71,1 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Sogn og Fjordane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 28.06.2005
Pressemelding | Dato: 28.06.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 144/2005
Dato: 28.06.2005
71,1 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Sogn og Fjordane
Regjeringa har løyvd 71,1 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Sogn og Fjordane for 2005. Totalt er det sett av 795 millionar kroner i 2005 til ein særskilt næringsretta innsats i områda av landet som er omfatta av omlegginga av arbeidsgjevaravgifta frå 01.01.2004.
- Næringslivet og regionane har sjølve laga handlingsplanar for korleis midlane skal brukast, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Eg er særleg nøgd med at næringslivet har tatt den førande rolla i å lage planane, og det er næringslivet sine prioriteringar som ligg til grunn for bruken av midlane.
- Helst ville vi behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Når det ikkje gjekk, har Regjeringa lagt vekt på å føre tilbake midlane til den einskilde region på best mogleg måte og etter innspel frå regionane, seier statsråd Erna Solberg.
Tiltaksområda i planen for Sogn og Fjordane har prioritert å styrke FjordInvest og Innovasjon Noreg. Grunngjevinga for dette er kunne tilføre verksemdene meir kapital og fremje lønsam næringsutvikling i fylket. Ein vil spesielt prioritere kompetanseheving, samarbeid mellom verksemder, styrking av næringsretta FoU, samarbeid skule og næringsliv og nyskaping.
Regjeringa vil også for 2006 følgje opp innsatsen med løyvingar til næringsretta utviklingstiltak.