Prop. 59 S (2021–2022)

Auka kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Ryfast og utgreiing for status i tvistesak for prosjektet E39 Eiganestunnelen

Til innhaldsliste

2 E39 Eiganestunnelen – status i tvistesak

Samferdselsdepartementet har i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet opplyst om kostnadsauke for prosjektet E39 Eiganestunnelen, og har foreslått å auke kostnadsramma for prosjektet. Kostnadsauken kjem som ei følgje av auka arbeidsomfang knytt til fleire forhold, jf. omtale på side 5 i proposisjonen. Stortinget har ved behandlinga av proposisjonen, gjort vedtak om endra kostnadsramme for prosjektet i samsvar med departementets forslag, jf. Innst. 81 S (2021–2022) Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet og Endringer i statsbudsjettet 2021 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Samferdselsdepartementet har i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet òg varsla at det framleis er uvisse om dei endelege kostnadane, som følgje av ein tvist mellom Statens vegvesen og entreprenøren. Tvisten er knytt til dei same forholda som omtalt i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet. Det har vore forsøkt å løyse tvisten utanfor rettsapparatet, men utan hell. Usemja vart handsama i Sør-Rogaland tingrett i juni 2021. Domen frå tingretten gjekk i Statens vegvesen favør. Entreprenøren har anka tingrettens avgjersle. Framdrifta for vidare rettsbehandling er førebels ikkje avklart. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til saka når det ligg føre nærare avklaringar i rettssystemet.