37,6 millionar kroner til frivillig integreringsarbeid for flyktningar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

82 prosjekter over heile landet får no til saman 37,6 millionar kroner i tilskot til integreringsarbeid for flyktningar. Pengane går til blant anna språkopplæring, kurs og fritidsaktivitetar innan kultur, idrett og friluftsliv for flyktningar.

Krigen i Ukraina har gjort at rekordmange flyktningar kjem til landet. Det er viktig at dei som kjem hit får moglegheit til å kome i gong igjen med liva sine så raskt som mogleg. Vi ynskjer å støtte opp under det store engasjementet vi ser i befolkninga, og frivilligheita er ein god kanal for dette engasjementet, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Blant dei som får pengar er Norges Røde Kors som får 1 000 000 kroner til sin flyktningguide, Skeiv Verden får 400 000 kroner til sitt nettverksprosjekt og Sørdalen Bygdekvinnelag får 99 000 kroner til sin strikkekafé.

Dette viser breidda i tilbod dei frivillige organisasjonane tilbyr rundt om i landet både i asylmottak og i lokalsamfunn. Tilskot til frivillige organisasjonar er eit viktig verkemiddel for å nå målet om høgare deltaking i arbeids- og samfunnsliv, seier Mjøs Persen.

Det er Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), samt 40 utvalde kommunar i landet som har forvalta tilskotet.

Desse har fått tilskot i 2023

Kort om tilskotet

  • Frivillige organisasjonar kan få støtte til prosjekter, enkelttiltak eller aktivitetar som bidrar til å auke arbeids- og samfunnsdeltaking blant innvandrar og deira born.

  • 40 kommunar gir støtte til lokale aktivitetar, kor IMDi gir tilskot til nasjonale prosjekter.

  • Målgruppa for ordninga er personar med innvandrarbakgrunn medrekna innvandrar og norskfødde med innvandrarforeldre samt bebuarar i statleg mottak for asylsøkjarar og øvre befolkning i lokalsamfunn.

  • Frivillige organisasjonar, foreiningar og stiftelsar kan søke. Alle tilskotsmottakarar må vere registrert i Frivillighetsregisteret. 

Les meir på IMDi sine sider om tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar her




Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.