Historisk arkiv

5,7 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Vest-Agder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 28.06.2005

Pressemelding

Nr.: 141/2005
Dato: 28.06.2005

5,7 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Vest-Agder

Regjeringa har løyvd 5,7 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Vest-Agder for 2005. Totalt er det sett av 795 millionar kroner i 2005 til ein særskilt næringsretta innsats i områda av landet som er omfatta av omlegginga av arbeidsgjevaravgifta frå 01.01.2004.

- Næringslivet og regionane har sjølve laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rolla i å lage planane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.

- Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når det ikkje gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mogleg måte og etter innspel frå regionane, seier statsråd Erna Solberg.

I Vest-Agder er det særleg lagt vekt på at tiltak skal gjennomførast nær opp til brukarane, og forvaltninga er difor lagt ut til det interkommunale næringsselskapet IVAR. Næringsselskapet omfattar kommunane Sirdal, Hægebostad, Audnedal og Åseral som er dei kommunane som er omfatta av omlegginga av arbeidsgivaravgifta. Tiltaka som er ført opp i handlingsplanen for Vest-Agder er i hovudsak innanfor reiseliv, digital infrastruktur, FoU/tiltak for nyskaping, samferdsle og kompetanseheving.

Regjeringa vil også for 2006 følgje opp innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak.