Prop. 103 LS (2023–2024)

Endringar i skatte- og avgiftslovgivinga

Til innhaldsliste

10 Opprettingar og presiseringar m.m.

10.1 Svalbardskatteloven

Svalbardskatteloven § 3-1 har føresegner om skattlegging ved lønstrekk. Fyrste ledd bestemmer korleis skatten skal bereknast av løn, pensjonar og andre ytingar som nemnde i skatteloven § 12-2 bokstavane a, b, c og j.

Med verknad frå 1. januar 2024 vart det gjennomført ei omlegging av etterlatneytingane frå folketrygda. Omlegginga inneber blant anna at pensjon og overgangsstønad til gjenlevande ektefelle og tidlegare familiepleiar er erstatta av ein ny tidsavgrensa omstillingsstønad. Den nye ytinga skal skattleggjast som løn, og ikkje pensjon. Omstillingsstønad til gjenlevande ektefelle mv. er teken inn i ei eiga føresegn i skatteloven § 12-2 ny bokstav k, jf. lov 20. desember 2023 nr. 102 om endringer i skatteloven.

Det skal framleis gjennomførast lønstrekk i etterlatneytingar til gjenlevande ektefelle mv. Det er difor naudsynt at § 3-1 òg viser til skatteloven § 12-2 bokstav k.

Departementet syner til framlegg om endring i svalbardskatteloven § 3-1 fyrste ledd fyrste punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2024.

Departementet gjer og framlegg om endringar i andre føresegner i Svalbardskatteloven. Endringane vert gjort for å rette kommafeil og gi meir konsistent bruk av forkortingar i lova. Endringane har ikkje materiell verknad. Departementet syner til framlegg om endring i Svalbardskatteloven § 1-3 anna ledd, § 1-4 fyrste ledd, § 2-1 fyrste ledd fyrste punktum, § 2-2 anna ledd fyrste punktum, § 2-3 fyrste ledd fyrste punktum, § 2-4 fyrste punktum og § 5-6 sjette ledd. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

10.2 Skatteloven § 5-42

Skatteloven § 5-42 bokstav d har tilvising til «lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen». Departementet foreslår at tilvisinga vert endra til lova sin offisielle korttittel «sosialtjenesteloven». Offisiell korttittel blir nytta i tilvisinga til «integreringsloven» i same føresegn. Forslaget er òg i tråd med forslaget til endring i skatteloven § 6-32 og folketrygdloven § 23-3.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 5-42 bokstav d. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.3 Skatteloven § 6-32

Kvalifiseringsstønad etter sosialtjenesteloven vert skattlagd på same måte som lønsinntekt. Ytinga skal ileggjast trygdeavgift med mellomsats, jf. folketrygdloven § 23-3 andre ledd nr. 2 bokstav e. Det vert òg gjeve minstefrådrag i kvalifiseringsstønad etter (den høgare) satsen som gjeld for løn, men det framgår ikkje av skatteloven § 6-32 om berekning av minstefrådrag. Kvalifiseringsstønad er ikkje nemnd i andre punktum, som fastset kva trygdeytingar som skal ha minstefrådrag som for løn.

Departementet foreslår ei endring i § 6-32 fyrste ledd bokstav a andre punktum, slik at det framgår at minstefrådrag for kvalifiseringsstønad etter sosialtjenesteloven skal bereknast etter same sats som for løn.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 6-32 fyrste ledd bokstav a andre punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.4 Skatteloven § 10-40 og § 18-10 niande ledd

For vindkraftanlegg eigd av selskap med deltakarfastsetting (ansvarlege selskap, kommandittselskap mv.), vert grunnrenteskatten fastsett etter den såkalla nettometoden. Det inneber at grunnrenteinntekta fyrst vert fastsett for vindkraftanlegget. Dernest vert grunnrenteinntekta fordelt for kvart kraftanlegg på deltakarane. Dette er den same metoden som i utgangspunktet vert nytta i grunnrenteskatten for vasskraftverk. For vasskraftverk gjeld eit unntak frå dette i skatteloven § 10-40 andre ledd andre punktum. For «selskaper og sameier som driver produksjon av vannkraft» vert skatten fastsett etter ein bruttometode «når deltakerne selger det vesentlige av kraftproduksjonen på selvstendig basis».

Departementet la i Ot.prp. nr. 23 (1995–96) til grunn at nettofastsetting for slike produksjonsselskap ville påføre både skattytar og skattemyndigheiter betydeleg meirarbeid, ettersom ein må fastsette marknadsprisar for alle uttak. Ved innføringa av grunnrenteskatt for vasskraft vart det difor innført bruttofastsetting for slike selskap. Bruttometoden inneber at deltakarane skal «tilordnes en forholdsmessig andel av sameiers enkelte brutto inntekts- og fradragsposter. Dersom deltakerne i et sameie som driver kraftproduksjon selger hver sin andel av produksjonen på egen hånd, er det den enkeltes faktiske salgsinntekter som legges til grunn ved ligningen. Ved uttak av kraft til egen bruk, f.eks. i egen industribedrift, kommer derimot uttaksregelen til anvendelse», jf. i Ot.prp. nr. 23 (1995–96) punkt 14.3.3.

Departementet antok i Prop. 2 LS (2023–2024) punkt 5.5.1 at det ikkje var behov for ein slik bruttometode for landbasert vindkraft. Det hadde ikkje kome innspel i høyringa som bad om ein slik regel, og ein var ikkje klar over at det fanst selskap som var organiserte slik som omtalt over. Sidan innføringa har departementet vorte merksam på at det er skattytarar med slik organisering, og meiner at dei bør skattleggjast etter same metode som tilsvarande skattytarar innanfor grunnrenteskatten for vasskraft. Departementet foreslår difor ei oppretting i skatteloven § 10-40 slik at vindkraftanlegg òg omfattast. Departementet foreslår vidare ei presisering i § 18-10 nytt niande ledd av at grunnrenteinntekta i kraftverk som vert skattlagt etter bruttometoden, vert fastsett for kvar deltakar, tilsvarande § 18-3 ellevte ledd for vasskraft.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven §§ 10-40 og 18-10 niande ledd. Gjeldande niande ledd blir tiande ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.5 Skatteloven § 18-3 andre ledd nr. 2

I grunnrenteskatten for vasskraft er hovudregelen at kraft vert verdsett til spotmarknadspris når skattytar fastset grunnrenteinntekta, jf. skatteloven § 18-3 andre ledd. I samband med statsbudsjettet 2024 vart det foreslått og vedteke å utvide det såkalla industrikraftunntaket i grunnrenteskatten for vasskraft, jf. skatteloven § 18-3 andre ledd bokstav a nr. 2. Industrikraftunntaket inneber at skattytar på visse vilkår kan verdsetje kraft som vert levert i medhald av ei langsiktig kjøpekontrakt til kontraktspris. Sidan kraftskattereforma har det blant anna vore eit vilkår for unntaket at avtalene må ha ei minstetid på sju år eller meir, jf. skatteloven § 18-3 andre ledd bokstav a nr. 2 andre punktum, jf. Finansdepartementet si forskrift til skatteloven (FSFIN) § 18-3-10.

I statsbudsjettet for 2024 foreslo regjeringa å utvide industrikraftsunntaket til òg å gjelde for avtalar med varigheit på mellom tre og sju år. Det vil seie at minimum avtaleperiode vart redusert frå sju år til tre år. Framlegget var ein del av arbeidet til regjeringa med å leggje til rette for betre fastprisavtalar og meir føreseielege vilkår for næringslivet, jf. Prop. 1 LS (2023–2024) punkt 5.10. Avtalar på sju år eller meir er allereie regulert av skatteloven § 18-3 andre ledd bokstav a nr. 2 andre punktum, jf. FSFIN § 18-3-10. Føresegna i nytt tredje punktum i skatteloven § 18-3 andre ledd bokstav a nr. 2 var meint å gi heimel for at slike avtaler som vert inngått 1. januar 2024 eller seinare òg kan ha ei varigheit på mellom tre og inntil sju år, og vere omfatta av unntaket. Departementet ser at gjeldande ordlyd i skatteloven § 18-3 andre ledd bokstav a tredje punktum kan vere egna til å misforstå. Frå departementet si side var det ikkje meininga at avtaler som vert inngått frå og med 1. januar 2024, må ha ei varigheit på mellom tre og sju år for å verte omfatta av unntaket. Departementet foreslår å rette opp dette. Opprettinga forutset òg nokre justeringar i Finansdepartementet si forskrift til skatteloven. Departementet syner til framlegg om endring av skatteloven § 18-3 andre ledd bokstav a nr. 2. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.6 Skatteloven § 18-10 andre ledd bokstav a nr. 1

I skatteloven § 18-10 andre ledd bokstav a nr. 1 er det unntak frå hovudregelen om spotmarknadspris for ulike prissikringar. Fyrste punktum omtalar fysiske sikringsavtalar, og andre punktum finansielle sikringsavtalar. Ved ein feil er det i tredje punktum berre vist til at andre punktum gjeld avtalar inngåtte av selskap i same konsern, medan det er meint at dette og skal gjelde for fysiske sikringsavtalar. Departementet foreslår at ordlyden vert retta opp slik at både fyrste og andre punktum gjeld for avtalar inngåtte av konsernforbunde selskap.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 18-10 andre ledd bokstav a nr. 1 tredje punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.7 Skatteloven § 18-10 tredje ledd bokstav a nr. 3

Skatteloven § 18-10 tredje ledd bokstav a nr. 3 regulerer berekninga av skattemessige avskrivingar for historiske investeringar knytte til vindkraftproduksjon. For å presisere at retten til avskrivingar gjeld generelt for driftsmiddel knytte til kraftproduksjonen, foreslår departementet enkelte presiseringar i føresegna. Fyrste punktum gjev uttrykk for hovudregelen, medan a. til f. er ei presisering av denne. Departementet foreslår ei presisering i c. for å tydeleggjere at retten til oppjustering gjeld generelt for dei driftsmidla knytte til kraftproduksjonen som kan avskrivast, og ikkje berre driftsmiddel som vert saldoavskrivne og/eller var omfatta av reglane om forserte lineære avskrivingar i skatteloven § 14-51. Departementet foreslår i tillegg å ta inn nye e. og f. for å gjera det tydeleg at ein ikkje kan krevje avskrivingar for, og at det i grunnlaget for avskrivingar ikkje kan inngå, (i) driftsmiddel som kan frådras umiddelbart (e.), eller (ii) driftsmiddel/aktiverte kostnader som grunnrente, typisk ytingar til grunneigar/kommunar (f.).

Departementet foreslår og ei presisering i tredje ledd bokstav a nr. 4, samt sjuande ledd, for å tydeleggjere at ein med «skattemessig verdi» i desse fråsegnene, siktar til skattemessig verdi av driftsmiddel i grunnrenteinntekta slik desse vert fastsette etter tredje ledd bokstav a nr. 3. Departementet foreslår og å flytte kravet om tilknyting lenger fram i ordlyden for å tydeleggjere at dette gjeld for alle driftsmiddel. I tillegg foreslår departementet eit nytt siste punktum for å tydeleggjere at driftsmiddel/aktiverte kostnader som genererer grunnrente (kostnader til grunneigar/kommunar) ikkje inngår i berekningsgrunnlaget for venterente.

I sjuande ledd bokstav a, foreslår departementet ei presisering av berekningsgrunnlaget for grunnrenteinntekt ved realisasjon av kraftverk som inneber at aktiverte kostnader til grunneigar, kommunar mv. skal frådras. Liknande føresegn gjeld for vasskraft, sjå skatteloven § 18-3 niande ledd bokstav a fyrste punktum og havbruksverksemd, sjå skatteloven § 19-11 bokstav a annet punktum.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 10-18 tredje og sjuande ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.8 Overgangsregel til skatteloven § 11-7 andre ledd

Skatteloven § 11-7 andre ledd vart endra med verknad frå og med inntektsåret 2023, slik at den skattemessige verdien på ei fordring etter konsernfusjon eller -fisjon skal setjast lik pålydande på fordringa, jf. lov av 20. desember 2023 nr. 98 IV og VII.

Føremålet med endringa var å forenkle reglane om utrekning av gevinst og tap ved realisasjon av fusjons- og fisjonsfordringar og å lovfeste skattefritakspraksis, jf. Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter og avgifter 2024 punkt 5.7. Etter endringa vil fusjons- og fisjonsfordringar normalt kunne konverterast til aksjekapital utan at det oppstår skattemessig gevinst eller tap, og det vil ikkje vera behov for å søkje departementet om skattefritak etter skatteloven § 11-21 tredje ledd.

I høyringsnotatet foreslo departementet at endringa skulle gjevast verknad frå og med inntektsåret 2024. Enkelte høyringsinstansar spelte inn at endringa burde gjevast verknad allereie frå inntektsåret 2023. Høyringsinstansane bad vidare departementet om å vurdere overgangsreglar for selskap som hadde latente tap eller gevinstar knytt til urealiserte fusjons- og fisjonsfordringar, slik at desse selskapa kunne kome inn under dei nye reglane.

På bakgrunn av dei ovannemnde høyringsinnspela vart verknadstidspunktet foreslått framskunda, og lovendringa vart vedteken med verknad frå og med inntektsåret 2023. Vidare vart det innført ein valfri overgangsregel, jf. endringslova VII. Overgangsregelen bestemmer at selskap som per utgangen av inntektsåret 2023 har ein latent skatteposisjon som følgje av at den skattemessige verdien på fordringa avvik frå fordringas pålydande (den rekneskapsmessige verdien av fordringa), kan velje å utlikne forskjellen utan skattlegging. For å sikre symmetri, er det vidare bestemt at valfridommen føreset at både mor- og dotterselskap treffer same avgjerd.

Føremålet med overgangsregelen var å gje selskap som vert omfatta av endringa, fridom til å velje mellom å vidareføre forskjellen mellom skattemessig og rekneskapsmessig verdi eller å utlikne forskjellen skattefritt. I høyringsrunden vart det peika på at det kunne vera aktuelt for enkelte selskap å vidareføre forskjellen, dersom skattemessige verknader knytt til fordringane allereie var teke omsyn til i situasjonar med sal av selskap.

Revisorforeningen har gjort departementet merksam på at lovendringa har skapt problem i praksis. Dette gjeld situasjonar der det i løpet av 2023 – men før lovendringa i skatteloven §11-7 andre ledd vart vedteken – er gjennomført ein fusjon eller fisjon og eit etterfølgjande sal av dotterselskapet. I slike situasjonar kan det ved salet ha vorte teke omsyn til den latente skatten eller skattefordelen ved fastsetjing av vederlaget på aksjane. Sidan lovendringa i skatteloven § 11-7 andre ledd har verknad frå og med inntektsåret 2023, oppstår det likevel ikkje nokon mellombels forskjell på fordringa.

Revisorforeningen har opplyst at partane i nokre tilfelle kan akseptere ei reforhandling av avtalen, men at dette ikkje alltid er tilfelle. Revisorforeningen har spelt inn at dette kan løysast ved å gje selskapa høve til å velje å behalde den mellombelse forskjellen oppstått i 2023 før lovendringa.

Departementet syner til at føremålet med overgangsregelen tilseier at alle fordringar som har oppstått før lovendringa i skatteloven § 11-7 andre ledd vart vedteken, skal omfattast av overgangsregelen. Dette gjeld òg fordringar som har oppstått som følgje av ein konsernfusjon- eller fisjon i løpet av inntektsåret 2023, men der dotterselskapet er selt før endringa i skatteloven § 11-7 andre ledd vart vedteken. Ved ein feil vert ikkje dette spegla i ordlyden i overgangsregelen.

Departementet foreslår difor at formuleringa i fyrste punktum endrast. Vidare foreslår departementet at det i eit nytt andre punktum vert presisert at valfridomen gjeld tilsvarande for selskap som har vore part i ein konsernfusjon eller -fisjon før endringa i skatteloven § 11-7 andre ledd vart vedteken, og som ville hatt ein latent skatteposisjon etter tidlegare føresegn i skatteloven § 11-7 andre ledd. For ordens skuld foreslår departementet at det samstundes vert presisert i siste punktum at vilkåret om at mor- og dotterselskap må treffe same avgjerd, gjeld mor- og dotterselskap på tidspunktet da fordringa vart stifta. Det er dermed utan betydning om dotterselskapet er selt, så lenge kreditor og debitor (opphavleg mor- og dotterselskap) treffer same avgjerd.

Departementet syner til framlegg om endringar i overgangsregelen til skatteloven § 11-7 andre ledd. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

10.9 Folketrygdloven § 23-3

I folketrygdloven § 23-3 andre ledd nr. 2 bokstav e står kvalifiseringsstønad med stor k, mens dei andre ytingane i bokstavane a til d og f til h står med liten forbokstav. Departementet foreslår at skrivefeilen blir retta, slik at kvalifiseringsstønad i bokstav e står med liten k. Departementet foreslår òg å endre lovtilvisinga i bokstav e, fra «lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen» til lova sin offisielle korttittel «sosialtjenesteloven».

Departementet syner til framlegg om endring i folketrygdloven § 23-3 andre ledd nr. 2 bokstav e. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.10 Merverdiavgiftsloven § 6-6 fyrste ledd

Troms og Finnmark vart delt i to fylke med verknad frå 1. januar 2024. Det er difor naudsynt å rette ordlyden i merverdiavgiftsloven § 6-6 fyrste ledd, slik at den omtalar dei to nye fylka rett.

Departementet syner til framlegg om endring i merverdiavgiftsloven § 6-6 fyrste ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.11 Stortinget sitt vedtak om avgift på elektrisk kraft § 1 andre ledd bokstav b

Troms og Finnmark vart delt i to fylke med verknad frå 1. januar 2024. Det er difor naudsynt å rette ordlyden i vedtaket frå Stortinget om avgift på elektrisk kraft romartal I § 1 andre ledd bokstav b slik at vedtaket omtalar dei to nye fylka rett romartal I.

Departementet syner til framlegg om endring i vedtaket frå Stortinget om avgift på elektrisk kraft romartal I § 1 andre ledd bokstav b. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.12 Suppleringsskatteloven – diverse føresegner

10.12.1 Opprettingar mv.

Suppleringsskatteloven vart vedteke 12. januar 2024, og 26. mars 2024 vedtok Finansdepartementet ei forskrift til lova. Lova og forskrifta gjennomfører til saman hovuddelen av Inclusive Framework sitt modellregelverk om global minimumsskatt. Føremålet med regelverket er å sikre at store konsern betaler minst 15 prosent skatt av inntekta.

Inclusive Framework er eit forum der Noreg og over 140 andre land deltek. Forumet vart oppretta av OECD og G20-landa for å utarbeide reglar til motverking av flytting av overskot i store fleirnasjonale konsern.

Modellreglane vart publisert i desember 2021. Sidan har Inclusive Framework utarbeidd omfattande administrativ rettleiing til modellreglane. Den til no siste administrative rettleiinga vart utgjeve i desember 2023, og det er venta at det vert utgjeve ytterlegare rettleiingar i tida framover. Med «modellregelverket» siktar ein til det samla regelverket som omfattar både modellreglane og den administrative rettleiinga.

For at handsaminga av eit fleirnasjonalt konsern etter ulike land sine reglar om suppleringsskatt vert riktig, er det avgjerande at modellregelverket vert tolka og praktisert på same måte i alle land som har reglar om suppleringsskatt. Vidare er det, for å gjere det enklare å forstå og praktisere dei norske reglane, viktig at ein ikkje utan grunn nytter ulike ord og uttrykk der innhaldet er meint å vere det same.

I arbeidet med forskrifta mv. har departementet oppdaga nokre manglar i suppleringsskatteloven. Dette gjeld i hovudsak føresegner der det ikkje er blitt fullt samsvar med modellregelverket, eller føresegner der ein har nytta andre ord enn dei som er nytta elles i lova eller forskrifta for å dekke det same meiningsinnhaldet. Departementet gjer framlegg om at dette vert retta slik at det blir meir konsistent ordbruk og betre samsvar med modellregelverket.

Den administrative rettleiinga som vart utgjeven i desember 2023, kom etter at forslaget til suppleringsskatteloven vart lagt fram. Innhaldet i rettleiinga er difor ikkje teke med i suppleringsskatteloven. Delar av rettleiinga er likevel gjennomført i forskrifta til lova.

Endringane det vert gjort framlegg om, omfattar hovudsakleg å:

  • Erstatte «eierandel» med «eierinteresse» i fleire paragrafar og erstatte «eier» med «har» i to paragrafar

  • Presisere at unntekne einingar ikkje er omfatta av reglane om suppleringsskatt, jf. § 1-1 åttande ledd

  • Ta inn at skyldnaden til å svare nasjonal suppleringsskatt òg gjeld for felleskontrollert verksemd og deira undereiningar, jf. § 2-6

  • Presisere at det må gjerast same val for nasjonal suppleringsskatt som for regelen om skatteinkludering, jf. § 2-6 fjerde ledd

  • Oppheve § 3-1 femte ledd om høve til å bruke eit anna rekneskapsspråk ved fastsetting av nasjonal suppleringsskatt

  • Endre frå «en konsernenhets» til «konsernenhetene i en jurisdiksjon sin» i § 3-2 sjette ledd

  • Ta inn i § 3-2 sjuande ledd bokstav a eit vilkår om at konsernet må ha samla overskot jurisdiksjonen

  • Erstatte «forsikringsselskap» med «forsikringsforetak» i § 3-2 niande ledd

  • Erstatte «og» med «eller» i § 3-3 fyrste ledd siste punktum

  • Erstatte «kjede av skattetransparente enheter» med «skattetransparent struktur» i § 3-5 fyrste ledd fyrste punktum og § 7-1 fjerde ledd

  • Fjerne alternativet «ikke anerkjent avsetning» frå § 4-2 tredje ledd bokstav a

  • Erstatte «veksling» med «omregning» i § 4-2 åttande ledd bokstav f

  • Erstatte «inntekt» med «poster» i § 4-3 andre ledd

  • Inkludere i § 5-1 framgangsmåten for overskytande negativ skattekostnad beskrive i administrativ rettleiing

  • Inkludere forsikringsinvesteringseiningar i § 5-2 tredje ledd

  • Presisere i § 5-3 fyrste ledd at det er høve til å krevja eit avgrensa frådrag

  • Erstatte «foretaket» med «konsernenheten» i § 5-4 fjerde ledd

  • Presisere i § 6-2 fyrste ledd at armlengdeprinsippet i § 3-2 tredje ledd gjeld uavhengig av regnskapsføring

  • Inkludere omtale i kommentaren om ny berekning når ein konserneining har forlate konsernet eller overført det vesentlege av eigedelane i § 7-3 femte ledd

  • Erstatte «aktiva» med «eiendeler» i § 7-3 sjuande ledd

Departementet syner til framlegg om endring i suppleringsskatteloven §§ 1-1, 2-6, 3-1, 3-2, 3-3, 3-5, 4-2, 4-3, 5-1, 5-2, 5-3, 5-4, 6-2, 7-1, 7-2, 7-3, 7-5 og 7-6.

10.12.2 Kontantstraumskatt og kvalifiserte refunderbare skattefrådrag

I Prop. 29 LS (2023–2024) avsnitt 14.5 uttalte departementet at ei bokstavtru tolking av modellregelverket i nokre høve kan gje ein svært låg effektiv skattesats som følgje av at skatteverdien av eit frådrag vert utbetalt til skattytar. Det vart òg uttalt at det etter departementet sitt skjøn er openbart urimeleg og i strid med føremålet at reglane utløyser suppleringsskatt i tilfeller der skattereglane er meint å gi ei høg, men nøytral ekstraskattlegging av grunnrente.

I tida etter at framlegget til suppleringsskatteloven vart fremja har departementet arbeidd meir med problemstillinga knytta til handsaming av utbetalingar under kontantstraumskatten. Departementet antar no at utbetalingar under kontantstraumskatten skal handsamast etter særreglane for kvalifiserte refunderbare skattefrådrag. Det inneber at utbetalingane ikkje skal redusere skatten ved berekninga av justert skatt, men at dei skal takast med som inntekt ved berekning av justert resultat, jf. suppleringsskatteloven § 4-1 andre ledd bokstav d og § 3-2 fjerde ledd fyrste punktum.

Med den nye forståinga av reglane vil ikkje utbetalingar under kontantstraumskatten gje dei urimelege og føremålsstridige utslaga som er nemnt i forarbeida til suppleringsskatteloven. Det vil då ikkje vere behov for den særskilte praktiseringa av reglane som vart omtalt i Prop. 29 LS (2023–2024) avsnitt 14.5. Departementet legg til grunn at utbetalingar under kontantstraumskatten i staden vert handsama etter reglane for kvalifiserte refunderbare skattefrådrag. Ei slik praksis vil ha ei sterkare forankring i modellreglane og vera meir føreseieleg for skattytarane enn den løysinga som var beskrive i forarbeida til suppleringsskatteloven.

Til forsida