Historisk arkiv

28,2 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Sør-Trøndelag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 28.06.2005

Pressemelding

Nr.: 146/2005
Dato: 28.06.2005

28,2 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Sør-Trøndelag

Regjeringa har løyvd 28,2 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Sør-Trøndelag for 2005. Totalt er det sett av 795 millionar kroner i 2005 til ein særskilt næringsretta innsats i områda av landet som er omfatta av omlegginga av arbeidsgjevaravgifta frå 01.01.2004.

- Næringslivet og regionane har sjølve laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rolla i å lage planane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.

- Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når det ikkje gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mogleg måte og etter innspel frå regionane, seier statsråd Erna Solberg.

I Sør-Trøndelag er det særleg lagt vekt på å gjennomføre tiltak innanfor områda samferdsle/digital infrastruktur, FoU/utvikling/nyskaping, kompetanse/samarbeid skule-næringsliv og alternativ energi. Tiltaka skal til gjennomførast med næringslivet i enkeltkommunar/-regionar i førarsetet.

Regjeringa vil også for 2006 følgje opp innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak.