Historisk arkiv

Framleis kamp mot kjønnslemlesting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

-Innsatsen mot kjønnslemlesting held fram innanfor det ordinære hjelpeapparatet, understreka barne- og familieminister Laila Dåvøy då ho i dag opna konferansen som oppsummerar OK-prosjektet. (23.05.05)

Pressemelding

Nr.: 05048
Dato: 23.05.05

Nasjonal konferanse om kjønnslemlesting

Framleis kamp mot kjønnslemlesting

-Innsatsen mot kjønnslemlesting vil halde fram sjølv om OK-prosjektet formelt sett blir avslutta. Erfaringar frå prosjektet vil bli ført vidare innanfor det ordinære hjelpeapparatet. Helse- og omsorgsdepartementet og Sosial- og helsedirektoratet (Shdir) skal framover ha det nasjonale ansvaret for å vedlikehalde og vidareutvikle kunnskapen om kjønnslemlesting, understreka barne og familieminister Laila Dåvøy då ho i dag opna konferansen som oppsummerar OK-prosjektet.

Målet med konferansen er å gje innsikt i dei erfaringane som er gjort i løpet av prosjektperioden. I tillegg gjorde Dåvøy greie for den vidare koordineringa av innsatsen mot kjønnslemlesting på tvers av departementa.

Helse- og omsorgsdepartementet og Sosial- og helsedirektoratet (Shdir) vil i framleis ha det nasjonale ansvaret for vedlikehald og vidareutvikling av kunnskapen om kjønnslemlesting. Tidlegare prosjektleiar Elise B. Johansen er for tida knytt til NAKMI, Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse, for at erfaringane og kunnskapen frå prosjektet blir overført til dette senteret. NAKMI er et miljø med ein særleg kompetanse som Shdir vil trekkje inn i det vidare arbeidet med kjønnslemlesting.

Helsevesenet på alle nivå er den instansen som møtar problematikken med kjønnslemlesting oftast. Fyrst ved at kvinner oppsøkjer helsestasjon og lege under graviditeten, seinare ved oppfylging av mor og barn og tilslutt ved helsekontroll av barnet.

-Barne- og familiedepartementet vil sjølvsagt ta sitt ansvar for at barne- og familievernet og barnehagane får tilført tilstrekkeleg kunnskap til å handtere problemet. Det same ansvaret har andre departement for sine underliggjande etatar og lokale myndigheiter, påpeikte barne- og familieministeren.

Det ordinære hjelpeapparatet har ansvaret for å ivareta det kliniske og førebyggjande arbeidet. Fylkesmannen har pådrivaransvaret for å behandle og førebyggje i kommunane. Fylkeslegen skal koordinere innsatsen på sitt nivå, mellom til dømes skuledirektør og barnevern. Barne- og familiedepartementet gjer midlar til informasjon som kan nyttast i til dømes kampen mot kjønnslemlesting.

Dei regionale helseføretaka har ansvaret for spesialisthelsetenesta og skal ivareta den kliniske delen av arbeidet. Shdir gjer opplæring til alle regionar , arbeidet er forankra i ein kvinneklinikk i kvar region som følgjer opp den einskilde kvinna eller barn som er utsett for kjønnslemlesting. Også dei nye regionale sentra mot vold og traumatisk stress vil ha kjønnslemlesting som ein del av sitt ansvarsområde, slik at det også vil vere tverrfagleg spisskompetanse på regionalnivå.

Det nasjonale koordineringsarbeidet på tvers av departementa har Barne- og familiedepartementet hatt ansvaret for. Dette samarbeidet vil halde fram, men heretter bli leia av helsemyndigheitene.

Statsrådens åpning av konferansen om gjennomføringen av Regjeringens handlingsplan mot kjønnslemlestelse