Prop. 103 LS (2023–2024)

Endringar i skatte- og avgiftslovgivinga

Til innhaldsliste

7 Tilleggsavtale med USA om forsvarssamarbeid

7.1 Innleiing og samandrag

Noreg underteikna 16. april 2021 tilleggsavtale mellom Noreg og USA om forsvarssamarbeid (SDCA). SDCA tok til å gjelde 17. juni 2022. SDCA etablerer eit oppdatert rammeverk for amerikansk militært nærvær på norsk territorium. Avtalen omhandlar eit breitt spekter av reglar for den praktiske gjennomføringa av amerikansk aktivitet, som mellom anna inn- og utreise, jurisdiksjon, skatte- og avgiftsfritak og bruk av kontraktørar. Sjå Prop. 89 L (2021–2022), Prop. 90 S (2021–2022) og Prop. 73 S (2023–2024) for ein nærare omtale av bakgrunnen for og innhaldet i SDCA.

SDCA gjev USA uhindra tilgang til, og rett til bruk av, såkalla «omforente områder». Dette er fasilitetar og område på norsk territorium som kan nyttast til nærare bestemte militære føremål. Det er planlagt omfattande amerikanske investeringar i infrastruktur, mellom anna på Rygge. Der er dei planlagde investeringane på om lag 2 mrd. kroner over ein periode på fem år. I februar 2024 gjorde regjeringa framlegg om Stortinget sitt samtykke til å inngå ein endringsavtale som gjeld inkludering av åtte nye «omforente områder», sjå Prop. 73 S (2023–2024).

SDCA kjem i tillegg til bilaterale avtaler med USA frå 1950-talet og framover, og NATOs troppestatusavtale frå 1951 (NATO SOFA). På fleire punkt går SDCA lenger enn det som følgjer av dei tidlegare avtalane. Det gjeld mellom anna artikkel XVI i SDCA, som fastset at det skal gjelde avgiftsfritak for anskaffingar til offisiell bruk. Avgiftsfritaka etter artikkel XVI omfattar ikkje berre omsetning direkte til amerikanske styrkar, men òg til den amerikanske styrken sine kontraktørar og underkontraktørar.

Etter artikkel XVI skal avgiftsfritaka prinsipalt verte gjennomførte på anskaffingstidspunktet (direkte fritak) og subsidiært som etterfølgjande refusjon. Dette er ikkje fullt ut gjennomført i norsk rett i dag. Ved omsetning til ein kontraktør eller underkontraktør som omset varer eller tenester som er unnatekne frå merverdiavgiftsloven, gjeld det ikkje eit direkte fritak. I staden må kontraktørane søke om refusjon. For å bringe dei norske reglane betre i samsvar med artikkel XVI foreslår departementet at det i merverdiavgiftsloven vert fastsett ein heimel til å gje forskrift om direkte fritak i desse tilfella. Forslag til forskriftsreglar vert sendt på høyring samstundes med framlegginga av Revidert nasjonalbudsjett.

Departementet syner til framlegg om endring av merverdiavgiftsloven § 6-13. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde 1. juli 2024.

7.2 Gjeldande rett

Anskaffingar av varer og tenester «som a) er anskaffet for i siste instans å brukes av amerikanske styrker, b) skal forbrukes for å oppfylle en kontrakt med eller på vegne av amerikanske styrker, eller c) skal innlemmes i gjenstander eller fasiliteter som brukes av amerikanske styrker», skal vere fritekne for avgifter, jf. artikkel XVI nr. 1. Amerikanske myndigheiter skal leggje fram ei erklæring som bekreftar at anskaffinga er til bruk for amerikanske styrkar.

Fritaket omfattar både tilfelle der amerikanske styrkar sjølv skaffar varer eller tenester, og tilfelle der ein kontraktør eller underkontraktør skaffar varer eller tenester, såframt bruken av vara eller tenesta er omfatta av alternativa som er lista opp i artikkel XVI nr. 1.

Av artikkel XVI nr. 2 følgjer det at fritaket skal verte gjennomført på anskaffingstidspunktet (direkte fritak) viss den nemnde erklæringa vert lagt fram. Viss erklæringa ikkje vert lagt fram, eller viss seljaren ikkje er i stand til å gje fritak på anskaffingstidspunktet, skal fritaket verte innvilga ved etterfølgjande refusjon.

Omsetning av varer og tenester til militære einingar frå USA som oppheld seg i meirverdiavgiftsområdet, er friteken for meirverdiavgift, jf. merverdiavgiftsforskriften § 6-13-1 fyrste ledd, jf. merverdiavgiftsloven § 6-13. Det gjeld følgjeleg eit direkte fritak ved omsetning direkte til den amerikanske styrken.

I mange tilfelle vil det vere ei leveringskjede før vara eller tenesta vert levert til den amerikanske styrken. Viss leveringskjeda berre består av avgiftsregistrerte seljarar som omset avgiftspliktige varer eller tenester, sikrar retten til frådrag for inngåande meirverdiavgift og fritaket i merverdiavgiftsforskriften § 6-13-1 fyrste ledd at leveransen til den militære eininga er friteken for meirverdiavgift.

Viss det i leveringskjeda er ei verksemd som har omsetning som er unnateken frå merverdiavgiftsloven, gjeld ikkje fritaket i merverdiavgiftsforskriften ved omsetning til denne verksemda. Dermed oppstår det ein meirverdiavgiftskostnad hos verksemda med omsetning som er unnateken frå loven. I desse tilfella kan verksemda søke om refusjon for meirverdiavgiftskostnaden. Etter merverdiavgiftsforskriften § 10-3-1 fyrste ledd bokstav c, jf. merverdiavgiftsloven § 10-3, vert det refundert inngåande meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester til offisiell bruk for amerikanske styrkar, og ved kjøp av «varer og tjenester som skal brukes ved utførelsen av en avtale med eller på vegne av amerikanske styrker, eller som skal inngå som del i produkter eller anlegg som brukes av amerikanske styrker».

7.3 Vurderingar og framlegg

Departementet har etter dialog med Forsvarsdepartementet sett eit behov for å opne for direkte fritak òg i tilfelle der det i leveringskjeda er ei verksemd som har omsetning som er unnateken frå merverdiavgiftsloven. Likviditetsbelastninga ved dagens refusjonsordning kan verte betydeleg, ikkje minst i kontraktar om byggje- og anleggsarbeid. Eit direkte fritak vil òg vere ei administrativ enklare løysing for den amerikanske styrken og deira kontraktørar.

Eit praktisk tilfelle er der den amerikanske styrken inngår ein kontrakt om byggje- eller anleggsarbeid med ei verksemd som ikkje har forretningsstad eller heimstad i meirverdiavgiftsområdet. Desse verksemdene skal vere «unntatt norske lover og forskrifter med hensyn til (…) registrering av foretak og selskaper utelukkende når det gjelder levering av varer og tjenester til amerikanske styrker på norsk territorium», jf. artikkel XXVI nr. 1. Unntaket frå plikta til å registrere seg i Merverdiavgiftsregisteret er gjennomført ved merverdiavgiftsloven § 3-33, som fastset at «[d]epartementet kan treffe enkeltvedtak om unntak fra loven ved omsetning av varer og tjenester fra næringsdrivende som ikke har forretningssted eller hjemsted i merverdiavgiftsområdet til militære enheter fra USA», sjå Prop. 89 L (2021–2022).

Departementet foreslår å endre merverdiavgiftsloven § 6-13. Etter denne kan departementet «på grunnlag av traktater og andre internasjonale avtaler gi forskrift om at omsetning av varer og tjenester til bestemte internasjonale militære styrker og kommandoenheter, er fritatt for merverdiavgift». Heimelen til å gje forskrift er i dag avgrensa til omsetning direkte til bestemte internasjonale militære styrkar eller kommandoeiningar. Regjeringa foreslår å endre dette slik at departementet òg kan gje forskrift om fritak ved omsetning til verksemder som leverer varer eller tenester til bruk for bestemte internasjonale militære styrkar eller kommandoeiningar. Departementet syner til framlegg til endring av merverdiavgiftsloven § 6-13.

Fritaket og reglar om den nærare avgrensinga av dette vil verte gjevne i merverdiavgiftsforskriften § 6-13-1. Departementet syner til framlegg frå Skattedirektoratet om endring av merverdiavgiftsforskriften, som vert sendt på høyring samstundes med framlegginga av Revidert nasjonalbudsjett. Der er det foreslått at fritaket skal omfatte omsetning av varer og tenester til verksemder med omsetning som er unnateken frå merverdiavgiftsloven, såframt varene og tenestene er til slik bruk som kvalifiserer til fritak etter artikkel XVI nr. 1 i SDCA. Vidare er det foreslått krav til dokumentasjon i form av salsdokument og stadfesting frå kjøparen for kva for eit føremål anskaffinga er til. Det vert lagt opp til at forskrifta tek til å gjelde frå same tid som lovendringa.

7.4 Økonomiske og administrative følgjer

Eit direkte fritak vil vere ei administrativ forenkling for verksemdene som omset varer og tenester som er unnatekne frå merverdiavgiftsloven, då dei slepp å søke om refusjon. Dei slepp òg likviditetsbelastninga med fyrst å måtte betale meirverdiavgift for så å få avgifta refundert i etterkant.

Verksemdene som omset varer og tenester til verksemdene nemnd i avsnittet ovanfor, vil måtte administrere eit direkte fritak. Det inneber at dei frå kjøparen må få framlagt erklæringa om at leveransen er til bruk for amerikanske styrkar. Deretter må dei fakturere leveransen utan meirverdiavgift. Denne handsaminga av eit direkte fritak vil gje ei noko auka administrativ bør på desse verksemdene, men departementet legg til grunn at meirarbeidet vil vere lite.

Skatteetaten vil ved endringa sleppe å handsame søknadar om refusjon av meirverdiavgift. På den andre sida kan eit direkte fritak gje eit noko auka kontrollbehov.

Framlegget har ikkje nemneverdige konsekvensar for provenyet.

7.5 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå 1. juli 2024.

Til forsida