Historisk arkiv

54,2 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 28.06.2005

Pressemelding

Nr.: 145/2005
Dato: 28.06.2005

54,2 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Møre og Romsdal

Regjeringa har løyvd 54,2 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Møre og Romsdal for 2005. Totalt er det sett av 795 millionar kroner i 2005 til ein særskilt næringsretta innsats i områda av landet som er omfatta av omlegginga av arbeidsgjevaravgifta frå 01.01.2004.

- Næringslivet og regionane har sjølve laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rolla i å lage planane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.

- Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når det ikkje gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mogleg måte og etter innspel frå regionane, seier statsråd Erna Solberg.

I Møre og Romsdal er det særleg samferdsle som står høgt på prioriteringslista. Til dømes er prosjekta Nordøyvegen, Todalsfjordprosjektet og Møreaksen prioriterte høgt. I tillegg vil fylket bruke ein stor del av midlane til kompetansetiltak, marknadsføring og ulike former for tiltak innanfor bedriftsutvikling.

Regjeringa vil også for 2006 følgje opp innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak.