Prop. 51 L (2022–2023)

Endringar i rekonstruksjonslova (forlenging av tida lova skal gjelde)

Til innhaldsliste

3 Forlenging av tida rekonstruksjonslova skal gjelde

Arbeidet med forslag til nye reglar om rekonstruksjon har tatt lenger tid enn venta. Gode reglar om rekonstruksjon er viktige for næringslivet og for samfunnet elles, og det er naudsynt å gjere eit grundig arbeid med dei nye reglane. Departementet har innhenta ein samfunnsøkonomisk analyse og fått innspel på regjeringas nettsider, og sentrale aktørar har tatt del i ei evaluering av dei mellombelse reglane. I forslaget som er send på høyring, kjem departementet med ei rekke forslag til endringar i dei mellombelse reglane. Desse forslaga vil bli vurdert nærare etter høyringa.

Det vil ikkje vere mogleg å få på plass nye reglar før den mellombelse lova blir oppheva 1. juli 2023. For å sikre eit godt og grundig lovarbeid trengs det meir tid. Departementet foreslår derfor i proposisjonen her at den mellombelse lova blir ført vidare til 1. juli 2025. Departementet ser ikkje bort ifrå at dei nye reglane vil kunne ta til å gjelde før dette, slik at den mellombelse lova kan bli oppheva noko tidlegare. For å unngå å komme i ein situasjon der ein ennå ein gong må forlenge den mellombelse lova, foreslår departementet likevel at lova blir forlenga til 1. juli 2025.

Alternativet til å føre vidare den mellombelse lova er å la reglane om gjeldsforhandling i konkurslova gjelde i tida frå den mellombelse lova blir oppheva og fram til dei nye reglane om rekonstruksjon i konkurslova tek til å gjelde. Rekonstruksjonslova inneber på fleire punkt endringar samanlikna med reglane om gjeldsforhandling i konkurslova. Mellom anna kan forhandling om rekonstruksjon bli innleia tidlegare, det er lettare å vedta ein rekonstruksjonsplan, og lova opnar for å gjere om gjeld til eigenkapital som ein del av rekonstruksjonsplanen. Den mellombelse lova inneheld også reglar om pantetrygd for lån til finansiering under rekonstruksjonen med prioritet framfor alle andre panthavarar, og lova opnar for å gjere unntak frå fortrinnsretten til det offentlege for krav på skatt og meirverdiavgift gjennom ei mellombels endring i dekningslova. Desse og andre endringar inneber at rekonstruksjonslova gir fleire verkemiddel for å oppnå ei vellykka forhandling med kreditorane samanlikna med reglane om gjeldsforhandling i konkurslova.

Forslaget i proposisjonen her har ikkje vore på høyring. Da lova vart ført vidare i 2021, fekk forslaget støtte frå alle høyringsinstansane som uttalte seg. Departementet har ikkje funne grunn til ny høyring no.

I høyringa i 2021 uttalte Advokatforeningen mellom anna at det er «avgjørende at den midlertidige loven gjelder til ny permanent rekonstruksjon trer i kraft». Også Konkursrådet og Oslo tingrett meinte det ville vere ei dårleg løysing å gå tilbake til dei gamle reglane medan ein framleis arbeidde med forslag til nye reglar.

Advokatforeningen peikte samstundes på at ein ikkje burde utsette å vedta nye reglar lenger enn naudsynt. Departementet deler denne oppfatninga, men vil framheve at det avgjerande bør vere at ein har nok tid til å gjere eit grundig og forsvarleg lovarbeid. Sjølv om fleire har uttrykt at lova bør gi enno fleire verktøy for å kunne finne fram til gode løysingar for verksemder som er under rekonstruksjon, er hovudinntrykket at dei mellombelse reglane verker godt, og at dei verker betre enn reglane om gjeldsforhandlingar i konkurslova.

Departementet foreslår i proposisjonen her ikkje andre endringar i reglane i den mellombelse lova eller i endringane i andre lover som følgjer av rekonstruksjonslova § 66. Slike forslag vart som nemnt sende på høyring 13. januar 2023. Det er etter departementet sitt syn viktig at situasjonen no er føreseieleg for aktørane fram til dei nye reglane kjem på plass i konkurslova.