Historisk arkiv

795 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 28.juni 2005 (samlepressemelding for fordelinga til 14 fylker)

Over statsbudsjettet for 2005 er det sett av 795 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i regionane som er omfatta av omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta. (28.06.2005)

Pressemelding

Nr.: 150/2005
Dato: 28.06.2005

795 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak

Over statsbudsjettet for 2005 er det sett av 795 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i regionane som er omfatta av omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta.

- Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når det ikkje gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mogleg måte og etter innspel frå regionane, seier statsråd Erna Solberg.

- Næringslivet og regionane har sjølve laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier Solberg. - Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rolla i å lage planane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.

Den fylkesvise fordelinga byggjer på berekna kostnadsauke som næringslivet får i kvart fylke som følgje av omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta frå og med 2004.

794 millionar kroner er til no fylkesvis fordelte. Fylkeskommunane er bedne om å koordinere arbeidet slik at det sendast éin handlingsplan til departementet frå kvart fylke.

- Framover blir det viktig at aktørane maktar å utvikle spissa mål, strategiar og satsingsområde for det vidare arbeidet. I stor grad handlar det om å være bevisst om profil og innretting av verkemiddelbruken som både kan kome næringslivet og samfunnet til gode på lang sikt, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Rammene er førebelse. Transportstøtteordninga med etterskotsvis utbetaling gjer at den matematisk korrekte fordelinga for 2004 blir klar hausten 2005. Tilsvarande vil bli gjort hausten 2006 for 2005-rammene. Nokre fylke er difor underkompenserte, medan andre er overkompenserte i 2005.

- Dette vil vi korrigere etterkvart, understrekar Solberg.

Førebels fordeling blant fylka 1Talla er korrigerte for estimert transportstøtte.:

Fylke

Næringsretta utviklingsmidlar.

Millionar kroner

Hedmark

47,7

Oppland

55,6

Buskerud

21,6

Telemark

32,0

Aust-Agder

12,8

Vest-Agder

5,7

Rogaland

22,4

Hordaland

67,5

Sogn og Fjordane

71,1

Møre og Romsdal

54,2

Sør-Trøndelag

28,2

Nord-Trøndelag

32,1

Nordland

200,6

Troms

142,5

Sum

794,0 2I tillegg er det sett av 1 millionar kroner til gjennomføring av erfaringskonferansar og nødvendig utredningsarbeid.

Fylkesvise pressemeldingar: