Prop. 103 LS (2023–2024)

Endringar i skatte- og avgiftslovgivinga

Til innhaldsliste

8 Redusert CO2-avgift for kvotepliktig sjøfart

Utslepp frå skip over 5 000 bruttotonn vart innlemma i EUs kvotesystem frå 1. januar 2024. Kvoteplikta vert gradvis innført slik at det skal leverast kvotar tilsvarande 40 pst. av utsleppa i 2024 og 70 pst. i 2025. I 2026 vil det vera kvoteplikt for alle utslepp. Kvoteplikta omfattar både innanriks og utanriks sjøfart.

Det er grunn til å tru at om lag ei tredjedel av norske utslepp frå skipsfart no er omfatta av kvoteplikt. Sjølv om utsleppa er kvotepliktige, vil dei framleis inngå i Noregs forpliktingar under innsatsfordelingsforordninga, noko som inneber at Noreg er forplikta til å redusera desse.

Utanriks sjøfart er friteken for avgift. I samband med budsjettet for 2024 vart det vedteke ein redusert sats i CO2-avgifta på mineralske produkt til kvotepliktig sjøfart på 766 kroner per tonn CO2. Satsen er sett slik at den samla karbonprisen (kvote og avgift) som blir lagd på kvotepliktige utslepp frå sjøfart, svarer til avgifta på dei ikkje-kvotepliktige utsleppa under innsatsfordelinga. Satsen er ikkje sett i kraft i påvente av avklaringar med ESA om han utgjer foreinleg statsstøtte.

Provenytapet av den reduserte satsen vart berekna under føresetnad av at den reduserte satsen skulle gjennomførast som ein årleg etterskotsvis refusjon, mellom anna på bakgrunn av tilrådingar frå Skatteetaten. Med ei refusjonsordning kunne den reduserte satsen få verknad frå 1. januar 2024. Refusjonsordninga vart anslått å gje moderate administrative kostnader for Skatteetaten, men vil vere ei likviditetsulempe for dei næringsdrivande, som må venta opp mot halvtanna år før dei får refundert avgifta.

Etter nye vurderingar har Skatteetaten konkludert med at satsen kan gjennomførast som eit direkte fritak slik at dei kvotepliktige kan kjøpa drivstoffet frå registrerte verksemder med redusert sats. Ved kjøp frå ikkje-registrerte verksemder kan det søkjast om refusjon. Ei slik innretning vil gje vesentleg lågare administrative kostnader for Skatteetaten og redusere likviditetsulempa for dei næringsdrivande. Direkte fritak kan berre bli gjeve framover i tid.

Dei varige fordelane for det offentlege og næringslivet av å gjennomføra satsen som eit direkte fritak taler klart for ei slik innretning. Samstundes er det rimeleg at det blir gjeve refusjon for avgift for månadene som har gått. Departementet legg difor opp til å gjennomføra den reduserte satsen som eit direkte fritak ved kjøp frå registrerte næringsdrivande og at det vert gjeve refusjon for perioden 1. januar 2024 og fram til det direkte fritaket vert innført. Slik vil alle anskaffingar av drivstoff i 2024 reelt sett bli omfatta av den reduserte satsen. Forslaget medfører ei endring i provenytapet i 2024, som i saldert budsjett var rekna til 300 mill. kroner påløpt og 0 mill. kroner bokført. Med ei iverksetjing av direkte fritak frå 1. juni, blir provenytapet 300 mill. kroner påløpt og 150 mill. kroner bokført.

Til forsida