Fleire statlege verksemder bruker KI

Rundt halvparten av dei statlege verksemdene oppgir at dei har tatt i bruk kunstig intelligens i verksemdsutøvinga.

Dette viser ferske tal frå Arbeidsgjevarbarometeret i staten, ei undersøking som går ut til om lag 200 HR-leiarar i det statlege tariffområdet. Dette er ein vesentleg auke frå undersøkinga som blei gjennomført i same periode i 2023. Då oppgav berre 19 prosent at dei hadde tatt i bruk KI.

– Målet er at alle skal bruke KI innan 2030, og det gleder meg at så mange gjer det allereie, nettopp fordi det bidreg til betre, enklare og raskare tenester til folk og bedrifter. Framover må vi løyse oppgåver på ein annan måte. Då må vi bruke teknologi der vi kan, slik at vi kan bruke folka våre der vi må, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).

Verksemdene oppgir mange ulike område dei testar ut eller brukar KI til – mellom anna til tenesteutvikling, analysearbeid, omsetjing, samandrag mv.

Retningslinjer for KI

Berre to prosent av verksemdene brukar generativ KI aktivt i ulike arbeidsprosessar innanfor HR, medan 39 prosent brukar dette i avgrensa omfang i HR-samanheng. 21 prosent av verksemdene har utarbeidd retningslinjer for bruk av KI i verksemda, medan 35 prosent jobbar med dette. 54 prosent har vore i dialog med tillitsvalde om bruk av KI i verksemda.

Barometeret viser at 54 prosent av alle verksemdene har planlagt eller sett i gang tiltak knytt til tillitsreforma. Dei fleste har lagt auka vekt på tillitsbasert leiing, men det er òg auka merksemd om medbestemming og lokalt partssamarbeid og auka autonomi for medarbeidarar generelt.

Om undersøkinga

Tala er henta frå Arbeidsgjevarbarometeret i staten sommaren 2024. Barometeret blei utvikla av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2020, for å leggje til rette for ei kunnskapsbasert utvikling av arbeidsgjevarpolitikken i staten. Undersøkinga går til dei nesten 200 HR-leiarane i det statlege tariffområdet, og blir gjennomført to gonger i året.