Sjå omtale, under kap. 840, post 60.

Vidare føreslår departementet å auke løyvinga med 4,4 mill. kroner knytt til at direktoratet skal overta oppgåva med å godkjenne nye tildelingar av utanlandsadopsjonar frå adopsjonsorganisasjonane.

Departementet føreslår ei løyving på 674 mill. kroner i 2025.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, inkludert vidare utvikling av IKT og digitalisering i Bufdir. Løyvinga dekkjer òg utbetalingar av godtgjersle til medlemmene i fordelingsutvalet, som har som hovudoppgåve å tildele tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar.

Departementet føreslår ei løyving på 22,7 mill. kroner i 2025.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Diverse inntekter

9 166

568

590

Sum kap. 3858

9 166

568

590

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak og er knytte til mellom anna eigendelar i samband med deltaking i foreldrekurset Hva med oss? og andre samlivstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 0,6 mill. kroner i 2025.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane kan ta informerte val, kjenne rettane sine og vete kva dei bør gjere dersom dei opplever problem med varer og tenester dei har kjøpt. Ved tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande eller mellom privatpersonar om kjøp og sal skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Forbrukarpolitikken skal vareta og styrkje interessene, vernet og tryggleiken til forbrukarane. Forbrukarane står ofte overfor kommersielle aktørar med betre informasjon og kunnskapar om produkt, avtalevilkår og marknadstilhøve. Forbrukarpolitikken skal vege opp for denne ubalansen.

Høgare prisar på mange varer og tenester skaper utfordringar for mange forbrukarar og særleg for dei som er i ein krevjande økonomisk situasjon. Regjeringa er oppteken av at forbrukarane i denne situasjonen framleis skal ha eit sterkt vern som gir dei grunnlag for tryggleik i og tillit til marknadene. Opplysingane forbrukarane får om prisar og vilkår, skal vere korrekte og forståelege. Forbrukarane, medrekna barn og unge, skal vernast mot svindel og ulovleg marknadsføring. Marknadsføring som er skadeleg og ulovleg, skal motverkast.

Straummarknaden er ein marknad som det kan vere ekstra krevjande å orientere seg i. Sjølv om vara frå tilbydarane der er den same, varierer prisane og vilkåra mykje. Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget 5. juni 2024 endringar i energilova som inneber at det frå 1. juli 2024 vart strengare krav til marknadsføringa og forbrukarrettane ved sal av straum.

Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane skal kunne velje varer og tenester ut frå kunnskapar om kva konsekvensar produksjonen og bruken kan ha for til dømes helse, miljø/klima og arbeidstilhøve. Forbrukarane skal få betre føresetnader for eit berekraftig forbruk. I august 2024 lanserte Forbrukarrådet ein eigen nettstad som gir forbrukarane ein enkel veg til truverdig miljøinformasjon og tips om berekraftige forbruksval.

Regjeringa vil framleis støtte opp om arbeidet til Miljømerking med dei offisielle miljømerka, den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som begge formidlar informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Framover blir det òg viktig å følgje opp regelverk frå EU som kan medverke til at forbrukarane får betre informasjon om mellom anna miljøaspekt ved produkt. Vidare vil BFD inn i 2025 halde fram med å evaluere openheitslova som skal fremje meir respekt hos verksemdene for grunnleggjande menneskerettar.

Bruk av og handel gjennom digitale medium forenklar kvardagen for mange forbrukarar, men byr òg på utfordringar. Mellom anna blir forbrukarvernet utfordra av nye digitale marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar. For regjeringa er det viktig at reglane som skal verne forbrukarane blir utvikla og innretta slik at dei kan møte nye utfordringar.

Lovendringar som gjennomfører moderniseringsdirektivet frå EU, tok til å gjelde 1. oktober 2023. Desse sikrar forbrukarane fleire og tydelegare rettar, særleg ved bruk av digitale marknadsplassar og kjøp av digitale tenester. Forbrukartilsynet kan sanksjonere brot på forbrukarvernreglane med høgare lovbrotsgebyr.

På digitale flater er barn og unge særleg utsette. Reklame kan medverke til kommersielt press eller promotering av innhald som kan vere skadeleg. Marknadsføring kan mellom anna føre til kroppspress. På grunnlag av ein gjennomgang av forbrukarvernet til barn i digitale medium som starta opp i 2023, vil BFD hausten 2024 sende på høyring forslag om regelverksendringar som skal styrkje dette vernet.

Regjeringa vil at personar som har fått alvorlege betalingsproblem, skal få betre og raskare hjelp. Våren 2024 la regjeringa derfor fram ein proposisjon om endringar i gjeldsordningslova som mellom anna skal føre til at personar med alvorlege gjeldsproblem kan få hjelp raskare enn i dag. Stortinget slutta seg til proposisjonen 11. juni 2024. Lovendringane vil gjelde frå 1. januar 2025. Frå denne datoen vil mellom anna kravet om at personar som søkjer om gjeldsordning, fyrst må ha prøvd å løyse sakene sine sjølve før dei går til namsmannen, falle bort.

Mål

BFD har for 2025 desse måla på forbrukarområdet:

Mål

  • Ei sterkare stilling for forbrukarane i møte med digitaliseringa

  • Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område

  • Betre føresetnader for eit berekraftig forbruk

Måla og bakgrunnen for desse er nærare omtalte under overskriftene nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Reglar og rammevilkår

Nedanfor blir relevant lovarbeid i BFD og andre tiltak som skal ta vare på og styrkje rettane og vilkåra til forbrukarane, omtalte. Det blir gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2023 og fyrste halvåret i 2024, og for planlagde tiltak i 2025.

Regelverksarbeid

Det norske regelverket på forbrukarområdet blir i stor grad påverka av det som skjer i EU. Ikkje minst gjeld dette digitaliseringsområdet, forbrukarrettane knytte til det grøne skiftet, forbrukarane sin rett til klagehandsaming og tilsynet med at regelverket blir etterlevd. Deltaking i arbeidet til EU med å lage til forbrukarpolitikk og -regelverk er derfor avgjerande for å sikre norske forbrukarar eit godt vern og leggje til rette for at dei kan gjere gode miljøval. I 2025 vil BFD følgje handsaminga av fleire forslag om regelverk frå EU-kommisjonen og vurdere å gi innspel der det trengst for å ta vare på interessene til norske forbrukarar. Departementet vil òg gjennomgå og utvikle andre regelverk som skal vareta interessene til forbrukarane.

Forbrukarane i den digitale økonomien

Den raske teknologiutviklinga inneber både moglegheiter og utfordringar for forbrukarvernet. Datadrivne marknadsføringsmetodar og ny teknologi kan gi svært verknadsfull marknadsføring, men utfordrar mekanismane i forbrukarvernet som skal rette opp i ubalanse mellom næringsdrivande og forbrukarar. Styresmaktene må følgje utviklinga for å kunne handtere nye forbrukarproblem som teknologien fører med seg, og setje i verk tiltak for å motverke risikoane for svekt forbrukarvern. Fordi den digitale økonomien er global, er godt internasjonalt samarbeid avgjerande for å oppnå dette.

Departementet har dette målet for arbeidet med forbrukartiltak i den digitale økonomien:

  • Ei sterkare stilling for forbrukarane i møte med digitaliseringa

Aktivitetar og resultat knytte til målet blir omtalte under overskriftene «Forbrukarvernet til barn i digitale medium», «Moderniseringsdirektivet» og «Forslag til endringar i EU-regelverk om samarbeid om handheving av forbrukarvernreglar» nedanfor. Delar av tilsynsverksemda til Forbrukartilsynet (omtalte under overskrifta «Tilsynet med forbrukarvernreglar» nedanfor) er òg viktige for målet.

Forbrukarvernet til barn i digitale medium

Når barn bruker digitale medium, trer dei automatisk inn i ei forbrukarrolle. Den teknologiske utviklinga har gjort at barn blir eksponerte for marknadsføring på ein heilt annan måte enn for berre få år sidan. Dette har gjort det naudsynt å vurdere korleis forbrukarvernet til barn kan varetakast på ein betre måte.

Ansvaret for regelverket som vernar barn mot marknadsføring i digitale medium, er delt mellom fleire departement. I 2023 og inn i 2024 har derfor BFD har saman med Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, og Nærings- og fiskeridepartementet gått gjennom forbrukarvernet til barn i digitale medium.

På grunnlag av denne gjennomgangen vil BFD hausten 2024 sende på høyring forslag om regelverksendringar som skal styrkje forbrukarvernet til barn i digitale medium. Det vil mellom anna bli føreslått endringar som vil stramme inn reglane for marknadsføring i slike medium.

For å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium er òg løyvinga til Forbrukartilsynet føreslått auka i 2025 (sjå omtale under «Klagehandsaming og tilsyn» nedanfor).

Fagutvalget for influencermarkedsføring (FIM) er ei bransjeordning som tek imot klager og uttaler seg om saker som reiser spørsmål etter retningslinjer som bransjen har fastsett for å motverke kroppspress i sosiale medium. FIM deltek òg i det offentlege ordskiftet. FIM har dei seinare åra fått tilskot frå BFD. BFD vil vurdere den framtidige rolla til FIM. Gjennomgangen av forbrukarvernet til barn har vist at sidan mange av dei digitale tenestene barn nyttar, blir tilbodne frå utlandet, er det naudsynt med eit nært samarbeid med styresmaktene i andre land. Norske erfaringar og standpunkt kan medverke til at regelverket i andre land og i EØS blir nytta effektivt for å verne barn betre og til å påverke utforminga av nye regelverk. BFD har derfor spelt inn fleire utfordringar for forbrukarvernet til barn til EU-kommisjonen. Departementet vil følgje opp vidare regelverksarbeid på europeisk nivå for å sikre eit effektivt vern mot til dømes manipulerande design, skjult reklame og KI-generert marknadsføring.

For at regelverket som vernar barn som forbrukarar skal bli etterlevd, er det avgjerande med eit velfungerande handhevingsapparat. Dette vil òg bidra til å utvikle vernet og setje premissar internasjonalt. Departementet vil derfor arbeide for at handhevingsapparatet skal bli meir koordinert og kraftfullt.

Arbeidet med forbrukarvernet til barn i digitale medium må sjåast i samanheng med den breiare innsatsen for trygg digital oppvekst, som blir omtalt i programkategori 11.10.

Moderniseringsdirektivet

Stortinget slutta seg 16. juni 2023 til ein lovproposisjon om å gjennomføre moderniseringsdirektivet til EU i norsk rett, jf. Innst. 438 L (2022–2023). Lovendringane som følgde av dette, tok til å gjelde 1. oktober 2023 og sikrar forbrukarane fleire og tydelegare rettar, særleg ved bruk av digitale marknadsplassar og kjøp av digitale tenester. Forbrukartilsynet kan òg sanksjonere brot på forbrukarvernreglane med høgare lovbrotsgebyr. For nærare omtale, sjå Prop. 50 LS (2022–2023) Endringer i markedsføringsloven og angrerettloven mv. (gjennomføring av moderniseringsdirektivet) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 69/2021 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv (EU) 2019/2161.

Forslag til endringar i EU-regelverk om samarbeid om handheving av forbrukarvernreglar

EU-kommisjonen har varsla ei revidering av forordning (EU) 2017/2394 om forbrukarvernsamarbeid (CPC-forordninga). Forordninga regulerer samarbeid mellom tilsynsstyresmakter i Europa som handhevar forbrukarvernreglar, og stiller krav til kva for undersøkings- og handhevingsmynde desse skal ha. Eit forslag til endringar i forordninga er venta i løpet av hausten 2024 eller våren 2025. Bakgrunnen for revideringa er eit identifisert behov for å ytterlegare effektivisere samarbeidet mellom tilsynsstyresmaktene, slik at handhevinga av forbrukarvernreglane blir styrkt. BFD vil i 2025 følgje prosessen i EU og vurdere å gi innspel der det trengst for å vareta norske interesser.

EU-regelverk om tilbørleg aktsemd for berekraft for føretak

I mai 2024 vart direktivet om tilbørleg aktsemd for berekraft for føretak (aktsemdsdirektivet) formelt vedteke. Direktivet inneber mellom anna ei plikt for føretak til å utføre aktsemdsvurderingar knytte til menneskerettar, anstendige arbeidstilhøve og miljø og byggjer på dei same internasjonalt anerkjende prinsippa og retningslinjene som den norske openheitslova. Aktsemdsdirektivet gjeld for dei aller største verksemdene i Europa, dei med ein omsetnad på over 450 millionar euro og over 1 000 tilsette. BFD vil følgje opp direktivet inn i 2025 og sjå oppfølginga i samanheng med den planlagde evalueringa av openheitslova (sjå omtale under overskrifta «Etikkinformasjon gjennom openheitslova» nedanfor).

EU-regelverk for styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet

Direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet vart formelt vedteke i EU i februar 2024. Føremålet med direktivet er å gjere det enklare for forbrukarane å ta meir berekraftige kjøpsval. Direktivet endrar det gjeldande direktivet om urimeleg handelspraksis (direktiv 2005/29/EU) og direktivet om forbrukarrettar (direktiv 2011/83/EU) og inneber mellom anna eit forbod mot å bruke miljømerke i marknadsføring utan at desse er sertifiserte eller etablerte av offentlege styresmakter. Direktivet stiller òg opp strengare krav til dokumentasjon ved bruk av miljøpåstandar i marknadsføring. BFD vil følgje opp direktivet ved å i fyrste omgang sende eit forslag til endringar i marknadsføringslova, angrerettlova og avtalelova på høyring. Arbeidet med å følgje opp direktivet vil halde fram inn i 2025.

Forslag til EU-regelverk om miljøpåstandar og miljømerke

EU-kommisjonen la våren 2023 fram forslag til eit direktiv (Green Claims Directive) som mellom anna inneber strenge krav til underbygging og dokumentasjon av miljøpåstandar brukte i marknadsføring. Krava vil òg gjelde ved bruk av miljømerke. Det føreslåtte direktivet kan leggje til rette for gode miljøval for forbrukarane og samstundes sikre ein meir rettferdig konkurranse mellom næringsdrivande som bruker miljøpåstandar og -merke.

BFD har i 2024 følgt handsaminga av direktivforslaget i EU og formidla innspel etter ei norsk høyring av det i 2023. Departementet vil inn i 2025 halde fram med dette for å ta vare på norske interesser og arbeide for at eit nytt regelverk ikkje legg urimelege byrder på det nordiske miljømerket Svana.

Forslag til endringar i EU-regelverk om utanrettsleg klagehandsaming på forbrukarfeltet

Noreg er gjennom EU-regelverket om utanrettsleg klagehandsaming forplikta til å ha eit nærast heildekkjande system for handsaming av forbrukartvister. I oktober 2023 la EU-kommisjonen fram eit forslag til endringar i reglane om utanrettsleg klagehandsaming på forbrukarfeltet (direktiv 2013/11/EU). Føremålet er å tilpasse reglane til digitale marknader, betre tilgangen til utanrettsleg klagehandsaming og forenkle prosessane for både klagehandsamingsorgana og partane i tvistane. EU-kommisjonen føreslo samstundes å avvikle den nettbaserte klageportalen for handsaming av grenseoverskridande tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande og erstatte denne med meir brukarvennlege digitale verktøy. BFD har i 2024 sendt endringsforslaga på høyring i Noreg for å få eit betre grunnlag for å vurdere forslaga. Departementet vil inn i 2025 følgje handsaminga av forslaga i EU og vurdere å gi innspel der det trengst for å vareta norske interesser.

Reisegaranti

Pakkereisedirektivet til EU regulerer rettar og plikter mellom kjøparar og seljarar av pakkereiser og i tillegg krav til reisegaranti. EU-kommisjonen har evaluert pakkereisedirektivet og la i november 2023 fram forslag om endringar. Endringsforslaga omhandlar mellom anna reisegaranti for vouchers («tilgodebevis») som dei reisande kan samtykkje til å få når ei pakkereise blir avlyst eller avbestilt, og avgrensing i retten for pakkereisearrangørar til å krevje forskotsbetaling for pakkereiser. Det er òg føreslått å utvide definisjonen av kva som utgjer ei pakkereise. Endringsforslaga frå Kommisjonen har vore på høyringar. Reisearrangørar både i og utanfor Noreg er kritiske til dei fleste av forslaga frå Kommisjonen, med unntak av å la vouchers («tilgodebevis») bli omfatta av krava til reisegaranti. Det er uvisst korleis endringsdirektivet vil sjå ut etter handsaminga i EU-rådet og parlamentet.

Direktiv om vern av dei kollektive forbrukarinteressene

EU-direktivet om vern av dei kollektive forbrukarinteressene (vedteke i 2020) inneber mellom anna at interesseorganisasjonar som Forbrukarrådet skal kunne gå til ein domstol eller eit handhevingsorgan for å få vedtak om stans i brot på forbrukarvernreglar over landegrensene.

Regjeringa har ikkje teke stilling til korleis direktivet skal følgjast opp.

Revisjon av gjeldsordningslova

Våren 2024 la regjeringa fram ein proposisjon om endringar i gjeldsordningslova som mellom anna skal føre til at personar med store gjeldsproblem kan få hjelp raskare enn i dag. Dette skal ein mellom anna oppnå ved å ta bort kravet om at den som skal søkje om ei gjeldsordning, fyrst må ha prøvd å løyse saka på eiga hand. Utan kravet om eigeforsøk kan personar med gjeldsproblem gå direkte til namsmannen og få hjelp med ein gong. For nærare informasjon om endringane, sjå Prop. 67 L (2023–2024) Endringer i gjeldsordningsloven mv. (effektivisering og forenkling av gjeldsordningsprosessen).

Stortinget slutta seg til proposisjonen 11. juni 2024, jf. Innst. 391 L (2023–2024). Endringane i gjeldsordningslova vil gjelde frå 1. januar 2025.

Gjeldsinformasjonslova og ordninga for gjeldsinformasjon

Ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister») skal gi bankar og andre utlånarar oversikt over forbruksgjelda til dei som søkjer om lån, og slik hindre at kundar tek opp meir gjeld enn dei samla sett kan betene. Ordninga er lovfesta gjennom gjeldsinformasjonslova med forskrift.

Per i dag omfattar ordninga for gjeldsinformasjon usikra gjeld (typisk forbrukslån og kredittkortgjeld). BFD hadde i 2022 på høyring eit forslag om å utvide ordninga for gjeldsinformasjon med ulike typar pantesikra gjeld. Vurderinga til departementet etter dette er at personvernomsyn gjer at ordninga ikkje kan utvidast til å omfatte pantesikra gjeld utan at føremålet til gjeldsinformasjonslova blir endra. Lite tyder på at det er på grunn av at bustad- og bilgjeld ikkje er omfatta av informasjonsordninga, at kredittvurderingar sviktar og einskilde får gjeldsproblem. Ei utviding av ordninga må derfor grunngivast med noko anna enn å skulle motverke gjeldsproblem. BFD er i gang med å vurdere om føremålet med gjeldsinformasjonsslova skal endrast, slik at ordninga for gjeldsinformasjon kan omfatte fleire typar gjeld.

Betre tilhøve for forbrukarane på straummarknaden

På straummarknaden kan det vere vanskeleg for mange forbrukarar å orientere seg og velje rett straumavtale. Sjølv om vara frå tilbydarane er den same, varierer prisane og vilkåra mykje.

Etter ein høyringsrunde hausten 2023 la Energidepartementet i samarbeid med BFD våren 2024 fram ein lovproposisjon om fleire tiltak som kan betre forbrukarane si stilling ved kjøp av straum (Prop. 83 L (2023–2024) Endringer i energiloven mv. (tiltak for et mer forbrukervennlig strømmarked)). Stortinget slutta seg til forslaga 5. juni 2024, jf. Innst. 408 L (2023–2024).

Dei nye reglane, som tok til å gjelde 1. juli 2024, inneber strengare krav til opplysingar i marknadsføring og betre forbrukarrettar. Mellom anna blir det innført ein «nedkjølingsperiode» på 24 timar ved fjernsal og butikksal av straumavtalar. Forbrukartilsynet skal føre tilsyn med dei nye reglane, og tilsynet kan ved brot på dei mellom anna ileggje lovbrotsgebyr. Det er òg auka moglegheit til å trekkje tilbake omsetnadskonsesjon for kraftleverandøren ved brot på relevant regelverk. Reguleringsmyndigheita for energi (RME) har fått mynde til å ta omsyn til brot på avtalelova, marknadsføringslova og angrerettlova når dei vurderer om selskap som sel straum, skal miste omsetnadskonsesjonen.

Ladestrategi – betre prisopplysingar for el-lading av motorkøyretøy

Den nasjonale ladestrategien frå regjeringa vart lagd fram i desember 2022. Som ein del av oppfølginga av strategien vart det innført krav om kortbetaling på alle nye ladestasjonar frå 1. juli 2023. Regjeringa arbeider no med krav til prisopplysingar for lading, slik at forbrukarar enkelt kan samanlikne prisar mellom ladeoperatørar, og slik at informasjon om prisen på lading blir lett tilgjengeleg før ein startar å lade.

Unntak frå førpriskrav ved salsmarknadsføring av varer med kort haldbarheit

Etter § 9 a i prisopplysingsforskrifta som tok til å gjelde 1. oktober 2023, er næringsdrivande plikta til å informere om førprisen når ei vare blir marknadsført med nedsett pris. Førprisen er definert som den lågaste prisen vara har dei siste 30 dagane før marknadsføringa startar. Plikta gjeld uavhengig av kor lang haldbarheit vara har.

Plikta til å informere om førprisen har vist seg å ha utilsikta og uheldige konsekvensar for marknadsføringa av varer med kort haldbarheit. BFD sende derfor i juni 2024 på høyring eit forslag om å endre prisopplysingsforskrifta slik at det blir innført eit unntak frå plikta ved marknadsføring av slike varer. Føremålet med unntaket er å gjere det enklare for næringsdrivande å marknadsføre varer som får nedsett pris for å unngå matsvinn og anna svinn (til dømes ferske brødvarer som blir selde til lågare pris mot slutten av dagen). Unntaket gjennomfører ein unntaksheimel i prismerkingsdirektivet til EU. Andre tiltak for å motverke matsvinn er omtalte under overskrifta «Informasjon og kunnskap» nedanfor.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Standardar for produkt og tenester blir utvikla i samarbeid mellom ulike aktørar i marknaden, både nasjonalt og internasjonalt, på europeisk nivå eller gjennom den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO). For at standardane skal bli gode og balanserte, er det viktig at representantar for forbrukarinteresser deltek. Rapportering frå Standard Norge viser at talet på slike representantar heldt seg stabilt frå 2022 til 2023.

Forbrukarpåverknad i standardiseringsarbeid er eit langsiktig arbeid som krev kontinuitet. Samarbeidet mellom BFD, Forbrukarrådet og Standard Norge vart derfor ført vidare i 2023 og inn i 2024. Målet for samarbeidet er mellom anna å ta del i utviklinga av standardar gjennom informasjon og nettverksarbeid. Standard Norge og Forbrukarrådet har komme til at graden av forbrukardeltaking er låg ut frå talet på forbrukarrelevante standardiseringskomitear. Dei to organisasjonane har gått inn for å auke deltakinga gjennom ei omorganisering av arbeidet. Fagrådet for standardisering vart derfor frå januar 2024 endra til eit fagråd for brukarinteresser der Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet, Landsorganisasjonen i Norge (LO) og Framtiden i våre hender (FIVH) deltek, i tillegg til Forbrukarrådet og Standard Norge. BFD vil i 2025 halde fram med å støtte samarbeidet med Forbrukarrådet og Standard Norge om forbrukarinteresser i standardiseringsarbeid.

Klagehandsaming og tilsyn

Nedanfor blir fyrst arbeidet med klagesaker til Forbrukartilsynet, Forbrukarklageutvalet og Forbrukar Europa omtalte. Deretter blir det gjort greie for arbeidet til Forbrukartilsynet med å føre tilsyn med at forbrukarvernreglane blir følgde. Til slutt blir sakene til Marknadsrådet omtalt. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2023 og i fyrste halvdelen av 2024 og for planlagde tiltak i 2025.

Handsaminga av forbrukarklager

Oftast handlar tvistar om kjøp og sal mellom forbrukarar og næringsdrivande og mellom privatpersonar om beløp som er for små til at domstolshandsaming er rekningssvarande. Det er derfor etablert eit system for utanrettsleg handsaming av slike tvistar, som Forbrukartilsynet og Forbrukarklageutvalet er sentrale delar av. I tillegg har Forbrukarrådet ei viktig oppgåve med å rettleie forbrukarar som lurer på noko eller opplever problem i samband med kjøp. Forbrukarrådet representerer òg forbrukarsida i fleire bransjevise klagenemnder, mellom andre Elklagenemnda og Transportklagenemnda.

Å ha gode ordningar for klagehandsaming er vesentleg for både å vareta rettane til forbrukarane og ansvaret til dei næringsdrivande. Det er i tråd med interessene til alle at tvistar kan løysast raskt og rimeleg. Skal systemet for klagehandsaming bli brukt, må det vere allment kjent, og handsamingstida må ikkje opplevast som for lang.

Departementet har dette målet for arbeidet med klagehandsaming:

  • Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane

Både talet på saker som er handsama, og handsamingstidene er viktige indikatorar for kor godt systemet for klagehandsaming fungerer. I tillegg kan talet på innkomne saker indikere kor kjent systemet er, og seie noko om utfordringane forbrukarane opplever i samband med kjøp av varer og tenester.

Forbrukartilsynet meklar i saker om kjøp og sal mellom privatpersonar og mellom forbrukarar og næringsdrivande. Dette gir ein lågare terskel for å få tvistar løyste og medverkar til å avlaste rettssystemet.

I 2023 fekk Forbrukartilsynet inn 10 684 saker til mekling, ein auke på 54 prosent frå 2022. Dei fleste sakene handla om bilar og andre transportmiddel, følgt av saker om klede og fritidsartiklar, handverkartenester og varer til bustad. Totalt handsama tilsynet 8 084 saker, som er 9 prosent fleire enn i 2022.

Handsamingstida vart i 2023 redusert med 7 prosent, frå i snitt 124 dagar i 2022 til 115 dagar. Samstundes meir enn dobla restansane seg, frå 1 451 til 3 215 saker, hovudsakleg som følgje av auken i saksinngangen. Gjennom fyrste halvåret av 2024 heldt saksinngangen seg på eit høgt nivå og restansane og handsamingstida auka.

Klagesaker som gjeld varer, handverkartenester og angrerett som ikkje blir løyste gjennom mekling, kan takast videre til Forbrukarklageutvalet. Utvalet fekk i 2023 inn 1 001 saker, ein auke på 38 prosent frå 2022. I 1 441 saker vart det gjort vedtak, og 1 814 saker vart formelt avslutta, mot 1269 og 1370 i 2022 (auke på høvesvis 14 og 32 prosent). Handsamingstida, rekna frå sakene kom inn, til dei vart avslutta, gjekk ned frå i snitt 742 i 2022 til 422 dagar. For sakene som kom inn og vart handsama i 2023, var handsamingstida i snitt på 79 dagar, rekna frå tidspunkta klagene og vedtaka vart forkynte. Restansane vart reduserte med 75 prosent, frå i snitt 986 saker i 2022 til 428 saker. Den positive utviklinga for sakene til Forbrukarklageutvalet har samanheng med at desse lenge har vore prioriterte. Generelt er sakene til Forbrukarklageutvalet meir krevjande å handsame enn sakene til mekling.

Etter ein høyringsrunde i 2023 vart det med verknad frå 1. juli 2024 innført gebyr for å få saker handsama av Forbrukartilsynet (0,2 rettsgebyr – 248 kroner) og Forbrukarklageutvalet (eit rettsgebyr – 1 277 kroner). Gebyra skal medverke til å redusere saksinngangen, halde handsamingstida låg og sørgje for at ressursane som er tilgjengelege, blir nytta på sakene som har mest å seie for forbrukarane (typisk saker med større økonomisk verdi). Hausten 2024 og inn i 2025 blir det viktig å følgje med på kva effektar gebyra får for mengda og typane saker og med det handsamingstidene og restansane. Det kan ta noko tid før den fulle effekten av gebyra viser seg.

Eit forslag som var med i høyringsrunden om å innføre krav til ei nedre verdigrense, som inneber at saker som gjeld mindre beløp, ikkje blir handsama, er ikkje gjennomført i vente på effekten av handsamingsgebyra. Ordninga med gebyr vil bli evaluert når ho har verka i om lag eit år.

Klagehandsaminga til Forbrukar Europa

Forbrukar Europa er ei eining i Forbrukartilsynet og del av nettverket EU-kommisjonen har av forbrukarkontor i europeiske land. Kontora i nettverket skal medverke til tillit i marknadene, mellom anna ved å gjere det enklare for forbrukarane å klage på kjøp over landegrensene innanfor EØS-området. EU-kommisjonen gir tilskot til drifta av Forbrukar Europa, som i 2023 disponerte 5,5 årsverk.

Forbrukar Europa fekk i 2023 inn 2 385 saker, ein oppgang på 66 prosent frå 2022. Mange av sakene handla om flyreiser, hotellovernattingar og leigebilar. Vidare var mange saker knytte til nettkjøp, medrekna spørsmål om angrerett og problem med useriøse næringsdrivande. Medio januar 2024 var 2 134 av sakene frå 2023 avslutta. I 40 prosent av sakene som Forbrukar Europa mekla i, vart det oppnådd ei minneleg løysing. Forbrukar Europa fekk elles inn 1 123 førespurnader på telefon om råd og rettleiing i 2023. Nettsida til Forbrukar Europa hadde nærare 110 000 besøk og over 90 000 unike besøkjande.

Tilsynet med forbrukarvernreglar

Ei viktig oppgåve for Forbrukartilsynet er å føre tilsyn med at reglane i mellom anna marknadsføringslova blir følgde. Marknadsføringslova er ei generell lov som gjeld på tvers av marknader og produkt- og tenestetypar. Lova stiller krav om god marknadsføringsskikk og forbyr urimeleg handelspraksis eller urimelege avtalevilkår. Forbrukartilsynet skal gjennom informasjonstiltak, tilsynsaktivitetar, forhandlingar og vedtak få næringsdrivande til å følgje reglane i marknadsføringslova og andre lover som skal verne forbrukarane. Dette er avgjerande verkemiddel for å halde ved like eit sterkt forbrukarvern. Samstundes utfordrar digitaliseringa den gjeldande tilsynsmetodikken, og det er behov for samarbeid med andre tilsynsstyresmakter og å ta i bruk digitale tilsynsverktøy for å sikre effektive tilsyn med mellom anna marknadsføring overfor barn i digitale medium.

Forbrukartilsynet er fagleg uavhengig i utføringa av tilsynsoppgåvene. Dei overordna prioriteringane gjer BFD i samråd med tilsynet.

Departementet har dette målet for tilsynsarbeidet:

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område

I 2023 tok Forbrukartilsynet opp 382 tilsynssaker med næringsdrivande, utarbeidde 199 orienteringsbrev og rettleiingar og varsla eller gjorde 25 vedtak med økonomiske sanksjonar. Tilsynet hadde aktivitetar og tilsyn på alle områda som var prioriterte i tildelingsbrevet frå departementet (sjå omtale under overskriftene nedanfor). I tillegg hadde tilsynet aktivitetar på einskilde andre område som vart vurderte som særleg aktuelle eller viktige.

Klima- og miljøpåstandar i marknadsføring

Forbrukartilsynet følgde gjennom 2023 opp ulike internasjonale tilsynssaker om villeiande klima- og miljøpåstandar gjennom kommunikasjonstiltak. Tilsynet var òg initiativtakar til ei felleseuropeisk tilsynssak som resulterte i at netthandelselskapet Zalando forplikta seg til å endre marknadsføringa si til å samsvare med lova i Noreg og Europa. I tillegg sikra Forbrukartilsynet gjennom omfattande rettleiing at ein annan stor nordisk aktør på marknaden for klede innretta marknadsføringa si etter lova i Noreg og resten av Norden. I 2024 har tilsynet mellom anna leidd ein felleseuropeisk aksjon mot grønvasking i flybransjen, saman med Europakommisjonen og styresmaktene i tre andre europeiske land. Kompetansen til Forbrukartilsynet er etterspurd i mellom anna OECD og andre forum der klima- og miljøpåstandar i marknadsføring blir diskuterte. Forbrukartilsynet prioriterer høgt å medverke til regelverksutviklinga på området.

Marknadsføring og avtalevilkår i digitale kanalar

Forbrukartilsynet greidde i 2023 ut fleire tema for å kunne handtere forbrukarutfordringar som følgjer av digitalisering, som manipulerande design, forbrukartutfordringar i spel og kunstig intelligens. På digitalområdet er internasjonalt samarbeid særleg viktig. Forbrukartilsynet prioriterte å spele inn vurderingane sine i internasjonalt samarbeid. Tilsynet medverka òg i fleire felleseuropeiske saker, mellom anna ei sak som førte til at spelselskapet Nintendo forplikta seg til å reparere handkontrollar med ein kjend feil etter at reklamasjonstida var gått ut. Forbrukarvernet i digitale marknader heng tett saman med andre sektorregelverk som dei om personvern, konkurranse og med plattformregulering. Forbrukartilsynet har derfor òg medverka i arbeidet med å vurdere EU-forordninga om digitale tenester (DSA).

Marknadsføring overfor barn og unge

Etter ein felles tilsynsaksjon med Direktoratet for medisinske produkt og Helsetilsynet («Aksjon injeksjon») sende Forbrukartilsynet i 2023 brev til ei rekkje klinikkar som marknadsfører kosmetiske inngrep i sosiale medium. Tilsynet peikte der på brot på regelverk som mellom anna skal verne barn mot marknadsføring som kan medverke til kroppspress. Aksjonen fekk stor merksemd, og i etterkant arrangerte dei som gjennomførte han, eit webinar med 200 deltakarar om temaet. Etter at Forbrukartilsynet rettleidde nokre av klinikkane ytterlegare, oppnådde ein at alle dei undersøkte klinikkane innretta seg etter regelverket. Temaet for aksjonen vart følgt opp vidare med eit nytt webinar for bransjen sommaren 2024 for å informere om reglane som gjeld for marknadsføring av kosmetiske inngrep generelt og i sosiale medium spesielt.

På grunnlag av lang erfaring med å føre tilsyn med påverkarmarknadsføring i sosiale medium medverka i 2023 òg Forbrukartilsynet til å førebu og gjennomføre ein større felleseuropeisk tilsynsaksjon om påverkarreklame, for å mellom anna å kontrollere at marknadsføring er tydeleg merkt. Aksjonen er følgd opp i planlegginga av vidare tilsynsarbeid og i evalueringa av forbrukarvernregelverket som EU-kommisjonen har gjennomført i 2024.

For å leggje til rette for ei tryggare og meir inkluderande russetid er Forbrukartilsynet i 2024 i gang med å sjå nærare på avtalevilkår og marknadsføring som unge blir utsette for i russetida. Tilsynet deltek òg i samarbeidsgruppa for prosjektet «Endra avgangsmarkering 2026», som skal utvikle ein nasjonal strategi og handlingsplan for ei ny og meir inkluderande russefeiring13.

På bakgrunn av behov for å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium er løyvinga til Forbrukartilsynet føreslått auka i 2025.

Marknadsføring og avtalevilkår på marknaden for straum

Alle dei 19 største tilbydarane av straum i Noreg vart i 2023 kontrollerte av Forbrukartilsynet. Dei kontrollerte hadde om lag 85 prosent av forbrukarkundane på marknaden for straum. Kontrollen avdekte behov for å følgje opp alle 19 med rettleiing og vedtak. Etter omfattande sakshandsaming innretta alle seg etter regelverket. Samstundes kunne tilsynet slå fast at tilbydarane av straum som ikkje vart kontrollerte, i liten grad endra praksis.

Marknadsføring av finansielle tenester

Etter at den nye finansavtalelova tok til å gjelde 1. januar 2023, har Forbrukartilsynet prioritert å føre tilsyn med denne. Arbeidet har inkludert å fullføre ein gjennomgang av standardkontraktane som finansnæringa nyttar, for å sikre at desse er i tråd med lova. Eit omfattande utgreiingsarbeid om fakturagebyr resulterte i varsel om vedtak mot fleire selskap med svært mange forbrukarar som kundar. Desse sakene vart avslutta då selskapa innretta seg og fjerna ulovleg høge gebyr.

Openheitslova

Det har vore stor etterspurnad etter rettleiing om openheitslova. Forbrukartilsynet har arrangert og delteke på fleire kurs, arrangement og møte. Nettsidene om openheitslova er blant dei mest besøkte på nettstaden til Forbrukartilsynet. Tilsynet har prioritert å greie ut tolkingsspørsmål og publisere informasjon om aktuelle tilhøve og problemstillingar. Einskildsaker har medverka til å klargjere mellom anna kva som er «dekkjande informasjon» etter lova. Det er òg gjennomført ein større tilsynsaksjon der 500 verksemder vart kontrollerte, og der over 100 verksemder vart følgde opp vidare. Tilsynsaksjonen har elles gitt informasjon om praktiseringa av lova som er nyttig for det vidare arbeidet på feltet.

Andre område

Det er viktig at Forbrukartilsynet kan følgje opp område og tema som blir aktuelle eller viktige i løpet av året, og som ikkje er prioriterte i tildelingsbrevet frå departementet. I tillegg til områda som var prioriterte, gjennomførte Forbrukartilsynet i 2023 mellom anna tiltak for å motverke ulovleg praksis ved netthandel og gjere kjøp og sal av bustader tryggare for forbrukarane. Til dømes vart rettleiinga tilsynet har for marknadsføring av bustader, revidert to gonger, den eine gongen på grunn av at tilsynet såg at bransjeaktørar tolka rettleiinga ulikt.

Prioriteringar for tilsyn i 2025

BFD legg vekt på faglege innspel frå Forbrukartilsynet ved fastsetjinga av prioriteringar og lagar til tildelingsbrevet i dialog med tilsynet. Fleire av dei prioriterte områda frå tidlegare år vil framleis vere aktuelle i 2025, som marknadsføring overfor barn og unge, medrekna kommersielt press overfor russ, digitalområdet og klima- og miljøpåstandar i marknadsføring. Det vil òg framleis bli lagt opp til at Forbrukartilsynet skal kunne følgje opp nye område og tema som blir aktuelle eller viktige i løpet av året.

Sakene til Marknadsrådet

Marknadsrådet er klageinstans for vedtaka til Forbrukartilsynet. I 2023 avgjorde Marknadsrådet 21 saker. Ti av sakene gjaldt nedprioriteringar. Fire av sakene gjaldt klager på gebyr for brot på marknadsføringslova. I alle desse vart gebyra haldne ved lag, men storleiken redusert. I fem saker gjorde Marknadsrådet vedtak om at sakskostnader skulle dekkjast (nokre av sakene gjaldt krav som følgde av vedtak gjort i 2022). To saker gjaldt klage på vedtak om tvangsmulkt for brot på dokumentasjonsplikt (begge var retta mot same klagaren).

Informasjon og kunnskap

På mange marknader er det vanskeleg for forbrukarane å samanlikne produkt og prisar. Det kan òg vere vanskeleg å få oversikt over konsekvensane av produksjonen og bruken av produkt. Mange forbrukarar kan heller ikkje nok om rettane og pliktene sine eller om korleis dei kan gå fram dersom dei opplever problem med varer og tenester dei har kjøpt.

Nedanfor blir det gjort greie for informasjons- og kunnskapstiltak som skal hjelpe forbrukarane med å ta meir informerte val og kjenne rettane og pliktene sine. Oppdrag Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet har med å styrkje kunnskapsgrunnlaget om situasjonen for forbrukarane og vidareutvikle referansebudsjettet for hushaldsutgifter, blir òg omtalte. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2023 og fyrste halvdelen av 2024 og for planlagde tiltak i 2025.

Forbruk og miljø

Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane enklare kan ta val som er berekraftige, anten det gjeld klima og miljø eller andre tihøve, som grunnleggjande menneskerettar og arbeidstilhøve.

Informasjon om konsekvensane av produksjonen og bruken av ulike varer og tenester kan både mangle, vere overveldande og motstridande. Valsituasjonen til forbrukarane blir ikkje enklare av at mange marknader er prega av «grønvasking», det vil seie at produkt blir marknadsførte som berekraftige utan å vere det, eller utan at det kan dokumenterast. I verste fall kan forbrukarane bli lurte til å kjøpe noko anna enn dei ønskjer. Verksemder som tilbyr berekraftige produkt, kan òg bli skadelidande fordi dei taper i konkurransen med verksemder som marknadsfører produkt på måtar som gir inntrykk av at desse er meir berekraftige enn dei faktisk er.

Departementet har fastsett dette målet:

  • Betre føresetnader for eit berekraftig forbruk

Tiltak og resultat knytte til målet blir omtalte under overskriftene «Svana og EU Ecolabel», «Matsvinn», «Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet» og «Etikkinformasjon gjennom openheitslova» nedanfor. Nokre av tiltaka omtalte under overskrifta «Opplæring i forbrukaremne» lenger ned er òg relevante for målet. Det same er EU-regelverk om informasjon, merke og marknadsføring omtalte under «Reglar og rammevilkår» lenger oppe.

Miljømerka Svana og EU-miljømerket

Dei offisielle miljømerka, den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), formidlar standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Begge merka er verkemiddel som gjer det enkelt for forbrukarane å ta meir miljømedvitne og berekraftige val. Merka blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking). Miljømerking arbeider for å auke talet på produkt med miljømerke i Noreg og informerer om at desse er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.

Talet på svanemerkte produkt på den norske marknaden auka med 10 prosent frå 2022 til 2023 (frå 31 316 til 34 492 produkt). Størst auke var det for møblar og innreiing.

Miljømerking undersøkjer årleg kjennskapen til Svana og EU Ecolabel. I 2023 svarte 97 prosent av respondentane at dei hadde kjennskap til Svana (mot 93 prosent i 2022). 18 prosent svarte at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel (mot 24 prosent i 2022). Den breie kjennskapen til miljømerka tyder på at mange veit at desse gir god rettleiing om kva forbruksval som er mindre miljøbelastande og meir berekraftige.

Miljømerking vil i 2025 halde fram med arbeidet med å auke talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden. Dei vil òg spreie informasjon til både forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt er enkle og trygge miljøval. Dei strenge krava for å miljømerkje varer og tenester tek omsyn til miljøpåverknaden gjennom heile livssyklusen. I tråd med dette skal Miljømerking synleggjere Svana som verktøy for ein meir sirkulær og berekraftig økonomi. Regjeringa vil støtte opp om arbeidet til Miljømerking med løyvingar over budsjetta til BFD og Klima- og miljødepartementet.

Matsvinn

Sidan 2017 har BFD delteke i ein bransjeavtale om matsvinn saman med Klima- og miljødepartementet (KLD), Landbruks- og matdepartementet (LMD), Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og tolv bransjeorganisasjonar. Målet er at svinnet i heile verdikjeda for mat innan 2030 skal halverast samanlikna med 2015. Dette i tråd med FNs berekraftsmål 12.3 om matsvinn. Det er fastsett to delmål om at matsvinnet i 2020 og 2025 skal reduserast med høvesvis 15 og 30 prosent. Ifølgje rapporteringa for det fyrste delmålet som kom i 2021, var matsvinnet sidan 2015 redusert med 10 prosent. På forbrukarleddet var svinnet redusert med 6 prosent. KLD og LMD sette i 2023 ned eit ekspertutval til å vurdere korleis Noreg kan nå reduksjonsmåla i åra som kjem. Rapporten frå utvalet vart levert i januar 2024. Denne tilrår mellom anna fleire informasjonstiltak retta mot forbrukarane. KLD og LMD har i 2024 arbeidd med korleis forslaga i rapporten kan følgjast opp.

Sidan over halvparten av matsvinnet kjem frå private hushald, er det viktig for BFD å støtte opp om tiltak som kan redusere svinnet. BFD har derfor over mange år gitt tilskot til organisasjonen Matvett AS, som arbeider for å redusere matsvinn. BFD vil i 2025 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere matsvinnet.

Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet

Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet er eit tiltak i den nasjonale strategien frå 2021 for ein grøn, sirkulær økonomi. Forbrukarrådet etablerte hausten 2022 den fyrste versjonen av kontaktpunktet som ei teneste med produkttestar med vekt på berekraft. I 2023 vart 15 produkttestar publiserte. Dei mest populære var testar av tannkrem, solkrem, andletskrem, maskinoppvaskmiddel og stavmiksarar. Gjennom 2023 vart det arbeidd vidare for å utvikle kontaktpunktet med sikte på å gi forbrukarane ein enkel veg til truverdig miljøinformasjon og tips til berekraftige forbruksval. I august 2024 lanserte Forbrukarrådet ein eigen nettstad som samlar slik informasjon; «Forbrukerrådets miljøveileder». Målet er at forbrukarane kan utøve marknadsmakt ved å gjere forbruksval som belastar miljøet mindre. I 2025 blir det viktig å gjere nettstaden godt kjend blant forbrukarane. Arbeid med vedlikehald og vidare utvikling vil òg vere viktig.

Andre delar av verksemda til Forbrukarrådet blir omtalte under overskrifta «Informasjonsverksemda til Forbrukarrådet» nedanfor.

Etikkinformasjon gjennom openheitslova

Openheitslova frå 2022 skal fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i verksemder og sikre allmenta tilgang til informasjon om kva verksemdene gjer med dette.

I førearbeida til lova vart det varsla at lova skulle evaluerast etter at ho hadde verka i ein periode. BFD har i 2024 starta dette arbeidet. Fyrste steget i evalueringa er å skaffe eit betre kunnskapsgrunnlag om korleis lova hittil har verka, både for forbrukarar, sivilsamfunnet, journalistar og verksemder. Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet har i 2024 fått i oppdrag av BFD å undersøkje korleis forbrukarar, sivilsamfunnet og journalistar har nytta openheitslova til å få meir informasjon om korleis verksemder varetek grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. I tillegg har revisjons- og rådgivingsselskapet KPMG fått i oppdrag av BFD å undersøkje om openheitslova har medverka til å styrkje arbeidet med menneskerettar og arbeidstilhøve i verksemdene. Begge oppdraga skal resultere i rapportar som skal leverast til BFD i desember 2024.

BFD vil nytte rapportane frå begge undersøkingane som underlag for ein evalueringsrapport som etter planen skal leggjast fram innan sommaren 2025. Samstundes vil BFD sjå nærare på korleis EU sitt aktsemdsdirektiv kan gjennomførast i norsk rett ved endringar i mellom anna openheitslova. Dette direktivet er nærare omtalt under «Regelverksarbeid» lenger oppe.

Informasjonsverksemda til Forbrukarrådet

Det følgjer av rolla Forbrukarrådet har som interesseorganisasjon, at rådet skal gi forbrukarane rettleiing og råd som dei kan nytte både før og etter at eit kjøp er gjort.

Gjennom 2023 registrerte Forbrukerrådet 49 709 førespurnader via telefon og e-post/internett. Dette er noko færre enn i 2022 (men fleire enn i 2021). Nedgangen ser Forbrukarrådet særleg i samanheng med lågare straumprisar og færre avvik i lufttrafikken. Som i tidlegare år var det flest førespurnader om bruktbilar. Størst vekst var det for kategorien «klede, sko og vesker», som auka med nærare 40 prosent.

Nettsida forbrukarradet.no hadde i snitt 60 600 brukarar i 2023. Det er nesten 15 prosent fleire enn i 2022. Via nettsida har brukarane tilgang til ei rekkje sjølvhjelpsverktøy og -tenester. Auken kan indikere at brukarane vurderte informasjonen på nettsida som meir relevant enn før. I 2023 var det størst interesse for produkttestane Forbrukarrådet la ut.

Forbrukarrådet driftar òg dei to marknadsportalane finansportalen (finansportalen.no) og straumprisportalen (strømpris.no). Medan finansportalen gir informasjon om prisane på og vilkåra for banktenester, forsikringsprodukt, pensjonsprodukt og fond, gir straumprisportalen informasjon om prisane og vilkåra for straumavtalar. Målet er at portalane alltid skal vere oppdaterte og hjelpe brukarane med å ta informerte val og utøve forbrukarmakt.

Finansportalen hadde kvar veke i snitt 41 622 unike brukarar i 2023, rundt 38 prosent fleire enn i 2022. Auken ser Forbrukerrådet særleg i samanheng med høgare prisar og at renta har blitt heva både fleire gonger og ofte.

Straumprisportalen hadde i snitt 19 500 unike brukarar, nesten 15 prosent færre enn i 2022. Nedgangen ser Forbrukarrådet i samanheng med lågare straumprisar og mindre interesse for å byte straumleverandør.

Gjennom 2023 og inn i 2024 har Forbrukarrådet arbeidd vidare med å forbetre både nettsida og marknadsportalane. Nettsida har mellom anna fått nytt design og blitt utvida med ei teneste som gjer det enklare for togpassasjerar å få informasjon om kva dei har krav på når tog er forseinka eller innstilte (togkalkulatoren). Tenesta byggjer på same logikk og teknologi som flykalkulatoren, som Forbrukarrådet har hatt i fleire år. Det er òg gjennomført fleire tiltak for å forbetre kvaliteten på og innhaldet i marknadsportalane. Mellom anna er det på straumprisportalen lansert ei teneste for samanlikning av plussavtalar, det vil seie avtalar for dei som i periodar produserer meir straum enn dei bruker (frå til dømes solceller), og som ønskjer å selje denne straumen til straumsalsselskapet.

Grunna framveksten av nye prismodellar i marknaden for fondstenester arbeider BFD med krav til rapportering av prisar knytte til fonds- og pensjonstenester til finansportalen.

Arbeidet med å vidareutvikle nettsida forbrukerradet.no og marknadsportalane vil halde fram i 2025.

Delar av informasjonsverksemda til Forbrukarrådet blir òg omtalte under overskrifta «Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet» ovanfor.

Forskings- og utgreiingsarbeid

Forbrukarpolitikken bør byggje på fakta og gode kunnskapar om situasjonen til forbrukarane.

Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet er ein sentral kunnskapsleverandør på forbrukarområdet. Gjennom 2023 og 2024 har SIFO utført fleire oppdrag for BFD for å styrkje kunnskapsgrunnlaget om ulike aktuelle forbrukarpolitiske område. Det gjeld tema som forbrukarane sin økonomi, den digitale kvardagen til forbrukarane og berekraftig forbruk.

Referansebudsjettet til SIFO for hushaldsutgifter er eit viktig bidrag og er oppdatert både i 2023 og 2024. Budsjettet gir eit mål på økonomiske levekår basert på forbruk. Det blir brukt av både offentleg og privat sektor til økonomisk rådgiving og for å rekne ut alminnelege levekostnader. Referansebudsjettet er òg grunnlaget for å fastsetje barnebidrag og kostnader knytte til å halde ved lag eit definert forbruks- og levekårsnivå for ulike hushaldsamansetjingar. I 2024 vart finansieringa av referansebudsjettet styrkt for at det framover kan haldast ved lag og vidareutviklast tilfredsstillande.

På det digitale området leverte SIFO i 2023 ein kunnskapsgjennomgang om kommersiell påverknad overfor barn og unge14. Gjennomgangen viser at den kommersielle påverkinga i kvardagen til barn og unge har blitt meir personleg, kompleks, skjult og alltid er til stades. Dette utfordrar det digitale forbrukarvernet til barna på mange ulike måtar. SIFO har òg levert to delrapportar i prosjektet «Pay to play», som handlar om barn sitt forbruk i videospel og korleis dette påverkar sosiale relasjonar15. Den fyrste rapporten identifiserte 13 ulike former for manipulerande design («dark patterns»). Den andre utforska korleis barn møter dei ulike typane manipulerande design, og korleis dei opplever spel som ein viktig del av identitets- og sosialiseringsprosessane sine.

I 2025 vil BFD føre vidare samarbeidet med SIFO om forvaltingsrelaterte forskingsoppgåver på forbrukarområdet. Målet er framleis å kaste ljos over sentrale problemstillingar i prioriterte saker og medverke til god kunnskap om aktuelle forbrukartema.

Forbrukartilsynet er òg gitt ansvar for å vareta kunnskapsgrunnlaget på forbrukarområdet. For betre å vareta dette ansvaret oppretta tilsynet i 2023 ei analyseeining som mellom anna skal hjelpe til med å samle inn og analysere data. Tilsynet er òg i gang med å utvikle digitale verktøy for å kunne samle inn og analysere data meir effektivt.

Opplæring i forbrukaremne

Regjeringa vil at skuleelevar skal få god opplæring i viktige forbrukaremne og bli i stand til å opptre som kompetente og medvitne forbrukarar. Forbrukaremna er tverrfaglege og skal gi elevane kunnskapar om berekraftig forbruk, forbrukarrettar, personleg økonomi og mediebruk. Dei skal òg gi elevane digital kompetanse. Opplæringa i forbrukaremne skal medverke til innsikt i både utfordringar, dilemma og konsekvensane av ulike handlingar.

Samarbeidet med Høgskolen i Innlandet

BFD har i mange år samarbeidd med Høgskolen i Innlandet, Senter for samarbeidslæring (CCL) om opplæring i forbrukaremne. I 2023 utvikla høgskulen mellom anna nye videoar for undervising, arrangerte lokale temamøte og utvikla nye verktøykassar med læringsmateriell. I tillegg omsette, trykte opp og distribuerte høgskulen eksisterande materiell.

Dei siste åra har høgskulen satsa på Facebook-kampanjar retta mot lærarar og lærarstudentar for å marknadsføre serien sin med verktøykassar med læremateriell og videoar. Dette har ført til ein auke av besøkjande både til nettsida til høgskulen og Facebook-sida deira. Det trykte undervisingsmateriellet høgskulen har laga, er framleis etterspurt. Høgskulen samarbeidde i 2023 med mange ulike aktørar og på fleire ulike arenaer. Ein av desse arenaene er nettverket «Skolemeny», som arbeider med opplæring i personleg økonomi.

BFD har vidareført samarbeidet med høgskulen i 2024 og vil halde fram med det i 2025.

Samarbeidet med Ungt Entreprenørskap

BFD førte i 2023 vidare samarbeidet med Ungt Entreprenørskap om undervisingsprosjektet «Grønt og Genialt!», som mellom anna skal fremje forståing for berekraftig forbruk og medverke til større engasjement om løysingar som kan føre til meir berekraftige forbruksmønster.

Berekraftig utvikling har blitt eit stadig viktigare tema i skulen, og prosjektet har dermed fått auka relevans. Over tid har samarbeidet mellom BFD og Ungt Entreprenørskap medverka til erfaring og kompetanse som gir ringverknader utover sjølve prosjektet. «Grønt og Genialt!» har òg spelt ei avgjerande rolle for korleis Ungt Entreprenørskap arbeider med berekraft, og medverka til at berekraft er med som tema i andre prosjekt i regi av Ungt Entreprenørskap. Totalt gjennomførte 4 100 elevar «Grønt og Genialt!» i 2023. Målet var 2 400 elevar.

BFD har vidareført samarbeidet med Ungt Entreprenørskap i 2024 og vil halde fram med det i 2025.

Verktøy for opplæring om reklame

Reklameskolen er eit verktøy for opplæring om reklame som er utvikla av Forbrukartilsynet på oppdrag frå BFD. Det er ope tilgjengeleg på internett og skal medverke til at barn og unge kan identifisere og forstå marknadsføring i kanalar som er relevante for dei. Verktøyet er i 2024 blitt kåra til vinnar i ein internasjonal konkurranse om forbrukaropplæring. Det er i dag tilpassa bruk i barne- og ungdomsskulen, men skal i løpet av 2024 lanserast i ein eigen versjon for elevar i den vidaregåande skulen.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

860

Forbrukarrådet

118 803

124 539

128 976

3,6

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

15 916

16 580

17 210

3,8

865

Forbrukarpolitiske tiltak

15 557

21 057

21 858

3,8

868

Forbrukartilsynet

135 120

134 849

141 212

4,7

Sum kategori 11.30

285 396

297 025

309 256

4,1

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

3868

Forbrukartilsynet

3 733

2 745

5 849

113,1

Sum kategori 11.30

3 733

2 745

5 849

113,1

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

137 550

137 978

144 460

4,7

50–89

Overføringar til andre

147 846

159 047

164 796

3,6

Sum kategori 11.30

285 396

297 025

309 256

4,1

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

50

Basisløyving

87 855

92 340

95 553

51

Marknadsportalar

30 948

32 199

33 423

Sum kap. 860

118 803

124 539

128 976

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukarrådet er oppretta for å ta hand om interessene til forbrukarane. Som uavhengig interesseorgan skal Forbrukarrådet informere forbrukarane og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med kjøp, og som til dømes treng hjelp til å fremje ei klage.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet og med eigne vedtekter og eit styre.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter, godtgjersle til styremedlemmene, utgifter til kontordrift, husleige og interessepolitiske aktivitetar i Forbrukarrådet. Posten dekkjer òg utgifter som Forbrukarrådet har til Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet. Vidare dekkjer posten utgifter til utgreiing av aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, kampanjar, informasjonstiltak, profilering av eigne tenester og kostnader ved å leggje fram prinsipielle spørsmål om gjeldande forbrukarrett for domstolane. Over posten gir Forbrukarrådet òg tilskot til drift av sekretariatet for brukarinteresser i standardisering (tidlegare forbrukarsekretariatet) i Standard Norge.

Som følgje av at betaling for tenester frå Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ) frå og med 2025 skal skje ved rammeoverføring til DFØ sitt kap. 1601, post 01, er løyvinga på posten føreslått redusert med 0,3 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 95,6 mill. kroner i 2025.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift og utvikling av finansportalen (finansportalen.no) og straumprisportalen (strømpris.no).

Departementet føreslår ei løyving på 33,4 mill. kroner i 2025.

Kap. 862 Stiftinga Miljømerking i Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Driftstilskot

15 916

16 580

17 210

Sum kap. 862

15 916

16 580

17 210

Ansvarsområdet til verksemda

Føremålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Arbeidet går ut på å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmene er oppnemnde av BFD, Forbrukarrådet, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Virke, Landsorganisasjonen (LO), handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2023 15,9 mill. kroner i driftstilskot frå BFD. Av dette beløpet vart om lag 3,2 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking 1,3 mill. kroner i driftstilskot frå Miljødirektoratet. Dei samla driftsinntektene var på om lag 54,5 mill. kroner. Hovuddelen av inntektene var knytte til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Miljømerking i 2025. Målet med tilskotet er å støtte opp om arbeidet til Miljømerking med å administrere den nordiske miljømerkeordninga (Svana) og dekkje utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel). Målgrupper for ordninga er produsentar av varer og tenester, forbrukarar og profesjonelle innkjøparar. Kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene.

Departementet føreslår ei løyving på 17,2 mill. kroner i 2025.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

2 430

3 129

3 248

50

Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

6 516

8 541

8 866

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

1 747

1 840

1 910

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

4 864

7 547

7 834

Sum kap. 865

15 557

21 057

21 858

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

Posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak med særleg relevans for forbrukarområdet, medrekna utgifter til sakshandsaming som Klagenemndsekretariatet i Bergen har for sakene til Marknadsrådet.

Departementet føreslår ei løyving på 3,2 mill. kroner i 2025.

Post 50 Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til forsking, undervising, prosjekt og utgreiingar med særleg relevans for forbrukarområdet.

Midlane til forskingsoppdrag som blir utførte av Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet – storbyuniversitetet, blir dekte over denne posten. Posten dekkjer òg utgifter SIFO har med å vidareutvikle referansebudsjettet for hushaldsutgifter.

Posten blir vidare nytta til arbeidet med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skulen. BFD vil i 2025 føre vidare samarbeidet med Høgskolen i Innlandet, som utviklar undervisingsmateriell til bruk i skulen, har eit fagleg tilbod til lærarar og studentar og leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising.

Departementet føreslår ei løyving på 8,9 mill. kroner i 2025.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til tiltak og einskildprosjekt som fremjar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa. Departementet føreslår å føre vidare tilskota til fire særskilde tiltak i 2025:

  • Tilskot til å delfinansiere drifta av sekretariatet for brukarinteresser i standardisering (tidlegare forbrukarsekretariatet) i Standard Norge

  • Tilskot til organisasjonen Ungt Entreprenørskap til undervisingsopplegg for ungdomsskulen om berekraftig forbruk

  • Tilskot til arbeidet Matvett AS utfører for å redusere matsvinnet i hushald

  • Tilskot til Fagutvalet for influencermarkedsføring (FIM). Midlane skal medverke til god og ansvarleg marknadsføringspraksis for dei som jobbar med påverkarmarknadsføring.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD.

Departementet føreslår ei løyving på 1,9 mill. kroner i 2025.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Løyvinga dekkjer den norske deltakinga i forbrukarprogrammet til EU, som i perioden 2021–2027 inngår som ein del av program for den indre marknaden. Posten kan òg nyttast til eventuell etterbetaling for deltaking i Consumer Programme 2014–2020.

Posten skal òg dekkje departementet sin del av eventuell etterbetaling av kontingentutgifta til EU-programma om samvirkeløysingar for offentleg forvalting i europeiske land, Interoperability Solutions for European Public Administrations (ISA), for programperioden 2016–2020.

Storleiken på dei årlege bidraga varierer med ulike faktorar, mellom anna aktiviteten under programma og valutautviklinga. Det er derfor vanskeleg å talfeste utgiftene på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 7,8 mill. kroner i 2025.

Kap. 868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

135 120

134 849

141 212

Sum kap. 868

135 120

134 849

141 212

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukartilsynet er ei offentleg styresmakt som arbeider for å gjere marknadene enklare og tryggare for forbrukarane. Eit sentralt mål for Forbrukartilsynet er å førebyggje og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre former for urimeleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Dette blir gjort gjennom dialog og forhandlingar med dei næringsdrivande, ved bruk av tilgjengelege sanksjonar og ved å gi rettleiing og informasjon. Tilsynet skal gjennom verksemda si medverke til at rettane forbrukarane har, blir varetatt, og til at forbrukarane kan ta informerte val. Marknadsføringslova regulerer tilsynsverksemda til Forbrukartilsynet.

Forbrukartilsynet har i tillegg ansvar for å drive ei nøytral meklingsteneste for forbrukarar og næringsdrivande i saker som ikkje er omfatta av andre klageorgan, og for å førebu saker til Forbrukarklageutvalet. Oppgåvene knytte til mekling og førebuing av saker til Forbrukarklageutvalet blir regulerte av forbrukarklagelova.

Forbrukartilsynet er vidare vertsorganisasjon for Forbrukar Europa.

Forbrukartilsynet har òg ansvar for å føre tilsyn med og gi rettleiing om openheitslova, somskal fremje meir respekt hos verksemder for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i vareproduksjon og levering av tenester.

I tillegg har Forbrukartilsynet ansvar for å føre tilsyn med forbodet pengespellova har mot pyramidespel.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter hos Forbrukartilsynet i tillegg til godtgjersle m.m. til medlemmene av Forbrukarklageutvalet.

For å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium er løyvinga til Forbrukartilsynet føreslått auka med 2,5 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 141,2 mill. kroner i 2025.

Kap. 3868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Gebyrinntekter

3 000

02

Tilskot

3 733

2 745

2 849

Sum kap. 3868

3 733

2 745

5 849

Post 01 Gebyrinntekter

Departementet føreslår ei løyving på 3 mill. kroner i 2025. Løyvinga svarer til dei pårekna inntektene i 2025 som følgjer av at det frå og med 1. juli 2024 vart innført handsamingsgebyr for saker til mekling i Forbrukartilsynet og saker til handsaming i Forbrukarklageutvalet. Gebyrinntektene går til statskassen.

Post 02 Tilskot

Departementet føreslår ei løyving på 2,8 mill. kroner i 2025. Løyvinga svarer til det pårekna tilskotet frå EU til Forbrukar Europa.

Programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

Hovudinnhald og prioriteringar

Grunnlaget for trus- og livssynspolitikken er Grunnlova § 16:

Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk--luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.

Trus- og livssynsfridommen er ein grunnleggjande verdi og menneskerett i eit demokratisk samfunn. Staten skal verne om denne fridommen og leggje til rette for at alle innbyggjarane kan praktisere trua si eller livssynet sitt.

Grunnlova § 16 tydeleggjer slik ansvaret staten har for å føre ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk, gjennom finansiering og lovgiving. Den aktivt støttande politikken legg vidare grunnlaget for eit livssynsope samfunn, der trus- og livssynssamfunna har ein naturleg plass.

Plikta staten har til å støtte Den norske kyrkja som evangelisk-luthersk folkekyrkje, inneber fyrst og fremst å leggje økonomisk, rettsleg og organisatorisk til rette for at Den norske kyrkja «står ved lag» som folkekyrkje. Føresegnene om Den norske kyrkja er fastsette som ei rammelov i eit eige kapittel i trussamfunnslova. Meir detaljerte føresegner om organiseringa og verksemda til kyrkja gir kyrkja sjølv i kyrkjeordninga. Føresegna om at alle trus- og livssynssamfunn skal bli «stødde på lik line», må sjåast i samanheng med pliktene staten har overfor folkekyrkja. Dette inneber mellom anna ei plikt til å materielt støtte trus- og livssynssamfunna, også i form av tilskot.

Som følgje av dette er reglane i trussamfunnslova utforma slik at trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kan krevje eit årleg statstilskot som om lag svarer til dei offentlege tilskota som Den norske kyrkja får, rekna per medlem. Under «Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja» kap. 881, post 70, er det gjort nærare greie for dette og for tilskotsordninga.

Dei offentlege tilskota som Den norske kyrkja får, kjem delvis frå staten og delvis frå kommunen. Staten finansierer prestetenesta og dei sentrale og regionale kyrkjelege organa, medan kommunane finansierer kyrkjebygga og den kyrkjelege verksemda lokalt. Samla skal finansieringa leggje til rette for at kyrkja held fram som ei landsdekkjande folkekyrkje med ei sterk lokal forankring, slik at medlemmer av kyrkja kan gå til gudsteneste og ta del i andre kyrkjelege tenester der dei bur. Ved å vere til stades i alle lokalsamfunn er kyrkja ein viktig bidragsytar til det frivillige arbeidet blant barn og ungdom, ikkje minst innanfor trusopplæringa, diakonien og det lokale musikk- og kulturlivet. Skal kyrkja vere ei lokalt forankra folkekyrkje i alle delar av landet, må prestetenesta ha gode rammevilkår og dei mange kyrkjebygga haldast ved like. Under «Den norske kyrkja» er det gjort nærare greie for dette.

Trus- og livssynsmangfaldet i Noreg har auka dei siste tiåra. Mangfaldet er ein styrke for det norske samfunnet, men gjer det òg naudsynt med trus- og livssynsdialog og meir kunnskap om tru og livssyn og om dei ulike samfunna. Det er etablert paraplyorganisasjonar for trus- og livssynssamfunna. Departementet ser det som viktig å gi støtte til det brubyggjararbeidet som desse organisasjonane driv, og til andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen.

Omsynet til gode ordningar gjer at det er viktig å jamleg vurdere justeringar i regelverket og tilskotsordningane for trus- og livssynssamfunn. Dette er nærare omtalt under «Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja».

Opplysningsvesenets fond vart skipa ved lov i 1821. Dei fleste av eigedommane er avhenda, men fondet er framleis mellom dei største grunneigarane i landet og har etter måten ein stor finanskapital. Stortinget vedtok i 2019 at verdiane i fondet skulle delast mellom staten og kyrkja, jf. Innst. 209 S (2019–2020). Eigedommar av særskild verdi for Den norske kyrkja er overførte til kyrkja som eigar. Andre eigedelar, som er berekna til 10 mrd. kroner, er staten blitt eigar av. I samsvar med Innst. 209 (2019–2020) skal staten over tid bidra med eit tilsvarande beløp til å setje i stand og sikre dei innpå 1 000 kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga i landet.

Avgjerda om kva eigedommar som skal overførast til Den norske kyrkja, er gjord, og praktisk førebuing for å overføre eigedommar til kyrkja er i gang. Overføring av eigedommar tek tid, men det er teke sikte på at overføringane skal vere gjennomførte i løpet av 2025, og at det endelege økonomiske oppgjeret skal gjennomførast i 2027.

Regjeringa fremja våren 2024 ein lovproposisjon for å danne om Opplysningsvesenets fond til eit heileigd statleg aksjeselskap, jf. Prop. 82 L (2023–2024). Lova vart vedteken i Stortinget 12. juni 2024 og tok til å gjelde straks, jf. Innst. 359 L (2023–2024). Opplysningsvesenets fond vart omdanna til Allstad AS 1. september 2024. Målet med omdanninga er at selskapet skal gi størst mogleg avkasting over tid på visse vilkår. Utbyttet til staten skal øyremerkjast bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjer.

I februar 2024 la regjeringa fram Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg, somdannar grunnlaget for bruken av Kyrkjebevaringsfondet, jf. kap. 883. Strategien gjer òg greie for organiseringa av bevaringsarbeidet og korleis bidraget frå staten skal prioriterast og nyttast. Departementet har fastsett ei forskrift for tilskotsregelverket for den statlege finansieringa av kyrkjebevaringsarbeidet, der også krav om kommunal medfinansiering er fastsett. Den statlege tilskotsordninga avløyser ikkje det økonomiske ansvaret kommunane har for kyrkjebygga. Hovudtrekka i tilskotsordninga vart lagde fram for Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2024 og står òg omtalte her under kap. 883, post 60.

Dei offentlege gravplassane er for alle. Det er kommunane som har det økonomiske ansvaret for gravplassane, medan lokale organ for Den norske kyrkja står for forvaltinga lokalt bortsett frå i dei seks kommunane som har teke over oppgåva. I takt med samfunnsutviklinga, større mangfald og endra forventingar frå innbyggjarane er det viktig å sjå på behovet for å revidere regelverket og ha kunnskap om korleis gravplassane blir drifta og forvalta. Eit viktig tiltak er også utviklinga av ei innbyggjarretta digital teneste der ein kan gjere nokre av dei fyrste og mest sentrale vala for gravferda. Det er eit mål å styrkje informasjonstryggleiken for data som går frå innbyggjarane via gravferdsbyråa til gravplasstyresmaktene lokalt og krematoria.

Mål

Departementet har for 2025 desse måla på trus- og livssynsområdet:

Mål

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

  • Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal forvaltast effektivt og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

  • Kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand, i tråd med bevaringsstrategien.

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med eigenarten sin.

Måla og bakgrunnen for desse er nærare omtalte nedanfor under «Resultatrapport og strategiar». Tidlegare mål for Opplysningsvesenets fond for 2023 og 2024 blir rapporterte på i samband med den generelle orienteringa om Opplysningsvesenets fond som kjem etter postomtalen.

Resultatrapport og strategiar

I denne delen blir det gjort greie for tiltaka som er gjennomførte og resultata som er oppnådde i 2023 og fyrste halvåret i 2024, og for planlagde tiltak i 2025.

Den norske kyrkja

Etter grunnlovsendringar i 2012 og lovendringar i 2017 fekk Den norske kyrkja ei rettsleg sjølvstendig stilling overfor staten. Den norske kyrkja har fått mynde til å ta avgjerder på eige og fritt grunnlag. Læregrunnlaget går fram av kyrkjeordninga vedteken av Kyrkjemøtet, ikkje av statleg regelverk.

Staten og kommunane finansierer Den norske kyrkja. Dei offentlege løyvingane til kyrkja over kommunebudsjetta og statsbudsjettet blir ikkje fastsette etter medlemstalet i kyrkja, men er til vurdering kvart år i Stortinget og i kommunestyra. Staten finansierer prestetenesta og den regionale og sentrale kyrkjeadministrasjonen (Kyrkjerådet og bispedømmeråda), tilskot til trusopplæringa og diakonale tiltak i kyrkjelydane. Kommunane har det økonomiske ansvaret for mellom anna drifta og vedlikehaldet av kyrkjebygga og dei offentlege gravplassane.

Finansieringa av Den norske kyrkja skal leggje til rette for at kyrkja framleis kan vere ei folkekyrkje med ei sterk lokal forankring. Dei som er medlemmer av kyrkja, skal kunne ta del i gudstenester og kyrkjelege handlingar der dei bur. Ei folkekyrkje er kjenneteikna av at folk sluttar opp om kyrkja, og at ho er synleg i lokalsamfunna, både som trussamfunn og som kulturberar. Dette byggjer på at prestetenesta har gode vilkår, og at kyrkjebygga blir haldne i hevd. Det er òg viktig at dei kyrkjelege organa har legitimitet og forankring hos medlemmene. Då er det ein føresetnad at det blir gjennomført demokratiske val i kyrkja.

Oppgåva til staten er å gi kyrkja høvelege rettslege rammer og føreseielege økonomiske rammer for arbeidet sitt, slik at kyrkja kan halde fram som ei demokratisk folkekyrkje. Strategiar og tiltak for å nå målet må kyrkja sjølv lage til.

På bakgrunn av dette har departementet sett dette målet for løyvingane til Den norske kyrkja:

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

Den norske kyrkja er organisert i 1 162 sokn. Det blir regelmessig halde gudstenester i dei om lag 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja. Ei landsdekkjande presteteneste er eit vilkår for at Den norske kyrkja framleis skal vere ei folkekyrkje. Talet på årsverk i prestetenesta var 1331 i 2022 og 1 333 i 2023.

I 2023 var dei samla offentlege tilskota til Den norske kyrkja på om lag 6,8 mrd. kroner. Over statsbudsjettet vart det løyvd om lag 2,44 mrd. kroner, medan kommunane løyvde om lag 4,36 mrd. kroner.

Rekneskapen for den delen av Den norske kyrkja som staten finansierer, det vil seie den rettslege eininga som vart oppretta då Den norske kyrkja vart skild ut frå staten 1. januar 2017, viser eit underskot på 75 mill. kroner i 2023. Dette kjem for ein stor del av auka pensjonskostnader. Eigenkapitalen ved årsskiftet 2023–2024 var på 301 mill. kroner. Etter at den nye kyrkjelege eininga vart oppretta, har det i regi av Kyrkjerådet vore arbeidd mykje med å forenkle og effektivisere dei administrative funksjonane på regionalt og sentralt nivå.

Dei kommunale løyvingane til Den norske kyrkja blir disponerte av det kyrkjelege fellesrådet i kommunen, som er eit fellesorgan for kyrkjelydane (sokna). Fellesråda har òg andre inntekter, mellom anna frå utleige av kyrkjebygga og avgifter dei kan krevje etter gravplasslova. Tabell 4.6 nedanfor viser utviklinga i inntektene og utgiftene til fellesråda frå 2022 til 2023.

Som følgje av auka prisar på straum og mat vart det i desember 2023 løyvd 8 mill. kroner for å bidra til ei god førjulstid for vanskelegstilte, jf. Prop. 16 S (2023–2024). Midlane vart nytta til arrangement i juletida, utdeling av matposar til familiar og julegåver til barn. Av desse vart 4,13 mill. kroner fordelte til Den norske kyrkja. Sjå òg omtale under «Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja».

Tabell 4.6 Inntektene og utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda 2022–2023

(i mill. kroner)

2022

2023

Endring frå 2022 i pst.

Driftsinntekter

5 328

5 620

5,5

Driftsutgifter

5 210

5 665

8,7

Investeringsinntekter

1 016

1 003

-1,3

Investeringsutgifter

1 116

1 224

9,7

Kjelde: Rekneskapstal som fellesråda har rapportert til Statistisk sentralbyrå ved publisering i juni

Driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda auka med 292 mill. kroner frå 2022 til 2023, medan driftsutgiftene auka med 455 mill. kroner. Netto driftsresultat etter at renter og avdrag er betalte, var for fellesråda samla på -33 mill. kroner i 2023, mot 93 mill. kroner i 2022.

Av driftsinntektene til fellesråda var dei kommunale overføringane på 3,62 mrd. kroner i 2023. Frå 2022 var det ein auke på 5,7 prosent. Auken er større enn lønns- og prisveksten i kommunesektoren, som for same perioden var på 4,3 prosent.

Det vart overført 740 mill. kroner, i hovudsak frå kommunane, til å dekkje investeringsutgiftene til fellesråda i 2023, mot 637 mill. kroner i 2022.

Dei mest brukte måltala for tilslutnaden til Den norske kyrkja som folkekyrkje er utviklinga i talet på medlemmer, oppslutnaden om kyrkjelege handlingar (dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd) og talet på gudstenester og gudstenestedeltaking. Tabellen under viser tal for 2023 og utviklinga frå 2022 til 2023.

Tabell 4.7 Nøkkeltal for oppslutnaden om Den norske kyrkja i 2023

2023

Endring frå 2022

Medlemmer1

3 472 195

-24 244

Del av befolkninga (pst.)

62,6

-1,1

Innmelde

4 024

+1 549

Utmelde

16 710

+148

Døypte

26 503

-1 976

Døypte av talet på fødde (pst.)

51,0

-4,3

Konfirmerte

32 980

+264

Konfirmerte av alle 15-åringar (pst.)

48,4

-1,4

Konfirmerte av 15-åringar som er medlem av kyrkja (pst.)

77,6

-1,4

Vigslar

6 356

-1 038

Gravferder

36 112

-1 954

Del av alle gravferder totalt (pst.)

82,4

-0,8

Deltakarer på alle gudstenester (digitale gudstenester er ikkje inkluderte)

4 355 330

+143 365

1 109 000 tilhøyrande er frå 1. januar 2021 ikkje medrekna i medlemstalet.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og medlemsregisteret til Den norske kyrkja

Statistikken for 2023 viser at kyrkja no har eit aktivitetsnivå som liknar 2019, altså før pandemi og smitteverntiltak.

Tala på døypte og vigslar har ein nedgang frå 2022, som var eit år der desse tala auka som følgje av eit etterslep etter pandemien. Sett over tid er talla nokså stabile, delen døypte av fødde ligg rundt 50 prosent. Ein mangeårig satsing på dåp har motverka nedgangen i dåpstala.

Kyrkjelege seremoniar ved gravferder har ein liten nedgang frå 2022 til 2023. Talet på unge som konfirmerer seg, er stabil med ein liten oppgang frå 2022 til 2023, men delen av 15-åringer som vel å konfirmere seg sank likevel med 1,4 prosentpoeng til 48,4 prosent i 2023. Det var ein relativt stor auke i talet på innmeldingar og ein liten auke i talet på utmeldingar i 2023.

Talet på deltakarar på gudstenester har gått noko opp. Det auka med vel 143 000 frå 2022 til 2023.

Trusopplæringa i kyrkja er eit systematisk og samanhengande tilbod til alle døypte fram til dei fyller 18 år. Oppslutnaden i 2023 viser ein liten nedgang i oppslutnad på dei tradisjonelle tiltaka som 4-årsbok og Tårnagentar, medan det er auke i andre aktivitetar for barn og unge.

Rekrutteringa til prestetenesta er ei utfordring for kyrkja. Det er krevjande å få tilsett prestar i ledige stillingar, og fleire stillingar står ledige over tid. Studenttalet til presteutdanninga viser ein auke frå 2022, men ikkje nok til å dekkje behova i åra framover. Om lag ein tredjedel av prestane er i dag over 60 år.

I 2023 var det val i kyrkja i samband med kommunevalet. Kyrkja fører vidare systemet med fleire lister ved val av bispedømmeråd. Det var òg for fyrste gong mogleg å førehandsrøyste digitalt.

Det er Kyrkjemøtet som har ansvaret for å lage til strategiar og tiltak for å nå måla departementet set for løyvinga. I 2022 gjorde Kyrkjemøtet eit prinsippvedtak om organisering av Den norske kyrkja, medan det vart gjort eit nytt vedtak av Kyrkjemøtet 2023, som inneber at den noverande arbeidsgivarorganiseringa skal behaldast, utviklast vidare ved fellestenester, kulturbygging og avtalar om forpliktande samarbeid. Kyrkjerådet legg opp til at det skal fremjast sak om organisering òg for Kyrkjemøtet 2025.

Den norske kyrkja vil gjennom eit større digitaliseringsarbeid utvikle fleire digitale fellesløysingar som gjer tenestene til kyrkja lettare tilgjengelege og arbeidskvardagen enklare og styrkjer samhandlinga i kyrkja.

Overføring av kyrkjelege eigedommar til kyrkja og bevaringsprogrammet for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg er òg viktige saker for kyrkja i åra som kjem.

I 2025 vil Den norske kyrkja framleis konsentrere seg om rekruttering, dåp og trusopplæring, samstundes som ein vil rette meir merksemd mot gravferdsseremonien i kyrkja.

Sjømannskyrkja

Sjømannskyrkja har per i dag 29 sjømannskyrkjer i 17 land, og saman med dei ambulerande sjømannsprestane dekkjer Sjømannskyrkja om lag 80 land og er til stades på alle kontinent. Sjømannskyrkja har gudstenester og gjennomfører kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon og vigsel. Målet for tilskotet er å gi nordmenn i utlandet kyrkjelege, sosiale og kulturelle møteplassar. Kyrkja har eit omfattande diakonalt arbeid og hjelper nordmenn som av ulike grunnar har komme i ein sårbar situasjon. Organisasjonen er særleg oppteken av å vere ei støtte for norske barn utanlands og har mellom anna eit frivillig familierådgivingstilbod for familiar i Spania som heiter Familieveiviseren.

I tillegg til å vere ein møteplass utgjer beredskapsarbeidet til Sjømannskyrkja ein tryggleik for dei som ferdast i utlandet. Sjømannskyrkja har ein døgnopen beredskapstelefon der folk kan få psykososial støtte når dei blir ramma av ei ulukke eller krise, og i nokre tilfelle praktisk assistanse. Sjømannskyrkja har eit nært samarbeid med utanrikstenesta i beredskapssituasjonar og øver regelmessig på krisehandtering med Utanriksdepartementet og ambassadane og dessutan med næringslivet i inn- og utland.

Verksemda hadde 157 tilsette i 2023. Talet på frivilligheitstimar auka samanlikna med 2022, som er berekna til å utgjere 63 årsverk i 2023. Det er framleis lågare oppslutnad om aktivitetar og kyrkjelege handlingar enn før pandemien, men det er aukande aktivitet på alle område. Etter pandemien har reisemønstera endra seg, men kyrkja ser i 2023 at reiseaktiviteten tek seg opp når det gjeld turistar, pensjonistar og studentar i utlandet. Opplevinga er likevel at norsk næringsliv ikkje sender ut nordmenn i same grad som før, og at den internasjonale arbeidsmarknaden er i endring. Nytt i 2023 var ei intensivert satsing på å besøkje nordmenn som sonar i utanlandske fengsel.

Sjømannskyrkja har auka dei ambulerande tenestene ut frå sjømannskyrkjene. Desse kan leggje til rette for einskildmøte og samlingar der nordmenn oppheld seg over ei viss tid i samband med studium, arbeid eller ferie.

Departementet føreslår å føre vidare tilskotet til Sjømannskyrkja i 2025.

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja

Det religiøse livet i Noreg er i dag prega av ein sterk kristen kulturarv på den eine sida og eit større trus- og livssynsmangfald og meir sekularisering på den andre sida. I lys av denne utviklinga er det viktig med ein heilskapleg og aktivt støttande trus- og livssynspolitikk. Dei rettslege og økonomiske rammene skal, så langt det er mogleg og innanfor dei rammene som menneskerettane og Grunnlova § 16 set, leggje til rette for at alle kan utøve trua si eller livssynet sitt.

Departementet har sett dette målet for tilskotsordninga for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja:

  • Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal forvaltast effektivt og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

Trussamfunnslova som tok til å gjelde 1. januar 2021, har medverka til å forenkle tilskotsforvaltinga, mellom anna ved at staten har teke over dei kommunale utbetalingane. Lovgivinga og tilskotsordninga er no i større grad i takt med utviklinga og mangfaldet av trusretningar og livssyn i Noreg. Grunnlaget for tilskota er i hovudsak som før, det vil seie at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje og kunne krevje offentleg støtte dersom dei fyller visse vilkår. Eit viktig mål for den offentlege støtta til samfunna er å støtte opp under det livssynsopne samfunnet. Både finansiering av, kontroll med og innsyn i religiøse samfunn er viktige offentlege oppgåver.

Departementet har lagt fram ein proposisjon med forslag til endringar i trussamfunnslova, jf. Prop. 116 L (2023–2024) Endringer i trossamfunnsloven (aktivitets- og antallskrav). Forslaget inneber at trus- og livssynssamfunn som krev tilskot, må stadfeste at dei vil arbeide for å oppnå 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i styrande organ som forvaltar tilskotet. Samfunn som ikkje kan dokumentere at dei har tiltak, kan nektast tilskot (men ikkje registrering). Stillingar og verv som etter likestillings- og diskrimineringslova oppfyller vilkåra for å lovleg gjere skilnad på grunn av kjønn, er unnatekne frå kravet om aktivitet.

I proposisjonen har departementet også lagt fram forslag om at trus- og livssynssamfunn må ha minst 100 medlemmer for å ha rett på registrering og tilskot. I dag er det eit krav om minst 50 medlemmer.

I proposisjonen legg departementet også fram forslag om endringar i reglane om dobbeltmedlemskap og utrekning av tilskot. Samstundes medlemskap i eit registrert og eit uregistrert samfunn blir sidestilt med dei kategoriar av dobbeltmedlemskap som er omfatta av den gjeldande regelen i lova § 4 fyrste ledd bokstav c. Prinsippet som i dag er nedfelt i lova § 5 fjerde ledd om satsen for tilskot per medlem, og som inneber at tilskota om lag skal svare til dei offentlege tilskota til Den norske kyrkja justert for medlemstal («om lag-prinsippet»), blir gjort gjeldande for alle faktorane i utrekninga av tilskota, slik det var etter den tidlegare lovgivinga.

Endringane følgjer opp punkta i Hurdalsplattforma om å «sikre trus- og livssynssamfunn føreseieleg finansiering, men gjennomgå kriteria for støtte» og «stille krav om at dei administrative organa som forvaltar offentlege tilskot på vegner av trussamfunn, er demokratisk valde og har minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn». I tråd med punktet om å «samarbeide med trus- og livssynssamfunn om å styrkje integreringa, betre likestillinga og auke kunnskapen om norsk lov i livssynsfeltet» blir det òg lagt fram andre tiltak for å styrkje dialogen mellom samfunna og styresmaktene, styrkje rettleiinga og opplæringa i lov- og regelverk.

Departementet arbeider med ein rettleiar for trus- og livssynssamfunna om trussamfunnslova og forskriftene til denne og anna relevant lov- og regelverk for samfunna.

Departementet har innhenta ei oversikt frå Statsforvaltarens fellestenester, som viser at 26 av 708 samfunn som har sendt inn årsrapport for 2023, opplyser at dei har fått til saman 50 000 kroner eller meir i bidrag frå ein eller fleire givarar i eit anna land enn Noreg. Desse tala er noko usikre. Av dei 26 samfunna er 15 kristne, fem muslimske og fire buddhistiske. Oversikta seier ikkje noko om kva land bidraga kjem frå, eller om givarane er private eller statlege. Det fyrstnemnde skal samfunna opplyse om i note til rekneskapen dei sender til statsforvaltaren, jf. trussamfunnsforskrifta § 13 tredje ledd. Kjem bidrag frå eit land der staten ikkje respekterer retten til trus- og livssynsfridom, kan statsforvaltaren krevje at samfunnet informerer om kven givarane er, og storleiken på det respektive bidraget.

Den digitale løysinga som trus- og livssynssamfunn skal nytte til krav om tilskot, registreringssøknader med meir, har blitt vidareutvikla og forbetra, men erfaringane viser at det er behov for å halde fram med dette arbeidet.

I 2023 vart det utbetalt 998,1 mill. kroner i statleg tilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, utrekna etter ein sats på 1 419 kroner per medlem. Til samanlikning var det samla tilskotet frå staten i 2022 på 937,6 mill. kroner. Auken på nær 60,5 mill. kroner kjem av eit høgare tilskotsbeløp per medlem i 2023 enn i 2022 og at det samla talet på tilskotsteljande medlemmer auka med nesten 25 000 frå 2022 til 2023. Talet på trus- og livssynssamfunn som søkte om registrering og/eller fremja krav om tilskot, gjekk berre marginalt opp, frå 739 til 740 samfunn. Dei 740 samfunna hadde i alt 724 800 tilskotsteljande medlemmer.

Tabell 4.8 Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, fordelte på religion/livssyn1

2009

2016

2023

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Buddhisme

12 252

2,8

18 817

3,0

22 212

3,1

Hinduisme

5 238

1,2

8 882

1,4

13 141

1,8

Islam

92 744

21,5

148 189

23,8

182 607

25,2

Kristendom

234 772

54,4

349 083

56,1

376 555

52,0

Andre religionar

5 157

1,2

7 313

1,2

9 562

1,3

Livssyn

81 124

18,8

89 758

14,4

120 726

16,7

I alt

431 287

100,0

622 042

100,0

724 803

100,0

1 Tabellen gjeld talet på tilskotsteljande medlemmer i trus- og livssynssamfunn.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Som det går fram av tabellen ovanfor, har det vore ein stor auke i talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja frå 2009 til 2023. Om lag 75 prosent av befolkninga er anten medlem av Den norske kyrkja eller teljande medlem i eit anna trus- eller livssynssamfunn. Om lag 13 prosent av befolkninga er teljande medlem i eit trus- eller livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Den delen av befolkninga som ikkje er medlem av noko samfunn, er aukande.

Buddhistiske, hinduistiske og muslimske trussamfunn har hatt størst prosentvis auke i perioden 2009–2023. Til saman utgjorde medlemmene i desse nær ein tredjedel av alle teljande medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2023. Ein fjerdedel av alle medlemmer i samfunn utanom Den norske kyrkja høyrer til eit muslimsk trussamfunn. Kristne trussamfunn har i alt meir enn 50 prosent av medlemmene i samfunna utanom Den norske kyrkja. Talet på medlemmer i dei kristne trussamfunna har auka med 60 prosent i perioden 2009–2023. Andre trus- og livssynssamfunn har òg hatt medlemsauke i perioden, slik at delen som tilhøyrar kristne samfunn har halde seg ganske stabil.

Dei organisasjonane som er etablerte som paraplyorganisasjonar for trus- og livssynssamfunna, har ei viktig oppgåve med å auke kunnskapen om dei ulike religionane og livssyna, både mellom samfunna og ut mot sivilsamfunnet. Eit særtrekk ved den norske trus- og livssynsdialogen er at han femner om både religiøse og sekulære livssyn. Paraplyorganisasjonane skaper dialog og samarbeid på tvers av livssyn og er viktige dialogpartnarar for offentlege styresmakter i ulike spørsmål.

Departementet ser det som viktig å gi støtte til det brubyggjararbeidet som desse organisasjonane driv, og til andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen.

Departementet gav 5,6 mill. kroner i driftstilskot til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) og 4,3 mill. kroner til Norges Kristne Råd i 2023. Muslimsk Dialognettverk fekk 1,5 mill. kroner i driftstilskot i 2023 og er frå 2022 rekna som ein av paraplyorganisasjonane.

STL fekk tilskot for å leggje til rette for dialog mellom trus- og livssynssamfunn, LHBT+-organisasjonar og organisasjonar for skeive religiøse som opplever utfordringar i trus- og livssynssamfunn. Tilskotet er gitt til oppfølging av regjeringa sin handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfald (2023–2026).

Det samla tilskotet til dialogtiltak, som blir tildelt etter søknad, var på 3,2 mill. kroner i 2023, fordelt på 21 søkjarar. Fleire av søknadene omfatta fleire prosjekt og var eit samarbeid mellom ulike organisasjonar og trussamfunn. Dei fleste prosjekta handla om dialog og kunnskapsutvikling, men òg sosiale tiltak og undersøkingar fekk tilskot.

Tilskota til paraplyorganisasjonane STL, Norges Kristne Råd og Muslimsk Dialognettverk er føreslått vidareført i 2025. Det er òg føreslått å føre vidare tilskotet til arbeidet til STL med dialog mellom trus- og livssynssamfunn og LHBT+-organisasjonar om utfordringar i møte med trus- og livssynssamfunn i 2025.

Som følgje av auka prisar på straum og mat vart det i desember 2023 løyvd 8 mill. kroner for å bidra til ei god førjulstid for vanskelegstilte, jf. Prop. 16 S (2023–2024). Midlane skulle nyttast til arrangement i juletida, utdeling av matposar til familiar og julegåver til barn. 1,9 mill. kroner gjekk til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, 1 mill. kroner til Muslimsk Dialognettverk og 1 mill. kroner til Norges Kristne Råd. Paraplyorganisasjonane fordelte midlane vidare til medlemsorganisasjonane sine. Midlane elles gjekk til Den norske kyrkja.

Som følgje av at konflikten i Israel og dei palestinske områda set trus- og livssynsdialogen i Noreg under press, vart det i desember 2023 òg løyvd 2 mill. kroner for å styrkje arbeidet til Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn med den breie trus- og livssynsdialogen, inkludert arbeidet retta mot ungdom.

Det teologiske fakultetet (TF) ved Universitetet i Oslo får tilskot til kurstilbodet Å være religiøs leder i det norske samfunn. Kurset er retta mot religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn i Noreg og kan takast med og utan studiepoeng. TF har på oppdrag frå BFD fått utført ei evaluering av kurset. Nærare 200 religiøse leiarar har til no delteke på kurset. Breidda i deltakinga har blitt større etter kvart. Menn er framleis i fleirtal, men delen kvinner har auka, og breidda er større også geografisk og innanfor ulike religionar. Dette gjeld særleg blant deltakarar med muslimsk bakgrunn, som har vore i fleirtal. Nokre trus- og livssynssamfunn har i liten grad vore representerte. Dette gjeld mellom anna Den norske kyrkja og deltakarar med human-etisk og jødisk bakgrunn. Rapporten framhevar dialogen som eit viktig resultat av kurset:

Ambisjonen i 2003 var særlig kunnskapsformidling. Men når tidligere deltakere, medlemmer i referansegruppa og kursledelsen legger vekt på hva som er verdifullt med kurset, er det særlig dialog som fremheves. Kursopplegget fremmer dialog både i teori og praksis. Læring og kunnskapsbygging foregår i en dialogisk ramme. Det læres om lover, regler, rettigheter og rammer for det norske samfunnet, men kursdeltakerne beskriver også hvordan de lærer om hverandre og hverandres perspektiver. De beskriver videre hvordan praktiske rammer og tilrettelegging bidrar til slik læring.

Rapporten peiker på at utfordringane fyrst og fremst ligg i at profileringa er retta mot religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn: «Profileringen bidrar til avstand i møte med deltakere som mistenker at det her er snakk om statlige direktiver for hvordan opptre i Norge, men også i møte med de som ikke definerer seg som utenlandsk.» Rapporten tilrår derfor at det bør diskuterast om kurset skal profilerast som eit kurs for «religiøse ledere i det norske samfunnet» eller som eit kurs for «religiøse ledere med utenlandsk bakgrunn». Vidare peiker rapporten mellom anna på at det bør vurderast eit introduksjonskurs, men også tiltak for å leggje til rette for at fleire tek kurset med studiepoeng.

Kyrkjebygga

Kyrkjene er ein viktig del av den norske kulturarven. Dei fortel om opptil 1 000 års kulturhistorie og viser noko av det fremste nasjonen har produsert innan arkitektur, kunst og handverk. Saman med gravplassane rundt er dei kjelder til oppleving og kunnskap. Dei fortel om religiøst liv som er levd, om stilhistorie, handverkstradisjonar og materialbruk opp gjennom tidene. Samstundes er dei fleste kyrkjene framleis i aktiv bruk av kyrkjelyden og som samlingsstad rundt høgtider i livet, men også som konsertarena, øvingslokale for lokale kor, organisasjonar m.m. For mange er kyrkja eit signalbygg i lokalsamfunnet og ein stad der ein kan søkje trøyst eller samhald etter store ulukker og andre kriser som rammar samfunnet eller den einskilde.

Av dei om lag 1 630 kyrkjebygga vi har her i landet, tilhøyrer nær 1 000 av desse kategorien kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Dette er kyrkjebygg som Riksantikvaren har freda eller listeført. Dei fleste er det sokna i Den norske kyrkja som eig. I tillegg er nokre i privat eige eller høyrer til eit anna trus- eller livssynssamfunn. Fortidsminneforeningen eig òg ein del kyrkjer, og nokre er det stiftelsar og museum eller staten som eig.

Forvaltinga av dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga må ta høgd både for kyrkjelege behov og interesser og for nasjonale og lokale kulturmiljøomsyn. Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet har saman gitt nærare reglar og rettleiing om forvalting av kulturmiljøverdiane i rundskriv Q-06/2020. I Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg, sjå under, er det også teke omsyn til både kulturmiljøverdiane og dei kyrkjelege verdiane. Strategien er også fremja av Barne- og familiedepartementet i samarbeid med Klima- og miljødepartementet.

Det er kommunen som har det økonomiske ansvaret for drifta og vedlikehaldet av alle kyrkjebygga som sokna i Den norske kyrkja eig. Den daglege forvaltinga er det dei kyrkjelege fellesråda som har ansvaret for. Det er ei utfordring at mange av kyrkjene har eit stort etterslep i vedlikehaldet og ikkje er godt nok sikra mot brann.

For å komme vedlikehaldsetterslepet i møte har Stortinget vedteke at staten skal ta eit større ansvar for å sikre dei kyrkjene som har størst kulturmiljøverdi, jf. oppmodingsvedtak nr. 500 og 502 av 14. april 2020 som kom i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond,og oppmodingsvedtak nr. 708 16. juni 2020 som kom i samband med handsaminga av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål for kulturmiljøpolitikken. Som ei oppfølging av desse oppmodingsvedtaka lanserte regjeringa Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg 21. februar 2024 som gir rammer for ein forsterka statleg innsats for dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga. Denne er det gjort greie for i eit eige punkt under.

Departementet har på denne bakgrunn sett dette målet for kyrkjebygga:

  • Kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand, i tråd med bevaringsstrategien.

Dei årlege investeringsutgiftene i kyrkjebygga har lenge lege på rundt 600–700 mill. kroner, men har dei siste fire åra auka jamt. I 2023 var investeringane på 865 mill. kroner, mot 789 mill. kroner i 2022 og 776 mill. kroner i 2021. Auken kan ha samanheng med auka statleg satsing på kyrkjevedlikehald gjennom tilskotsordninga departementet hadde på kap. 882, post 61, som også kravde kommunal eigendel. Ordninga er avslutta, og dei siste tilskotsløyvingane vart gitt i 2023. I tillegg har staten i fleire år òg gitt tilskot til å setje i stand kyrkjebygg gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg over kap. 882, post 60. Sidan 2019 har det ikkje vore noka ny investeringsramme i rentekompensasjonsordninga. I 2023 vart det utbetalt rentekompensasjon på 82,8 mill. kroner, ein auke på 60,9 mill. kroner frå 2022 som følgje av auka rentenivå.

Sidan 2019 har innsatsen med å ta hand om dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjene blitt styrkt gjennom nemnde tilskotsordning på budsjettet til Barne- og familiedepartementet. Til saman har det vore løyvd om lag 240 mill. kroner til kyrkjebevaring gjennom denne tilskotsordninga. Ordninga er no avvikla og erstatta av tre bevaringsprogram for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg som er etablerte innanfor ramma av Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg og delfinansierte med eit statleg bidrag over kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet, sjå under.

2023 var siste året ein lyste ut midlar under den gamle ordninga. Då vart 38,9 mill. kroner lyste ut til istandsetjing, brannsikring og forprosjekt på murverk for mellomalderkyrkjer i stein og til istandsetjing av listeførte kyrkjer 1850–1900. For listeførte kyrkjer i Troms og Finnmark var ikkje utlysinga avgrensa til år 1900. Riksantikvaren, som har forvalta ordninga, melder om at tilskota i stor grad har fungert etter intensjonen. I nokre tilfelle har tilskotsmottakaren sett i gang med arbeida utan å ha innhenta naudsynte godkjenningar eller det har vore utført arbeid i strid med eller ut over gitte godkjenningar. Dette har ført til tap av kulturmiljøverdi. Men i dei fleste tilfella har arbeida vore utførte med rett kompetanse, slik at ein har sett i stand og sikra kulturmiljøverdiane. Riksantikvaren melder vidare om positiv effekt av midlar brukte til kunnskaps- og kompetansehevingsprosjekt og peiker på at tilskotet i nokre tilfelle også har utløyst løyvingar frå kommunar med små budsjett til kyrkjevedlikehald. På denne posten er det framleis tilsegner om tilskot gitt i 2022 og 2023 som skal betalast ut i 2025.

Bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg – Kyrkjebevaringsfondet

Staten vart frå 1. januar 2023 eigar av ei rekkje eigedelar som historisk har vore forvalta av Opplysningsvesenets fond, mot at tilsvarande verdiar blir nytta til eit statleg bidrag for bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjer. Dette blir gjort med grunnlag i bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, og blir delvis finansiert frå fondskontoen «Kyrkjebevaringsfondet» i Noregs bank.

Samla er midlane som skal nyttast til kyrkjebevaring, fastsette til å vere 10 mrd. kroner i 2024-kroner, sjå nærare omtale i Prop. 104 S (2023–2024). Dette er såleis forpliktinga som skal nyttast til bevaringsstrategien i planperioden fram mot 2054. Det er lagt til grunn at forpliktinga blir inflasjonsjustert. Samanhengen mellom verdien av forpliktinga og dei årlege løyvingane til føremålet går fram av tabelloppstilling under kap. 883, post 60.

Etter ei opptrapping dei fyrste åra kan det løyvast inntil 500 mill. 2024-kroner årleg til bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Tempoet i opptrappinga er avhengig av talet og storleiken på godkjende søknader og kapasiteten i marknaden til denne typen oppdrag. Ei tilsegnsfullmakt gjer at tilskotsordninga blir føreseieleg for kyrkja og kommunane.

Bevaringsstrategien omfattar tre bevaringsprogram etter kategoriar av kyrkjer: eitt bevaringsprogram for mellomalderkyrkjer, eitt for kyrkjebygg frå perioden 1537–1850 og eitt for kyrkjebygg oppførte etter 1850. Dette gjer det mogleg å målrette innsatsen i tråd med behova frå dei ulike periodane. Innanfor kvart bevaringsprogram vil det bli etablert fire tverrgåande innsatsområde:

  1. Bevaring (istandsetjing, sikring og konservering)

  2. Kunnskap og kompetanse

  3. Oppleving og formidling

  4. Engasjement og deltaking

Innsatsområda peiker på overordna nivå på kva område som skal prioriterast, er gjensidig avhengige av kvarandre og skal saman medverke til at måla i strategien blir nådde.

Bevaringsstrategien dannar grunnlaget for forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkebygg og bruken av «Kyrkjebevaringsfondet», jf. omtale under. Hovudelementa i tilskotsordninga vart lagde fram for Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2024, jf. Prop. 104 S (2023–2024), og er presenterte på ny under kap. 883, post 60. Tilskotsordninga tok til å gjelde frå 23. juni 2024, og den fyrste utlysinga fann stad 25. juni. Det vart då lyst ut midlar til forprosjekt og hovudprosjekt som allereie er sette i gang eller er ferdigprosjekterte og klare til å setjast i gang, slik at midlar kjem til utbetaling i 2024. For prosjekt som allereie er sette i gang, kan ein søkje om midlar til arbeid på desse prosjekta som skjer etter at tilskotsordninga tok til å gjelde. Søknadsfristen var 11. august 2024.

I 2025 blir det føreslått ei løyving på 300 mill. kroner til tilskotsordninga. Løyvinga skal dekkje vidareføring og ferdigstilling av prosjekt som fekk tilsegn om tilskot i 2024, og nye for- og hovudprosjekt i 2025. Utlysinga skjer hausten 2024. I tida fram mot 2030 skal bevaringsprogrammet for mellomalderkyrkjer ha høgast prioritet, jf. også bevaringsstrategien og oppmodingsvedtak nr. 708 som vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 16 (2019–2020).

Det økonomiske ansvaret for drift og vedlikehald av kyrkjene er framleis eit kommunalt ansvar etter trussamfunnslova. Dette er det teke omsyn til i utforminga av tilskotsordninga, jf. også stortingsvedtaket i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019).

For å følgje opp arbeidet med bevaringsstrategien og tilskotsordninga er det oppretta eit programstyre og eit programsekretariat for ordninga. Programsekretariatet er administrativt lagt til kulturminneavdelinga hos Riksantikvaren og lokalisert i Trondheim. For å sikre både kyrkjeleg og antikvarisk forankring og kompetanse i forvaltinga er sekretariatet sett saman av fagressursar frå både Riksantikvaren og Den norske kyrkja ved Kyrkjerådet og Hovudorganisasjonen KA, i tillegg til at sekretariatsleiinga ligg hos Riksantikvaren. Til saman er det 12 årsverk i sekretariatet. Programstyret er sett saman av leiarar og mellomleiarar i dei same organisasjonane og er leidd av preses i Den norske kyrkja. Per oktober 2024 er programstyret etablert, og det er tilsett fagressursar i alle stillingar. Sekretariatsleiinga er òg på plass. Arbeidet med å få på plass eit Nasjonalt fagråd for Kyrkjebevaringsfondet i tråd med føringane i bevaringsstrategien og instruks til programstyret for Kyrkjebevaringsfondet vil skje hausten 2024. Fagrådet skal gi råd og innspel til programsekretariatet og til arbeidet i programstyret med resultatmål og tiltak, langtidsplanar og årlege satsingar.

Inntekter frå Opplysningsvesenets fond (Allstad AS frå 1. september 2024) er med på å finansiere bevaringsstrategien, jf. omtale under kap. 883 og kap. 3883.

Gravplassane

Gravplassar og gravskikkar seier mykje om dei verdiane og den kulturen som historisk har prega landet vårt, og om korleis samfunnet endrar seg over tid. Gravplassane som kulturmiljø fortel historier om heile samfunn, slekter og einskildmenneske.

Norsk gravferdstradisjon har vore prega av kristen kulturhistorie med ei sterk nasjonal kyrkje. Etter kvart som det kom andre trusretningar til, vart medlemmer av desse òg gravlagde på dei offentlege gravplassane. I Noreg har vi derfor i liten grad eigne gravplassar for ulike trusretningar. Det at alle kan bli gravlagde på dei offentlege gravplassane, uavhengig av tru eller livssyn, stiller krav til regelverket og drifta av dei offentlege gravplassane.

Det er viktig at dei offentlege gravplassane blir haldne ved like og forvalta i samsvar med eigenarten dei har. Det inneber mellom anna at dei etterlatne og innbyggjarane generelt skal vere godt nøgde med den offentlege tenesteytinga, og at gravplassane blir tekne vare på som kulturlandskap og kulturminne. Gravplassane frå mellomalderen har særskilt høg kulturmiljøverdi og er automatisk freda saman med samiske gravplassar frå 1917 eller tidlegare. Utvalde graver og gravfelt frå ulike tidsperiodar bør bevarast for å synleggjere utviklingstrekk og ulik praksis gjennom tidene. Vern bør likevel, så langt det lèt seg gjere, ikkje hindre bruk.

Departementet har med bakgrunn i dette fastsett følgjande mål for forvaltinga av dei offentlege gravplassane:

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i samsvar med sin eigenart.

Undersøkingar viser at gravplassane i det store og heile er godt stelte, og at dei etterlatne og innbyggjarane generelt er godt nøgde med den offentlege tenesteytinga på området.

Det er Den norske kyrkja lokalt som etter lova har forvaltingsansvaret for gravplassane, om ikkje statsforvaltaren har fastsett at kommunen skal ha ansvaret. Om lag ti kommunar står for drifta/forvaltinga av gravplassane. Av desse har seks overteke forvaltingsansvaret fullt ut. I tillegg er det inngått lokale tenesteytingsavtalar med godt og vel ein tredjedel av kommunane.

Ansvaret som regional, statleg gravplasstyresmakt ligg til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Her har ein bygd opp eit kompetansemiljø, som i tillegg til å handsame saker som regional gravplasstyresmakt skal rettleie lokale styresmakter og støtte departementet i arbeidet med kunnskapsinnhenting, statistikk og regelverksutvikling for gravplassektoren.

Gravplassane blir finansierte gjennom kommunale løyvingar og ved brukarbetaling. I 2023 hadde fellesråda 1 138 mill. kroner i driftsutgifter til gravplassforvaltinga, mot 1 029 mill. kroner i 2022. Investeringsutgiftene var på 338 mill. kroner, mot 341 mill. kroner i 2022. Investeringsutgiftene går mellom anna til å utbetre og utvide gravplassar. I tillegg kjem utgifter til gravplassforvalting i dei 12 kommunane som har teke over drifts- og/eller forvaltingsansvaret. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå var dei samla utgiftene til drift av gravplassane på 1 421 mill. kroner i 2023, mot 1 338 mill. kroner i 2022. Dette utgjer i snitt 32 433 kroner i driftsutgifter per gravlegging i 2023. 41 prosent av utgiftene i 2023 vart finansierte gjennom betaling frå brukarane (mellom anna i form av festeavgift). Dette er likt som i 2022.

Kremasjonsprosenten passerte 49 i 2023. Den høgaste delen finn vi ofte i eller nær dei store byane, men kremasjon aukar òg i mindre sentrale kommunar.

Urnenedsetjing er framleis den vanlegaste gravleggingsforma etter kremasjon, men statsforvaltarane, som handsamar søknader om oskespreiing, melder om ei aukande interesse for denne forma for gravlegging. Sidan reglane for oskespreiing vart mjuka opp i 2012, har talet på urner utleverte til oskespreiing auka kraftig. I 2023 hadde talet for fyrste gong passert 1 100, ein auke på over 20 prosent sidan 2022.

I 2023 og 2024 er det arbeidd vidare med å digitalisere prosessen rundt livshendinga dødsfall og arv. Eit av måla er at vala og oppgåvene etterlatne må gjere etter gravplasslova, kan skje digitalt, og ikkje som i dag ved å fylle ut eit skjema på papir. Det er gitt ei forskrift om Digital gravferdsmelding med heimel i lovendringane Stortinget gjorde med grunnlag i Prop. 55 L (2022–2023). Ein minimumsversjon av tenesta Digital gravferdsmelding har blitt teken i bruk av nokre innbyggjarar og gravplasstyresmakter. Ein fyrste versjon vil etter planen bli tilgjengeleg i heile landet i 2025, i alle fall i kommunar der gravplasstyresmakta har digitale fagsystem som kan knyte seg til tenesta. Arbeidet med Digital gravferdsmelding har avdekt at innbyggjarane ikkje finn informasjon om gravferd og gravplassar samla. Nettstaden til statsforvaltarane er derfor utvida med informasjon retta mot innbyggjarane og mot den profesjonelle fyrstelinja (gravplasstyresmaktene, krematoria og gravferdsbyråa). I arbeidet er det vidare avdekt behov for klargjering av ord og omgrep, mellom anna i gravplassregelverket. Ei slik klargjering kan bidra til meir digitaliseringsvennleg regelverk. Digitaliseringa av informasjonsstraumen frå innbyggjarane via gravferdsbyråa til gravplasstyresmaktene lokalt og krematoria vil styrkje informasjonstryggleiken og personvernet samanlikna med å sende papirskjema på e-post.

Tenesta Digital gravferdsmelding er del av livshendinga dødsfall og arv og blir utvikla av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet. Prosjektet har ei breitt samansett referansegruppe, og i styringsgruppa sit mellom anna Hovudorganisasjonen KA, KS, Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn og Virke Gravferd. Utviklingsarbeidet vart i 2022–2024 hovudsakleg finansiert av Medfinansieringsordninga til Digitaliseringsdirektoratet. Frå 2025 blir vidareutviklinga av Digital gravferdsmelding finansiert med ei særskild tildeling på 5 mill. kroner til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Løyvinga skal i hovudsak nyttast til prosjektleiing, brukartesting, design og programmering av løysinga, personvernvurderingar, utgreiing av juridiske spørsmål og utvikling av tilleggsfunksjonar i tenesta.

Noreg i tusen år – Nasjonaljubileet 2030

Regjeringa ønskjer at 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad blir ei nasjonal markering, der Museene Arven AS (tidlegare Stiklestad Nasjonale Kultursenter) skal vere navet i jubileet. Fram mot 2030 vil det vere ein jubileumsstafett med ulike tema og markeringar. Tusenårsmarkeringane skal skape engasjement, debatt og interesse for norsk historie og kulturarv i åra fram mot 2030. I 2024 var temaet «Verdier i lovverket», og mottakarane av tilskot var «Moster 2024», «Lagabøtejubileet Frosta 2024», «Gulatinget», Midtnorsk kultur og strikkefestival, Nordenfjeldske kunstindustrimuseum og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn.

I 2025 er jubileumstemaet «Migrasjon og identitet». Regjeringa føreslår tilskot til desse markeringane i 2025:

  • Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum: kunstprosjektet Tusenårsteppet

  • Anno – Museene i Hedmark: «innvandrerungdom i Norge – et mangfoldig kulturmøte» og «visning av utvalgte objekter i Nasjonalmuseets samling i jubileumsåret» og utstillinga «ukjent landskap»

  • Agdenes vekst AS: teateroppsetjing om utvandringa til USA

  • Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn: to arrangement knytte til temaet migrasjon og identitet og det nasjonale utvandrarjubileet 2025

  • Nidaros bispedømmeråd: arrangement knytt til temaet migrasjon og identitet med søkjelys på religiøse straumdrag og folkevandringar

  • Sarpsborg kommune: markering av olsokfeiring under Olavsdagane og «Verden i Østre bydel»

I tillegg kjem tilskotet til Museene Arven AS som dekkjer sekretariatsoppgåver til jubileet og for den nasjonale komitéen for Nasjonaljubileet 2030. Komiteen er sett saman på ein måte som dekkjer viktige delar av norsk samfunnsliv, og med personar som har kunnskap og evne til å bidra til at Nasjonaljubileet blir ei nasjonal markering.

For fordeling av tilskot for 2025, sjå kap. 881, post 77.

Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond (Ovf) har vore ein formuesmasse forvalta av eit særskilt forvaltingsorgan under departementet.

Regjeringa la våren 2024 fram ein lovproposisjon for å danne om Opplysningsvesenets fond til aksjeselskap og deretter overføre utøvinga av staten sitt eigarskap til Nærings- og fiskeridepartementet, jf. Prop. 82 L (2023–2024).

Stortinget slutta seg til at Ovf blir skipa til aksjeselskap, jf. Innst. 359 L (2023–2024) og Lovvedtak 89 (2023–2024). Aksjeselskapet vart oppretta 1. september 2024 under namnet Allstad AS. I vedtektene til selskapet blir det mellom anna lagt til grunn at målet til selskapet er å forvalte og vidareutvikle verdiar i selskapsporteføljen av eigedommar, bygg, energiinvesteringar og finanskapital på ein forretningsmessig måte.

Innanfor desse rammene skal utmarksområda selskapet eig gjerast tilgjengelege for allmenta. Selskapet skal vektleggje ei aktiv naturforvalting og ta omsyn til friluftsinteresser. Selskapet skal tilby jakt- og fiskerettar til allmenta.

Innanfor rammene av føremålet til selskapet skal det ved overdraging av landbrukseigedommar vurderast om salet bidreg til lokalt eigarskap og til at verdifulle jordressursar for matproduksjon ikkje blir bygde ned. Selskapet skal alltid vurdere om det er tenleg med arronderingssal av skog- og jordeigedommar til lokale bønder eller eigarar som bidreg til å vareta offentlege interesser. Denne typen sal skal også skje på marknadsvilkår.

Rapport om Ovf for 2023 kjem fram nedanfor.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

880

Den norske kyrkja

2 559 797

2 687 578

2 788 264

3,7

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

1 039 188

1 130 772

1 257 687

11,2

882

Kyrkjebygg og gravplassar

131 281

125 824

123 471

-1,9

883

Kyrkjebevaringsfondet

20 636

321 267

1456,8

Sum kategori 11.50

3 730 266

3 964 810

4 490 689

13,3

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

7 385

17 937

23 465

30,8

50–89

Overføringar til andre

3 722 881

3 946 873

4 467 224

13,2

Sum kategori 11.50

3 730 266

3 964 810

4 490 689

13,3

Kap. 880 Den norske kyrkja

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Rammetilskot til Den norske kyrkja

2 444 464

2 567 435

2 663 556

71

Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

115 333

120 143

124 708

Sum kap. 880

2 559 797

2 687 578

2 788 264

Post 70 Rammetilskot til Den norske kyrkja

Frå posten blir det løyvd eit rammetilskot til Den norske kyrkja.

Tilskotet skal dekkje driftsutgifter og femner i hovudsak om prestetenesta og dei regionale og nasjonale organa til kyrkja. Tilskotet inkluderer mellom anna støtte til opplæring innan tru og diakonien i kyrkjelydane. Det er Kyrkjemøtet som rår over midlane og vedtek korleis tilskotet skal nyttast. Tilskotet skal ikkje nyttast til å avlaste kommunane for utgiftene dei er pålagde etter trussamfunnslova § 14. Sjå nærare omtale av tilskotet i Prop. 1 S (2022–2023).

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 3 mill. kroner for å finansiere delar av meirutgiftene til vidare utvikling av Digital gravferdsmelding. I framlegget er det, som tidlegare år, innarbeidd midlar til pensjonspremie.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 2,66 mrd. kroner i 2025.

Post 71 Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

Frå denne posten blir det gitt tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet. Målet med tilskotet er å leggje til rette for at Sjømannskyrkja kan vareta den kyrkjelege beteninga av nordmenn i utlandet i samsvar med særpreget til organisasjonen som åndeleg, sosial og kulturell samlingsstad. Sjå nærare omtale av tilskotet i Prop. 1 S (2022–2023).

I tillegg til statstilskotet verksemda får, blir ho finansiert gjennom gåver frå private og tilskot frå mellom anna oljeselskap og reiarlagsnæringa. Resultatrekneskapen for Sjømannskyrkja (konsernrekneskapen), som inkluderer alle personalutgifter, viste i 2023 samla utgifter på 252,7 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 124,7 mill. kroner i 2025.

Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

21

Spesielle driftsutgifter

7 385

2 301

7 388

70

Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

998 124

1 101 231

1 223 176

77

Nasjonaljubileet 2030

6 260

9 479

8 687

78

Ymse faste tiltak

27 419

17 761

18 436

Sum kap. 881

1 039 188

1 130 772

1 257 687

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten skal dekkje utgifter til forsking og utviklingstiltak på trus- og livssynsområdet og innanfor feltet gravplassar, kremasjon og gravferd. Posten skal vidare dekkje kontingentar og utgifter som følgje av avtalar som departementet har forplikta seg til innanfor programkategorien. Frå posten går det eit beløp til oppgåvene som Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har med å digitalisere departementsdelene av livshendinga dødsfall og arv. Posten kan òg bli nytta til andre tiltak innanfor programkategori 11.50. Løyvinga blir føreslått auka med 5 mill. kroner til vidareutvikling av Digital gravferdsmelding.

Departementet føreslår ei løyving på 7,4 mill. kroner i 2025.

Post 70 Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er heimla i lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova). Trus- og livssynssamfunna får eit tilskot frå staten som svarer om lag til det staten og kommunane gir i tilskot til Den norske kyrkja, rekna per medlem, jf. trussamfunnslova § 5.

Løyvinga på posten følgjer av fire faktorar: utgifter til Den norske kyrkja over statsbudsjettet, utgiftene kommunane har til Den norske kyrkja, talet på medlemmer i Den norske kyrkja og talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja. I kapittel 3 i trussamfunnsforskrifta er det forklart korleis tilskota blir rekna ut.

Sjå nærare omtale av tilskotet i Prop. 1 S (2021–2022).

Departementet føreslår ei løyving på til saman 1,22 mrd. kroner i 2025.

Post 77 Nasjonaljubileet 2030

Løyvinga på posten går til tiltak i samband med Nasjonaljubileet 2030. Av løyvinga på posten føreslår departementet tilskot til jubileumstiltak, fordelt med:

  • 2,6 mill. kroner til Museene Arven AS til å dekkje sekretariatsoppgåver til jubileet og for den nasjonal komitéen for Nasjonaljubileet 2030

  • 3 mill. kroner til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum til kunstprosjektet Tusenårsteppet

  • Anno – Museene i Hedmark får tilskot til tre tiltak:

    780 000 kroner til «innvandrerungdom i Norge – et mangfoldig kulturmøte», 315 000 kroner til tiltaket «visning av utvalgte objekter i Nasjonalmuseets samling i jubileumsåret» og 450 000 kroner til utstillinga «ukjent landskap»

  • 400 000 kroner til teateroppsetjing om utvandringa til USA til Agdenes Vekst AS

  • 400 000 kroner til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn for to arrangement knytte til temaet migrasjon og identitet og det nasjonale utvandrarjubileet 2025

  • 250 000 kroner til Nidaros bispedømmeråd for arrangement knytt til temaet migrasjon og identitet med søkjelys på religiøse straumdrag og folkevandringar

  • 500 000 kroner til Sarpsborg kommune for markering av olsokfeiring under Olavsdagane og prosjektet «Verden i Østre bydel»

Målet med desse tilskota er å bidra til at 1 000-årsmarkeringar skal skape engasjement, debatt og interesse for norsk historie og kulturarv i åra fram mot 2030. Sjå nærare omtale av tilskotet i Prop. 1 S (2022–2023).

Løyvinga er redusert med 4 mill. kroner frå 2024 som følgje av ei ekstraordinær løyving som vart gjord mellom anna i samband med jubileet på Moster i 2024. For 2025 blir løyvinga føreslått auka med 3 mill. kroner til kunstprosjektet Tusenårsteppet.

Departementet føreslår ei løyving på 8,7 mill. kroner i 2025.

Post 78 Ymse faste tiltak

Posten skal mellom anna dekkje driftstilskot til dialog- og paraplyorganisasjonar på trus- og livssynsfeltet og andre dialogmidlar. Paraplyorganisasjonane må oppfylle kravet om å vere brubyggjarar mellom trus- og livssynssamfunn og styresmakter. Målet med driftstilskotet er særleg å styrkje aktivitetane organisasjonane har som brubyggjarar mellom ulike trus- og livssynssamfunn og som kontaktledd til det offentlege. Det er òg eit mål å styrkje aktivitetane retta inn mot sivilsamfunnet for å auke kunnskapen om dei ulike trus- og livssynssamfunna. Som paraplyorganisasjon er ein føresetnad å ha gode samarbeidsrelasjonar til andre organisasjonar på trus- og livssynsfeltet og vere dialogpartnar for offentlege styresmakter i ulike spørsmål. Til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn er det sett av 6,3 mill. kroner, til Norges Kristne Råd er det sett av 5 mill. kroner, og til Muslimsk Dialognettverk er det sett av 2,3 mill. kroner i driftstilskot.

Det er lagt opp til å føre vidare tilskot til kurstilbodet Å være religiøs leder i det norske samfunn ved Det teologiske fakultetet (TF) ved Universitetet i Oslo. Kurset er retta mot religiøse leiarar i Noreg med utanlandsk bakgrunn og kan takast med og utan studiepoeng.

Det er òg sett av tilskotsmidlar til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) for å leggje til rette for dialog mellom trus- og livssynssamfunn, LHBT+-organisasjonar og organisasjonar for skeive religiøse om utfordringar som skeive opplever i trus- og livssynssamfunn. STL skal òg arbeide med negativ sosial kontroll i trus- og livssynssamfunn.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet. Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Under posten er det sett av midlar til tilskotsordninga til dialogføremål, offentleg debatt og kunnskapsutvikling på trus- og livssynsfeltet. Ordninga vart regulert i forskrift frå 2022. Det blir gitt tilskot på mellom 50 000 og 400 000 kroner per prosjekt. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 18,4 mill. kroner i 2025.

Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

60

Rentekompensasjon – kyrkjebygg

82 790

111 497

108 600

61

Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

34 758

70

Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

13 733

14 327

14 871

Sum kap. 882

131 281

125 824

123 471

Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg

Rentekompensasjonsordninga for istandsetjing av kyrkjebygg skal stimulere til sikring av kyrkjebygga og av utsmykkinga og inventaret i kyrkjene. Ordninga gjeld alle kyrkjebygga i Den norske kyrkja.

Løyvinga på posten skal dekkje beløp tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene som det er gitt tilsegner om kompensasjon for i perioden 2005–2019. Det har ikkje vore gitt ny investeringsramme sidan 2019. Det er heller ikkje føreslått ny investeringsramme i 2025. Husbanken forvaltar rentekompensasjonsordninga. Utrekningsgrunnlaget for rentekompensasjonen er kostnadene til prosjektet, som Husbanken godkjenner ved søknad om utbetaling. Hovudelementa i ordninga er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022).

Posten har hatt stikkordet «kan overførast». Det er ikkje lenger behov for dette stikkordet. Det blir derfor føreslått fjerna.

Ut frå oppdaterte overslag for rentenivået og investeringsramma i ordninga føreslår departementet ei løyving på 108,6 mill. kroner i 2025.

Post 70 Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Hovedorganisasjonen KA frå posten i 2024 òg. Midlane skal gå til oppgåvene KA har på kyrkjebyggfeltet, og til rådgiving og særlege prosjekt retta mot dei lokale gravplasstyresmaktene. Målet med tilskotet er at KA skal halde fram med arbeidet med å dokumentere tilstanden til kyrkjebygga, drifte kyrkjebyggdatabasen, sørgje for kurs og rettleiingsmateriell innanfor brann- og innbrotsførebyggjande tiltak, energibruk og andre miljøtiltak.

Departementet føreslår òg å delfinansiere ei undervisingsstilling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Målet for tilskotet er at landskapsarkitektstudentar skal få undervising i særlege krav som er knytte til gravplassar og utforminga av desse. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2022–2023). Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 14,9 mill. kroner i 2025.

Kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

15 636

16 077

60

Tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, kan overførast

300 000

70

Driftstilskot bevaringsstrategi

5 000

5 190

Sum kap. 883

20 636

321 267

Post 01 Driftsutgifter

For å forvalte bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og tilhøyrande tilskotsordning er det oppretta eit programsekretariat i Trondheim, som er administrativt lagt til kulturminneavdelinga hos Riksantikvaren. I tillegg er det oppretta eit programstyre for ordninga, og hausten 2024 vil det også bli oppretta eit Nasjonalt fagråd for Kyrkjebevaringsfondet.

Løyvinga på posten skal nyttast til drift av programsekretariatet, programstyret og fagrådet mv. Løyvinga kan òg nyttast til kompetanseutviklingstiltak i kyrkjebevaringsarbeidet. Driftsutgifter for deltaking i programsekretariatet frå Hovedorganisasjonen KA og Kyrkjerådet blir dekte på post 70.

Departementet føreslår ei løyving på 16,1 mill. kroner i 2025, sjå òg omtale under post 70.

Post 60 Tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, kan overførast

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til tilskotsordninga forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkebygg knytt til Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg.Sjå omtale i Prop. 104 S (2023–2024). Hovudelementa i tilskotsordninga er presenterte under.

Mål og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til bevaring av eksteriøret til og interiøret i kulturhistorisk verdifulle kyrkjer, slik at dei kan halde fram med å vere kjelder til tru og kunnskap og gi grunnlag for oppleving, engasjement og innsikt i Noregs kulturhistorie i tråd med Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg. Viktige målgrupper for tilskotsordninga er brukarar av kyrkjebygga, lokalsamfunna rundt og publikum som nyttar seg av den nasjonale kulturarven.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå kor mange kyrkjer som har gjennomført eller komme i gang med istandsetjingsarbeid, kor mange kyrkjer som har fått betra tilstandsgrad på klimaskal og interiør, og om det økonomiske bidraget frå kommunane til kyrkjevedlikehald er stabilt eller har auka. I tillegg vil aktivitetsnivået når det gjeld kunnskap og kompetanse, oppleving og formidling og engasjement og deltaking, inngå i vurderinga.

Tildelingskriterium

Eigarar av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg kan søkje om tilskot til tiltak innanfor alle dei fire innsatsområda i bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg:

  1. Bevaring – istandsetjing, sikring og konservering

  2. Kunnskap og kompetanse

  3. Oppleving og formidling

  4. Engasjement og deltaking

Fylkeskommunar, kommunar, forskingsinstitutt, private utdanningsinstitusjonar, universitet, høgskular og andre relevante fagmiljø kan søkje om tilskot til tiltak innanfor innsatsområde 2. Museum, stiftelsar, foreiningar, kommunar, kyrkjelydar og frivillige organisasjonar kan i overeinskomst med ein eller fleire kyrkjeeigarar søkje om tilskot til tiltak innanfor innsatsområda 3 og 4.

Prosjekt som får tilskot, skal medverke til å støtte opp under målet med tilskotsordninga slik det kjem fram av tilskotsforskrifta.

Det kan søkjast om midlar til forprosjekt og hovudprosjekt på ei kyrkje som skal bevarast. Forprosjekt er tiltak som skal skaffe naudsynt kunnskap som grunnlag for å kunne planleggje og gjennomføre eit hovudprosjekt, samt gje tilskotsforvaltar eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for å kunne prioritere tilskot til hovudprosjekt. Eit hovudprosjekt er gjennomføringa av sjølve istandsetjinga, sikringa og/eller konserveringa av eksteriøret eller interiøret (laust og fast inventar) til ei kulturhistorisk verdifull kyrkje. For å sikre at arbeida blir gjennomførte med den kunnskapen og kompetansen som er naudsynt for å vareta kulturmiljøverdiane, skal forprosjekt og hovudprosjekt alltid omfatte tiltak innanfor innsatsområde 1 og 2. Forprosjekt og hovudprosjekt bør òg omfatte tiltak innanfor dei andre to innsatsområda nemnde over.

Det kan innanfor tilskotsordninga òg bli gitt tilskot til tiltak som ikkje har direkte samanheng med eit forprosjekt eller hovudprosjekt på ei konkret kyrkje. Dette gjeld særleg under innsatsområde 2 og 3, der det kan vere behov for å lyse ut og tildele tilskot til tiltak og prosjekt som mellom anna kan medverke til auka kunnskap og kompetanse eller formidling av historia til kyrkjebygga i ein kommune eller region.

Tilskota skal brukast til framtidige prosjekt og skal ikkje ha tilbakeverkande kraft. Prosjekt som er sette i gang, kan likevel omfattast av tilskotsordninga med støtte til arbeid som blir gjennomførte frå og med det tidspunktet tilskotsordninga tok til å gjelde (23. juni 2024).

Det er kyrkjene med størst behov for vedlikehald og størst kulturhistorisk og kyrkjeleg verdi som vil bli prioriterte fyrst. I tillegg vil mellomalderkyrkjer bli prioriterte fram mot 2030. Omsyn til kapasiteten i marknaden, tilgangen på kvalifiserte handverkarar, behovet for kompetanseutvikling og geografisk fordeling kan få vekt.

Forprosjekta vil vere fullt ut statleg finansierte. Hovudprosjekta vil krevje kommunal medfinansiering, med ei fordeling mellom stat og kommune som kjem fram under.

I bevaringsprogrammet for mellomalderkyrkjer vil staten som hovudregel dekkje kostnadene til hovudprosjekt etter følgjande intervall:

  • 50 prosent av kostnadene i intervallet 0–30 mill. kroner

  • 75 prosent av kostnadene i intervallet 30–70 mill. kroner

  • 90 prosent av kostnadene over 70 mill. kroner

I dei to andre bevaringsprogramma vil staten som hovudregel dekkje kostnadene til hovudprosjekt etter følgjande intervall:

  • 50 prosent av kostnadene i intervallet 0–30 mill. kroner

  • 60 prosent av kostnadene i intervallet 30–70 mill. kroner

  • 80 prosent av kostnadene over 70 mill. kroner

For tilskot som ikkje har ein direkte samanheng med eit konkret forprosjekt eller hovudprosjekt på ei kyrkje, gjer tilskotsforvaltaren ei skjønnsmessig vurdering av innkomne søknader ut frå kvalitet, forventa måloppnåing og behov i det einskilde bevaringsprogram. Tilskotet skal som hovudregel ikkje overskride 50 prosent av kostnadene ved tiltaket.

Ordninga endrar ikkje ansvaret kommunane har for finansiering av drift og vedlikehald av kyrkjebygg etter trussamfunnslova § 14.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere rapport og rekneskap til tilskotsforvaltaren om korleis tilskotet har blitt brukt, saman med ei vurdering av måloppnåinga. For større tilskot kan tilskotsforvaltaren krevje delrapport og delrekneskap og også revisorattest. Tilskotsforvaltaren og Riksrevisjonen kan kontrollere at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskotsforvaltaren kan òg gjennomføre stadleg tilsyn. Tilskotsforskrifta, og dessutan organiseringa av Kyrkjebevaringsfondet, skal evaluerast.

Tilsegn om og utbetaling av tilskot

Bevaringsarbeid på kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg er tidkrevjande prosjekt, der det er behov for føreseieleg finansiering. Det vil derfor som hovudregel bli gitt tilsegn om tilskot for heile hovudprosjektet. Tilskotsforvaltaren fastset ein utbetalingsplan med utgangspunkt i storleiken på tilskotet. Utbetaling skjer etter kvart som mottakaren har behov for å dekkje dei aktuelle utgiftene, men likevel ikkje før det som er fastsett i utbetalingsplanen. Av omsyn til kapasitet på tilbydarsida og årleg budsjettbelasting skal dei samla årlege utbetalingane ikkje overstige 500 mill. 2024-kroner.

Departementet legg til grunn eit behov knytt til tilskotsordninga for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg på om lag 300 mill. kroner i 2025 på kap. 883, post 60. Overslaget baserer seg på kartleggingsarbeid gjennomført av programsekretariatet for Kyrkjebevaringsfondet. Dette er delvis behov knytt til vidareføring og ferdigstilling av prosjekt som fekk tilsegner om tilskot i 2024, og delvis nye for- og hovudprosjekt som får støtte frå 2025. Løyvinga dekkjer òg utgifter knytte til kompetansehevingstiltak for tilskotsmottakarane i tråd med føringane som går fram av innsatsområde 2 i bevaringsstrategien, som skjer i regi av programsekretariatet.

I Prop. 104 S (2023–2024) vart det lagt til grunn ei samla forplikting på 10 mrd. i 2024-kroner til bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, tilsvarande 10,41 mrd. kroner i 2025. Attståande forplikting ved utgangen av 2025 etter løyvingsvedtaket til Stortinget for 2024 på 100 mill. kroner og løyvingsforslaget for 2025 på 300 mill. kroner, i tillegg til utgifter til drift under kap. 883, post 01 og 70, er 9,963 mrd. 2025-kroner, jf. tabellen under. Romartalsvedtaket for 2025 blir justert ut frå attståande forplikting ved utløpet av budsjettåret.

Tabell 4.9 Status per budsjettår for forplikting til istandsetjing av kyrkjebygg, løyvingar og attståande forplikting ved utgangen av året, alle beløp i mill. 2025-kroner

Forplikting per 1/1

Løyving1

Inkl. driftsutgifter og -tilskot

(Kap. 883, post 01, 60 og 70)

Attståande forplikting per 31/12

2024

10 410,0

125,6

10 284,4

2025

10 284,4

321,3

9 963,1

1 Rekneskapstal der det er klart.

Departementet føreslår ei løyving på 300 mill. kroner i 2025 på post 60. I tillegg kjem utgifter til bevaringsstrategien under post 01 og post 70. Sjå òg omtale under kap. 3883, post 50, og forslag til romartalsvedtak.

Post 70 Driftstilskot bevaringsstrategi

Løyvinga på posten dekkjer driftstilskot til deltakinga til Kyrkjerådet og Hovudorganisasjonen KA i arbeidet med bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og tilhøyrande tilskotsordning. Sjå omtale under post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 5,2 mill. kroner i 2025, sjå omtale under post 01.

Kap. 3883 Kyrkjebevaringsfondet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

50

Overført frå Kyrkjebevaringsfondet

100 000

Sum kap. 3883

100 000

Post 50 Overført frå Kyrkjebevaringsfondet

Opplysningsvesenets fond vart omdanna til eit heileigd statleg aksjeselskap, Allstad AS, 1. september 2024, og eigarstyringa av selskapet vil bli lagd til Nærings- og fiskeridepartementet etter dette. Vurderinga av utbytte og uttak frå selskapet skal vere forretningsmessig basert. Utbytte til staten frå aksjeselskapet skal vere øyremerkte bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Dei statlege midlane frå Ovf, også etter omdanning til aksjeselskap, jf. Prop. 82 L (2023–2024), blir overførte til ein fondskonto oppretta i Noregs Bank, kalla «Kyrkjebevaringsfondet». Når tilgjengelege midlar på fondet skal nyttast, blir desse førte som inntekt på kap. 3883, post 50. Utbytte til staten frå Allstad AS, skal øyremerkjast bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg også etter at den opphavlege forpliktinga på 10 mrd. kroner er innfridd, som eit generasjonsfond.

Inntekta skal bidra til å finansiere utgifter til bevaringsprogramma i kyrkjebevaringsstrategien som blir løyvde over kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet, post 60 Tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.

Dersom Kyrkjebevaringsfondet er for lite til å dekkje den årlege utbetalinga til bevaringsprogramma, blir det føreslått å løyve midlar utan tilsvarande inntektsløyving i tillegg. Det vart overført 200 mill. kroner frå Ovf til Kyrkjebevaringsfondet i august 2024, som eit eingongsuttak før omdanning til AS. Nivået på uttaket frå Ovf må sjåast i samanheng med at Allstad AS også skal utbetale eit oppgjer til Den norske kyrkja på 1,3 mrd. kroner. Midlane skal gå til istandsetjing og vedlikehald av eigedommar som er overførte frå Ovf til Den norske kyrkja. Om lag 100 mill. kroner av overføringa på 200 mill. kroner er rekna å bli nytta i 2024. Ved inngangen til 2025 er «Kyrkjebevaringsfondet» derfor rekna til å vere om lag 100 mill. kroner. I 2025 blir det på denne bakgrunn lagt opp til å inntektsføre 100 mill. kroner frå Kyrkjebevaringsfondet. Delar av utgiftsløyvinga på kap. 883, post 60 på 300 mill. kroner, blir derfor føreslått løyvd utan tilhøyrande inntekt.

Departementet føreslår ei løyving på 100 mill. kroner i 2025.

Opplysningsvesenets fond

Innleiing

Spørsmålet om eigedomsretten til Opplysningsvesenets fond har vore omdiskutert sidan 1800-talet. Frå kyrkjeleg hald har det vore hevda at fondet høyrer til Den norske kyrkja, medan andre har meint at staten har eigedomsretten. Stortinget vedtok i 2020 at Opplysningsvesenets fond skulle delast mellom Den norske kyrkja og staten, jf. Meld. St. 29 (2018–2019) og Innst. 209 S (2019–2020). For å ha rettsleg grunnlag for delinga fremja departementet ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021), og Stortinget gjorde vedtak i saka, jf. Innst. 623 L (2020–2021). Det er semje mellom staten og Den norske kyrkja om kva eigedommar som skal overførast, og Den norske kyrkja har akseptert eit samla pengeoppgjer for istandsetjing og vedlikehald på 1,3 mrd. kroner. Overføringa skal skje i to rater, ei overføring i 2024 og ei i 2027. Det er § 5 i lov om Opplysningsvesenets fond som er heimelen for overføringa. Storleiken på overføringa skal ikkje inflasjonsjusterast, og det skal ikkje reknast renter.

Frå 1. september 2024 er Opplysningsvesenets fond omdanna til eit heileigd statleg aksjeselskap, Allstad AS, jf. Prop. 82 L (2023–2024) og Innst. 359 L (2023–2024). Overføringa av midlar til Den norske kyrkja i samband med delinga av Opplysningsvesenets fond skjer frå det nye selskapet. Summen er ført som ei fordring til Den norske kyrkja i samband med opningsbalansen for selskapet.

Oppgjeret skal bidra til å dekkje kostnadene Den norske kyrkja har knytt til overføringa, og alle andre framtidige utgifter og transaksjonskostnader. Det vil seie at eigedommane blir overførte som dei er, med det nemnde oppgjeret. Ved overtaking opphøyrer alt av økonomisk ansvar knytt til eigedommane for staten, Opplysningsvesenets fond og det nye statlege aksjeselskapet Allstad AS.

Rapport 2023

Opplysningsvesenets fond (Ovf) var fram til 1. september 2024 eit sjølvstendig rettssubjekt. Fondet vart forvalta av Kongen. Den daglege forvaltinga av fondet vart utøvd av eit forvaltingsorgan med 65 tilsette og eit eige styre som departementet peikte ut. Forvaltinga av fondet har vore på forretningsmessige vilkår, med mål om best mogleg avkasting med moderat risiko og innanfor etiske rammer.

Ovf hadde i 2023 eit årsresultat på 163,1 mill. kroner, medan resultatet i 2022 var på 166,8 mill. kroner.

Eigedom

Vinsten for Ovf ved sal av eigedom var netto på 138,1 mill. kroner i 2023 mot 144,8 mill. kroner i 2022. Driftsresultatet, når inntekter frå sal av eigedom ikkje blir rekna med, var negativt med 92,4 mill. kroner i 2023. Inntekter frå festetomter var på 134,3 mill. kroner i 2023. Det vart i 2023 selt festetomter for netto 105,8 mill. kroner, mot 95,1 mill. kroner i 2022.

Finansforvaltinga

Netto finansinntekt for fondet var på 117,4 mill. kroner i 2023, mot 83,5 mill. kroner i 2022.

Finansporteføljen var strukturert for å redusere svingingsrisiko. Kapitalen var for det meste plassert i ein kjerneportefølje med ulike verdipapirfond, med ein marknadsverdi på om lag 3,3 mrd. kroner ved siste årsskiftet. I tillegg kjem ein føremålsportefølje på til saman 37 mill. kroner. Kjerneporteføljen hadde ei samla marknadsavkasting i 2023 på 8,8 prosent, noko som er 0,97 prosent svakare enn referanseindeksen. Avviket skriv seg fyrst og fremst frå at fondet ikkje har investert i amerikanske teknologiselskap. Departementet har fastsett eit avkastingskrav på finanskapitalen på 3 prosent over risikofri rente. Fondet har ein kursreserve. Denne skal nyttast til å dekkje tap på verdipapir. Per utgangen av 2023 hadde fondet ein kursreserve på 518 mill. kroner. Ved siste årsskifte hadde fondet til saman 240 mill. kroner i form av driftslikviditet og utlån til kyrkjelege føremål.

Forvaltingsutgiftene

Utgiftene til forvaltingsorganet for fondet var til saman 124,4 mill. kroner i 2023. I tillegg kom 43,7 mill. kroner knytte til delingsprosjektet, der Ovf dekkjer eigne utgifter og utgiftene til Den norske kyrkja i samband med delinga.

Resultatrekneskapen – disponering av årsresultatet

Tabell 4.10 Resultatrekneskapen for Opplysningsvesenets fond 2022 og 2023

(i 1 000 kr)

2022

2023

Inntekter

Salsinntekt eigedom

144 874

138 103

Driftsinntekt

233 727

237 429

Anna driftsinntekt

14 105

10 554

Sum inntekter

392 706

386 086

Utgifter

Av- og nedskriving varige driftsmidlar

-26 829

-25 906

Refusjon forvaltingsorganet

-99 537

-124 418

Annan driftskostnad (inkl. varekostnad)

-137 691

-187 174

Sum utgifter

-264 057

-337 498

Tilskot kyrkjelege føremål

-44 504

-2024

Driftsresultat, inkl. sal av eigedommar

83 343

45 662

Finansrekneskap

Renteinntekter, aksjeutbytte og inntekt på investering

44 785

57 134

Vinst og tap verdipapir

35 868

26 230

Nedskriving av andre finansielle omløpsmidlar

-63

24 441

Annan finanskostnad

2 879

9 659

Netto finansinntekter

83 470

117 464

Årsresultat

166 813

163 126

Disponering av årsresultatet:

Avsetjing av netto salsinntekter til kapitalfondet

137 336

128 530

Til/frå disposisjonsfond

29 477

34 596

Sum disponert

166 813

163 126

Netto inntekter ved sal av eigedom er etter § 3 i lov om Opplysningsvesenets fond lagde til kapitalfondet. Kapitalfondet var per 31. desember 2023 på 4,1 mrd. kroner. Kapitalfondet er bunden eigenkapital (grunnkapital). Disposisjonsfondet, som er den frie eigenkapitalen, var ved inngangen til 2024 på 416 mill. kroner.

Opplysningsvesenets fond har ein konsernstruktur, med dotterselskap innanfor eigedom og felleskontrollert verksemd innanfor småkraft. For Opplysningsvesenets fond, medrekna dotterselskapa, var driftsinntektene (konsern) på 458 mill. kroner i 2023. Driftsresultatet, utanom vinstar ved sal av eigedom, var negativt med 116,2 mill. kroner. Årsresultatet for 2023 (resultat etter skatt) for heile verksemda (konsernet) var på 61,9 mill. kroner, mot 183,8 mill. kroner i 2022. Dotterselskapa og dei felleskontrollerte selskapa (eigardelen til fondet) hadde i 2023 eit samla negativt resultat etter finanskostnader på om lag 40 mill. kroner.

Fondet har ein trekkfasilitet i kredittinstitusjon som er utnytta med 163,3 mill. kroner per 31. desember 2023. Tilførselen av eigenkapital til fondet og lån til dotterselskap og tilhøyrande selskap innanfor eigedom og småkraft var ved årsskiftet 2023–2024 på 1,415 mrd. kroner. Av desse var 1,134 mrd. kroner gitt som eigenkapital og 281 mill. kroner som lån, noko som er 14 mill. kroner mindre enn året før. Fondet har stilt garantiar til dotterselskap i konsernet på 110 mill. kroner.

Verdiane i fondet (konsern) i form av bokført eigenkapital har auka med om lag 65 mill. kroner frå 2022 til 2023.

Den samla gjelda i dotterselskapa var på 2,869 mrd. kroner ved siste årsskiftet. Frå 2022 til 2023 er den renteberande gjelda i kredittinstitusjonar auka med om lag 62 mill. kroner. I Clemens Kraft Holding AS, som er ei felleskontrollert verksemd, er det ei obligasjonsgjeld på 325 mill. kroner.

Fondet har netto utgifter til eigne og kommunale prestebustader (medrekna forvaltingsutgiftene) på 57 mill. kroner (jf. lov om Opplysningsvesenets fond 18. juni 2021 § 6) og subsidieeffekten av utlån til kyrkjelege føremål på 1 mill. kroner. Det økonomiske bidraget frå fondet til Den norske kyrkja vart til og med 2024 rekna med i grunnlaget for tilskot frå staten til andre trus- og livssynssamfunn.

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond var ei nettobudsjettert verksemd fram til 1. september 2024. Sidan fondet heilt ut dekte utgiftene, har det ikkje vore ført opp løyvingar til forvaltingsorganet i statsbudsjettet. Frå 2009 har det vore ein felles prosedyre for nettobudsjetterte verksemder om rapporteringa i statsbudsjettet av kontantbehaldninga for desse verksemdene per 31. desember. Standardtabellane med nøkkeltal for Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond er tekne inn i del III.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskott

Hovudinnhald og prioriteringar

Folketrygda inneheld ordningar til forsørgjarar og medverkar til å tryggje dei økonomiske rammene til familien i særskilde situasjonar. Foreldrepengar erstattar arbeidsinntekt i tida rundt og etter fødsel eller adopsjon når mor eller far er heime med barnet. Eingongsstønad er ei eingongsutbetaling til mødrer utan opptent rett til foreldrepengar, og bidreg til å dekkje utgifter i samband med å få barn. Ordninga med bidragsforskott sikrar midlar til forsørginga av barnet når den forelderen som ikkje bur saman med barnet, av ulike grunnar ikkje betaler barnebidrag.

Regjeringa er oppteken av å føre vidare dei gode ordningane som gir foreldre moglegheiter til å ta godt vare på barna sine. Ordningane skal samstundes leggje til rette for å delta i arbeidslivet, sidan arbeidsdeltaking er avgjerande for økonomien til barnefamiliane på sikt og ein føresetnad for å halde ved lag gode velferdsordningar over tid.

Det samla fruktbarheitstalet i Noreg var i 2023 lågare enn nokon gong tidlegare. Regjeringa meiner det er naudsynt å få meir kunnskap om årsakene til utviklinga i fødselstala og kva for faktiske konsekvensar dei kan få for samfunnet. Regjeringa har derfor sett ned eit utval som skal gi ei samla framstilling av moglege årsaker til utviklinga i fødselstala og greie ut korleis det kan komme til å påverke samfunnet. Utvalet skal vidare komme med tilrådingar om tiltak og verkemiddel som, om mogleg, kan bidra til å støtte opp om auka fødselstal i Noreg.

Resultatrapport og strategiar

Foreldrepengar

Foreldrepengeordninga er ein viktig del av velferdstilbodet til småbarnsforeldre. Foreldrepengar kan ytast til mor og far til barnet ved fødsel og ved adopsjon av barn under 15 år. Retten til foreldrepengar blir tent opp gjennom yrkesaktivitet. Ordninga sikrar at foreldre ikkje mistar inntekta si når ein av foreldra er heime og har omsorga for barnet. Det gjer det mogleg for foreldre å sjølve ta seg av barnet det fyrste leveåret. Ordninga legg vidare til rette for at foreldre kan halde på tilknytinga til arbeidslivet. Tilknytinga til arbeidslivet er viktig for økonomien til familiane på sikt og for norsk økonomi og berekrafta i velferdsordningane.

Tiltak i foreldrepengeordninga som regjeringa har gjennomført

Auka lengd ved 80 prosent inntektsdekking i 2024

Tidlegare fekk familiane ei lågare samla utbetaling dersom foreldra valde foreldrepermisjon med redusert inntektsdekking (80 prosent). Erfaringstal viste at dei fleste foreldrepengemottakarar valde full inntektsdekking (100 prosent). Samstundes tok om lag halvparten av mødrene ulønt permisjon, og i snitt tok dei om lag 16 veker. Frå 1. juli 2024 vart stønadsperioden med 80 prosent foreldrepengar utvida med 11 stønadsdagar, slik at samla utbetaling blir om lag lik for 80 prosent og 100 prosent inntektsdekking. Endringa gir familiar større fleksibilitet og høve til å vere lenger heime med barnet, betre høve for å amme og er betre tilpassa barnehagestart. Det vil truleg òg redusere uttaket av ulønt permisjon.

Sjølvstendig uttaksrett til far og medmor i 2022 og 2024

For visse delar av foreldrepengeperioden er det stilt eit aktivitetskrav til mor under stønadsuttaket til far eller medmor. I tilfella der berre far eller medmor har opparbeidd rett til foreldrepengar, må mor vere i jobb, studium eller anna aktivitet i perioden far eller medmor er heime med foreldrepengar, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-13. Aktivitetskravet er eit insentiv for mor til å gå ut i aktivitet og medverkar til at den som tek ut foreldrepengar, har eit sjølvstendig ansvar for omsorga til barnet i perioden. Når begge foreldre har opptent rett til foreldrepengar, gjeld aktivitetskravet ikkje for vekene i fedrekvoten, men ved fellesdelen.

Aktivitetskravet til mor har tidlegare vore gjeldande for heile stønadsperioden. Frå 2. august 2022 vart aktivitetskravet oppheva med åtte veker. Frå 2. august 2024 er aktivitetskravet oppheva med ytterlegare to veker. Dette er ei tilpassing i foreldrepengeordninga for å gjennomføre krav i direktiv (EU) 2019/1158 om balanse mellom arbeidsliv og familieliv for foreldre og omsorgspersonar og om oppheving av rådsdirektiv 2010/18/EU, i norsk rett, jf. Prop. 85 LS (2023–2024). Etter direktivet skal far eller medmor ha ein individuell rett til å ta ut to månaders betalt permisjon, i tillegg til ti dagars betalt permisjon i samband med fødsel. Med endringa frå august 2024 er foreldrepengeregelverket i tråd med krava i direktivet. Aktivitetskravet til mor vil framleis gjelde for stønadsuttak utover dei ti vekene.

Endringa styrkjer rettane til fedrar og medmødrer og gir fleire fedrar og medmødrer høve til å vere heime med barnet sitt lenger der det berre er far som har opptent rett til foreldrepengar. Det kan styrkje tilknytinga til begge foreldra i det fyrste leveåret.

I Prop. 85 LS (2023–2024) føreslo regjeringa å utvide den sjølvstendige uttaksretten til far og medmor med to veker, til samla ti veker. Stortinget vedtok at alle ti vekene skal betalast ut med full kompensasjon, jf. Innst. 355 L (2023–2024).

Tredelt foreldrepengeordning og amming

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil føre vidare ein tredelt foreldrepermisjon og sikre at det er mogleg for mor å amme i tråd med helsefaglege råd.

Helsedirektoratet tilrår at barn får morsmjølk heile det fyrste leveåret, og at mor fullammar barnet til det er rundt seks månader. Då tredelinga vart innført i 2018, meinte fleire høyringsinstansar, til dømes Helsedirektoratet, at ordninga ville kunne stå i vegen for tilrådingane om amming. Sjølv om ammefri er ein lovfesta rett, viser erfaringar at det kan vere vanskeleg å få til i praksis. I folkehelsemeldinga, som vart lagd fram 31. mars 2023, er det skissert tiltak som skal betre praksisen når det gjeld retten til ammefri. På bakgrunn av dette skal Helsedirektoratet, i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI), ta initiativ til eit samarbeid mellom arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane, relevante brukarorganisasjonar og kompetansemiljø om amming. Målet er å gjere regelverket om ammefri betre kjent og praktisert. FHI skal vurdere korleis ei kartlegging av høvet kvinner har til å amme i tråd med helsefaglege råd når dei kjem attende til arbeid, kan gjennomførast.

Høgsteretts dom om foreldrepengar i 2023

Høgsteretts dom av 21. desember 2023, HR-2023-2432-A «Fedrekvote», konstaterte ein mangeårig feilpraksis hos Arbeids- og velferdsetaten i samband med regelverket knytt til fedrar og medmødrer sitt uttak av foreldrepengar. Arbeids- og velferdsetaten vil handsame sakene til dei som er påverka av feilpraktiseringa på nytt.

Bruk av foreldrepengeordninga

Erfaringstal viser at lengda på fedrekvoten i stor grad er førande for kor stor del av foreldrepengane fedrar tek ut. Fellesdelen blir som oftast nytta av mor. Lengda på fedrekvoten har vist seg å vere førande for bruken av foreldrepengeordninga blant fedrar. Når fedrekvoten har auka, har fedrar auka uttaket sitt – og omvendt.

Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at fedrar i 2023 i snitt tok 31,9 prosent av dei samla foreldrepengedagane. Dette er 11,8 prosentpoeng høgare enn tilsvarande tal for fedrar i 2018, det vil seie før innføringa av ein tredelt foreldrepengeperiode. Det er noko lågare enn tilsvarande tal for fedrar i 2022. Det er viktig å understreke at statistikken over uttak i eit einskilt kalenderår ikkje viser det heile og fulle biletet av uttaket fordi utta­ket til den einskilde kan strekkje seg over fleire kalenderår.

Tabell 4.11 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2019–2023

2018

2019

2020

2021

2022

2023

Endring 2022–2023

Talet på fødde barn

55 120

54 495

52 979

56 060

51 480

51 980

500

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

Kvinner, prosent

79,9

74,5

68,4

69,3

67,3

68,1

0,8

Menn, prosent

20,1

25,5

31,6

30,7

32,7

31,9

-0,8

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

82 353

82 010

77 208

79 574

77 591

75 493

-2 098

Del av desse med 100 prosent lønnskompensasjon, prosent

70,7

73,8

77,6

79,1

79,8

81,3

1,5

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

53 788

56 852

59 068

60 412

62 838

60 739

-2 099

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kroner)

404 580

441 289

475 226

492 957

515 294

546 647

31 353

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kroner)

463 556

509 836

542 614

563 491

591 260

622 535

31 275

Delen kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

4,7

4,6

4,7

4,6

4,9

4,8

-0,1

Delen menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

21,3

21,9

21,7

20,5

20,1

19,7

-0,4

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 458

1 641

1 765

2 076

2 335

3 320

958

Talet på personar med eingongsstønad ved fødsel

10 332

10 411

9 675

9 671

7 865

8 440

575

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon

Foreldre som ikkje har vore i yrkesaktivitet, har ikkje inntekter som det skal kompenserast for, og har derfor ikkje rett på foreldrepengar. Til desse blir det ytt eingongsstønad. Eingongsstønaden er ein minstegaranti som kompenserer for utgifter familiane har når dei får barn, og kompenserer såleis ikkje for bortfall av inntekt, slik foreldrepengeordninga gjer. Ytinga medverkar til å skape meir stabile økonomiske rammer for dei som, frivillig eller ufrivillig, ikkje har vore i yrkesaktivitet.

Eingongsstønaden kjem i form av ei einskild utbetaling. Satsen er i dag 92 648 kroner. Det er om lag 57 000 kroner meir enn i 2013, sjå tabell 4.12. Høge kontantoverføringar frå det offentlege kan redusere insentiva til arbeid og derfor svekkje arbeidstilbodet. Det har likevel ikkje vore store utslag i talet på mottakarar av eingongsstønad i perioden 2013 til 2023, trass i auken i utbetalinga. Det har samstundes vore ein generell nedgang i talet på fødslar gjennom perioden. Effektane av auken i eingongsstønaden på yrkesdeltaking er derfor ikkje eintydige.

Noreg har motteke eit ekstraordinært høgt tal fordrivne frå Ukraina. Høge innkomsttal har gitt eit press på mottakssystemet og kapasiteten kommunane har til å levere gode tenester til innbyggjarane, både fordrivne og alle andre. Regjeringa har vore oppteken av at dei fordrivne som kjem, skal få trygge og verdige opphald i Noreg. Samstundes må innkomsttala vere berekraftige og moglege å handsame. Våren 2024 la regjeringa derfor fram Prop. 101 L (2023–2024) med ei innstramming i retten på eingongsstønad. Frå 1. oktober 2024 må ein ha vore medlem i folketrygda i tolv månader samanhengande for å få rett til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, eit såkalla medlemskapskrav. I lovproposisjonen vart det vist til at ingen av dei andre nordiske landa har ei tilsvarande yting som eingongsstønaden. Å stramme inn i retten til å få eingongsstønad er eit tiltak for å få det norske nivået på velferdsytingar nærare våre nordiske naboland og slik bidra til å jamne ut innkomsttal av fordrivne frå Ukraina. Medlemskapskravet i eingongsstønaden er varig og gjeld generelt, og det er gitt overgangsreglar.

Tabell 4.12 Sats for eingongsstønad ved fødsel i perioden 2013–2025

År

Sats

2013

35 263

2014

38 750

2015

44 190

2016

46 000

2017

61 120

2018

63 140

2019

83 140

2020

84 720

2021

90 300

2022

90 300

2023

92 648

2024

92 648

2025

92 648

Fødselstal og fertilitet

Utviklinga i talet på barnefødslar er ein av fleire faktorar som på sikt vil kunne påverke samfunnsutviklinga i Noreg. Færre fødslar, når endringa varer ved, kan vere ein indikasjon på strukturelle samfunnsendringar. Sjølv om ein historisk sett har hatt økonomisk vekst i periodar med fallande fertilitetstal, vil færre fødslar gi demografiske endringar som kan ha verknader på makroøkonomiske tilhøve som verdiskaping, allokering av arbeidskraftressursar, skatteinntekter og berekraft i velferdsordningane.

Utviklinga i talet på barn per kvinne kan målast på to måtar; ein kan sjå på samla fruktbarheit eller kohortfruktbarheit. Det samla fruktbarheitstalet er eit mål på kor mange barn kvinner i gjennomsnitt vil få i løpet av livet basert på talet fødslar det kalenderåret. Kohortfruktbarheit viser kor mange barn ein kohort (eit årskull) kvinner har fått gjennom livsløpet, målt ved talet barn dei har fått ved fylte 45 år. Utviklinga i kohortfruktbarheita er meir stabil over tid ettersom ho ikkje blir påverka av når i livet kvinner får barn.

Det samla fruktbarheitstalet i Noreg har falle frå 1,98 barn per kvinne i 2009 til 1,40 barn per kvinne i 2023. Målinga for 2023 var det lågaste målte nivået i Noreg. Kvinnene ved slutten av sin fertile alder hadde i 2023 ein kohortfruktbarheit på 1,90 barn. Det er uvisst kva kohortfruktbarheita for dei yngre generasjonane vil bli, men trenden er nedgåande.

Dei låge fødselstala er ikkje eit særnorsk fenomen. Det har vore ein nedgang i fødselstala i ei rekkje andre land. I dag har Noreg lågare fødselstal enn OECD-gjennomsnittet, og Noreg er blant landa der fødselstala har falle mest dei siste 10 til 15 åra. Forskarar både nasjonalt og internasjonalt har sett på moglege årsaker til nedgangen i fødselstala utan å finne ei klar forklaring på utviklinga. Fødselstalet i Noreg har falle, trass i gode velferdsordningar for familiar og betre ordningar no enn tidlegare, også samanlikna med andre land.

Å få færre barn enn ønskt kan vere eit tap for den einskilde. Varig låge fødselstal vil òg påverke samfunnet og føre til samfunnsendringar på sikt. Regjeringa meiner det er naudsynt å få meir kunnskap om årsakene til utviklinga i fødselstala og kva for konsekvensar det kan få for samfunnet. Regjeringa har derfor sett ned eit utval om fødselstal. Utvalet skal levere ein NOU vinteren 2026, med ein delleveranse innan april 2025.

Ordninga med bidragsforskott

Det følgjer av barnelova at foreldra skal bere utgiftene til å forsørgje barnet etter den økonomiske evna deira når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Innbyrdes har begge foreldre skyldnad til å skyte til det som trengst, etter evne. Der ein eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkommande betale faste pengetilskot (barnebidrag) til forsørging og utdanning. Dersom barnebidrag ikkje blir betalt, eller betalt for seint, kan det offentlege etter forskotteringsloven forskottere eit månadleg underhaldsbidrag til barnet.

Bidragsforskott blir ytt til barn under 18 år som er busette i Noreg, og som ikkje bur saman med begge foreldra. Forskottet blir utbetalt til den forelderen barnet bur saman med. Føremålet med forskotteringsordninga er å sikre at barn får eit minste månadleg underhaldsbidrag frå det offentlege når barnebidrag av ulike årsaker ikkje blir betalte. Det offentlege har krav på refusjon for utlagt bidragsforskott og trer inn i retten til barnebidrag for det same beløpet som er utbetalt i forskott.

Bidragsforskottet er ei behovsprøvd yting som blir utbetalt per barn. Forskottet blir prøvd mot inntekta til forskotsmottakaren, talet på eigne barn i eigen husstand og om forskottsmottakaren er einsleg eller gift/sambuande. Ytinga blir utbetalt etter tre satsar: «redusert forskott», «ordinært forskott» eller «auka forskott». Mottakarane med dei lågaste inntektene vil òg kunne få eit tillegg på ein tredjedel av ordinær forskotssats dersom barnet er over 11 år.

Nærare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

23 382 249

24 250 000

27 500 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

706 337

715 000

615 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

595 970

595 000

665 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

27 981

41 000

28 000

Sum kap. 2530

24 712 537

25 601 000

28 808 000

Stønadene under kap. 14 i folketrygdlova skal sikre inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Måloppnåinga for ordningane blir mellom anna vurdert ut frå om dei blir forvalta i samsvar med lova, og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Tildelingskriteria er omtalte under dei einskilde budsjettpostane nedanfor og går òg fram av folketrygdlova kap. 14.

Arbeids- og velferdsetaten forvaltar stønadene under kap. 14 i folketrygdlova.

Budsjettforslaga under kap. 2530 byggjer i hovudsak på befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå og lønnsutviklinga.

Departementet føreslår ei løyving på 28 808 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73. Sjå tabellen ovanfor for forslag til løyving på dei ulike postane.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16. Eit vilkår for rett til foreldrepengar er at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden startar.

Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med full sats (100 prosent lønnskompensasjon). Stønadsperioden med 80 prosent lønskompensasjon vart for barn fødde frå 1. juli 2024 auka frå 295 dagar (59 veker) til 306 dagar (61,2 veker). Valet av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden. Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar. Per 1. mai 2024 er grunnbeløpet 124 028 kroner. Når stønadsperioden med 100 prosent lønnskompensasjon er avgrensa til 49 veker, vil det høgast moglege beløpet per stønadstilfelle vere 701 235 kroner. Inntektsgrensa følgjer den til kvar tid gjeldande G-verdien.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar og 100 prosent lønnskompensasjon er vald, er 15 stønadsveker øyremerkte kvar forelder (mødrekvote og fedrekvote), og 16 veker kan dei dele mellom seg (fellesdelen). Dersom foreldra har valt 80 prosent lønnskompensasjon, er mødrekvoten og fedrekvoten 19 veker og fellesdelen 20,2 veker. Mor må starte permisjonen seinast tre veker før fødselen, og desse vekene kjem i tillegg til mødrekvoten.

Frå 2. august 2022 vart det gjort endringar i foreldrepengeordninga som sikra alle fedrar som har tent opp rett til foreldrepengar, høve til å ta ut foreldrepengar i ein periode på åtte veker uavhengig av aktiviteten til mor under uttaket. Frå 2. august 2024 vart aktivitetskravet for mor oppheva i ein periode på ytterlegare to veker, til ti veker totalt jf. Prop. 85 LS (2023–2024) og Innst. 355 L (2023–2024). Alle ti vekene skal utbetalast med full kompensasjon. Aktivitetskravet til mor vil framleis gjelde for stønadsuttak utover desse vekene. Å innføre ytterlegare to veker sjølvstendig uttaksrett til far med full lønnskompensasjon frå 2. august 2024 er rekna å gi 31 mill. kroner i utgifter i 2025 og ein heilårseffekt på 92 mill. kroner frå og med 2026.

Etterbetaling av foreldrepengar grunna dommen frå Høgsterett om fedrekvote i foreldrepengeordninga (HR-2023-2432- A) er rekna å gi 44,5 mill. kroner i utgifter i 2025. Det er ikkje varige utgifter i samband med denne saka.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid. Foreldrepengar kan utsetjast utan krav til kva ein gjer medan ein utset dei. Uttaket av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar til som blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

For foreldre som ikkje har vore i yrkesaktivitet og derfor ikkje har rett på foreldrepengar, blir det ytt eingongsstønad. Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-17. Stønaden er i 2024 på 92 648 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn.

Frå 1. oktober 2024 må ein ha vore medlem i folketrygda i tolv månader samanhengande for å få rett til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, jf. Prop. 101 L (2023–2024). Innføringa av eit slikt medlemskapskrav i eingongsstønaden er rekna til å gi ei innsparing på 138 mill. kroner i 2025 og ein heilårseffekt på 150 mill. kroner frå og med 2026.

Departementet føreslår å føre vidare satsen med uendra nivå i 2025.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei fyrste 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 58,2 veker med 80 prosent lønnskompensasjon. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten). Ved 80 prosent lønnskompensasjon er mødrekvoten og fedrekvoten på 19 veker, medan fellesperioden er 20,2 veker.

For barn adopterte 2. august 2024 eller seinare kan alle fedrar som har tent opp rett til foreldrepengar, ta ut ti veker, uavhengig av aktivitet hos mor.

Sjå elles omtalen under post 70.

Kap. 2531 Bidragsforskott

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Forskott til utbetaling

690 000

710 000

Sum kap. 2531

690 000

710 000

Post 70 Forskott til utbetaling

Forskotteringsordninga er regulert i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven).

Bidragsforskottet er inntektsprøvd ut frå den berekna inntekta til mottakaren, talet på barn i husstanden og om vedkommande bur åleine med barnet/barna eller ikkje. Stønaden blir i dag ytt etter tre satsar, som blir indeksregulerte kvart år per 1. juli. Satsane frå 1. juli 2024 er: redusert forskott 990 kroner per barn per månad, ordinært forskott 1 480 kroner per barn per månad og auka forskott 1 970 kroner per barn per månad. Mottakarane med dei lågaste inntektene får utbetalt eit tillegg på ein tredjedel av ordinær forskottssats om barnet er over 11 år, totalt 2 460 kroner per barn over 11 år per månad. Retten til forskott fell bort ved ei inntekt over 650 100 kroner.

Arbeids- og velferdsetaten forvaltar forskoteringsordninga.

Budsjettoverslaget blir fastsett på bakgrunn av venta tal på barn med bidragsforskott og utbetaling per barn. Tilstått forskott kan utbetalast dersom barnebidraget ikkje er innbetalt innan fristen som er sett. Dersom fastsett bidrag er lågare enn tilstått forskott, blir differansen utbetalt. Om lag 80 prosent av tilstått forskott kjem til utbetaling. Når eit forskott er utbetalt, blir innbetaling frå bidragspliktige ført som refusjon av bidragsforskott på post 70 under nytt kap. 5706, Bidragsforskott.

Departementet føreslår ei løyving på 710 mill. kroner i 2025.

Kap. 5706 Bidragsforskott

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Refusjon frå bidragspliktige

195 000

182 000

Sum kap. 5706

195 000

182 000

Post 70 Refusjon frå bidragspliktige

NAV krev refusjon for utbetalt bidragsforskott i barnebidraget frå dei bidragspliktige, sjå omtale under kap. 2531, post 70. Innbetalingane blir førte på denne posten.

Dei siste åra har innbetalinga frå dei bidragspliktige vore på om lag 30 prosent av det som blir utbetalt i forskott i den same perioden. Ein ventar at dette òg vil vere tilfellet i 2025.

Departementet føreslår ei løyving på 182 mill. kroner i 2025.

Fotnotar

1.

Sjå SSB-artikkelen «Færre barn lever i familier med lavinntekt» av Normann ved SSB frå 2024.

2.

Masarik, A. S. og Conger, R. D. (2017). «Stress and child development: a review of the Family Stress Model», Current Opinion in Psychology, 13, ss. 85–90

3.

Jacobsen. S. E. mfl. (2021). Sosial ulikhet i barn og unges deltakelse i organiserte fritidsaktiviteter. Betydningen av sosioøkonomiske ressurser, geografi og landbakgrunn (Rapport 2021:01). Bergen/Oslo: Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor.

4.

Jacobsen, S. E., Andersen, P. L., Nordø, Å. D., Sletten, M. A., & Arnesen, D. (2021). Sosial ulikhet i barn og unges deltakelse i organiserte fritidsaktiviteter. Rapport fra Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor.

5.

Medietilsynet (2024) Barn og medier 2024: Delrapport Barn og unges medievaner og tilgang til teknologi.

6.

WHO / Verdens helseorganisasjon, Europarådets strategi for barns rettigheter 2022–2027 2.2.5 Promoting policies and measures supporting positive parenting which guarantee equal opportunities for children irrespective of their sex, status, abilities or family situation and 3.1.6 Providing positive digital parenting support.

7.

Dale, M. T. G., Aakvaag, H. F., Strøm, I. F., Augusti, E. M., & Skauge, A. D. (2023). Omfang av vold og overgrep i den norske befolkningen. NKVTS Rapport, 1-23.

Frøyland, L. R., Lid, S., Schwencke, E. O., & Stefansen, K. (2023). Vold og overgrep mot barn og unge. Omfang og utviklingstrekk 2007–2023. NOVA Rapport 11/23.

Hafstad, G.S og Augusti, E.M (red) (2019) Ungdoms erfaringer med vold og overgrep i oppveksten. NKVTS Rapport nr 472019.

8.

Pedersen, S., Johnsen, P. F. F., von Hanno, I. L., Myrvold, T., & Stokke, O. M. (2023). Samfunnskostnader av vold i nære relasjoner. Menon-publikasjon nr.15/2023

9.

Valds- og overgrepslinja (VO-linja) blir drifta av Krisesentersekretariatet.

10.

Mental Helse drifter telefon- og chattetenesta for foreldre (Foreldresupport) i samarbeid med Stine Sofies Stiftelse.

11.

Krisesentersekretariatet er ein paraplyorganisasjon for 21 krisesenter i Noreg.

12.

Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte blir drifta av Incestsenteret i Vestfold.

13.

Forutan Forbrukartilsynet er mellom andre ungdom, Forbrukarrådet, Helsedirektoratet, Politidirektoratet, Trygg Trafikk og Utdanningsforbundet representerte i samarbeidsgruppa.

14.

Barns digitale forbrukervern. En kunnskapsgjennomgang om digital sårbarhet og negative konsekvenser ved kommersiell påvirkning. SIFO-rapport 10-2023.

15.

Kartlegging av manipulerende spilldesign. Delrapport 1 fra prosjektet Pay to play». SIFO-rapport nr. 12-2023. Barns forbruk i videospill og hvordan det påvirker sosiale relasjoner. Delrapport 2 fra prosjektet «Pay to play». SIFO-rapport 13-2023

Til forsida