Historisk arkiv

Kulturministeren om kulturens vilkår i eit globalt perspektiv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 111/02
Dato: 21.11.2002
Kontaktperson: Informasjonssjef Signe Bjørvik, tlf. 22 24 78 09

Kulturministeren om kulturens vilkår i eit globalt perspektiv

- Ei grundig forståing av drivkreftene i og konsekvensane av globaliseringa er ein føresetnad for å utvikla ein offensiv kulturpolitikk, sa statsråd Valgerd Svarstad Haugland då ho opna Norsk Kulturråds årskonferanse i Trondheim i dag.

- I norsk kulturpolitikk har det vore eit sentralt mål å styrkja og formidla den nasjonale kulturarven. Kulturpolitikken må ikkje einsidig handla om å fremja 'det norske' men snarare om å utvikla kulturen i Noreg, med utgangspunkt i korleis han faktisk er i dag. Heile kunst- og kulturfeltet i Noreg er inne i eit hamskifte grunna globalisering og auka innvandring. Difor er det eit kulturpolitisk hovudmål å fremja det kulturelle mangfaldet og leggja til rette for at ulike kulturar skal kunna møtast på jamstilte premissar, understreka statsråd Svarstad Haugland.

Kulturministeren påpeika at dersom vi skal møta dei utfordringane vi står overfor, er det heilt naudsynt at institusjonane og aktørane i heile kunst- og kulturfeltet rundt om i landet er villige til å endra innarbeidde tenkjemåtar. Dette krev auka kunnskap og eit kritisk ordskifte.

Les heile tala til kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland