2 Orientering om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007
Orienteringa i dette kapitlet om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007 byggjer på innspel frå rettferdsvederlagsutvala.
2.1 Saksavvikling i 2007
I heile 2007 har det vore to rettferdsvederlagsutval i arbeid; utval I og utval II. Utvala har i 2007 meir enn dobla saksavviklinga si samanlikna med 2006 då det i delar av året berre var eitt utval i virke. Det er for første gong på fleire år avgjort fleire saker enn det som har kome inn. Det blir vist til figur 2.1.
![Figur 2.1 Talet på avgjorte saker og nye søknader. 2005-2007.](/contentassets/b463b5983d85473083b04496f01b3381/nn-no/hfig/fig2-1.gif?preset=fullsize)
Figur 2.1 Talet på avgjorte saker og nye søknader. 2005-2007.
Dei to utvala har hatt til saman 24 møter og behandla 2 244 saker. Av dei behandla sakene er 54 % av søkjarane kvinner og 46 % menn. Dette er uendra frå året før. Det er gitt rettferdsvederlag i 1 861 saker og utbetalt vederlag med til saman 134,3 mill. kr. Til samanlikning behandla utvala i alt 1 068 saker i 2006 og gav rettferdsvederlag i 895 av desse sakene. Det blei i 2006 utbetalt vederlag med til saman 19,9 mill. kr. Den monalege auken i talet på avgjorte saker og utbetalt vederlag skriv seg frå at begge utvala var i arbeid i 2007. I tillegg har utvala behandla fleire saker med grunnlag i St.meld. nr. 24 (2004-2005) Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar. I desse sakene er utvala gitt fullmakt til å gi rettferdsvederlag opptil kr 300 000. Vederlagsbeløpa i desse sakene ligg gjennomgåande høgare enn i andre sakstypar. Det blir vist til tabell 2.1 nedanfor der det går fram at 65 av søkjarane i denne gruppa er gitt rettferdsvederlag med meir enn kr 200 000.
Tabell 2.1 Oversikt over utbetaling av rettferdsvederlag fordelt etter sakstype. 2007.
1' - | 2' - | 51' - | 101' - | 151' - | 201' - | 301' - | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Sakstype/vederlagsbeløp | Sum | Avsl. | 20' | 50' | 100' | 150' | 200' | 300' | 400' | |
Alle sakstypar | 2244 | 383 | 404 | 306 | 839 | 157 | 80 | 74 | 1 | |
Prosentvis fordeling | 100 | 17 | 18 | 14 | 37 | 7 | 4 | 3 | 0 | |
Alminneleg rettferdsvederlag | 287 | 129 | 1 | 26 | 77 | 36 | 14 | 3 | 1 | |
Prosentvis fordeling | 100 | 45 | 0 | 9 | 27 | 13 | 5 | 1 | 0 | |
Krigsbarn | 512 | 42 | 303 | 120 | 29 | 12 | 6 | 0 | 0 | |
Prosentvis fordeling | 100 | 8 | 59 | 23 | 6 | 2 | 1 | 0 | 0 | |
Romanifolk/tatarar | 356 | 4 | 100 | 140 | 50 | 46 | 10 | 6 | 0 | |
Prosentvis fordeling | 100 | 1 | 28 | 39 | 14 | 13 | 3 | 2 | 0 | |
Samar/kvener | 835 | 198 | 0 | 0 | 637 | 0 | 0 | 0 | 0 | |
Prosentvis fordeling | 100 | 24 | 0 | 0 | 76 | 0 | 0 | 0 | 0 | |
Barne- og skoleheimsbarn (St.meld. nr. 24) | 254 | 10 | 0 | 20 | 46 | 63 | 50 | 65 | 0 | |
Prosentvis fordeling | 100 | 4 | 0 | 8 | 18 | 25 | 20 | 26 | 0 |
Rettferdsvederlagsutvala har eit nært samarbeid med Justissekretariata og aktuelle faginstansar. På denne måten har problemstillingar blitt avklarte undervegs i saksbehandlinga. I 2007 er det også sett i verk fleire effektiviserings- og rasjonaliseringstiltak i den førebuande saksbehandlinga. Eit stadig aukande tal saker har derfor blitt ferdigstilt for behandling i utvala.
I 2007 har rettferdsvederlagsutval I tilrådd rettferdsvederlag på over kr 200 000 i fem saker, jf. St.prp. nr. 65 (2006-2007). Stortinget gav si tilslutning til dette i Innst. S. nr. 262 (2006-2007).
Per 31.12.2007 var 4 039 søknader under førebuande behandling. Saksbehandlingstida frå søknaden kjem inn til innstilling frå faginstans er ferdig, varierer framleis. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Sosial- og helsedirektoratet har ei saksbehandlingstid på om lag 12 månader. Utdanningsdirektoratet har ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid opp mot 24 månader i fleire sakstypar. Når saka er ferdigstilt frå faginstans, blir ho som hovudregel behandla innan 1 månad i Justissekretariata. Saka blir deretter send til utvala. Der berre Justissekretariata er faginstans vil saksbehandlingstida normalt vere 12 månader.
Utvala har vedtatt at sakene etter St.meld. nr. 24 (2004-2005) skal behandlast av utval II. Som følgje av den monalege auken i talet på søknader og den auka produksjonen i førebuande faginstansar har ikkje utval II lenger kapasitet til å behandle desse sakene fortløpande etter kvart som dei kjem inn. Det blir vist til tabell 2.2. Her går det fram at det per årsskiftet 2007/2008 var ferdigstilt 780 saker som låg på vent for behandling i utvala. Det er i 2008 oppretta eit tredje rettferdsvederlagsutval, sjå omtale under punkt 1.2. Også utval III vil avgjere saker etter St.meld. nr. 24 (2004-2005).
Tabell 2.2 Talet på nye søknader og saker til behandling.
Pr. 31.12.07 | Pr. 31.12.06 | |
---|---|---|
Talet på nye søknader | 2 148 | 1 726 |
Barne- og skoleheimsbarn (St.meld. nr. 24) | 734 | |
Krigsbarn (St.meld. nr. 44) | 654 | |
Romanifolk/tatarar (St.meld. nr. 44) | 236 | |
Samar/kvener (St.meld. nr. 44) | 183 | |
Alminneleg rettferdsvederlagsordning | 341 | |
Talet på søknader ferdigbehandla av utvala | 2 244 | 1 068 |
Kvinner | 1205 (54 %) | 574 (54 %) |
Menn | 1039 (46 %) | 494 (46 %) |
Totalt under behandling | 4 039 | ca. 4 410 |
I Justissekretariata | 537 | ca. 4 410 |
I Utdanningsdirektoratet | 1 686 | |
I Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | 801 | |
I Sosial- og helsedirektoratet | 235 | |
Saker klare for oversending til utvala | 780 | 0 |
Andre saker | ||
Saker avslutta på grunn av at søkjaren er død | 16 | |
Avviste saker | 259 |
Tabell 2.3 Ferdig behandla saker fordelte på søkjargrupper. 2007.
Alle søkjargrupper | Alminneleg rettferdsvederlag | Krigsbarn | Romanifolk/tatarar | Samar/kvener | Barne- og skoleheimsbarn | |
---|---|---|---|---|---|---|
Avgjort | 2 244 | 287 | 512 | 356 | 835 | 254 |
% | 13 | 23 | 16 | 37 | 11 |
Tabell 2.4 Innvilga og avslåtte søknader i tal og prosent fordelte på kjønn. 2006 og 2007.
2007 | % | 2006 | % | |
---|---|---|---|---|
Ferdigbehandla saker | 2 244 | 1 068 | ||
kvinner: | 1 205 | 54 | 574 | 54 |
menn: | 1 039 | 46 | 494 | 46 |
Gitt vederlag | 1 861 | 83 | 895 | 84 |
kvinner: | 989 | 53 | 483 | 54 |
menn: | 872 | 47 | 412 | 46 |
Avslag | 383 | 17 | 173 | 16 |
kvinner: | 216 | 56 | 91 | 53 |
menn: | 167 | 45 | 82 | 47 |
2.2 Om erstatningsordningane for krigsbarn og romanifolk/tatarar
Som det følgjer av St.meld. nr. 44 (2003-2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener gjekk søknadsfristen for krigsbarn ut 01.07.2007. Stortinget vedtok å utvide fristen for denne gruppa til 01.01.2008. Det er i alt kome inn 2 028 søknader. Av desse er 1 097 no ferdigbehandla. Det gjeld ingen søknadsfristar for andre søkjargrupper.
Det er gjennom ei årrekkje gjort eit omfattande arbeid overfor nasjonale minoritetar for å motverke diskriminering og mobbing, både i samfunnet generelt og særleg innanfor skolevesenet. Overfor gruppa romanifolk/tatarar kom dette klart til uttrykk då kommunalminister Ragnhild Queseth Haarstad på vegne av regjeringa i februar 1998 bad om orsaking for dei grove overgrepa som romanifolk/tatarar var blitt utsette for. Dette blei følgt opp av regjeringa Stoltenberg I i St.meld. nr. 15 (2000-2001) Nasjonale minoritetar i Noreg - Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar. Regelverket på dette området er også seinare blitt utvikla, mellom anna ved diskrimineringslova og reglar om ivaretaking av det psykososiale miljøet i skolen.
For romanifolk/tatarar førte behandlinga av St.meld. nr. 44 (2003-2004) mellom anna til ei særleg ordning med rettferdsvederlag for mobbing på grunnlag av eigenerklæring. Det blei i samband med dette lagt til grunn at: «Det må antas at myndighetenes politikk har bidratt til negative holdninger til romanifolket, og at dette kan ha resultert i mobbing.»
Rettferdsvederlagsutval I meiner det er naturleg at det blir sett eit skjeringspunkt for når søknader om rettferdsvederlag frå romanifolk/tatarar med grunnlag i mobbing skal behandlast etter ordninga i St.meld. nr. 44 på grunnlag av eigenerklæring. Utvalet finn det naturleg at skjeringspunkt er samanfallande med regjeringa si orsaking i 1998 overfor denne gruppa. Utvalet tek derfor sikte på at også søknader frå romanifolket/tatarar om rettferdsvederlag med grunnlag i mobbing som har skjedd i 1998 og seinare, vil bli vurdert etter den alminnelege rettferdsvederlagsordninga på same måte som med mobbing i samfunnet elles. For mobbing som har skjedd tidlegare blir ordninga med rettferdsvederlag på grunnlag av truverdig eigenerklæring vidareført.