Tilråing
Finans- og tolldepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til å setje i kraft ein tilleggsavtale til skatteavtalen mellom Kongeriket Noreg og Republikken Frankrike av 19. desember 1980 med tilleggsavtalar av 14. november 1984 og 7. april 1995, underskriven i Oslo den 16. september 1999.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til å setje i kraft ein tilleggsavtale til skatteavtalen mellom Kongeriket Noreg og Republikken Frankrike av 19. desember 1980 med tilleggsavtalar av 14. november 1984 og 7. april 1995, underskriven i Oslo den 16. september 1999, i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Finans- og tolldepartementet ligg ved.