47,7 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Hedmark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 28.07.2005
Pressemelding | Dato: 28.06.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 137/2005
Dato: 28.06.2005
47,7 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Hedmark
Regjeringa har løyvd 47,7 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Hedmark for 2005. Totalt er det sett av 795 millionar kroner i 2005 til ein særskilt næringsretta innsats i områda av landet som er omfatta av omlegginga av arbeidsgjevaravgifta frå 01.01.2004.
- Næringslivet og regionane har sjølve laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rolla i å lage planane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.
- Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når det ikkje gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mogleg måte og etter innspel frå regionane, seier statsråd Erna Solberg.
I Hedmark er det særleg lagt vekt på at tiltak skal gjennomførast nær opp til brukarane, og forvaltninga er derfor lagt ut til regionane. Tiltaka som er ført opp i handlingsplanen for Hedmark er i hovudsak innanfor kompetanseheving og forsking, nettverksbygging, innovasjon og entreprenørskap, investeringsstøtte som kommunal tilrettelegging og IKT og marknadsføring/profilering. Av bransjetiltak er det trebransjen næringslivet i dei fleste regionane vil satsa på.
Regjeringa vil også for 2006 følgje opp innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak.