Det skal bli billigare og enklare å bygge i framtida
Pressemelding | Dato: 15.03.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Med enklare byggeprosessar, betre digitale løysingar og satsing på Husbanken vil regjeringa bidra til auka byggeaktivitet i heile landet.
– Bustadbygginga har gått kraftig ned det siste året. Lågare byggeaktivitet påverkar arbeidstakarar, bedrifter og bustadkjøparar. Regjeringa tar no fleire grep for gjere det enklare og billigare for bransjen å bygge dei bustadane vi treng, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Vil effektivisere plan- og byggjesaksbehandlinga
Byggebransjen står i ei vanskeleg tid, og med lav etterspurnad og lite nybygging. Samstundes kan bustadbygginga vere komplisert, tidkrevjande og risikofylt.
– Byggeprosessane må gå raskare enn dei gjer i dag. Regjeringa vil forenkle alle ledd av plan- og byggesaksprosessen. Slik kan vi få fleire gode bustadprosjekt, og det kan bli billigare og enklare å realisere bustadbygginga.
Ei viktig forenkling er å få byggteknisk forskrift (TEK 17) meir digital. Digital tilrettelegging av TEK17 vil gjere det enklare å prosjektere gode bygg i tråd med regelverket. Eit meir brukar- og digitaliseringsvennleg regelverk kan gi betre løysingar, bidra til færre byggfeil, økt produktivitet for næringa og mindre ressursbruk i kommunen.