6.3 Til jordlova § 18
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
6.3 Til jordlova § 18
Departementet foreslår å endre jordlova § 18 slik som foreslått i høyringsbrevet.
Dette inneber at atterhald, avkorting av tilskot, utestenging og rente ved krav om tilbakebetaling blir nemnde i lovteksten som døme på kva for føresegner forskriftene kan innehelde. Opplistinga i lova av kva for reaksjonar som står til disposisjon for forvaltninga er ikkje nødvendigvis uttømmande. Når det gjeld utestenging legg departementet til grunn at ho må vere tidsavgrensa. Når det gjeld rolla til omsetningsledda foreslår departementet å ta inn uttrykket «og formidling» slik at ordlyden blir: «… kan departementet fastsetja føresegner om fordeling og vilkår for utbetaling og formidling av tilskot etter jordbruksavtala …». Sjølv om formidlarrolla nok kan seiast å vere omfatta av omgrepet utbetaling av tilskot, bør ei slik endring kunne medverke til at det kjem klarare fram at forskriftene også kan regulere høvet til aktørar som ikkje mottar, men formidlar tilskot.