Historisk arkiv

12,8 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Aust-Agder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 28.06.2005

Pressemelding

Nr.: 140/2005
Dato: 28.06.2005

12,8 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Aust-Agder

Regjeringa har løyvd 12,8 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Aust-Agder for 2005. Totalt er det sett av 795 millionar kroner i 2005 til ein særskilt næringsretta innsats i områda av landet som er omfatta av omlegginga av arbeidsgjevaravgifta frå 01.01.2004.

- Næringslivet og regionane har sjølve laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rolla i å lage planane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.

- Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når det ikkje gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mogleg måte og etter innspel frå regionane, seier statsråd Erna Solberg.

I Aust-Agder er det særleg lagt vekt på at tiltak skal gjennomførast nær opp til brukarane, og forvaltninga er difor lagt ut til Setesdalsregionen og Vågregionen som er dei to områda som er omfatta av omlegginga av arbeidsgivaravgifta. Tiltaka som er ført opp i handlingsplanen for Aust-Agder er i hovudsak fellestiltak innanfor infrastruktur og vegbygging, breiband og utbygging av mobilnett. Vidare vil det verte satsa på tiltak for å betre lønnsomheita i bedriftene, FoU og tiltak for nyskaping, kompetanse og merkevarebygging. Av bransjar er reiselivsutvikling prioritert.

Regjeringa vil også for 2006 følgje opp innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak.