200,6 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Nordland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 28.06.2005
Pressemelding | Dato: 28.06.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 148/2005
Dato: 28.06.2005
200,6 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Nordland
Regjeringa har løyvd 200,6 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Nordland for 2005. Totalt er det sett av 795 millionar kroner i 2005 til ein særskilt næringsretta innsats i områda av landet som er omfatta av omlegginga av arbeidsgjevaravgifta frå 01.01.2004.
- Næringslivet og regionane har sjølve laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rolla i å lage planane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.
- Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når det ikkje gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mogleg måte og etter innspel frå regionane, seier statsråd Erna Solberg.
I Nordland er det særleg lagt vekt på at tiltak skal gjennomførast nær opp til brukarane. Handsaming av saker og prioritering mellom tiltaka er derfor lagt ut til dei sju regionane i fylket. Tiltaka som er ført opp i handlingsplanen for Nordland er i hovudsak innanfor bedriftsutvikling/lokal næringsutvikling, innovasjon/nyskaping, infrastruktur/samferdsle, digital infrastruktur/breiband og FoU/kompetanse. 20 prosent av råma er satt av til bransjetiltak innanfor bygg og anlegg, reiselivsnæringa, transportsektoren, mediebransjen, bilbransjen, kraft- og nettverksbransjen og Abelia-kunnskapsbedriftane.
Regjeringa vil også for 2006 følgje opp innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak.