Historisk arkiv

Utval for skattlegging av personleg næringsdrivande

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

71/2004

Finansdepartementet har i dag utnemnt eit ekspertutval som skal vurdere om det er mogleg å knytte skattlegginga av personleg næringsdrivande til uttak frå verksemda, i tillegg til den ordinære skattlegginga av eigarane sitt overskot (alminneleg inntekt) på oppteningsstadiet. (08.09.2004)

Pressemelding

Nr.: 71/2004
Dato: 08.09.2004
Kontaktperson: Tom Venstad, telefon 22 24 44 35, Runar Malkenes, telefon 22 24 41 31 / mobil 95 21 42 83

Utval for skattlegging av personleg næringsdrivande

Finansdepartementet har i dag utnemnt eit ekspertutval som skal vurdere om det er mogleg å knytte skattlegginga av personleg næringsdrivande til uttak frå verksemda, i tillegg til den ordinære skattlegginga av eigarane sitt overskot (alminneleg inntekt) på oppteningsstadiet.

Utvalet skal leggje framlegget til skjermingsmodell i St.meld. nr. 29 (2003-2004) til grunn og vurdere om, og i tilfelle korleis, modellen lar seg byggje ut med ei uttaksløysing for anna skatt enn skatt på alminneleg inntekt. Med ei slik uttaksløysing vil skjermingsmodellen for personleg næringsdrivande bli meir lik aksjonærmodellen for aksjonærar.

Utvalet sine medlemmer er:
Advokat Marianne Iversen (Wikborg Rein)(leiar)
Professor dr. juris Ole Gjems-Onstad (BI)
Statsautorisert revisor Anlaug Haarbye (PriceWaterhouseCoopers)
Rådgjevar Lisbeth Sekkelsten (Skattedirektoratet)
Konsulent Karl Ove Aarbu (Vesta)
Lovrådgjevar Tom Venstad (Finansdepartementet)

Sekretariat:
Michael Riis Jacobsen (Finansdepartementet)
Christian Svensen (Finansdepartementet)

Les meir om utvalet sitt mandat her.