For pressa
Alle førespurnader frå pressa til politisk leiing og departementet går via kommunikasjonseininga.
Telefon: 97 55 37 45 (ikkje send tekstmelding, nummeret blir vidarekopla)
E-post: jdinfo@jd.dep.no
Ved hastesaker utanfor normal arbeidstid ber me journalistar alltid ringje pressetelefonen, i tillegg til å sende e-post. På kveldstid, helgar og i feriar vil det ta noko lengre tid å få svar.
Kommunikasjonseininga tek ikkje imot førespurnader frå privatpersonar. Slike førespurnader sendes til postmottak@jd.dep.no.
Kommunikasjonseining tek heller ikkje imot førespurnader om innsyn. Du kan søke i vår postjournal på nettstaden eInnsyn.no. Innsyn søker du via e-post til innsyn@jd.dep.no.
Presse med avtalar i departementet eller som deltar på pressetreff må følgje dei same reglane for ID og bagasjesjekk som andre besøkande.
Du må ha med gyldig legitimasjon (ikke bankkort). Dette er:
- Norsk pass
- Norsk nasjonalt ID-kort
- Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID)
- Utenlandske pass
- Norsk gyldig førerkort (ikke elektronisk)
- Europeiske identitetskort (Identity card)
- Diplomatkort skrive ut av UD
Bagasjereglar:
- Du kan ta med veske, PC-veske og mindre ryggsekk utan sikkerheitskontroll
- Alt av større presseutstyr inkludert fotobager må gjennom sikkerheitskontroll
- Ved behov for sikkerheitskontroll, må pressa møte opp i god tid
Du kan følgje oss på våre sosiale medium:
Bilete frå regjeringen.no og Flickr-kontoen vår kan nyttast fritt, dersom du hugsar å kreditere fotograf viss ikkje anna er oppgitt.
Departementet handsamar personopplysningar til alle journalistar som tek kontakt med oss. Desse personopplysningane er namn, kontaktinformasjon, tilknyting til redaksjon og innhald i spørsmål og svar som blir utveksla på e-post og telefon.
Du har rett til å be om at personopplysningane dine ikkje skal handsamast av departementet. Dette kan du presisera når du tek kontakt.
Pressekontaktar: