1 Innleiing
I Revidert nasjonalbudsjett 2024 foreslår regjeringa enkelte endringar i skatte- og avgiftsreglane. Følgjande framlegg til endringar i skatte- og avgiftsreglane har provenyverknad for 2024:
Det vert innført meir nøytrale reglar for tilbakeføring av fradragsført meirverdiavgift på personkøyretøy. Meirprovenyet vert brukt til å redusere den nye vektkomponenten i eingongsavgifta som gjeld alle personbilar og fjerne eingongsavgifta for rullestoldrosjar. Som følgje av at eingongsavgifta og meirverdiavgifta har ulik terminlengd vil omlegginga gje eit bokført provenytap på 20 mill. kroner i 2024.
Gjennomføringa av den reduserte satsen i CO2-avgifta på mineralske produkt for kvotepliktig sjøfart vert endra frå årleg refusjon til direkte fritak ved kjøp frå registrerte verksemder. Endringa er venta å gje eit bokført provenytap i 2024 som er 150 mill. kroner høgare enn anslått i saldert budsjett.
Sektoravgifta under Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) vert auka med 5 mill. kroner frå saldert budsjett.
Samla vert nye framlegg til endringar i skattar og avgifter rekna å auke provenyet med om lag 5 mill. kroner påløpt i 2024 samanlikna med saldert budsjett for 2024. Den bokførte verknaden av framlegga er eit tap av proveny på om lag 165 mill. kroner i 2024. Heilårsverknaden av framlegga er eit meirproveny på 5 mill. kroner. Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:
Teknisk tilpassing av reglane for pensjonskattefrådrag til ny AFP i offentleg sektor.
Endring av skatteloven § 9-14 om skatteplikt ved utflytting, slik at verdipapirfond vert fritatt frå skatteplikta for aksjar i selskap heimehøyrande utanfor EØS.
Produktavgifta i fiskerinæringa vert auka frå 1,9 pst. til 2,0 pst.
Endringar i merverdiavgiftslovens føresegner om fritak for offisielle anskaffingar til den amerikanske styrken, som i større grad opnar for fritak framfor refusjon.
Enkelte mindre, tekniske justeringar i suppleringsskatteloven.
Det vert òg vist til følgjande saker som er omtalte i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2023–2024) Revidert nasjonalbudsjett 2024:
Avvikling av ekstra arbeidsgivaravgift frå 1. januar 2025
NOU 2022: 20 Et helhetlig skattesystem
Arbeid for å tette meirverdiavgiftshòlet ved tenesteflyt over landegrensa mellom ulike etableringar i eitt og same selskap.
I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om:
lov om endringar i skatteloven
lov om endring i folketrygdloven
lov om endringar i svalbardskatteloven
lov om endringar i merverdiavgiftsloven
lov om endringar i lov 20. desember 2023 nr. 98 om endringer i skatteloven
lov om endringar i suppleringsskatteloven
endringar i stortingsvedtak om avgifter på motorvogner mv.
endring i Stortinget sitt vedtak om avgift på elektrisk på kraft
endring i stortingsvedtak om produktavgift til folketrygda for fiskeri-, kval- og selfangstnæringane