Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 45

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 45, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide  

Måndag 4. november

13.00: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med colombianske utanriksministeren, Luis Gilberto Murillo Urrutia. Dei skal òg delta på ein panelsamtale i høve fredsavtalen i Colombia ved Nobels fredssenter.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 5. november

10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide innleiar på det halvårlege konsernleiarmøtet i NHO. Stad: Næringslivets hus, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

15.30: Utanriksminister Espen Barth Eide held innlegg på cybersikkerheitskonferansen «Attack 2024».

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 7. november

10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide er i Stortinget for å gje ei munnleg utgreiing om EU og EØS. Stad: Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

13.30: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek i ein samtale på Spekterkonferansen om utanrikspolitikk.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

15.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek i ein panelsamtale om skattekonvensjon i FN, arrangert av Kirkens Nødhjelp og Changemaker.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 8. november

10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på eit seminar hos NUPI om G20. Stad: Sentralen, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Måndag 4. november

Kl. 08.30: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på Røde Kors si lansering av ekspertutvalget om global helse. Stad: Sentralen, Oslo.  

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.15: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim møter Colombia sin utanriksminister Luis Gilberto Murillo. Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 14.30: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim møter demonstrantar mot krigen i Sudan. Stad: 7. juni plassen utanfor Utanriksdepartementet.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 6. november

Kl. 17.00: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på Skift si 10-årsmarkering. Stad: Klimahuset, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik 

Måndag 4. november

Kl. 16.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med FN sin spesialrapportør for trusfridom, Nazila Ghanea. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 7. november

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på konferansen «World Democracy Forum» i Strasbourg. Stad: Strasbourg.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 7. november

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik skal ha eit møte med Noregs kontaktpunkt for ansvarleg næringsliv. Sted: UD, Oslo.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Onsdag 6. november

Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit innlegg under Norad si lansering av «Evaluering av tverrgående hensyn i norsk utviklingssamarbeid». Stad: Norad, Bygdøy allé, Oslo. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Torsdag 7. november

Kl. 10.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær opnar og deltek i ein paneldebatt i samband med lanseringa  av «State of the World Population", den årlege rapporten til FN sitt befolkningsfond (UNFPA) . Stad: NTNU, Trondheim.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

 

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.