Aktiver Javascript i nettlesaren din for ei bedre oppleving på regjeringen.no
For å endre skriftstorleiken, hald Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac) og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Utvalde hurtiglenker
Finn tema
Finn dokument
Aktuelt
Departementene
Regjering
Tips ein ven
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
Departementet foreslår å endre jordlova § 18 slik som foreslått i høyringsbrevet.
Dette inneber at atterhald, avkorting av tilskot, utestenging og rente ved krav om tilbakebetaling blir nemnde i lovteksten som døme på kva for føresegner forskriftene kan innehelde. Opplistinga i lova av kva for reaksjonar som står til disposisjon for forvaltninga er ikkje nødvendigvis uttømmande. Når det gjeld utestenging legg departementet til grunn at ho må vere tidsavgrensa. Når det gjeld rolla til omsetningsledda foreslår departementet å ta inn uttrykket «og formidling» slik at ordlyden blir: «… kan departementet fastsetja føresegner om fordeling og vilkår for utbetaling og formidling av tilskot etter jordbruksavtala …». Sjølv om formidlarrolla nok kan seiast å vere omfatta av omgrepet utbetaling av tilskot, bør ei slik endring kunne medverke til at det kjem klarare fram at forskriftene også kan regulere høvet til aktørar som ikkje mottar, men formidlar tilskot.
Tusen takk for ditt svar!
Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.