Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

6 Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Tilskudd til Svalbard kirke

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Tilskudd til Svalbard kirke

5 782

6 000

6 230

Sum kap. 0001

5 782

6 000

6 230

Post 70 Tilskudd til Svalbard kirke

Løyvinga på posten skal bl.a. dekke delar av husleiga for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, utgifter til varer og til tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil og snøskuter og leige av helikopter.

Svalbard kyrkje ligg i Longyearbyen og er ein del av Den norske kyrkja. Svalbard kyrkje er ein viktig kulturberar og kulturaktør i lokalsamfunnet. Kyrkja har ein samlande funksjon og deltek i beredskapsrådet på Svalbard.

Løyvinga til Svalbard kyrkje er eit øyremerkt tilskot som blir overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet.

Statsbygg har forvaltningsansvaret for kyrkjebygget. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkjebygget blir dekte på kap. 2445 Statsbygg. Sjå elles dei målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet.

Det er foreslått ei løyving på posten på 6,2 mill. kroner.

Kap. 0003 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

50

Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre

216 273

174 200

281 620

Sum kap. 0003

216 273

174 200

281 620

Post 50 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre

Løyvinga på posten skal nyttast til tilskot til drift av Longyearbyen lokalstyre gjennom ei rammeløyving. Longyearbyen lokalstyre har ansvar for forvaltninga av nærmare definerte saksområde innanfor Longyearbyen arealplanområde, jf. Svalbardlova § 33 og forskrifta til svalbardmiljølova. Etter Svalbardlova § 31 skal Longyearbyen lokalstyre utøve «sin myndighet og virksomhet innenfor nasjonale rammer og rammen av norsk svalbardpolitikk».

På fleire felt er oppgåvene til Longyearbyen lokalstyre dei same som dei ein kommune på fastlandet har. Longyearbyen lokalstyre er planmyndigheit i Longyearbyen arealplanområde. Den noverande arealplanen vart vedteken av Longyearbyen lokalstyre 13. februar 2017. Longyearbyen er ikkje eit livsløpssamfunn, og lokalstyret har ingen oppgåver eller utgifter knytte til eldreomsorg. Longyearbyen lokalstyre har heller ikkje ansvar for eller utgifter til andre helse- og omsorgstenester. Longyearbyen lokalstyre har eit lovpålagt ansvar for infrastruktur i Longyearbyen når ansvaret ikkje er lagt til staten eller andre. Dette gjeld bl.a. energiforsyning. Sjå punkt 2.2.3.4 for nærmare omtale av vurderingar knytte til framtidig organisering av energiforsyninga i Longyearbyen.

Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for Longyearbyen vassverk, som forsyner byen med drikkevatn. Lokalstyret greier ut framtidig reserveløysing for vassforsyning i Longyearbyen. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 foreslo regjeringa å løyve 3 mill. kroner til statleg medfinansiering av forprosjekt for etablering av drikkevasskjelde i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 447 S (2023–2024).

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskuddsutdeling fra Nordpolet AS skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikke frå Nordpolet overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fekk i 2023 overført 6,6 mill. kroner frå Nordpolet AS, basert på overskotet frå 2022. Overskotet for 2023 var på 6,3 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmeisteren om bruken av midlane. Overskotet inngår ikkje som ein del av statsbudsjettet.

Regjeringa foreslo på grunn av redusert makspris i barnehage å auke løyvinga i samband med revidert nasjonalbudsjett 2023. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 490 S (2022–2023).

Løyvinga vart auka i samband med nysalderinga av 2023-budsjettet, etter forslag frå regjeringa. Regjeringa foreslo å auke tilskotet til Longyearbyen lokalstyre med 50,0 mill. kroner, til støtte til reduserte energiprisar i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 136 S (2023–2024).

Løyvinga vart auka i samband med revidert nasjonalbudsjett 2024, etter forslag frå regjeringa. Regjeringa foreslo å auke løyvinga med til saman 170 mill. kroner. Den auka løyvinga skulle leggje til rette for reduserte energiprisar i Longyearbyen, til støtte til investeringar som aukar redundansen og forsyningstryggleiken for energi, og til statleg medfinansiering av forprosjekt for etablering av reservedrikkevatn. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 447 S (2023–2024).

Det er foreslått ei løyving på posten på 281,6 mill. kroner.

Forslaget til løyving er auka med 100 mill. kroner samanlikna med løyvinga i 2024, for å leggje til rette for reduserte energiprisar i Longyearbyen.

Forslaget til løyving er vidare auka med 0,6 mill. kroner samanlikna med løyvinga i 2024, bl.a. som følgje av redusert makspris for barnehageplass.

Forslaget til løyving er auka med 0,2 mill. kroner for å dekke kostnader til gjennomføring av vaksinering mot Covid-19 på Svalbard i samband med etablering av vaksinasjonsprogram for vaksne og risikogrupper. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Kap. 0004 Tilskudd til Svalbard Museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

70

Tilskudd til Svalbard Museum

14 499

14 900

15 470

Sum kap. 0004

14 499

14 900

15 470

Post 70 Tilskudd til Svalbard Museum

Løyvinga skal gå til å dekke delar av husleiga og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard Museum i Svalbard forskingspark. Løyvinga skal vidare dekke drift av dei kulturhistoriske magasina og lønn og bustadutgifter for stillinga som konservator og samlingsforvaltar.

I tillegg til denne løyvinga blir det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

Det er foreslått ei løyving på posten på 15,5 mill. kroner.

Kap. 0005 Sysselmesteren (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

91 650

90 100

95 500

Sum kap. 0005

91 650

90 100

95 500

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på kap. 0005 Sysselmesteren skal dekke utgifter til lønn og drift av sysselmeisterkontoret. Det siste omfattar husleige og utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. Sysselmeisteren på Svalbard hadde 49 åremålstilsette, 21 tilsette i engasjementstillingar, ein tilsett på utlånsavtale og ein hospitant ved utgangen av 2023. Engasjementstillingane er knytte til ulike kort- og langtidsengasjement, t.d. sommarvikarar i dei ulike avdelingane, feltinspektørar m.m. Den ordinære åremålsperioden for stillingar hos Sysselmeisteren er tre år, med høve til å søke om ei forlenging på tre år. Åremålsperioden kan ikkje overstige seks år.

Sysselmeisteren har hatt ein auke i talet på straffesaker på 29 pst. i 2023 samanlikna med 2022. Talet på brot på svalbardmiljølova har auka prosentmessig mest, med ein auke på 35 pst. Ein legg til grunn at auken kjem av meir tilsyn og kontroll i felt.

Det er foreslått ei løyving på posten på 95,5 mill. kroner. Sjå elles utfyllande informasjon om Sysselmeisteren i punkt 1.4.1.

Det er foreslått å løyve 1,0 mill. kroner på posten i 2025 i samband med markeringa av at det er hundre år sidan Svalbardlova tok til å gjelde, og Svalbard med det vart innlemma i kongeriket. Midlane vil bli nytta av Justis- og beredskapsdepartementet i samband med markeringa.

Det er foreslått å auke løyvinga med 1,0 mill. kroner i 2025 i samband med arbeidet med å styrke Politiet si nødmeldeteneste på Svalbard.

Mindreutgifta på kap. 0005 var 3,5 mill. kroner i 2023. Det kjem bl.a. av at Politidirektoratet nytta om lag halvparten av ei belastningsfullmakt frå Sysselmeisteren på 3,0 mill. kroner, og dessutan at det var meirinntekt på kap. 3005, post 02, ein post med meirinntektsfullmakt mot kap. 0005.

Kap. 3005 Sysselmesteren (jf. kap. 0005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Diverse inntekter

1 684

300

300

02

Refusjoner m.m.

5 275

3 000

3 000

Sum kap. 3005

6 959

3 300

3 300

Kapittelet samsvarer med kap. 0005 Sysselmesteren.

Post 01 Diverse inntekter

Sysselmeisteren tek imot diverse refusjonar. Vidare omfattar posten inntekter som Sysselmeisteren har frå våpengebyr og gebyr for utferding av pass. Meirinntekta frå 2023 kjem av administrative inntekter frå oppdragsverksemd knytt til kulturminne.

Tidlegare har inntektsframlegget på posten omfatta bl.a. bøter, gebyr og inndragingar. Bøter blir kravde inn av skatteetaten ved Statens innkrevjingssentral og inntektsførte under Sysselmeisteren. Frå 2025 er det foreslått å inntektsføre dette på ny post 58 Bøter på kap. 3030 Skatter og avgifter m.m.

Tidlegare har posten blitt nytta til andre tilfeldige inntekter på svalbardbudsjettet. Frå 2025 er det foreslått å inntektsføre dette på ny post 29 Ymse på kap. 3030 Skatter og avgifter m.m.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 300 000 kroner.

Post 02 Refusjoner m.m.

Inntektsframlegget på post 02 omfattar refusjonar frå offentlege verksemder. Det dreier seg hovudsakleg om refusjon av lønn og andre kostnader ved Svalbards miljøvernfond.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 3,0 mill. kroner.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0005, post 01, tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3005, post 02, jf. forslaget til vedtak.

Det var meirinntekt på posten i 2023 på 2,3 mill. kroner, som kjem av inntekter frå Svalbards miljøvernfond.

Kap. 0006 Sysselmesterens transporttjeneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

236 325

258 000

266 199

Sum kap. 0006

236 325

258 000

266 199

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker stasjonering, leige, drift og forvaltning av to tenestehelikopter og tenestefartøy. Vidare dekker posten kjøp, drift og forvaltning av køyretøy (beltevogn, bilar, snøskuterar m.m.) som er nødvendige for å gjennomføre oppdraget til Sysselmeisteren, bl.a. vakt, beredskap, redning og nærvær. Dei samla transportmidla til Sysselmeisteren er nødvendige for å kunne drive oppsyn og utøve mynde, for ei effektiv politi- og redningsteneste og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor territorialfarvatnet til Svalbard. Transportmidla blir vidare nytta til naturoppsyn og arbeid for å førebyggje miljøkriminalitet. Transportmidla utgjer saman med Kystvakta den statlege beredskapen på Svalbard. Løyvinga på posten kan òg nyttast i samband med hendingar som krev raske avklaringar av utgifter og betalingar, t.d. i samband med samfunnstryggleik og beredskap, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).

Sysselmeisteren disponerer det innleigde tenestefartøyet MS «Polarsyssel». Fartøyet er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng, bl.a. ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp og personskadar. I tillegg blir fartøyet nytta i dei årlege inspeksjonane av Svalbard. «Polarsyssel» har isklasse og helikopterdekk som er tilpassa helikoptera til Sysselmeisteren. I 2023 har Sysselmeisteren lånt ut «Polarsyssel» ved fleire høve, til bl.a. UNIS, Norsk Polarinstitutt, NTNU, Avinor og Raudekrossen i Longyearbyen

«Polarsyssel» har vore i teneste alle dagar i 2023 og hadde 203 seglingsdøgn, samanlikna med 181 i 2022. Fartøyet har blitt nytta til tokt, besøk, trening, øvingar, berging, politioppdrag m.m. Mannskapet på «Polarsyssel» trener jamleg med Sysselmeisteren sine helikopter, og samhandlinga mellom fartøyet og helikoptera er god.

Sysselmeisteren utløyste i desember 2023 opsjonen for det siste året av den inneverande kontrakten for tenestefartøyet. Kontrakten går ut 31.12.2025.

Vinteren 2023 gjennomførte Sysselmeisteren, saman med innleigd konsulent, konkurranse for ny kontrakt for tenestefartøyet til Sysselmeisteren. Ny kontrakt vart inngått med leverandør for perioden 01.01.2026–31.12.2030 med moglegheit for opsjon på inntil fire år, med atterhald om Stortinget si godkjenning. Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2023–2024) Svalbardbudsjettet at Stortinget slutta seg til at Justis- og beredskapsdepartementet frå 2026 kunne forplikte seg til auka utgifter på kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50 Tilskudd, til bruk i samband med ny avtale om leige av tenestefartøy for Sysselmeisteren frå 2026. Samla årlege forpliktingar og utbetalingar kan ikkje overskride 81,7 mill. 2024-kroner, og skal vere avgrensa fram til og med 2030. Samla ramme er 408,5 mill. kroner. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 17 S (2023–2024).

Figur 6.1 Kart over kvar Polarsyssel har segla i 2023.

Figur 6.1 Kart over kvar Polarsyssel har segla i 2023.

Kjelde: Sysselmeisteren

Sysselmeisteren disponerer to innleigde allvêrshelikopter av typen Super Puma redningshelikopter. Helikoptera blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggjande område. Kvart helikopter kan plukke opp inntil 18 personar i nød innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Utrykkingstida er to timar.

I juni 2023 gjennomførte helikoptertenesta til Sysselmeisteren ein av dei nordlegaste redningsaksjonane nokon sinne, då ein forskar vart henta ut frå eit fartøy som låg fryst inne i Polhavet på 86 gradar nord.

Det er avtale mellom Justis- og beredskapsdepartementet og CHC Helikopter Service AS om drifta av den sivile redningshelikopterbasen i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta for Sysselmeisteren. Sysselmeisteren er ansvarleg for kontraktoppfølging av avtalen. Avtalen varer i seks år frå 2022, med opsjonar for forlenging på inntil fire år. Sjå elles kap. 454, post 01 og post 45 i Prop. 1 S (2022–2023) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Det var mindreutgift på kap. 0006 på 18,7 mill. kroner i 2023, som i hovudsak kjem av færre flytimar med helikoptera, mindre bunkring av drivstoff til tenestefartøy og dessutan lågare utgifter enn venta til kontraktsforhandling for nytt tenestefartøy. Det var òg meirinntekt på kap. 3006, på om lag 900 000 kroner, som følgje av utleige av «Polarsyssel», ein post med meirinntektsfullmakt mot kap. 0006.

Løyvinga vart auka med 1,0 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023, etter forslag frå regjeringa. Auken kom som følgje av høgare valutakostnader for helikoptertenesta til Sysselmeisteren. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 490 S (2022–2023).

Det er foreslått ei løyving på posten på 266,2 mill. kroner. Den auka løyvinga kjem bl.a. som følgje av auka valutakostnad for helikoptertenesta til Sysselmeisteren.

Kap. 3006 Sysselmesterens transporttjeneste (jf. kap. 0006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Leieinntekter fra private

1 189

0

0

02

Refusjon fra det offentlige

1 424

500

500

Sum kap. 3006

2 613

500

500

Kapittelet samsvarer med kap. 0006 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmeisteren disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmeisteren ha inntektene og refusjonane dersom desse transportmidla blir nytta av andre.

Post 01 Leieinntekter fra private

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til private.

Det er foreslått å ikkje budsjettere med inntekter på posten.

Post 02 Refusjoner fra det offentlige

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til offentlege aktørar.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 500 000 kroner.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0006, post 01, tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3006, post 02, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

30

Skred- og boligtiltak, kan overføres

49 705

38 200

0

70

Diverse tilskudd

68

0

0

Sum kap. 0007

49 773

38 200

0

Post 30 Skred- og boligtiltak, kan overføres

Løyvinga på posten skal nyttast til skredsikringstiltak i Longyearbyen. Sjå punkt 2.2.3.3 for omtale av skred og flaum og sikringstiltak på Svalbard.

Skredsikring i Lia under fjellet Sukkertoppen

Sikringstiltaka består av støtteforbyggingar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellsida. Arbeidet vart starta opp i 2019 og avslutta i 2023. Det har blitt løyvd til saman 170 mill. kroner til sikringstiltaka, som NVE har hatt ansvaret for å gjennomføre.

Sikringstiltak mot sørpeskred frå Vannledningsdalen

Sikringstiltak mot sørpeskred i Vannledningsdalen omfattar å byggje skrednett og erosjonssikra leievoll ved elva. Tiltaket utgjer det avsluttande leddet i sikringsarbeidet for sentrum av Longyearbyen. Samla kostnad for sikringstiltaket er rekna til 105 mill. kroner, som svarer til den samla løyvinga frå Stortinget. Arbeidet starta opp i 2022, og ein ventar at det blir avslutta i 2024. NVE har hatt ansvaret for å gjennomføre arbeidet.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 vart løyvinga for 2023 auka til 45 mill. kroner. I samband med nysalderinga av 2023-budsjettet foreslo regjeringa å auke bestillingsfullmakta på posten med 15,0 mill. kroner, til totalt 50 mill. kroner, for at NVE skulle kunne inngå den siste kontrakten. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 136 S (2023–2024). Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 å auke løyvinga på posten med 15,0 mill. kroner, for å betale ut den auka bestillingsfullmakta. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 447 S (2023–2024).

Det er ikkje foreslått løyving på posten i 2025.

Lokal snøskredvarsling

Det er lokal snøskredvarsling (skredbanevarsling) i Longyearbyen. NVE og Longyearbyen lokalstyre har saman ansvaret for den lokale skredbanevarslinga. Lokal skredbanevurdering av utsette område er eit viktig risikoreduserande tiltak fram til dei mest skredutsette områda er sikra med permanente tiltak.

Post 70 Diverse tilskudd

Løyvinga på post 70 har tidlegare blitt nytta til bl.a. å kjøpe tenester frå Telenor for å sikre telekomtenester på Svalbard. Kontrakten er sagd opp frå 1. januar 2023.

Det er ikkje foreslått løyving på posten i 2025.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

2 191

2 400

2 490

Sum kap. 0009

2 191

2 400

2 490

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke utgiftene Sysselmeisteren har til konkrete kulturminnetiltak. Midlane skal nyttast til arbeidet som er omtalt i strategien for kulturmiljøforvaltning 2024–2029.

Lønn til tilsette hos Sysselmeisteren på kulturminnefeltet blir løyvd på kap. 0005 på svalbardbudsjettet.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,5 mill. kroner.

Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Diverse inntekter

0

0

0

Sum kap. 3009

0

0

0

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på posten dekker inntekter frå refusjonar av kostnader ved registrering av kulturminne.

Kapittelet samsvarer med kap. 0009. Det har ikkje vore inntekt på posten i 2023.

Det er foreslått å ikkje budsjettere med inntekter på posten.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0009, post 01, tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3009, post 01, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

2 240

2 450

2 540

Sum kap. 0011

2 240

2 450

2 540

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal finansiere drift av eit eige kontor for Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Longyearbyen.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Direktoratet har eige kontor, ei bergmeisterstilling og ei stilling knytt til Svalbard. Direktoratet vil prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne omsyn til.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,5 mill. kroner.

Kap. 0017 Norsk Polarinstitutt – refusjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

50

Refusjon

3 900

4 100

4 250

Sum kap. 0017

3 900

4 100

4 250

Post 50 Refusjon

Løyvinga på posten skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmeisteren og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Hovudløyvinga til Norsk Polarinstitutt er omtalt under kap. 1471 i Prop. 1 S (2024–2025) for Klima- og miljødepartementet.

Sjå punkt 4.7.3 for nærmare omtale av Norsk Polarinstitutt.

Det er foreslått ei løyving på posten på 4,3 mill. kroner.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretninger

(i 1000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Drift og vedlikehold

5 144

4 100

4 250

30

Nyanlegg og større vedlikehold, aerolykter og maritime fyr

405

400

500

Sum kap. 0018

5 549

4 500

4 750

Post 01 Drift og vedlikehold

Løyvinga på posten skal bl.a. dekke utgifter til lønn, maskiner og helikopter i samband med vedlikehald og utskiftingar av navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Det var ei meirutgift på posten i 2023 som følgje av auka driftsutgifter.

I samband med nysalderinga av budsjettet for 2023 vart løyvinga auka med 795 000 kroner, som følgje av at mindreutgifta frå 2022 vart løyvd på nytt.

Det er foreslått ei løyving på posten på 4,3 mill. kroner i 2025.

Post 30 Nyanlegg og større vedlikehold, aerolykter og maritime fyr

Løyvinga på posten skal gå til større vedlikehald og etablering av nye merke. Det er foreslått ei løyving på posten på 500 000 kroner.

Kap. 0019 Meteorologisk institutt – husleie Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

7 822

8 100

8 400

Sum kap. 0019

7 822

8 100

8 400

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke utgiftene Meteorologisk institutt har til husleige for bygningane på Bjørnøya og Hopen.

Driftskostnadene utanom husleige for dei meteorologiske stasjonane er finansierte på budsjettet til Klima- og miljødepartementet, kap. 1412, post 50.

Det er foreslått ei løyving på posten på 8,4 mill. kroner.

Kap. 0020 Statsbygg Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

2 372

2 400

2 500

Sum kap. 0020

2 372

2 400

2 500

Post 01 Driftsutgifter

Forslaget til løyving skal dekke delar av lønns- og driftskostnadene for kontoret til Statsbygg i Longyearbyen1.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,5 mill. kroner.

Kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

6 557

6 570

7 340

Sum kap. 0022

6 557

6 570

7 340

Post 01 Driftsutgifter

Skatteetaten og -kontoret er underlagde Finansdepartementet. Løyvinga skal nyttast til å drive Svalbard skattekontor i Longyearbyen. Budsjettløyvinga skal òg dekke utgifter til Skatteklagenemnda for Svalbard og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå skatteetaten.

Svalbard skattekontor har ansvar for å fastsetje skatt etter svalbardskattelova, føre kontroll med personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder, administrere registeret over befolkninga på Svalbard, refundere innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande og rekne ut kolavgift.

Dei særskilde skattereglane for Svalbard er heimla i svalbardskattelova. Dei årlege skattesatsane er heimla i forslag til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2025, romartal II.

Det er foreslått ei løyving på posten på 7,3 mill. kroner.

Det er foreslått at Skattekontoret kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01 mot tilsvarande inntekter på kap. 3022, post 01.

Det er foreslått å auke løyvinga med 270 000 kroner, mot tilsvarande auke på kap. 3022, post 01.

Det er foreslått å rammeoverføre 248 000 kroner frå kap. 1618 Skatteetaten, post 50 Skatte- og avgiftsforskning til kap. 0022, post 01 på svalbardbudsjettet. Rammeoverføringa frå skatteetaten skal styrke Svalbard skattekontor.

Kap. 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Diverse inntekter

270

0

270

Sum kap. 3022

270

0

270

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på posten omfattar avtalt refusjon frå Svalbards miljøvernfond for arbeidet skattekontoret utfører med rekneskapen for fondet.

Skattekontoret på Svalbard har ein avtale med Sysselmeisteren på Svalbard om å administrere refusjonar av miljøavgift på flybillettar frå Svalbards miljøvernfond.

Det er foreslått at Skattekontoret kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01 mot tilsvarande inntekter på kap. 3022, post 01.

Kap. 3030 Skatter og avgifter m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

29

Ymse

-

-

0

58

Bøter

-

-

0

70

Skatter m.m.

222 176

200 000

215 000

71

Utførselsavgift

0

800

800

72

Utmålsgebyr, årsavgift

840

773

419

Sum kap. 3030

223 016

201 573

216 219

Som følgje av at ein foreslår to nye postar på kapittelet, er namnet endra til Skatter og avgifter m.m.

Post 29 Ymse

Det er foreslått ein ny post for plassering av tilfeldige inntekter som ein ikkje har budsjettert for.

Inntektene vart tidlegare førte på kap. 3005 Sysselmesteren, post 01 Diverse inntekter.

Det er ikkje foreslått inntektsløyving på posten.

Post 58 Bøter

Det er foreslått ein ny post for å skilje ut inntektene til skatteetaten ved Statens innkrevingssentral på ein eigen post, for å gjere budsjett og rekneskap meir oversiktlege. Inntektene vart tidlegare førte på kap. 3005 Sysselmesteren, post 01 Diverse inntekter.

Det er ikkje foreslått løyving på posten.

Post 70 Skatter m.m.

Inntektsframlegget på posten omfattar venta skatteinntekter frå Svalbard for 2025.

Anslaget er basert på innbetalte skattar i skatterekneskapen for 2023 og venta fastsetjing for inntektsåret 2024. Prognosen for 2025 er noko høgare enn for 2024.

Skatteinngangen på Svalbard for 2024 er samstundes usikker. Dei siste åra har det vist seg at endringar hos enkeltskattytarar og verksemder kan føre til vesentlege endringar i skatteinntektene.

Regjeringa foreslo å auke løyvinga på posten med 15,0 mill. kroner i samband med nysalderinga av 2023-budsjettet, som følgje av høgare rekna skatteinntekter for 2023. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 136 S (2023–2024). Tilskotet til svalbardbudsjettet vart redusert tilsvarande, som ei parallelljustering.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 215,0 mill. kroner.

Post 71 Utførselsavgift

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå utførselsavgift som er kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard. Inntektene frå utførselsavgifta er avhengige av kor mykje kol som blir skipa ut, og av kolprisen på verdsmarknaden. Det har vore store endringar i produksjonsvolumet på Svalbard dei seinare åra. I åra etter 2017 har produksjonen vore fallande. Kolprisen har gjennom 2022 og 2023 stige, og eksporten av kol har auka noko. Ein legg til grunn at dette kjem av krigen i Ukraina. Anslaga er usikre.

To aktørar betaler utførselsavgift. Overslaget for utførselsavgifta er usikkert pga. usikre kolprisar, usikre marknader og raske og kraftige endringar i valutakursar. Ut frå dette legg ein til grunn det same inntektsnivået for utførselsavgift som i 2024.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 800 000 kroner.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i bergverksordninga.

Utmål er eit avgrensa område der innehavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Bergverksordninga, fastsett ved kgl.res. 7. august 1925, heimlar avgift ved krav om og vidareføring av utmål. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner. For utmål i freda område er avgifta 1 500 kroner i året per utmål.

I 2023 vart det ikkje tildelt nye utmål. Ved inngangen til 2024 var det 338 gyldige utmål på Svalbard. 96 utmål fell i det fri ved utgangen av 2024. Som følgje av dette er det forventa at inntekta frå utmålsavgifter for 2025 vil bli redusert. Det er ikkje meldt inn nye utmål hittil i 2024. Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 418 500 kroner.

Kap. 3035 Tilskudd fra statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

50

Tilskudd

412 489

406 548

477 000

Sum kap. 3035

412 489

406 548

477 000

Post 50 Tilskudd

Posten er tilskotet som Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å løyve på budsjettet sitt, Prop. 1 S (2023–2024), kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50 Tilskudd. Løyvinga skal svare til, og dermed dekke, underskotet på svalbardbudsjettet.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 477,0 mill. kroner.

Fotnotar

1.

Inkluderer berre deler av kostnaden relatert til dei tilsette og drift av kontorlokala. Følgjande kostnader inngår ikkje i budsjettet på kap. 0020: Husleige for Statsbygg sine tilsette på Svalbard på om lag 870 000 kroner. Husleige for nye kontorlokale og delvis drift av dette på om lag 1 278 000 kroner og arbeidsklede, avtalefesta reisekostnad og vedlikehald av bilar på om lag 190 000 kroner – til saman 2 334 000 kroner.

Til forsida